Ulykker på sjøen og offshore

Kva er sjø- og offshoreulykker?

Det er ulykker til med større passasjerskip, lasteskip, tankbåtar, fiskebåtar, ferjer, snøggbåtar eller ubåtar. Det kan òg skje ulykker i offshoreindustrien på flyttbare eller permanent plasserte innretningar.

Rogaland har mange store hamner med mykje trafikk av både passasjerskip, ferjer, tankskip, lasteskip og fiskefartøy. Fylket består av fleire øyer og ei lang kystline. Mykje av transporten av folk og gods skjer derfor sjøvegen. Alle båtar over 24 meter som kjem inn i dei fem norske trafikksentralane sitt verkeområde må ha seglingsklarering. I Rogaland er det sjøtrafikksentralen på Kvitsøy, Kvitsøy VTS, som overvaker skipstrafikken, gir seglingsklareringar, regulerer trafikken og grip inn når fartøy har feil kurs eller maskinproblem. Kvitsøy VTS koordinerer òg losoppdrag. I 2021 blei det registrert totalt 141 024 seglingsklareringar ved Kvitsøy sjøtrafikksentral. Dette talet omfattar både trafikken innan fylket og dei som går gjennom. Tala har gått nedover dei siste par åra.

Sjøtrafikksentral 2018 2019 2020 2021
Brevik 8 409 8 035 8 165 9 372
Horten 166 282 163 382 152 272 160 098
Kvitsøy 155 059 172 153 143 699 141 024
Fedje 93 569 91 406 88 270 90 081
Vardø     1 380 1 459
Totalt 423 319 434 976 393 786 414 129

Tal på seglingsklareringer per sjøtrafikksentral (Kystverket, 2023)

Kystverket har utarbeidd prognosar for å kunne seie noko om framtidig utvikling i skipstrafikken. I følgje prognosane for perioden 2018-2050 vil den kystnære skipstrafikken i Noreg auke med 19%. Containerskip er den fartstypen som vil auke mest.

I Rogaland er det 86 hamneterminaler som er godkjent for internasjonal trafikk. Både Stavangerregionen hamnedistrikt og Karmsund hamnevesen er blant dei ti nasjonale hamnene vi har her i landet. Stavangerregionen hamnedistrikt har over 55.000 årlege anlaup fordelt over 17 hamner. Karmsund har om lag 37.000 anlaup. Når det gjeld Karmsund hamnevesen omfattar dette òg Kårstø hamn. Denne er den største hamna for gasstransport i Europa. Kårstø har omlag 500 anlaup av skip i året. Sauda, Eigersund og Sandnes er dei andre store hamnene i Rogaland. Eigersund er ei stor fiskerihamn, ei av dei største i Noreg. I 2022 kom det 450 000 passasjerar til Stavanger hamn, fordelt på 227 cruiseanlaup (Stavanger Aftenblad 2022b) Det er forventa ei auke i cruisetrafikken i åra framover, etter at det har vore nedgang grunna koronapandemien.

Det er mange skip som fraktar last langs fylket. Store mengder fiske- og dyrefôr blir frakta i brønnbåtar til oppdrettsanlegg og landanlegg. Det blir dessutan frakta store mengder stein og grus frå fleire hamner, mellom anna Jelsa, Tau, Hellvik og Espevik. Denne transporten går òg til utlandet. For å vise kor dei større båtane går i fylket har vi tatt med ei oversikt over farleistrukturen i Rogaland sjå bildet under

Kart som viser farleier og naudhamner i Rogaland
Farleier og naudhamner i Rogaland (Kystinfo.no 2023)

Rogaland har seks faste ferjesamband, ni snøggbåtruter og to lokalbåtruter. Som nemnt tidlegare er fylket på mange måtar delt i to, og vi er derfor avhengige av ferjer og snøggbåtar for å binde fylket saman. Arbeidet med undersjøisk fastlandssamband inn til Ryfylke vart ferdig i 2019, mens samband mellom Nord- og Sør-fylket er starta opp og skal vere ferdig i 2025-26.

Det som gjer trafikkbildet endå meir variert er det store talet på fritidsbåtar i fylket. Vi har registrert over 30 000 fritidsbåtar i Redningsselskapet sitt frivillige småbåtregister. Her registrerer mange båtane sine på mellom 7 og 15 meter. Fritidsbåtar som er lengre enn 15 meter er registrerte i skipsregisteret i Bergen.

