Industriulykker

Industri i Mekjarvik
Industri i Mekjarvik Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Kva er industriulykker? 

Ei industriulykke er ei ulykke som skjer i ei industriverksemd. Industrielle verksemder er verksemder kor råvarer blir omskapte til ferdige produkt, kor produksjon skjer i stor skala og innsatsfaktorane som arbeidskraft og maskiner kan skiftast ut. Produksjonen er standardisert, noko som gjer at industriverksemdene kan produsere langt meir effektivt enn vanlege handverksbedrifter. Det finns ulike typar industriverksemder, men dei vanlegaste er tekstilindustri, prosessindustri, verkstadindustri, næringsmiddelindustri, kjemisk industri, olje- og gassindustri og gjenvinningsindustri.

 

Storulykkeverksemder

Verksemder som oppbevarer store mengder farlege kjemikaliar er omfatta av storulykkeforskrifta (2016). Ei storulykke er i forskrifta definert som «ei hending der det inngår eit eller fleire farlege kjemikaliar, som oppstår i ei storulykkeverksemd og som får ei ukontrollert utvikling som straks eller seinare medfører ein alvorleg fare for menneske, miljø eller materielle verdiar». Klor, ammoniakk og eksplosivar er blant stoffa med særskilt stort skadepotensial.

DSB er koordinerande styresmakt for storulykkeforskrifta. Forskrifta har som mål å førebyggje storulykker og redusera skadane dersom det skjer ei slik ulykke. Verksemdene som handterer desse stoffa har ei melde- eller rapporteringsplikt til DSB. Skilnaden mellom kven som har melde- eller rapporteringsplikt går på mengde farlege stoff som blir handtert. Storulykkeforskrifta implementerer EU sitt Seveso III-direktiv og regulerer verksemdene sine plikter.

Seveso III-direktivet stillar krav til styresmaktene si handtering av beredskap- og arealplanlegging knytt til storulykkeverksemder. Storulykkeforskrifta handhevast av DSB, Miljødirektoratet, Arbeidstilsynet, Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO) og Petroleumstilsynet (Ptil). Desse styresmaktene fører òg tilsyn med verksemdene si etterleving av forskrifta.

Alle verksemder som oppbevarer farleg stoff over ei viss mengd må melde det inn til DSB. Denne informasjonen samlast i eit register med kart; FAST. Her ligg det informasjon om over 7000 anlegg med farleg stoff i Noreg, 1260 i Rogaland. Lokale og regionale offentlege etatar har tilgang til dette registeret, for å vere kjente med kva for verksemder i eige område som handterer farlege stoff og er underlagt storulykkeforskrifta. Vi har mange verksemder som ikkje dekkjast av storulykkeforskrifta, men som handterer farlege stoff, og det er mykje frakt av farlege stoff på veg og bane. Per 2023 har 6 storulykkeverksemder rapporteringsplikt og 29 verksemder har meldingsplikt i Rogaland. Rogaland har totalt 35 storulykkesverksemder fordelt på 15 kommunar. Desse tala kan endrast i frå år til år. Kommunane med registrerte verksemder i 2023 er Eigersund, Haugesund, Hå, Karmøy, Klepp, Randaberg, Sandnes, Sauda, Sokndal, Sola, Stavanger, Suldal, Time, Tysvær og Vindafjord.

Alle industriverksemder som sysselset meir enn 40 personar har plikt til å ha eit industrivern jf. forskrift om industrivern (2011). Særskilt pålegg om dette blir gitt av Næringslivets sikkerhetsorganisasjon (NSO). Industrivernet skal aktivt delta i førebuande arbeid og delta i beredskapen ved brann, ulykker og akutt sjukdom. Industrivernet består av eigne tilsette som har gjennomgått ei tverrfagleg grunnopplæring.

Kommunane som har eller grenser til verksemder som er underlagt storulykkeforskrifta skal sørgje for at dette blir tatt omsyn til, både i den heilskaplege ROS-analysen kommunen har plikt til å ha, samt i arealplanlegginga. Det er gjennom plan- og bygningsregelverket styresmaktene må ivareta krava frå Soveso III. Det skal mellom anna vere god nok tryggleiksavstand mellom verksemda og omliggjande bustadfelt og anna aktivitet i området (sjå Figur 78). Det er kommunen sitt ansvar å sjå til at det blir lagt store nok sikringssoner rundt verksemdene. Kommunen sitt ansvar etter plan- og bygningsloven (2008) kjem i tillegg til risikokonturane verksemda sjølv har ansvaret for å berekne. Kommunane må ikkje dele meir informasjon om storulykkeverksemdene enn det som er nødvendig for å ivareta risiko i planlegginga. Detaljar om kva stoff og korleis det er lagra er u.off og skal ikkje ligge tilgjengeleg i planverk eller på nettstader. Dette gjeld særleg for anlegg med eksplosivar.

