Dambrot

Bilde viser Førrevassdammen med fjellandskapet rundt
Førresvassdammen, Suldal kommune Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Kva er dambrot? 

Ein dam er eit byggverk som demmer opp vatn i ein innsjø eller ei elv. Dammen gjer at vatn kan lagrast. Dammane skal sikre stabil produksjon av til dømes drikkevatn og vasskraft til energiproduksjon. Dei er konstruerte på ulike måtar avhengig av alder og kva regler som gjaldt då dei blei bygd. Dammar blir klassifisert etter konsekvensar ved eit eventuelt brot. Basert på type og bygningsmateriale er dammar delt inn i anten tømmer-, mur-, betong- og fyllingsdammar. Av fyllingsdammar finnes både jord- og steinfyllingsdammar. Av betongdammar finnes hovudsakeleg bogedammar, platedammar, lamelldammar og gravitasjonsdammar. Storleiken på dammen og den lokale geografien i området er òg bestemmande for konstruksjonen og val av damtype. Dei eldste dammane i Noreg er laga på 1700-talet. Dei siste hundre åra har det vore mest vanleg å byggje dammar for kraftproduksjon av betong eller steinfyllingar.

Oddatjørndammen Ulla-Førre/Suldal ift. Oslo rådhus
Oddatjørndammen Ulla-Førre/Suldal ift. Oslo rådhus Foto: NVE.

Den som er ansvarleg for ein dam eller vassdragsanlegg skal vurdere om dambrot kan ha alvorlege konsekvensar for menneske, miljø eller eigedom dersom dei bryt saman[1]. Dersom det er fare for dette skal anlegget klassifiserast i konsekvensklasse 4, 3, 2 eller 1. Andre anlegg blir sett i konsekvensklasse 0. Det er dameigarane som føreslår klassifisering. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal fatte vedtak om konsekvensklasse. NVE skal òg føre tilsyn med alle dameigarar i Noreg. Talet på dammar i Noreg per februar 2023 er 4776. I Rogaland er det 359 dammar. Noregs største betongdam i volum, Førrevassdammen, ligg i Hjelmeland kommune. Noregs høgaste steinfyllingsdam med sine 142 meter, Oddatjørndammen, ligg i Suldal kommune (sjå Figur 79). Begge desse dammane demmar opp den kunstige innsjøen Blåsjø.

Alle vassdragsanlegg som òg omfattar dammar, skal ha ein vassdragsteknisk ansvarleg person (VTA) som skal oppfylle bestemte kvalifikasjonskrav. Oppgåvene til VTA er mellom anna å sjå til at anlegget tilfredsstiller gjeldande krav til tryggleik, og at ein har laga beredskapsplanar. Dei konsekvensklassifiserte anlegga er underlagt ei rekkje krav som gjeld tryggleiken til anlegget. For dammar som ligg i konsekvensklasse 4, 3 eller 2 er det krav om dambrotsbølgjeberekningar. I tillegg skal kvar dam har ei ny tryggleiksvurdering kvart femtande år. Denne vurderinga skal godkjennast av NVE.

Konsekvensklasse Bueiningar Infrastruktur/samfunnsfunksjonar Miljø og eigedom
4 >150    
3 21-150 Skade på sterkt trafikkert veg eller jernbane, eller anna infrastruktur med spesielt stor betydning for liv og helse. Stor skade på spesielt viktige miljøverdiar eller spesielt stor skade på framand eigedom.
2 1-20 Skadar på middels trafikkert veg eller jernbane, eller anna infrastruktur, med stor betydning for liv og helse. Stor skade på viktige miljøverdiar eller stor skade på framand eigedom.
1 Mellombels opphaldsstad tilsvarande < 1 permanent bueining Skadar på mindre trafikkert ved eller anna infrastruktur med betydning for liv og helse. Skadepå miljøverdiar eller framand eigedom.
0 Ingen Ingen Ingen

Konsekvensklassar for dam (Damsikkerhetsforskriften § 4, 2010)

Ei dambrotsbølgjeberekning seier noko om korleis ei flodbølgje forplantar seg nedover eit vassdrag, og kva område som vil flaume over ved eit dambrot. Berekningane blir presenterte på kart. Karta viser med fargekodar vasstand og kva bygningar, konstruksjonar og anna viktig verksemd som blir råka. I tillegg skal berekninga seie noko om når bølgjefronten eller bølgjetoppen kjem til definerte stader, og kva den maksimale vassføringa vil vere. Dameigar er pliktig til å informere om resultata frå berekninga til kommunen, politiet, Statsforvaltaren og andre aktørar som kan bli ramma. Dette kan vere Forsvaret, Telenor og oppdrettsanlegg for fisk. Målet med berekningane er at dei skal danne grunnlag for eigne beredskapsplanar, samt evakuerings- og beredskapsplanane til dei lokale redningsetatane og kommunane.