Ansvaret for tryggleiken til sjøs ligg først og fremst hos den einskilde aktør, men Kystverket har hovudansvar for å legge til rette for sikker og effektiv sjøtransport langs norskekysten. Oppgåvene omfattar tiltak for å førebyggje ulykker til sjøs og beredskap mot akutt forureining. Kystverket sitt arbeid for trygg infrastruktur går føre seg mellom anna ved merking av farleiene for dag- og nattsegling. Kystverket har òg eit omfattande arbeid med å utbetre farleier ved å mudre og sprenge bort farlege skjær. I dette ligg det òg å oppdatere sjøkarta. Førebygging av uønskte hendingar skjer igjennom los- og trafikksentralteneste, skipsidentifikasjonssystemet AIS og meldings- og rapporteringssystemet SafeSeaNet.

Kystverket har ansvar for fyr- og merketenesta langs kysten og har ei viktig rolle i koordineringa av operativ beredskap dersom ulykker på sjøen fører til forureining.

Alle private selskap som driv med verksemd som kan forureine skal ha beredskap for å handtere dette, jf. beredskapskrav frå Miljødirektoratet og Petroleumstilsynet. Norsk oljevernforening for operatørselskap (NOFO) er eit samarbeid mellom operatørar som driv med olje og gass på norsk sokkel, med føremål å ha ein beredskap mot akutt forureining. Dei har fem beredskapslager og to store depot langs norskekysten. Eitt av desse ligg i Stavanger.

Kvar kommune har ansvar for å ha beredskap til å handtere akutt forureining i kommunen. Dette blir gjort gjennom interkommunale utval for akutt forureining (IUA). Det er til saman 32 IUA i Noreg. I Rogaland er det to slike utval; IUA Sør-Rogaland og IUA Haugesund som òg dekkjer delar av Vestland. Aksjonar av mindre omfang blir leia av IUA, og utvala rår over lettare beredskaps- og saneringsutstyr. Depota deira er i Eigersund og Stavanger, og rundt om i hamner, kommunale lager og på brannstasjonar. Dersom forureininga er av eit slikt omfang at den som forureinar ikkje sjølv kan ordne opp, går Kystverket inn og tar over aksjonen på vegne av staten.

Aktuelle IUA og andre ressursar blir då underlagde den statlege leiinga. Kystverket har 16 depot med utstyr lagra langs kysten. I Rogaland har Kystverket eit beredskapsdepot i Mekjarvik, NOFO har i Risavika. Kystverket sitt beredskapssenter mot akutt forureining ligg i Horten.

Sjøfartsdirektoratet skal sjå til at norske skip og reiarlag held høg tryggleiks- og miljømessig standard. Dei skal medverke til at sjøfolk på norske skip har gode kvalifikasjonar og arbeids- og levekår. Direktoratet skal òg sjå til at framande skip i norsk farvatn og hamner held internasjonale reglar.

Når det gjeld kart har Sjøkartverket ansvar for å måle opp Norskekysten, inkludert polare farvatn. Dei har ansvar for å utarbeide og oppdatere sjøkart og greie ut om desse farvatna. Kartverket avdeling Sjø i Stavanger har ansvaret for oppdaterte sjøkart knytt til farleiene.

Dei seinare åra har det blitt gjennomført viktige førebyggjande tiltak for å redusere risikoen ved sjøtransport. Det er seglingsleier lengre frå kysten, system for å separere trafikken, system for å ikkje kollidere og etablering av statleg slepeberedskap. Eit felles norsk/russisk system for å rapportere skip som kan utgjere auka risiko langs kysten, som skip med petroleumsprodukt, radioaktiv last og skip med slep, blei innført 1. juni 2013. Forskrift om sikkerhetsstyringssystem for norske skip og flyttbare innretninger som blei gjeldande frå 1. januar 2016 set krav til reiarlaga og har som føremål å gi ein betre standard for tryggleiksstyring for drift av skip for å hindre forureining.

Kart over sjøulykker 2009-2021 og sannsynligheit for ulykker
Kart over sjøulykker 2009-2021 og sannsynligheit for ulykker (kystinfo.no)

Når det gjeld offshoreindustri på norsk kontinentalsokkel er det Petroleumstilsynet (Ptil) som har oppgåve å føre tilsyn med industrien sitt ansvar for tryggleik, beredskap og arbeidsmiljø.

