Orkanen Børre i Rogaland

Ei uønskt hending innan risikoområdet «Ekstremt vêr» som kan ramma Rogaland er ein kategori 1 orkan som saman med springflo forårsakar stormflo og straumutfall i fleire kommunar i Rogaland. Hendinga er ei typisk stor hending og har potensiale til å gi store konsekvensar for fleire samfunnskritiske funksjonar og samfunnsverdiar i Rogaland. Scenarioet er inspirert av DSB sitt Nasjonalt risikobilde (2014) og ekstremvêret Gudrun i 2005.

Føresetnader

Hendingsgang - Orkanen «Børre» rammar store delar av Rogaland

- «Børre» inntreffar saman med springflo

Tidspunkt/Vêr Måndag 4. og Tysdag 5. desember 2017. Kraftig nedbør 110 mm, 3 - 10 grader, mørke. Vind frå vest med ein vindstyrke over 35 m/s og vindkast over 45 m/s.
Vasstanden i Stavanger er 180 cm. Bølgehøgda er einskilde stader 14 meter.

 

Lengd Sjølve stormen 1 døgn. Konsekvensane varer i fleire veker.

 

Fylgjehendingar - Stormflo og høge bølger

- Straumbrot og problem med energiforsyning

- Rammar fleire kritiske samfunnsfunksjonar som; vatn og avlaup, matforsyning, transport, e-kom, helse og omsorg, og redningsteneste.

Samanliknbare hendingar - Nyttårsorkanen i 1992,

- Gudrun, 2005,

- Dagmar i 2011,

- Nina, 2015.

 

Scenario og systemutgreiing

Måndag den 4. desember 2017 treff orkanen Børre store delar av Rogaland direkte med retning frå vest. Allereie den 2. desember har Meteorologisk institutt (MET) sendt ut ei A-melding om auka overvaking av vêrsituasjonen. A-meldinga blei den 3. desember følgt av eit varsel om ekstremvêr (fase B). Den 4. desember Kl. 06.00 varslar MET om Fase C – at ekstremvêret er i gong.

Den sterke vinden frå Børre rammar kystkommunane Utsira, Karmøy, Haugesund, Kvitsøy, Randaberg, Rennesøy, Finnøy, Stavanger, Sola, Klepp, Hå og Eigersund hardast. Vinden blir målt til over 35 m/s med vindkast på over 45 m/s, noko som er orkan-styrke. Orkanen gir i tillegg til vinden òg mykje nedbør i form av regn (over 110 mm). Samstundes med orkanen er det springflo i Rogaland. Det betyr at tidevatn og vasstand allereie er høgt i fylket når orkanen inntreff. Orkanen, saman med springflo, førar til stormflo som gir ein vasstand på mellom 160 – 190 cm. Bølgjehøgda blir einskilde stader på kysten rekna til å vere 14 meter.

Børre sine herjingar fell mykje skog og bles av tak. Stormfloa fører sjøvatn inn i tettbygde strøk, kaier og over lågtliggjande vegar.

Som ein følgje av varselet om ekstremvêret stengte ferjesambandet Mortavika – Arsvågen allereie formiddagen søndag 3. desember. Natt til den 4. desember stenger òg Oanes – Lauvvik sambandet, all togtransport på Jærbanen blir innstilt og Karmsund bru og Askjesundet bru blir stengt. Bruene på Bokn, samt bybruene i Stavanger til Hundvåg blir stengt på formiddagen den 4. desember. Fleire mindre veger i fylket blir òg stengt på grunn av trefall.

Kraftlinebrot gir straumbrot i store deler av fylket. I sørfylket har ei mast på Åna-Sira lina ved Djubedalsnuten brote saman. Samstundes har det gått eit jordskred ved Vassbø i Bjerkreim som gjer at Tonstadlinja er utan straum. I nordfylket er 66 KV–lina til Haugaland Kraft nede grunna trefall ved Isvik. Fleire andre, mindre linjer er skada over heile fylket som ein konsekvens av trefall og at flygande objekt er blåst inn på linjene.

Den 4. desember er heile kraftforsyninga i fylket nede og systemavhengig aktivitet som ikkje er tilkopla naudstraum er stoppa opp. Straumbrotet rammar både Helse Stavanger og Helse Fonna. All ordinær samferdsel, samt kollektivtrafikk er stoppa opp, og fleire tunnelar i fylket er stengde fordi straumbrotet gjer at ventilasjonen ikkje fungerer. Transport mellom Nord- og Sør-Rogaland er stoppa opp. All IKT i ramma områder er ute av drift.