Dersom det er særlege utfordringar som kommunen må ta omsyn til ved ei ulykke ved verksemda må desse konkretiserast i kommunen sin beredskapsplan. I dette ligg òg at kommunane bør ha øvingar i lag med storulykkeverksemder som involverer overordna kriseleiing.

Omsynssoner rundt eit anlegg med innteikning av sikkerheitsavstander/ risikokonturer som avgrensar sonene
Omsynssoner rundt eit anlegg med innteikning av sikkerheitsavstander/ risikokonturer som avgrensar sonene Foto: DSB, 2016.

Sola kommune har til dømes særskilte utfordringar, grunna stor aktivitet med petroleumsrelaterte stoff i Risavika. Her er det 120 verksemder med 8500 arbeidsplassar innanfor eit areal på kring 400 000 m2. Både produksjon, lagring og transport av farlege stoff skjer her, samstundes som det er ei travel hamn for containerfrakt og utanrikstrafikk med passasjerskip. Ikkje langt unna hamneområdet er det òg bustadområde og trafikkert riksveg. Dette området set store krav til beredskapsplanlegging og risikovurdering, og til samarbeid mellom involverte aktørar.

 

Andre risikoutsette industriverksemder

Det er industriverksemder som ikkje fell under storulykkeforskrifta som har hatt større ulykker i Rogaland dei siste åra. På verkstaden Malm Orstad i Klepp blei seks personar alvorleg skadde i ein eksplosjon i 2011. Vi har hatt fleire storbrannar i regionen dei siste åra; Norsk metallretur i Mekjarvik i mai 2012, Westco sitt avfallsanlegg sommaren 2012, parkeringshuset ved Sola flyplass i 2020 og IVAR sitt gjenvinningsanlegg på Forus i 2022, alle utan personskade. I tillegg hadde vi ein del terrengbrannar i 2018 (Ombo) og 2019 (Dalane, Sokndal).

Typisk verksemd med risikopotensial i høve til farlege stoff er:

  • Eksplosivlager
  • Ulik industri som brukar eller produserer farlege stoff - med ulikt risikopotensial
  • Tankanlegg
  • Transport av farleg gods
  • Røyrleidningar som transporterer farlege stoff (gass eller væske)
  • Gjenvinningsanlegg
  • Energistasjonar
  • Produksjon og lager av batteriar

Vindindustri har blitt stadig meir etablert i fylket, særlig i Sør. Ifølge NVE har vi i 2023 18 vindkraftverk i Rogaland, med 257 vindturbinar og ein middelproduksjon på 3200 GWh. Vi er ikkje kjent med noko spesiell ulykkesrisiko med vindturbinar, men dei kan ta fyr, og sånn vere ein risiko for brannspreiing til skog og utmark. Ei oversikt over rapporterte hendingar viser at turbinane ofte tar fyr etter utførd vedlikehald og reparasjon. Andre brannårsaker kan vere lynnedslag, feil på elektrisk anlegg og tenning frå for varme overflater. Ein vindturbin inneheld brennbare materialar som kan bidra til å forårsake brann og til utviklinga av den. Brannvesen i kommunane bør sette seg inn i denne risikoen.

 

Risiko

Statsforvaltaren kjenner ikkje til at det er registrert større ulykker på verksemder som fell under storulykkeforskrifta i Rogaland.

Industri er i varierande grad plassert nær busette område, og for fleire av anlegga kan konsekvensane for liv og helse av ei ulykkeshending med farleg stoff bli store. Risikoen kan vere av fysisk art, til dømes eksplosjon eller kollisjon, kjemisk som til dømes utslepp og spreiing av giftige kjemikaliar eller tilsikta hendingar som terror og sabotasje. I tillegg kan ein ha kombinasjonar av risiko som gir eit komplekst risikobilde. Døme på dette kan vere fleire aktørar, kritisk infrastruktur og manglande beredskap. Store tankanlegg med brannfarleg gass som LNG (liquified natural gas) knytt til næringsverksemd ligg ofte nær busetting. Det er fleire slike anlegg i Rogaland. Plassering av fleire verksemder med farleg stoff i same område kan auke risikoen, og ein kan få dominoeffekt ved ei hending som startar på ei verksemd og spreier seg.

Bilde av lagringstanker som ligger ved sjøkanten og har dobbel regnbue
Tankanlegg i Rogaland Foto: Tonje F. Aase.

Storulykkesverksemder skal ikkje ligge i område der det kan vere naturfare etter byggteknisk forskrift (TEK 17). Klimaendringane kan auke risikoen for uønskte hendingar på slike anlegg, dersom dei i aukande grad blir utsett for til dømes flaum og havnivåauke. Tilsikta hendingar, ekstreme naturhendingar eller ytre påverknad frå ulykke nær anlegg er moglege årsaker til ei storulykke. Anlegg kan og vere utsette ved skog/terrengbrann, særleg gjeld dette eksplosivlager.