Organisasjonskart som viser statleg organisering av petroleumsverksemda
Statleg organisering av petroleumsverksemda (Norskpetroleum.no, 2022).

Oljedirektoratet sitt hovudmål er i fylgje tildelingsbrev frå Olje og energidepartementet for 2022 «å bidra til størst mulige verdier for samfunnet fra olje- og gassvirksomheten på norsk kontinentalsokkel gjennom en effektiv og forsvarlig ressursforvaltning, der det tas hensyn til helse, miljø, sikkerhet og til andre brukere av havet.»

Oljedirektoratet skal i samsvar med forskrift til petroleumsloven § 79a (1997) ta imot varsel og rapport om hendingar og andre tilhøve som fører til «nedstenging, reduksjon av utvinning av petroleum eller påverkar gjennomføring av aktivitetar i tråd med vedtak fatta i medhald av petroleumsloven og petroleumsforskrifta».

Samferdselsdepartementet har ansvar for beredskap mot akutt forureining i norske farvatn. Kystverket er underlagt Samferdselsdepartementet og har ansvar for den statlege oljevernberedskapen.

Olje- og energidepartementet gir lisensar, enten i nummererte konsesjonsrundar eller ved årleg tildeling i førehandsdefinerte område. Lisensar- eller utvinningsløyve, gir einerett til undersøking, leiteboring og utvinning av petroleums-førekomstar innanfor eit geografiske område. Lisensen regulerer dei deltakande selskapa sine rettar og plikter til staten. Ved årsskiftet 2022/2023 er det 93 olje- og gassfelt i produksjon på norsk sokkel; 70 felt i Nordsjøen, 21 i Norskehavet og 2 i Barentshavet. Eit felt er eit eller fleire funn samla som omfattast av godkjent plan for utbygging og drift.

Ved same årsskiftet var det totalt 29 aktørar på sokkelen ; 18 selskap har operatøransvar og 11 er partnerar i lisensar. I 2020 var talet på direkte og indirekte sysselsette i petroleumssektoren 163 000. Det utgjer om lag 6 prosent av samla sysselsetting i Noreg.

Nordsjø-/miljøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt har ansvar for hendingar på sokkelen sør for 62,0 breiddegrad og for etterforsking av sjøulykker mellom 12 og 200 nautiske mil frå kysten og opp til 65,3 breiddegrad. Dette betyr at dei har eit særskild nasjonalt bistandsansvar for etterforsking, samt opplæringsansvar (for dei andre sokkelpolitidistrikta) av hendingar på norsk sokkel. Hovudredningsentralen Sør-Noreg som ligg i Sola kommune har operativt ansvar for søk- og redningsaksjonar i Noreg sør for 65 breiddegrad.

Statsforvaltaren i Rogaland har ei landsdekkjande rolle i saker som gjeld helse og hygiene i petroleumsverksemda til havs på den norske kontinentalsokkelen. Statsforvaltaren har tilsyn med helse og hygiene, driv med godkjenning av petroleumslegar og helseerklæringar.

For å redusere konsekvensane av ei eventuell akutt forureining er det i Noreg, som nemnd, både privat, kommunal og statleg beredskap. Etter forureingslova (1983) har operatørselskapa sjølv ansvar for og plikt til å etablere nødvendig beredskap for å handtere akutt forureining. Samferdselsdepartementet, ved Kystverket, har ansvaret for å koordinere den samla, nasjonale oljevernberedskapen og den statlege beredskapen mot akutt forureining. Klima- og miljødepartementet har ansvar for å stille krav til beredskap mot akutt forureining i kommunar og private verksemder. Miljødirektoratet godkjenner beredskapsplanar og kontrollerer at krava blir følgt opp. Alle akutte utslepp frå innretningane på kontinentalsokkelen blir rapport til Kystverket, og årsakene blir undersøkt.

Redningsbøye på Sandestranda
Redningsbøye på Sandestranda Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Risiko

Det har i nyare tid i Rogaland ikkje vore mange større ulykker til sjøs med tap av menneskeliv. Likevel har det vore nokre alvorlege hendingar. Den siste store sjøulykka i Rogaland var hurtigbåten «Sleipner» som grunnstøtte og sokk nord for Haugesund i 1999. 16 personar omkom i denne ulykka. Den største ulykka elles er «Alexander Kielland»-ulykka 27. mars 1980 der 123 menneske omkom då bustadplattforma velta i Nordsjøen. I 1997 havarerte og sokk skipet «Leros Strength», 30 nautiske mil sørvest for Sola. Heile mannskapet på 20 personar omkom. Det var dessutan forureining knytt til dette forliset.

