Hendingar utanfor fylket

Kva er hendingar utanfor fylket? 

Rogaland er tett knytt til andre stader i verda på mange vis. Naturkatastrofar, tilsikta hendingar, pandemi, store ulykker og krig og konflikt utanfor Noreg, vil ofte kunne ha innverknad på oss i Rogaland. Både fordi hendingane involverer innbyggjarar frå Rogaland, men òg fordi Rogaland må ta sin del av ansvaret når heile Noreg er ramma.

Når det gjeld rogalendingar som er ramma utanfor fylket er det i hovudsak psykososial oppfølging av dei ramma og deira pårørande som må handterast. Samfunnet har ei auka forventing til at styresmaktene skal yte ei slik teneste. Ved dramatiske hendingar i utlandet der våre innbyggjarar er ramma, er informasjonsbehovet ofte stort. 

Første gong det var ei stor hending utanfor Rogaland og Noreg som involverte Statsforvaltaren og kommunane var jordskjelvet og tsunamien i Indiahavet i 2004. Om lag 350 000 menneske mista livet,  84 av dei var frå Noreg. Det var lenge uvisse om kor mange nordmenn som blei ramma og kva kommunar dei kom frå.

Sidan då har vi hatt fleire typar hendingar som har ført til ulike typar regional koordinering og involvering av kommunane på ulikt nivå. Døme på hendingar som har vore kan ein sjå i Tabell 35.

Årstal Hending
2004 Jordskjelv og tsunami i Indiahavet
2006 Fugleinfluensa untanfor Noreg
2010 Vulkanutbrot på Island
2011 Terrorhending i Oslo og på Utøya
2011 Atomulykke Fukushima Japan
2014 Smitte av ebola utanfor Noreg
2015 Auka tal på flyktningar
2018 Terrordrap i Marokko
2020- Covid-19 konsekvensar
2021 "Ever given" blokkerte Suez-kanalen i ei uke
2022- Krigen i Ukraina
2022 Ekstrem tørke i Europa, Kina, Øst-Afrika, Amerika
Aukande Klimaendringar

Den seinare tid har me og sett korleis hendingar i utlandet kan påverke oss på lengre sikt, med konsekvensar som straumkrise og høge matvareprisar. Det er og blitt mangel på ein del varer i Noreg, mellom anna grunna krigen i Ukraina og pandemien. Disse hendingane har fått oss til å forstå kor sårbare dei globale verdikjedane er.

Risiko 

Det er ikkje mogleg å vere budde på alle dei einskilde hendingane som kan finne stad i verda og som på ein eller anna måte vil involvere oss i Rogaland. Men dersom vi gjer oss robuste som samfunn, og har ein grunnleggjande god beredskap for dei hendingane som kan skje, vil vi òg handtere det som måtte komme av oppgåver og oppfølging for oss. Mykje vil dreie seg om god informasjonsflyt og samhandling mellom Statsforvaltaren, regionale beredskapsaktørar og kommunar, og kommunane sitt ansvar for sine innbyggarar som treng oppfølging etter hendinga.

Sannsynlegheita for at det skjer slike hendingar er svært høg, fordi dei finn stad oftare enn kvart tiande år. Konsekvensane vil sjølvsagt variere utifrå type hending, men vil i utgangspunktet vere svært små for liv og helse (2-5 døde, 5-25 personar skadde eller sjuke). Konsekvensane for økonomi vil vere svært små (> 25 mill. kroner indirekte og direkte), konsekvensane for natur og kultur vil vere svært små med unnatak av nedfall etter ei atomulykke, medan det ikkje vil få nokon innverknad på samfunnsstabilitet og styringsevne (med unnatak for klimaendringane, og t.d. konsekvensar for forsyningstryggleik).

Klimarisiko

Klimarisiko er risiko for skade eller tap som følge av klimaendringar. Det er vanleg å dele dette inn i fysisk risiko, omstillingsrisiko og ansvarsrisiko. Kommunalbanken m.a. bruker omgrepet

grenseoverskridande klimarisiko. Det handlar om korleis klimaendringar i andre land, med konsekvensar som redusert matproduksjon, vassmangel, konfliktar og migrasjon, kan gje konsekvensar for Noreg og den enkelte kommune. Jordbruket er ein av dei mest utsette sektorane når det gjeld klimaendringar i andre land.  Det same gjeld matforsyning, mykje av maten vår er avhengig av import ifrå land med høg grad av fysisk klimarisiko.

Dei siste åra har klima og berekraft gått ifrå å bli sett som eit spørsmål om samfunnsansvar, til å bli vurdert som ein finansiell risiko, og i ytste konsekvens ein trugsel mot finansiell stabilitet.

Ei undersøking gjort av Norsk klimamonitor fant at 9 av 10 som jobbar i fylkeskommunane og statsforvaltarane meiner at grenseoverskridande klimarisiko kjem til å ramme oss hardt. Ei  undersøking KS gjorde i 2021 viste at 40% av kommunane svarar at klimaendringar i andre deler av verda i høg eller meget høg grad vil påverke kommunane, ei tredobling ifrå 2017.

Tiltak

  • Det er viktig at kommunane har eit godt psykososialt kriseteam som er tidleg på banen når noko skjer. Ved større hendingar må dei kommunale teama vere budd på samarbeid med andre kommunar for å få til ei heilskapleg og robust teneste. Sør-Vest politidistrikt tar regelmessig initiativ til samlingar og kompetanseheving som Statsforvaltaren oppmodar alle kommunane til å delta på.
  • Gode informasjons- og kommunikasjonsstrategiar.
  • Robuste samfunn.
  • God sjølvforsyningsgrad.