Sannsynlegheit
Blant risikoområda vurderer Fylkesmannen risikoområda ekstremt vêr, flaum og hendingar utanfor fylket til å vere område med høgast sannsynlegheit for at uønskte hendingar skal skje. Innan alle desse tre områda kan det skje uønskte hendingar oftare enn ein gong i laupet av 10 år, noko som er svært høgt.
Ulykker på sjøen og offshore, smittsame sjukdommar hos menneske og ulykker på veg og i tunnel blir vurdert til å ha høg sannsynlegheit, kor hendingar kan skje ein gong i laupet av 10 til 50 år. Det same sannsynlegheita har òg scenarioa «Orkanen «Børre» i Rogaland» og «Afrikansk svinepest på Jæren».
Radioaktiv stråling har middels sannsynlegheit og kan skje ein gong i laupet av 50 til 100 år. Det same har scenarioet «Trafikkulykke i Byfjordtunnelen».
Industriulykker har låg sannsynlegheit, ein gong i laupet av 100 til 1000 år og dambrot har svært låg sannsynlegheit, sjeldnare enn ein gong i laupet av 1000 år.
Risikoområdet sabotasje av kritisk infrastruktur fell under tilsikta hendingar og er, som nemnt i metode, ikkje blitt vurdert etter sannsynlegheit.