 

Ekstremvêret "Berit" i 2011
Ekstremvêret "Berit" i 2011 Foto: Tonje Fjermestad Aase / Statsforvaltaren i Rogaland.

Den 5. desember stilnar vinden, men det er framleis høg vasstand og flaum. Kl. 07.00 kjem Fase D-varselet frå MET om at ekstremvêret er over. Det kjem no inn ein del meldingar om at folk er isolerte i Frafjord på grunn av jordras. Sauda er som vanleg isolert, og Vormedalsveien i Hjelmeland kommune er stengt ved Breilandsvatnet på grunn av jordskred. Fleire er skadde og hjelpetrengande rundt om i heile fylket.

Straumen er komme tilbake i deler av nordfylket om morgonen. Det er framleis store problem med kraftforsyninga sør for Boknafjorden. Fly- og helikoptertrafikk kan delvis tas opp att i einskilde delar av fylket. Ein startar evakuering av sjuke og skadde til sjukehus.

Hendinga har ført til at om lag 250 000 personar har vore meir enn 18 timar utan straum i Rogaland. Om lag 80 000 av desse har vore straumlause i over 48 timer – 5000 av desse vil vere straumlause i over ei veke. Hendingane har òg ført til fleire dødsfall. Ein har fått betydeleg skade på infrastruktur, kulturminne, havbruksanlegg og skog. Det er meldt om skade på over 20 000 bygningar. 

 

Risikovurdering

Vurdering av sannsynlegheit

Vurdering av sannsynlegheit er basert på faktiske hendingar og nesten-hendingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det har vore fleire ekstremvêr dei siste åra i Rogaland, nesten eit kvart år. Historisk sett har vi hatt eit ekstremt ekstremvêr kvart tiande år.

Klimautviklinga gjer at vi kan forventa fleire og meir ekstreme ekstremvêr i framtida. Sannsynlegheita for eit slikt scenario er derfor vurdert til å vere høg. Usikkerheita knytt til denne vurderinga er liten. Årsaka er at vi har god tilgang på data og erfaring i frå liknande hendingar.

Vurdering av sannsynlegheit

 

1

2

3

4

5

Forklaring

Sannsynlegheit for at hendinga kan skje i laupet av eit år: 2-10% 

 

 

 

X

 

Ein har ekstremvêr kvart år. Ekstreme ekstremvêr om lag kvart tiande år.

Vurdering av konsekvens

Samfunnsverdi

Konsekvens

1

2

3

4

5

Forklaring 

Liv og helse

Dødsfall

 

 

X

 

 

5-25 dødsfall og 5-25 alvorleg skadde personar.

Alvorleg skadde og sjuke

 

X

 

 

 

Mellom 5 -25 med direkte eller indirekte skadar 

 Natur og kultur

Langtidsskadar på naturmiljø

 

X

 

 

 

Fare for erosjon av Jærstrendene og skog

Uopprettelige skadar på kulturmiljø

 

 

 

X

 

Fleire freda kulturmiljø i ramma område, samt freda og verna kulturminne

 Økonomi

Direkte tap

 

 

 

 

X

Vurdert til over 2,5 milliardar kroner.

Indirekte tap

 

 

X

 

 

Produksjonsstopp og hindring av vare- og persontransport. 125 – 500 mill. kr.

Samfunnsstabilitet

Sosiale og psykologiske reaksjonar

 

 

 

X

 

Manglande moglegheit til å sleppe unna, forventnings-brot og manglande moglegheit til å handtere

Påkjenningar i dagleglivet

 

 

 

X

 

Svikt i straumforsyning og anna infrastruktur

Styringsevne

Svekka regional samordning

 

 

X

 

 

Ein viss grad ein trussel mot regionale institusjonars funksjonsevne 

Samla vurdering av konsekvensar

 

 

 

X

 

Totalt sett store konsekvensar (56 poeng)

*Forklaring:

1 = Svært Låg / Små, 2 = Låg / Små, 3 = Middels, 4 = Høg / Stor, 5 = Svært Høg / Store

Liten usikkerheit

Moderat usikkerheit

Stor usikkerheit

 

Vurdering av konsekvensar

Konsekvensane for scenarioet «Orkanen Børre i Rogaland» vurderast samla sett som store med moderat usikkerheit. Ei hending av denne typen vil først og fremst truge samfunnsverdiane Økonomi og Samfunnsstabilitet. Usikkerheita er i all hovudsak knytt til vurderingane av dei indirekte økonomiske kostnadene og konsekvensar for natur og kultur.

