Vegen vidare

FylkesROSen skal bidra til å auke kunnskapen om og forståinga for risikobilde i Rogaland. Fylkesmannen er ansvarleg for å ha oversikt over risiko og sårbarheit i fylket, men dette må gjerast i samarbeid med dei aktørar som har eit ansvar for samfunnstryggleiksarbeidet i regionen.

Som ein del av Fylkesmannen si oppfølging av fylkesROSen skal vi i dei kommande åra utarbeide eit nytt scenario årleg, med mål om å halda analysen levande. Dei nye scenarioa som skal utviklast vil ta utgangspunkt i den avdekte risikoen i ROS-analysen. Saman med Fylkesberedskapsrådet vi vil òg vurdere andre moglege scenario som kan leggjast til analysen fram mot neste hovudrevisjon i 2021.

I tillegg er det som ein del av vegen vidare laga ein oppfølgingsplan som skisserer mål og strategi for vidare arbeid. For kvart risikoområde og scenario er det foreslått moglege risikoreduserande tiltak med ansvar og deltakarar, samt tidspunkt for gjennomføring. Tiltaka er òg gitt ei prioritering. Oppfølgingsplanen finnast i eit eige dokument og gjeld for perioden 2018 – 2021. Oppfølgingsplanen skal oppdaterast årleg i samarbeid med Fylkesberedskapsrådet.