Metode

I FylkesROS for Rogaland 2018-2021 har Statsforvaltaren i Rogaland valt både ein temabasert og ein scenariobasert tilnærming til fylket si risiko- og sårbarheitsanalyse. Dette er vidareført i 2023-2026- versjonen. Den temabaserte tilnærminga har bestått av å analysere sårbarheita i samfunnskritiske funksjonar, samt risiko og sårbarheit for uønskte hendingar i fleire risikoområde. Statsforvaltaren har òg, per 2023, valt fire uønskte hendingar innan fire ulike risikoområde for djupare analyse i ein scenariobasert tilnærming.

Dei valte samfunnskritiske funksjonane, risikoområda og scenarioa blei plukka ut i samråd med Fylkesberedskapsrådet og dei ulike arbeidsgruppene i 2017. I hovudsak er det brukt FylkesROS frå 2013 som utgangspunkt for våre val av analyseområde. I tillegg har vi i prosessen diskutert om det er nokre risikoområde og uønskte hendingar som ikkje er fanga opp i den førre analysen, og som må vere med no. Dette kan vere større hendingar som har skjedd sidan sist, hendingar som er skildra i DSB sine Analyser av krisescenario (2019) eller hendingar frå kommunale og regionale ROS-analysar. Dessutan er det nokre risikoområde frå førre analyse som vi ikkje har valt å ta med vidare. Anten fordi dei ikkje er like relevante eller fordi utfordringane blir fanga opp av andre risikoområde.

Ut frå det vi veit i dag håper vi at ROS-analysen er dekkjande slik at openberre uønskte hendingar med store konsekvensar i fylket blir fanga opp. Likevel kan vi ikkje vite alt som kan skje i framtida. Ved å skildre utfordringane ved dei risikoområda vi har med no, håpar vi likevel at vi har sett søkelys på generelle utfordringar som òg kan vere relevante for hendingar som vi ikkje har tenkt på.

Risikostryringsprosessen og utarbeidinga av FylkesROS Rogaland er gjennomført i ein trinnvis prosess som vist.

FylkesROS for Rogaland sin trinnvise prosess
FylkesROS for Rogaland sin trinnvise prosess

Identifisere, kartleggje og velje samfunnskritiske funksjonar

Samfunnskritiske funksjonar er dei funksjonar som er nødvendige for å varetake befolkninga og samfunnet sine grunnleggjande behov. Kritisk infrastruktur er dei anlegg og system som er heilt nødvendige for å oppretthalde dei samfunnskritiske funksjonane. Som ein del av den temabaserte tilnærminga av FylkesROS for Rogaland, har Statsforvaltaren valt å identifisere, kartleggje og velje å analysere dei mest samfunnskritiske funksjonane i fylket. I utveljinga av samfunnskritiske funksjonar tok Statsforvaltaren utgangspunkt i DSB sin «Samfunnets kritiske funksjoner» (2016), samt tidlegare valte kritiske funksjonar i frå FylkesROS for Rogaland 2013. Dei valde samfunnskritiske funksjonane er vist her:

Styringsevene og suverenitet Styring og kriseleiing Beredskap og kriseleiing
Befolkninga si tryggleik   Helse og omsorg   Helseteneste
Omsorgsteneste
Atomberedskap
Naud- og redningsteneste Redningsberedskap
Samfunnet sin funksjonalitet         Forsyningstryggleik Matforsyning
Drivstofforsyning
Vatn- avlaup og renovasjon  Drikkevassforsyning
Avlaup- og renovasjonshandtering
Kraftforsyning Forsyning av elektrisk energi
Forsyning av fjernvarme
Elektroniske kommunikasjonsnett og tenester Ekom-tenester
Transport Transportevne
Satellittbaserte tenester Satellittenester

Dei valde samfunnskritiske funksjonane i FylkesROS for Rogaland

For kvar kritiske samfunnsfunksjon har Statsforvaltaren skildra system og ansvar, årsaker til at systemet kan svikte, systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar, korleis systemet handterer ekstraordinære hendingar, samt kritiske innsatsfaktorar.