I tabellen nedanfor er ei oversikt over tal på dammar i dei ulike fareklassane som fysisk ligg i Rogaland. Tala er per februar 2023.

Fareklasse Tal på dammar som ligg i Rogaland (per februar 2023) Tal på dammar i Noreg (per februar 2023)
4 11 226
3 32 362
2 95 875
1 58 806
0 158 2346
Totalt 359 4776

Tal på dammar i Rogaland og Noreg (Tal frå SIV, NVE)

For einskilde av desse dammane vil konsekvensane av eit dambrot ikkje ramma Rogaland, men andre fylke. Dette gjeld to av dammane i klasse 4 – Svartevatn dam og Svartevatn overlaup i Forsand kommune som ved eit brot vil følgje Siravassdraget i Vest-Agder. I Sauda kommune ligg det òg fem dammar – Dyrskardvatn (klasse 3) og Steinavatn 1A, 1B, 2 og 3 (alle klasse 2) kor bølgja ved eit dambrot vil renne ned i Opovassdraget til Odda i Hordaland. På den andre sida er det ein dam som ligg i Vest-Agder (ikkje medrekna i tabellen over) som vil få konsekvensar for område i Rogaland. Dette gjeld Tverråtjørn (klasse 2) som ligg øvst i Hunnedalen. Ein eventuell brotbølgje vil følgje vassdraget ned Hunnedalen i Rogaland. Dammen er gravitasjonsdam i betong.

Hausten 2021 endra NVE på konsekvensklassen til Titania «Gruvedam 1» frå konsekvensklasse 0 til konsekvensklasse 4. Dammen har i alle år vært i konsekvensklasse 0. På bakgrunn av dette er det månadlege statusmøter mellom Statsforvaltaren, Sokndal kommune og andre sentrale aktørar.

Kart som viser dammar i klasse 4, 3 og 2 som ligg i Rogaland, eller har konsekvensar for Rogaland
Dammar i klasse 4, 3 og 2 som ligg i Rogaland, eller har konsekvensar for Rogaland

Figuren over visar dammar i klasse 4, 3 og 2 i Rogaland og tabellen under visar alle dammane i Rogaland i klasse 4 og 3 som har gjennomført bølgjebrotsberekningar.

Kl. Namn Kommune Eigar (ansvarleg) DBBB mottatt
4 Eivindsvatn Haugesund Haugesund kommune 01.04.2004
4 Krokavatn nord Haugesund Haugesund kommeune 01.04.2004
4 Myrtjørn dam Gjesdal Hydro Energi AS 23.01.2009
4 Storevatn Gjesdal IVAR IKS 25.02.2009
4 Svartevatn dam* Sandnes Sira Kvina Kraftselskap 21.08.2002
4 Svartevatn overlaup* Sandnes Sira Kvina Kraftselskap 21.08.2002
4 Førrevassdammen Hjelmeland Statkraft Energi AS 17.06.2013
4 Helgedalsvatn dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 29.04.2010
4 Holmavatn kvelvdam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
4 Slettedalen dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
4 Titania, Gruvedam 1 Sokndal Titania AS 08.06.2021
3 Gjelevatn dam I Hovuddam Lund Dalane Kraft AS 04.02.2010
3 Gjelevatn dam II Overlaupsdam Lund Dalane Kraft AS 04.02.2010
3 Stemmevatn Inntaksdam Lund Dalane Kraft AS 29.05.2013
3 Stølsvatn Hovuddam Lund Dalane Kraft AS 29.05.2013
3 Hagavatn dam 1 IVAR IKS 15.02.2011
3 Hagavatn dam 3 IVAR IKS 15.05.2012
3 Holmavatn dam I Utlaupsosen Hydro Energi AS 02.07.2013
3 Homsevatn Hydro Energi AS 02.07.2013
3 Langevatn Inntaksdam Gjesdal IVAR IKS 12.11.2010
3 Oltedalsvatn Gjesdal Hydro Energi AS 17.04.2013
3 Akslaråtjørn Sperredam Sandnes Hydro Energi AS 25.02.2008
3 Vierkvev Hovuddam Sandnes Hydro Energi AS 13.08.2008
3 Breiavad Hjelmeland Hydro Energi AS 31.07.2006
3 Lyngsvatn Hovuddam Hjelmeland Hydro Energi AS 31.07.2006
3 Lyngsvatn Overlaupsdam Hjelmeland Hydro Energi AS 31.07.2006
3 Lyngsvatn Sekundærdam nord Hjelmeland Hydro Energi AS 31.07.2006
3 Finnabuvatn dam Suldal Røldal-Suldal Kraft AS 19.09.2010
3 Førrehei Suldal Statkraft Energi AS 17.06.2013
3 Førreskard Suldal Statkraft Energi AS 17.06.2013
3 Oddatjørn Suldal Statkraft Energi 17.06.2013
3 Sandvatn dam I Suldal Røldal-Suldal Kraft AS 19.09.2010
3 Vasstølvatn Suldal Røldal-Suldal Kraft AS 19.09.2010
3 Berdalsvatn dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
3 Dalvatn dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
3 Dyrskardvatn** Sauda Aktieselskabet Saudefaldene Ja
3 Fetavatn dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
3 Sandvatn dam nedre Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
3 Storlivatn Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010
3 Svartvatn dam Sauda Aktieselskabet Saudefaldene 08.11.2010