 

Liv og helse 

Stormen Gudrun i Sverige førte til 11 dødsfall. Befolkningstettleiken er likevel ikkje like høg i Rogaland som det ramma området under Gudrun. Til samanlikning gjekk eit menneskeliv tapt i Noreg under Nyttårsorkanen i 1992 og seks personar omkom under oppryddingsarbeidet det første halvåret etter orkanen. Vårt scenario er både omfattande, langvarig og komplekst, og det er fleire farar for liv og helse:

  • Dødsfall og skadar kan skje på grunn av trefall og flygande gjenstandar.
  • Brann kan oppstå som følgje av kortslutningar og elektrisitetsfeil.
  • Trafikkulykker kan skje som ei følgje av redusert framkjømd
  • Bortfall i straum- og telenettet, samt redusert framkjømd på vegnettet, vil kunna forsinka ambulanseoppdrag. Einskilde som elles ville ha rukke å få livreddande behandling på sjukehus, vil dermed ikkje rekka fram før det er for seint.
  • Menneske som prøver å berge materielle verdiar, til dømes ein båt som har slitt seg eller midlertidige reperasjonar av tak på hus og garasjar, kan bli skada eller verre i forsøket.
  • Menneske som er ute for å sjå på naturkreftene og det uvanleg høge havnivået kan risikera å setta seg sjølv i fare.
  • Det er òg fare for dødsfall og skadar under oppryddingsarbeidet, både ved rydding av skog og ved utbetring av kraftnettet.

Basert på dette vurderst talet på døde som ei følgje av scenarioet slik det er skissert, til mellom 5-25 personar direkte og 2-5 personar indirekte. Talet på alvorleg skadde er vurdert til mellom 5 – 25 personar. Det vil seie middels konsekvens. Usikkerheita knytt til vurderinga er moderat. Det har vore få dødsfall ved tidlegare ekstremvêr i Rogaland. Ekstremvêr andre stader visar likevel at talet på omkomne og skadde som ein konsekvens av ulike følgjehendingar som skjer kan vere opptil fleire.

 

Natur og kultur 

Vi må forvente skadar på natur og miljø. Skog er spesielt utsett for vind og Jærstrendene er utsett for erosjon som kan truge raudlista artar. Rømming av laks og anna fisk frå oppdrettsanlegg kan skje.

Skadar på naturmiljø er vurdert til 8-75 km2/km i geografisk utbreiing som vil ta mellom 3-10 år før er tilbake til normalen. Konsekvensane vil dermed vere små. Usikkerheita knytt til vurdering av naturskade er moderat. Årsaka er at konsekvensane kan både bli større eller mindre enn vurdert.

Når det gjelder uopprettelege skadar på kulturmiljø er det fleire verneverdige og freda kulturminne, samt kulturmiljø i Rogaland. Rogaland er blant fylka i Noreg som har størst kulturminnetettleik i landet. Alle dei tre freda kulturmiljøa, Utstein Kloster, Sogndalstrand og Skudeneshavn, ligg utsett til på kysten. Det er elles 9000 automatisk freda kulturminne i Rogaland og 437 av desse er freda bygningar. Ein veit frå erfaring at storm og orkan kan gjere stor skade på bygningar. Likevel har slike freda og verna bygg klart seg bra i tidlegare stormar. Skadar på kulturmiljø er vurdert til store konsekvensarDet er skjedd små skadar etter andre ekstremvêr, men potensialet for skade vil vere stort. Usikkerheita knytt til kulturmiljø er stor. Ein veit ikkje kor mange freda og verna minner og miljø som vil rammast av orkanen, og skadeomfanget av denne. Ein veit heller ikkje i kva grad desse skadane vil vere uopprettelege.

 

Økonomi

Dei materielle tapa etter orkanen forventast å vere store. Det inkluderer kostnader til reperasjon og gjenoppbygning av øydelagde bygningar og infrastruktur som vegar, kraftforsyning og vatn- og avlaupssystem. Ekstremvêret Gudrun førte til skadar og øydeleggingar for over 4-5 milliardar svenske kroner. Her er det ikkje tatt med kostnadane til skogbruk, men dekkjer likevel kostnadar knytt til utbetring av straumnett, bygningar, direkte kostnader til det offentlege, tap av inntekter i landbruket, industri, handel, tenestesektoren og hushaldkostnader. Nyttårsorkanen i 1992 førte med seg kostnader på omtrent 2,1 milliardar (i 1992 kroner).