 

Identifisere, kartleggje og velje risikoområde

Som ein del av den temabaserte tilnærminga har Statsforvaltaren, i likskap med dei samfunnskritiske funksjonane, identifisert, kartlagt og valt ut fleire ulike risikoområde for analyse. Eit risikoområde er eit samlenamn på hendingar som er liknar på kvarandre. Innan dei ulike risikoområda kan det skje fleire typar uønskte hendingar. Hendingane er komplekse hendingar, det vil seie at dei gir følgjekonsekvensar, ofte svikt i samfunnskritiske funksjonar, som utgjer ei ekstraordinær påkjenning for samfunnet.

For at ei uønskt hending skal vere alvorleg nok til at den blir inkludert i denne analysen må den dekkje desse kriteria:

  • Hendinga har potensial til å gi store konsekvensar for befolkninga.
  • Hendinga rammar fleire sektorar/ansvarsområde og krevjar samordning.
  • Hendinga utfordrar den normale beredskapen i ein kommune eller fylket.
  • Det er usikkerheit knytt til årsaker, forlaup og konsekvensar av hendinga.
  • Det er bekymring i befolkninga for ei slik hending.
  • Hendinga truger den ordinære produksjonen av offentlege tenester som befolkninga er avhengig av.
  • Det er realistisk at hendinga kan skje i Rogaland.

I tillegg til kriteria over har det vore nødvendig med ytterlegare avgrensingar av analyserte risikoområde, grunna tid, kapasitet og andre rammevilkår. Til dømes har vi blant CBRNE-hendingar (kjemiske stoffer (C), biologiske agens (B), radioaktive stoffer (R), nukleært materiale (N) og eksplosiver (E)) valt å fokusere på radioaktiv stråling. Hendingar innanfor dei fleste av risikoområda vi har analysert kan føre til at Statsforvaltaren set krisestab. I nokre høve må Statsforvaltaren òg samordne bruken av ressursar og informasjonshandteringa på tvers av kommunar og etatar. Dette skjer i samarbeid med politiet og eventuelt Fylkesberedskapsrådet. Dei valte risikoområda er:

Naturhendingar Ekstremt vêr
Flaum
Skred
Smittsame sjukdommar hos menneske og dyr Smittsame sjukdommar hos menneske
Mat- og vassboren smitte
Smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur
Store ulykker Radioaktiv stråling
Ulykker på sjøen og offshore
Ulykker på veg og i tunnel
Industriulykker
Dambrot
Tilsikta hendingar Sabotasje av kritisk infrastruktur
Andre hendingar Hendingar utanfor fylket

Dei valde risikoområda i FylkesROS for Rogaland

 

Avgrensing, val og utvikling av scenario

Ut i frå dei valte risikoområda blei einskilde konkrete hendingar plukka ut for djupare analyse gjennom ei scenariotilnærming. Eit scenario er tiltenkte skildra hendingar med spesifikke hendingsforlaup og føresetnader som kan skje innan eit risikoområde. Vi har ikkje tatt med scenario for kvart risikoområde, sidan utforming av scenario er særs ressurskrevjande. Per 2023 er det valt fire scenario, med ønske om å lage fleire, årlege scenariobaserte analysar i framtida. Dei valde scenarioa er per 2023:

Naturhendingar Ekstremt vêr Orkanen Børre i Rogaland
Flaum  
Skred  
Smittsame sjukdommar hos menneske og dyr Smittsame sjukdommar hos menneske  
Mat- og vassboren smitte  
Smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur Afrikansk svinepest på Jæren
Store ulykker Radioaktiv stråling  
Ulykker på sjøen og offshore  
Ulykker på veg og i tunnel Trafikkulykke mellom to bussar og tunnellbrann i Byfjordtunnelen
Industriulykker  
Dambrot  
Tilsikta hendingar Sabotasje av kritisk infrastruktur  
Andre hendingar Hendingar utanfor fylket  

Dei valde scenarioa i FylkesROS for Rogaland (per 2018).