Dambrotsbølgjeberekningar (DBBB) for dammar i klasse 4 og 3 i Rogaland (per nov. 2017) (NVE)

*Ligg 50% i Rogaland og 50% i Vest-Agder, DBBB viser at bølgen vil følgje Siravassdraget i Vest-Agder. Ingen konsekvens for Rogaland.

**Ligg i Rogaland, men renner i Oppvassdraget ned til Odda og vil da få konsekvensar for Hordaland

 

Det er 85 dammar i Rogaland i fareklasse 4, 3 og 2 kor det er krav til at eigarane lagar dambrotsbølgjeberekningar. Dammane med konsekvensklasse 4 ligg i Haugesund, Gjesdal, Sandnes, Suldal og Sauda kommune. Dammane i konsekvensklasse 3 ligg i kommunane Lund, Hå, Gjesdal, Sandnes, Hjelmeland, Suldal og Sauda.

 

Risiko

Dammar kan bryte saman dersom dei blir belasta meir enn dei er dimensjonerte for. Det er lagt inn store tryggleiksmarginar slik at belastninga må vere ekstrem for at dei blir øydelagde. Døme på årsaker til dambrot kan vere ekstrem flaum, gjerne i kombinasjon med at dammen er svekka av erosjon eller liknande, eller sabotasje. Klimaendringar kan føre til at det blir trong til meir ombygging av dammar og flaumlaup.

Det største dambrotet her i landet var i 1791 då Kobberdammen i Ilavassdraget i Trondheim brast og 20-30 personar omkom. Sidan 1900 har seks personar omkomme som følgje av dambrot, ein ved Osfallet­ i Åmot i 1916 (sjå bilde under). Siste gongen liv gjekk tapt var i 1959 ved Rånåsfoss i Glommavassdraget. Det mest kjente dambrotet i Noreg i nyare tid var i 1976 då Roppadammen i Gauldal brast. Ingen menneskeliv gjekk tapt, men det blei store materielle skadar. Dambrot er ei mykje større risiko i land der rutinar for vedlikehald er dårlege, og/eller naturpåkjenningane større, som i Situ Gintung, Indonesia (2009) med 98 omkomne, Koshi Barage i Nepal (2008) med 250 omkomne og dambrot på Fujinumadammen i Japan grunna jordskjelv (2011) med åtte omkomne. Bento Rodrigues damkatastrofe (2015) som skjedde i Mariana, Brasil hadde 17 omkomne.

Osfaldet kraftverk etter dambrot i mai 1916
Osfaldet kraftverk etter dambrot i mai 1916 Foto: Odd Daane / Norsk skogmuseum.

Juni 2017 blei fleire bustader evakuert på Sortland då NVE slo alarm om ein demning i Storvatnet jordfyllingsdam som kunne kollapsa, etter at vedlikehaldsarbeid i området hadde gjort demninga ustabil. Sortland kommune hadde ikkje varsla NVE om arbeidet på demninga. Då NVE fekk bekymringsmeldingar og såg at det berre var to meter igjen før eit dambrot ville gå, beordra NVE og politiet evakuering. Massane var veldig ustabile og det lakk vatn gjennom demninga. I 2016 tok NVE i mot meldingar om 12 hendingar og ulykker knytt til norske dammar [NVE].

