Risikobildet i Rogaland

FylkesROS for Rogaland har vore ein prosess kor Statsforvaltaren saman med andre bidragsytarar har gjort risikovurderingar over utvalde sårbare område. Resultata av risikovurderingane som er gjort, er på bakgrunn av vurderingane til dei einskilde arbeidsgruppene. Her ligg det ikkje føre nokon fasit.

I denne FylkesROSen har vi først analysert 14 samfunnskritiske funksjonar og avdekt deira sårbarheiter for ulike typar uønskte hendingar. Vi har òg gjort ein analyse av 13 risikoområde og sett nærare på tre scenario som kan skje innan fire av desse 13 risikoområda. I dette kapittelet vil vi samanfatte resultata av analysen som er blitt gjort. Samanfatninga er ei forenkla måte å vise fram resultata.

I tabellen under visast ei framstilling av den gjensidige påverknaden mellom dei valde samfunnskritiske funksjonane og risikoområda. Hendingar utanfor fylket er ikkje med her.

Gjensidig påverknad mellom risikoområda og dei samfunnskritiske funksjonane
Gjensidig påverknad mellom risikoområda og dei samfunnskritiske funksjonane

Hensikten med ein FylkesROS er ikkje berre å vere ei skildring om risiko og sårbarheit i fylket, men òg ein vurdering av desse. Derfor skal FylkesROS konkludere med kva slags hendingar som inneberer størst risiko for Rogaland. Risikodiagramma som presenterast under kan hjelpe oss i dette arbeidet, og følgjande rangering av risikoområder kan setjast opp basert på desse:

Høgast risiko:

  • Smittsame sjukdommar hos menneske
  • Ekstremt vêr, scenario: Orkanen «Børre» i Rogaland
  • Ekstremt vêr
  • Flaum
  • Radioaktiv stråling

Middels risiko:

  • Mat- og vassboren smitte
  • Skred
  • Dambrot
  • Ulykker på sjøen og offshore
  • Ulykker på veg og i tunnel, scenario Trafikkulykke i Byfjordtunnelen
  • Ulykker på veg og i tunnel
  • Smittsame sjukdommar hos dyr, scenario: Afrikansk svinepest på Jæren
  • Smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur

Lågast risiko:

  • Industriulykker

Risiko definerast her som ein kombinasjon av sannsynlegheit og konsekvens. Tilsikta hendingar inngår ikkje i rangeringa av risikoområde over og i diagrammet under, grunna valet om å ikkje sette sannsynlegheit for hendingar innan dette risikoområdet. Hendingar utanfor fylket er heller ikkje med grunna usikkerheita rundt slike hendingar.

Risikobildet skal vere ei plattform for samfunnstryggleiksarbeidet til Fylkesberedskapsrådet på overordna nivå. Dei sektorane som ikkje blir involvert direkte av risikoområda eller av samfunnskritiske funksjonar er likevel ikkje fritatt ansvaret for å arbeide med risikoredusering i sin sektor.

Ingen av risikoområda eller scenarioa blir vurdert av Statsforvaltaren til å ha ein uakseptabel risiko. Det er likevel nødvendig å sette i verk ei rekkje tiltak på alle områda for å redusere risikoen så mykje som mogleg. Desse tiltaka er skildra i oppfølgingsplanen.

I risikodiagramma under viser vi ein rangering av dei analyserte risikoområda, når det gjelder sannsynlegheit og konsekvens. For konsekvens viser vi òg underkategoriane som har blitt brukt i analysen: liv og helse, natur og kultur, økonomi, samfunnstabilitet og styringsevne.