Store ulykker

Store ulykker brukast her som eit fellesnamn for hendingar utløyst av systemsvikt i tekniske anlegg eller innretningar.

Systemsvikt omfattar både menneskeleg svikt, teknisk svikt og organisatorisk svikt. Det kan mellom anna vere snakk om svikt i kritisk infrastruktur, eksplosjonsulykker, transportulykker og utslepp av giftige gassar eller andre stoff. Med menneskeleg svikt meinast ikkje-tilsikta menneskelege feil som fører til eller medverkar til uønskte hendingar. Teknisk svikt omfattar feil eller manglar ved tekniske system, maskiner, konstruksjonar eller liknande. Døme på organisatorisk svikt eller feil organisering kan vere uklåre ansvarstilhøve, dårleg leiing, mangelfull opplæring eller manglande tryggleiksrutinar. Uønskte hendingar kan skje som ei følgje av desse typane svikt, eller ved at fleire typar svikt skjer samstundes. Systemsvikt kan òg skje som følgjehendingar av naturutløyste hendingar eller tilsikta hendingar.

Døme på hendingar innan store ulykker er ulykke på veg, ulykke på bane, luftfartsulykke, sjø- og offshoreulykke, næringsverksemd- og industriulykke, atomulykke, brann og eksplosjon.

Hendingar som Statsforvaltaren i Rogaland har valt å sjå nærmare på innan risikoområdet store ulykker er radioaktiv strålingulykker på sjøen og offshoreulykker på veg og i tunnel, industriulykker og dambrot.