Norsk sjøfart er ein av dei mest risikofylte bransjane i Noreg.  I 2022 var det 587 sjøulykker og personulykker på norske næringsfartøy. Det er ei nedgang frå 2021, men framleis betydeleg høgare enn i åra 2018-2020. I løpet av 2022 har det vore 7 dødsfall og heile 273 skadde som følge av ulykker om bord på norske yrkesfartøy.

Tala for åra 2018-2021 (Rogaland) kan ein sjå under.

Graf som viser tal på ulykker i Rogaland rapportert til Sjøfartsdirektoratet 2018-2021
Tal på ulykker i Rogaland rapportert til Sjøfartsdirektoratet 2018-2021 (Sjøfartsdirektoratet, 2023)

I 2021 var det i Rogaland til saman 65 ulykker rapportert til Sjøfartsdirektoratet, kor 37 av desse var skipsulykker og 26 av desse er personulykker. Kva skipsulykkene kjem av kan vi sjå under.

I Noreg var det 30 som omkom i sjøulykker i 2021 – 4 i Rogaland. Dei aller fleste omkomne på sjøen i Noreg er i fritidsfartøy, og dei er som oftast godt vaksne menn.

Petroleumstilsynet (Ptil) har oppsyn med utviklinga av risikonivået på norsk sokkel gjennom årlege målingar av indikatorar, som kallast ”Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet”. Dette er alvorlege personskadar, støyeksponering, bruk av farlege kjemikaliar, talet på gasslekkasjar, brønnspark, brannar, konstruksjonsskadar, skadar på stigerør og kollisjonar. Ifølge Ptil er det færre rapporteringspliktige hendingar og alvorlege personskadar til havs no, trass i at talet på arbeidstimar har auka mykje. Ptil sine analyser viser videre at risiko for storulykker i offshore olje og gassnæring har ei positiv og nedgåande trend.

Konsekvensane ved ei ulykke til sjøs kan bli omfattande. Det kan vere mange menneske om bord på riggar, og normalt har både lokale passasjerbåtar og snøggbåtar mange passasjerar. Cruiseskipa som kjem til Rogaland kan ha fleire tusen passasjerar om bord. Uønskte hendingar på slike store passasjerskip byr på ekstra store utfordringar fordi det vil ta tid å få evakuert eit skip med så mange passasjerar under vanskelege arbeidstilhøve for naudetatane, som ikkje har lokalkunnskap om einskilde skip.

Det har ikkje vore dødsulykker innan Ptil sitt styringsområde på sokkelen siden 2017. I 2021 blei det registrert 161 rapporteringspliktige personskadar på norsk sokkel, 27 av desse ble klassifisert som alvorlege. Den siste perioden (2016-2021) har det vore noko høgare skadefrekvens på alvorlege personskadar enn i førre periode. Tal på skip på kollisjonskurs med offshoreinstallasjonar har hatt ei auke etter 2014.

Cruiseskip i Stavanger indre hamn
Cruiseskip i Stavanger indre hamn Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Teknologisk utvikling

Utvikling av ny teknologi kan endre konsekvensane av utslepp frå skip. Både LNG og batteriar er i større grad i bruk som energikjelde for skip. Eit større LNG-utslepp kan vere farleg både for brann, materielle skader på skipet, liv og helse (kvelning) og kald-eksplosjon.

Litiumbatterier er brannfarleg, kan gi utslepp av eksplosive gassar (hydrogen) og kan reagere med vatn og gi ekstremt basiske PH-verdiar på 10-11.

Utviklinga på energikjelde for skip er usikker, men trendane er aukte krav om reduksjon av klimagassutslepp og auka digitalisering. Det vil bli ein større miks av energiberarar, som t.d. LNG, LPG, metanol, biodrivstoff, ammoniakk og hydrogen.

Graf som viser tal på skip i norske farvatn (2015-2021) og energikjelde
Tal på skip i norske farvatn (2015-2021) og energikjelde

Konsekvens for natur og miljø

Ei ulykke til sjøs eller ei offshoreulykke kan, i tillegg til å ha store konsekvensar for liv og helse, òg ha store konsekvensar for natur og miljø. I Noreg har dei fleste alvorlege, akutte utsleppa komme frå skipstrafikk nær kysten. Petroleumsverksemda har så langt (dei siste 50 åra) ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har ført til miljøskadar på land. Trenden for utslepp av råolje var på sitt høgaste sidan 2011 i 2021. Tal på kjemikalieutslepp utviklar seg og i feil retning.