Statsforvaltaren vurderer dambrot i Rogaland som svært lite sannsynleg. Alle vass- og kraftverksdammane i Noreg er gjenstand for tilsyn frå NVE. Det er krav om at dammane skal gjennomgå ei ny vurdering av tryggleiken kvart femtande år. Dette for å sikre utbetringar grunna elde, nytt regelverk og endra klima. I damsikkerhetsforskriften (2010) er det krav om at dimensjonerande flaumstørrelsar reknast ut på nytt, slik at eventuelle endringar, inkludert konsekvensar av klimaendringar, skal fangast opp[1]. Ei endring av trusselbildet mot Noreg vil kunne føre til at dameigarane kan setje i verk ekstra tryggingstiltak i samråd med politiet.

Konsekvensane ved eit dambrot vil vere store. I nokre tilfelle kan dei vere katastrofale dersom befolkninga i områda som blir råka av flodbølgja ikkje får varsel og kjem seg unna i tide. Det er ti dammar i Rogaland som har fareklasse 4 og 31 i fareklasse 3. Statsforvaltaren har ikkje oversikt over konsekvensane ved dambrot for alle desse dammane. Samfunnsverdiar som kan bli ramma av eit dambrot er liv og helse, økonomi, natur og kultur og samfunnstabilitet.

Alle dameigarar av dammar i konsekvensklasse 2-4 har fått pålegg om å lage dambrotsbølgjeberekningar av NVE. Damsikkerhetsforskriften stiller krav om at alle vassdragsanlegg skulle ha gyldig vedtak om konsekvensklasse innan 31. desember 2014. Alle dammar i Rogaland er i 2023 vurdert etter gjeldande regelverk.

Døme på ambrotsbølgjeberekningar, Storavatn, Gjesdal kommune
Døme på ambrotsbølgjeberekningar, Storavatn, Gjesdal kommune Foto: IVAR, 2012.

Av dei berekningane som er ferdige er konsekvensane størst i Sauda kommune. Det vil ta kort tid før ei flodbølgje når Sauda sentrum, og mange vil bli ramma. Ålgård i Gjesdal kommune ligg òg utsett til. Kommunane Lund og Sokndal vil òg merke store konsekvensar av eit dambrot. Dammane som truer her ligg i Sirdal i Vest-Agder, og dei vil ha lengre tid på å førebu ei evakuering. I Haugesund kommune er det òg utfordringar knytt til dambrot. Statsforvaltaren reknar med at konsekvensane i fleire kommunar blir meir tydelege når alle dambrotsbølgjeberekningane er ferdige.

 

Sårbarheit

Alle kommunane i Rogaland har dammar, med unntak av Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Sola og Stavanger. Når det gjelder sårbarheit for flaum er betongdammar på godt fjellfundament (berg) lite sårbare for auking i flaumar, uavhengig av flaumlaupstype og byggjeår [NVE]. Betongdammar på dårleg fjellfundament kan vere sårbare for auka flaumar. Dammar fundamentert på lausmasse, og andre damtypar enn betongdammar, kan derimot vere sårbare for eventuell overtopping som kjem av auking i flaumverdiar. Det er i all hovudsak damtype og fundament som avgjer kor sårbar ein dam er for flaum. I tillegg vil byggjeår ha noko å seie.

Kartlegging av kva for nokre magasiner (og dammar) som kan vere utsett for skred er inkludert i NVE si nasjonale skredfarekartlegging. Denne representerer potensielle utfordringar for damtryggleiken i eit framtidig klima.

Krav til beredskapsplanar gjelder berre eigarane av vassdragsanlegg i konsekvensklasse 2-4 [Damsikkerhetsforskriften]. Av desse har 29 % rapportert at dei manglar eller har manglar ved beredskapsplanen. Meir enn halvparten av eigarane har sagt at dei ikkje har gjennomført øving av planen dei siste tre åra.

 

Tiltak

  • Kommunane skal ta omsyn til dambrot og synleggjere nødvendige tiltak i sine kriseplanar.
  • Ved framtidige øvingar bør dambrot vere tema for dei mest utsette kommunane.
  • Dameigar må gi uttale til kommuneplanar dersom planar for utbygging kan føre til endring av konsekvensklasse for dammen.
  • Dameigar må etablere god kommunikasjon til kommunar og Sør-vest politidistrikt slik at varsel om faretrugande hendingar kjem så tidleg som mogleg.
  • Når dambrotsbølgjeberekningane er ferdige må NVE orientere Statsforvaltaren og kommunane om dette. Her bør NVE kunne etablere sette Statsforvaltarene på kopi.
  • Kommunane må ha oversikt over dambrotsbøljeberekningar i sin kommune.