I Rogaland vil fleire hushald og bygningar bli ramma, samt område med mykje infrastruktur og bygningsmasse som kan øydeleggjast. Mykje av dette kan vere kostbart å utbetre eller erstatte. Det er rimeleg å tru at vi kan forvente eit tap på godt over 2,5 milliardar kroner som er den alvorlegaste kategorien. Det betyr at scenarioet vil gi svært store direkte økonomiske konsekvensar. Usikkerheita er vurdert til låg på grunn av at kostnadane er godt innanfor kategorien.

Orkanen vil òg føre til indirekte økonomiske kostnader som tapt arbeidsforteneste og tapt omsetjing for verksemder. Dei indirekte kostnadane er vurdert til 125-500 millionar kroner. Dette gir middels konsekvensar. Usikkerheita ved denne vurderinga er stor. Årsaka til den store usikkerheita er mellom anna knytt til framkjømda på vegane, samt det samfunnsøkonomiske vurderingsgrunnlaget.

 

Samfunnsstabilitet 

Sjølv om scenarioet skapar utfordringar for samfunnet, er det ikkje grunn til å tru at det vil skapa vesentlege sosiale eller psykologiske reaksjonar i befolkninga. Ekstremvêr er ei kjent årleg hending, sjølv om omfanget av hendinga er større enn det befolkninga er kjent med. Ein forventar derfor at befolkninga taklar situasjonen på ein god måte. Likevel vil situasjonen opplevast som skremmande for mange. Ein kan føle seg redd og usikker dersom ein er isolert utan straum og mogelegheit for kommunikasjon. Den manglande moglegheita til å sleppe unna hendinga kan for einskilde skapa uro.

Ein kan òg oppleve ein grad av forventningsbrot i befolkninga. Varsling og informasjonsarbeid er viktig for å trygge befolkninga. Naud- og redningstenesta, kraftselskap og andre verksemder kan treffa på nokre utfordringar med handteringa av situasjonen. Kommunikasjon mellom etatane kan òg i dette scenarioet vere ei utfordring. Ein vil òg få kapasitetsproblem og mykje pågang, mellom anna om tømming av kjellarar for vatn. Naudalarmsentralane er heller ikkje dimensjonert til å ta i mot det store talet på meldingar som dette scenarioet vil skape. Ein vil då kunna oppleva at ingen ser eller høyrer deg. Forventningane befolkninga har til styresmaktene om handteringa av Børre vil kunne variera mellom by og land. Det er grunn til å tru at forventningane i byane til handtering av hendingar vil vere større enn på landet.

Trass i at hendinga er kjent og ikkje rammar sårbare grupper spesielt vil scenarioet kunne skapa ei manglande moglegheit til å sleppe unna, forventningsbrot og ei kjensle av manglande moglegheit til å handtere hendinga. Scenarioet vil dermed ha store konsekvensar for sosiale og psykiske reaksjonar i befolkninga. I og med at hendinga i seg sjølv og utfordringane knytt til handteringa er relativt godt kjent, er usikkerheita vurdert til moderat.

I dette scenarioet vil kritisk infrastruktur som kraftleidningar, vegnett, og vatn og avlaup få omfattande skadar. Dette vil føre til store påkjenningar i kvardagen for mange i ein kortare periode. Konsekvensane for kraftforsyninga vil variere over fylket, men over 250 000 personar vil i eit slikt scenario mista straumen. Om lag 80 000 av desse vil vere utan straum i over 48 timar. Det er òg venta at 5 000 vil vere straumlause i over ei veke. Tele- og datakommunikasjon vil òg vere satt ut av spel over ei tid. Avhengig av lengda på straumbortfallet kan òg basestasjonane til Naudnett falle ut. Naudnett vil likevel kunne fungere lokalt fordi fungerande basestasjonar utvidar rekkjevidda på sambandet. Ein vil òg kanskje ha eit behov for flytting eller evakuering av sårbare grupper.

Konsekvensane for Påkjenningar i dagleglivet blir derfor vurdert til store. Grunna talet på folk som mistar straumen samstundes og over tid, samt usikkerheit rundt kor kjapt ein vil kunne reparere skadane, vurderast usikkerheita å vere moderat.