Når det gjeld miljøskadar og forureining har det i perioden 2018-2021 vore 16 ulykker i Rogaland som er rapporterte til Sjøfartsdirektoratet. Det er snakk om mindre utslepp og dei fleste frå skip.

Graf som viser utilsikta utslepp til sjø frå olje og gass i Noreg
Utilsikta utslepp til sjø frå olje og gass i Noreg (Miljødirektoratet, 2022)

Det har historisk sett vore fleire større ulykke med forureining i sjøen i fylket, men ingen dei seinare åra. Det siste akutte oljeutsleppet på norsk sokkel var Statfjord A i 2019. Då lakk olje og slam ut til sjø. Utsleppet trefte ikkje kysten. Den siste oljevernaksjonen i Noreg var «Godafoss» i 2011.

Forureining og akutte utslepp kan gi store konsekvensar. Olje- og kjemikalieutslepp til sjøs fører til alvorlege skadar på marint plante- og dyreliv, oppdrettsanlegg, og tilgrising av strender og svaberg langs kysten. I tillegg kan skipa ha farleg gods om bord, noko som kan gjere rednings- og oppryddingsarbeidet vanskeleg. Havari med forureining er svært kostbart, og oppryddingsarbeidet kan ta lang tid. Sjølv om dei fleste utsleppa i fylket har vore mindre, viser dei kor sårbare kystområda våre er for slik forureining. Dei fleste utsleppa har berre vore bunkersolje og ikkje last. Ved utslepp av last ville konsekvensane hatt heilt andre dimensjonar. I tillegg til konsekvensane for liv og helse, samt for natur og miljø vil ei ulykke kunne ha store økonomiske konsekvensar, med både direkte og indirekte kostnader på fleire millionar kroner. Tabellen under visar oljevernaksjonar i Rogaland

 

År Fartøy Stad Hending Forureining Skadar Kostnad
1972 Makurdi Haugesund Lekkasje 200 tonn tung bunkersolje Ukjent Ukjent
1976 Draupa Stavagner Grunnstøyting 2400 tonn råolje Forureining av store strandområde 16 mill.
1981 Amica Haugesund Ulovleg utpumping ved tankvask Ukjent mengde råolje   0,9 mill.
1984 Cartahgo Nova Hellesøy Overpumping 600 tonn råolje 24 km strandline oljeskada 1 mill.
1990 Azalea Haugesund Havari 3300 tonn tung bunkersolje, smøreolje og diesel 42 km strandline 22 mill.
1991 Astrea Sand Havari 20 tonn smøreolje og diesel 2 km strand 0,9 mill.
1997 Leros Strength Haugesund Havari 150 tonn bunkersolje, smøreolje og diesel 12 km strand i Karmøy 6 mill.
2000 Green Ålesund Haugesund Havari 160 tonn bunkersolje, smøreolje og diesel 2 km strand i Haugesund 80 mill.

Oljevernaksjonar i Rogaland 1971-2017

 

Sårbarheit

Dei fleste større passasjerskip, snøggbåtar og ferjer er generelt i god stand, og mannskapet har jamt over god kompetanse. I tillegg er skipsfarten godt regulert av styresmaktene. Dette kan vere nokre av grunnane til at det ikkje har vore fleire ulykker til sjøs. Når det gjeld ulykker med drivstoffutslepp i norske farvatn har frekvensen auka merkbart frå 2015-2021. Fiskefartøy, stykkgodsskip og passasjerskip er fartøya med flest ulykker med utslepp. I same tidsrom har det vore ei relativt høg auka i sannsynlegheita for utslepp av kjemikalietankskip.

Dårleg vêr, og menneskeleg eller teknisk svikt kan føre til kollisjonar, brann eller grunnstøytingar. Når det gjeld vêret er det sannsynleg at det blir meir ekstremt vêr i tida framover. Dette får konsekvensar for skipsfarten. Vi kan heller ikkje sjå bort frå ulykker som skuldast tilsikta handlingar.