«Orkanen «Børre» i Rogaland» blei valt som scenario grunna at risikoområdet «Ekstremt vêr» er noko som Rogaland stadig opplever, spesielt ekstrem vind og nedbør. Ekstremt vêr blir òg rekna for å ha stort skadepotensiale og Rogaland ligg geografisk utsett til. Scenarioet «Afrikansk svinepest på Jæren» blei valt grunna den store dyretettleiken på Jæren. Sjukdommen Afrikansk svinepest er den sjukdommen Mattilsynet per i dag fryktar mest. Det er òg truleg at ein dyresjukdom vil ha store konsekvensar for økonomi, samt den kan bli vanskeleg å handtere grunna lite erfaring og kjennskap til området. Scenarioet «Trafikkulykke mellom to bussar og tunnelbrann i Byfjordtunnelen» blei valt grunna det store talet på undersjøiske tunnelar i fylket, med fleire planlagde. Sannsynlegheita er og relativt høg både grunna bratt stigning, stor trafikkmengd og høg del tungtransport. Tunnelbrann har eit masseskadepotensiale. Det er derfor viktig å ha fokus på handtering av eit slikt scenario og å kjenne til risikoen. I tillegg til desse scenarioa har vi òg analysert to scenario om tryggleikspolitisk krise og krig. Desse scenarioa er gradert etter sikkerhetsloven med omsyn til dei sårbare tilhøva som blir skildra.

 

Gjennomføring av risiko og sårbarheitsanalyse

Vi har valt ein kvalitativ tilnærming til analysen. Måten vi har analysert dei samfunnskritiske funksjonane, risikoområda og scenarioa på, er derimot ulik. For dei samfunnskritiske funksjonane har vi skildra og analysert:

  • System og ansvar
  • Årsaker til at systemet kan svikte
  • Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar
  • Korleis systemet handterer ekstraordinære hendingar
  • Samt kritiske innsatsfaktorar.

For risikoområda har vi skildra og analysert:

  • Kva risikoområdet inneber
  • Risiko (sannsynlegheit, konsekvens og usikkerheit)
  • Sårbarheit
  • Tiltak

For scenarioa har vi tatt utgangspunkt i definerte samfunnsverdiar for å analysere korleis dei blir påverka i dei ulike scenarioa. Vi har, i likskap med DSB sine Analyser av krisescenario (2019), tatt utgangspunkt i fem overordna samfunnsverdiar. Desse samfunnsverdiane er ikkje innbyrdes rangert.

 

Samfunnsverdi Konsekvenstype
Liv og helse Dødsfall
Alvorleg skadde og sjuke
Natur og kultur Langtidsskadar på naturmiljø
Uopprettelege skadar på kulturmiljø
Økonomi Direkte tap
Indirekte tap
Samfunnsstabilitet Sosiale og psykiske reaksjonar
Påkjenningar i dagleglivet
Styringsevne Svekka regional samordning

Dei valde samfunnsverdiane og konsekvenstypane i FylkesROS for Rogaland.

Konsekvenstypane er òg lik AKS, med unnatak av samfunnsverdien «Demokratiske verdier og styringsevne», kor vi kallar verdien for «Styringsevne» og vi kallar konsevenstypen «Tap av demokratiske verdiar og nasjonal styringsevne» for «Svekkka regional samordning».

Vurdering av risiko er uttrykt gjennom sannsynlegheit og konsekvens, samt usikkerheit knytt til dette. Risikoen er basert på vurderingar som er gjort i samanheng med analysen og er uttrykt kvalitativt. Unnataket er scenarioa der vi i tillegg til skildring av risiko òg har talfesta risiko.

Vurdering av sannsynlegheit er gjort basert på kjelder som statistikk, sentrale analyser som AKS (2019), lokalkunnskap, fagkunnskap og andre erfaringar frå hendingar både nasjonalt og internasjonalt. For hendingar som skjer sjeldan, eller som ikkje har skjedd ennå, er vurderingsgrunnlaget meir usikkert. Her er sannsynlegheitsvurderingane basert på diskusjon og fagkunnskap mellom aktørane som har vore involvert i analysen. For vurdering av sannsynlegheit i scenarioa sjå Vedlegg 3. Vurdering av sannsynlegheit. Vurdering av konsekvens er, i likskap med sannsynlegheit, òg basert på ulike kjelder til kunnskap og kompetanse. For scenarioa er konsekvenstypane som skildra i Vedlegg 4. Vurdering av konsekvens, og scoren er vurdert som skildra i Vedlegg 4. Vurdering av konsekvens. Vurdering av usikkerheit er skildra i Vedlegg 5. Vurdering av usikkerheit.