Hendingar med brannfarlege eller giftige stoff kan gi store konsekvensar. Til dømes kan ulykke med giftige gassar i nærleiken av busette område ha konsekvens for liv, helse og økonomi. Ammoniakk og klor er dei gassane som er mest aktuelle.

Overgangen ifrå bensinstasjonar til energistasjonar, der fleire energiberarar blir samla på ein stad, kan påverke risikoen for uønskte hendingar. Ein rapport DSB har laga (DSB 2020) nemner spesielt utfordringar som gjeld areal og kaskadeeffektar. Det er hendingskjedar som startar som ei mindre hending og veks seg stor. Generelt vil ei auke i samla energiinnhald på ein stad føre med seg auka risiko, uavhengig om det er snakk om bensin, hydrogen eller andre energiberarar.

Konsekvensane av ei ulykke med farlege stoff blir påverka av ei rekkje faktorar

  • type farleg stoff
  • temperatur
  • vindretning
  • lokalitet
  • ulykkestidspunkt
  • beredskapskompetanse og kapasitet
  • effektiv varsling av befolkninga
  • informasjonsformidlinga både før og under ei hending

Farepotensiale for slike ulykke gjeld dei som oppheld seg så nær at dei kan bli ramma av ulykka, direkte i hendinga eller ved å bli utsett for giftig gass, væske eller røyk. I tillegg vil redningsmannskapa som skal inn på ulykkesstaden vere i fare dersom dei ikkje er skikkeleg budde på kva dei kan møte. Utryggleiken i samband med langtidsverknadar av giftige utslepp er òg ei fare. Det kan føre kreft, skadar på foster, spontanabortar, lunge- og hudsjukdommar. Evakueringsmoglegheit, sannsyn for uro og panikk i nærleiken og skader på natur er også viktige omsyn å vurdere.

 

Sårbarheit

Endringar i arealbruk, der det utviklast nye bustadområde, eller andre arealformål som gir varig opphald i nærleik til industri og næringsområde, kan auke sårbarheita. Slike areal knyt saman fleire dynamiske og samansette risikoar der styresmakter og offentlege rollar er tett kopla eller blanda saman med private interesser.

I område med fleire risikoverksemder kan ei uønskt hending ved ei verksemd forplante seg til andre verksemder og slik utløyse ei større ulykke. Område si samla risiko vil då kunne utgjere meir enn summen av risikoen frå dei einskilde verksemdene. I slike fall er det svært utfordrande å etablere og vedlikehalde ein robust regulering og samstyring av tryggleiken.

Innføringa av Sevesodirektivet og Storulykkeforskrifta har ført til ein klar nedgang i talet på ulykker i Noreg i åra etter 1976. Statsforvaltaren har gjennom tilsyn og øvingar avdekka at det i varierande grad er god nok samordning mellom storulykkesverksemder og kommune. Nokre verksemder har berre kontakt med brann- og redningsvesenet og ikkje med kommuneleiinga. Fleire kommunar har ikkje god nok oversikt over og kontakt med sine verksemder, eller oversikt over kva konsekvensane ved ei ulykke kan bli. 

Erfaringar etter mellom anna ulukka ved Vest Tank i 2007 i Sløvåg i Sogn og Fjordane viste at det var behov for å styrke helseberedskapen i kommunane, spesielt for kjemikaliehendingar innan miljøretta helsevern. I folkehelselova §11 (2012) står det at kommunen kan pålegge verksemder for eiga rekning å greie ut moglege helsekonsekvensar av deira verksemd.

 

Tiltak

  • Kommunane som har storulykkeverksemder må sørgje for at nødvendige omsyn til storulykkeverksemder og andre verksemder med farleg stoff blir vurdert i arealplanlegginga og i beredskapsplanane.
  • Må (vuredere å) ha omsynssoner i kommuneplanen om ikkje andre omsyn seier at dei skal la vere.
  • Statsforvaltaren må ha fokus på storylykkeverksemder under beredskapstilsyn i kommunane.
  • Politiet, helseføretaka og brann- og redningsvesen må ha oversikt over storulykkeverksemdene, kva slags skadepotensiale verksemdene kan medføre og ha nødvendige tiltak i eigen beredskapsplan.
  • Ny teknologi og infrastruktur (td. vindturbinar) og nye energikjelder betyr ofte ny og ukjend risiko. Eigarane av infrastruktur og dei som nyttar nye energikjelder må ta kontakt med lokalt brann- og redningsvesen for ein vurdering av risiko. Då får brann- og redningsvesenet høve til førebuing og å bli kjend med den nye risikoen dersom det skulle skje ei hending.
  • Kommunane og storulykkeverksemdene må ved risikoanalysar av næringsområde ha særleg merksemd på korleis ulike verksemder kan påverka kvarandre sin risiko (dominoeffekt).
  • Statsforvaltaren skal auke sin kompetanse på risiko ved auka produksjon og bruk av hydrogen og anna alternativ energi.