Sjøtrafikken langs Rogalandskysten er stor. Talet på ulykker held seg stabilt, når ein ser tala opp i mot sjøtrafikk. Kystverket har laga prognoser for skipstrafikk fram imot 2050. For tørrlast-skip er det venta ei auke, medan for offshore supplyskip og oljetankskip er det venta ei nedgang. Dei forventar ei vekst på 19% for godsskip frå 2018 til 2050. Når det gjeld cruiseskip er det regelendringar på gang, men det vil sannsynlegvis bli ei nedgang også i desse. Prognosane blei laga før effektane av Covid-19, og er dermed knytte til stor usikkerheit.

Det har vore relativt mange grunnstøytingar dei siste åra. Brann er eit fokusområde, ettersom brannulykke har vore aukande dei siste ti åra, med ein topp i 2013. Konsekvensane av til dømes ei brannulykke er mellom anna avhengig av kva redningsutstyr som er tilgjengeleg, vêrtilhøva, redningsressursar og særlege utfordringar i høve til handtering av pårørande. Ikkje alle brann- og redningsvesen har kompetanse til å assistere ved sløkking av brann på sjøen.

Offshoreindustrien fokuserer i aukande grad på barrieretenking og robustheit. Ein ser ein positiv trend for fleire av barrierane som har lege over bransjekravet dei siste åra. Vedlikehald er sentralt for førebygging av hendingar og tal viser at fleire innretningar ikkje har utført HMS-kritisk førebyggande vedlikehald i tråd med sette fristar.

Tåkelur, Tungenes fyr
Tåkelur, Tungenes fyr Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommeun.

 

Produksjon og transport av store mengder olje og gass på sjøen utanfor Rogaland gjer at faren for ulykker i samband med denne aktiviteten er større her enn elles i landet. I Rogaland er ulykker med transport av gass til og frå Kårstø sårbart. Sjølv om tryggleiksrutinane er gode kan ein aldri utelukka menneskeleg- eller teknisk svikt. Gasstankaren «Marthe», full av høgeksplosiv gass, gjekk nesten på grunn utanfor Fedje i Hordaland i 2004. Båten var då på veg til Mongstad. Ein eksplosjon ville ført til store konsekvensar for området. Vi kan ikkje sjå bort i frå at ei tilsvarande hending kan skje i Rogaland.

Kystverket laga i 2022 analysen Miljørisiko forbundet med skipstrafikken i norske farvann. Den omtalar Rogaland som at store deler av fylket har høg og svært høg miljørisiko i store delar av året. I kombinasjon med relativt høg trafikktettleik og frekvens av ulykker og oljepåverknad ser dei Rogaland som eit område som krev merksemd. I same analyse står det at den miljømessige sårbarheita aukar grunna klimaendringane og det at stadig fleire artar blir sett på raudlista.

Når det gjeld miljømessig sårbarheit har Miljødirektoratet utvikla eit prioriteringskart for innsats mot akutt forureining. Dette viser prioritert og rangert rutenettinformasjon om miljø og næring, og skal brukast av IUA når dei leiar innsatsen mot akutt forureining. Det er ulike typar kart, nokre viser årssnitt, medan dei månadsspesifikke er mest aktuelle i operativ fase. Kartet inneheld ei vekting av marine og landbaserte miljøressursar sett i samanheng med oljeforureining.

Prioriteringskart for akutt forureining

Tiltak

  • Kommunar som ligg slik til at dei kan bli ramma av sjøulykker må ta dette med i sin risiko- og sårbarheitsanalyse. Tiltak skal innarbeidast i kommunen sin kriseplan.
  • Aukande trafikk og meir ekstremt vêr kan føra til at faren for ulykker aukar. Skulle det skje er det viktig at aktørane som blir råka er budde på å ta hand om offer og pårørande.
  • Arbeide for godt samarbeid og avklare forventningar mellom alle aktørar som har ansvar for å ta hand om evakuerte og pårørande etter ei ulykke. Ved større mengder evakuerte og pårørande er det eit krevjande arbeid å ta godt vare på desse. Mange aktørar er involverte i ulykka.
  • Det må vere rutinar for korleis verksemda som er ramma, transportøren, redningstenesta og kommune skal samarbeid om oppretting og drift av senter for evakuerte og pårørande og informasjon til media og publikum.
  • Politiet, redningstenesta, naudetatane og kommunane må øve på samvirke ved oppretting av EPS-senter etter ulykke på sjøen eller offshore.