 

Presentasjon av analyseresultat

Resultata av sannsynlegheits- og konsekvensvurderingane som er gjort i risikoanalysane av dei konkrete scenarioa som er analysert i FylkesROS for Rogaland presenterast både i tabellform og skriftleg med faktaskildringar, føresetnader og grunngjevingar. Vi føreslår òg avslutningsvis risikoreduserande tiltak der kor dette er mogleg.

Resultata av analysen av dei samfunnskritiske funksjonane og risikoområda har blitt samanstilt i ein tabell for å syne gjensidige tilknytingar og sårbarheit.

Gjensidig påverknad mellom risikoområda og dei samfunnskritiske funksjonane
Gjensidig påverknad mellom risikoområda og dei samfunnskritiske funksjonane

Statsforvaltaren har tatt utgangspunkt i potensialet kvart risikoområde har til å gi svikt i dei samfunnskritiske funksjonane, og motsett, korleis svikt i dei samfunnskritiske funksjonane vil kunne skape uønskte hendingar innan eit risikoområde.

Når det gjelder risikoområda har dei blitt samla i ein tabell for å syne fylket sitt heilskaplege risikobilde, gjennom å rangere dei. Dette gjelder både i høve til sannsynlegheit og konsekvens.

Omgrep

- er evna til å sette i verk førehandsplanlagte aktivitetar når det oppstår ein ekstraordinær situasjon. Alle verksemder med ansvar for kritiske samfunnsfunksjonar skal ha ei beredskapsevne (DSB, 2016c:29).

- er planar som utarbeidast etter at ROS-analyse er gjennomført, og som inneheld tiltak for å hindre at farlege situasjonar får utvikle seg til ulykker, eller tiltak som skal redusera konsekvensane når ein farleg situasjon er eit faktum (Aven et al., 2004:31).

- er ein alvorleg trussel mot strukturar, verdiar og normer i eit sosialt system som under tidspress og usikkerheit gjer det nødvendig å fatte kritiske avgjerder (Rosenthal et al., 1989:10).

- er dei anlegg og system som er heilt nødvendige for å oppretthalde samfunnskritiske funksjonar (NOU 2006:6).

- er ei vurdering av om ei hending kan skje, kva konsekvensane vil bli og usikkerheit knytt til dette (DSB, 2014c:15).

- omfattar ei systematisk identifisering og kategorisering av kva slags hendingar det er hensiktsmessig å førebyggje eller planleggje tiltak mot (Aven et al., 2004:31).

- er eit samlenamn for hendingar som liknar på kvarandre, til dømes ekstremt vêr, flaum og skred (DSB, 2016d:14).

- forståast som evna eit system har til å tole påkjenningar og stress (risikokjelder) (Aven et al., 2004).

- er dei funksjonar som er nødvendige for å varetake befolkninga og samfunnet sine grunnleggjande behov (NOU 2006:6).

- er samfunnet si evne til å verne seg mot hendingar som truer grunnleggjande verdiar og funksjoner og sett liv og helse i fare. Slike hendingar kan vere utløyst av naturen, vere eit utslag av tekniske eller menneskelege feil eller medvitne handlingar (St. Meld. 10 (2016–2017))

- er eit uttrykk for kor truleg det er at ei bestemt hending vil skje innanfor eit tidsrom, gitt vår bakgrunnskunnskap (Aven et al., 2004).

- er tenkte skildringar av uønskte hendingar. Blir brukt som grunnlag for å utarbeide overordna ROS-analysar, beredskapsplanverk og beredskapsøvingar.

- er eit uttrykk for dei problem eit system får med å fungere når det utsettast for ein uønskt hending, samt dei problem systemet får med å gjenoppta si verksemd etter at hendinga har skjedd (NOU 2000:24).

- er evna til å oppretthalde akseptabelt tryggleiksnivå i verksemder som potensielt kan forårsaka, eller brukast til å forårsaka skade på liv og helse, miljø eller tap av andre samfunnsverdiar (DSB, 2016c:29).

- er ei kjensle av tvil som forhindrar eller forsinkar handling (Lipshitz & Strauss, 1997).

- er ei hending som har forårsaka eller kunne ha forårsaka ulike typar skadar på sentrale samfunnsverdiar (Engen et al., 2016:261).