 

Styringsevne

Dette scenarioet vil ha middels konsekvensar for tap av regional styringsevne. Dette scenarioet kan vere ein trussel mot regionale institusjonar si funksjonsevne i ein viss grad. Både for Fylkesmannen og politiet vil straumbrot og bortfall i tele- og datanettet gjera det vanskeleg å utøve funksjonen som leiande/samordnande styringsmakt. Dette kan òg forverrast dersom Naudnett sviktar. Dette gjelder både for å ta i mot nødvendig informasjon, koordinere ressursar og å prioritere bruk av ressursar. Samstundes rasar orkanen over ei avgrensa tid, og reparasjonar og naudløysingar på straumnettet vil innan kort tid redusere denne utfordringa merkbart. Usikkerheita er liten, ettersom ein kjenner godt til desse utfordringane frå tidlegare hendingar.

 

Vurdering av usikkerheit 

Den samla vurderinga av usikkerheit knytt til vurderingane av sannsynlegheit og konsekvens er liten usikkerheit.

Vurdering av kunnskapsgrunnlaget

Forklaring

Tilgang på relevante data og erfaring

Erfaringar frå nokre tilsvarande hendingar og erfaringar frå mindre lokale hendingar. Tilgangen er stor

Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?)

Gode meteorologiske modellar og hendinga er kjent. Forståinga er stor

Semje blant medlemmane i ekspertgruppa

Ingen stor usemje blant ekspertgruppa. Semja er stor

Sensitiviteten til resultata

Forklaring

I kva grad påverkar endringane i føresetnadane anslaga for sannsynlegheit og konsekvens

Sannsynlegheit og konsekvens er sensitive for dei samanfallande hendingane og føljehendingane.
Kva for ein straumleidning som ryk vil mellom anna påverka konsekvensane. Sensitiviteten er moderat

 

Moglege risikoreduserande tiltak

  • Fylkesmannen skal ha planar for tidleg varsling av ekstremt vêr til kommunar og medlemmar i Fylkesberedskapsrådet.
  • Fylkesmann og politiet har eit gjensidig ansvar for å ta kontakt med kvarandre så tidleg som mogleg for å avklare forventningar, gå gjennom samarbeidsrutinar og vidare kontakt ved ei hending.
  • Kraftselskapa må sikre god redundans i kraftforsyninga i heile fylket. Det er ønskeleg at kriteriet om N-1 blir overheld, særleg i overordna straumnett. 
  • Alle kommunar, statlege verksemder med beredskapsoppgåver og eigarar av kritisk infrastruktur og -funksjonar må kartlegge og eventuelt styrke sin eigenberedskap for eit langvarig straumbrot.
  • Alle beredskapsaktørar bør ha alternative kommunikasjonskanalar til samarbeidspartnarar til bruk dersom det ordinære sambandet ligg nede. Dette gjelder mellom anna kommunar, Fylkesmann og medlemmar av Fylkesberedskapsrådet.
  • Langvarig straumbrot bør vere tema på øvingar på alle nivå, men det er særleg viktig å øve gjere dette regionalt på tvers av etatar.
  • Kommunar må sikre ei robust arealplanlegging gjennom å sette krav til prosjektering i høve til klimautfordringar.
  • Kraftselskap må ha enda større merksemd på rydding av trær langs kraftlinene.
  • Kommunane må sikre at det ikkje blir bygd trafoar og lagd anna sårbar infrastruktur i samband med kraftforsyning i flaumsonar.
  • Kommunane og dagligvareverksemda bør analysere korleis innbyggjarane skal få kjøpt mat ved eit langvarig straumbrot og ha dette med i relevante beredskapsplanar. 
  • Kommunar og viktige beredskapsaktørar må ha ein plan for drift av kritiske bygg og -funksjonar som ikkje har naudstraumforsyning.
  • Kommunar, statlege aktørar og infrastruktureigarar har ansvar for å vere tidleg på banen med å vurdere situasjonen og sette inn tiltak for å førebyggje og for å redusere skadar så tidleg som mogleg.
  • Kommunar og naudetatar må ha ein plan for korleis dei skal får drivstoff til kritiske samfunnsfunksjonar som til dømes heimehjelp, viktige tekniske driftstenestar og utrykkingskøyretøy ved eit langvarig straumbrot. Alle som har naudstraumsaggragat må vite tankkapasitet for drivstoff og ha eit system for etterforsyning til naudaggregata. Dette må òg inn i kriseplanen. Naudstraumsaggregata må testast med tilnærma full last med jamne mellomrom.