Flaum

Flaum er når bekker, elver og innsjøar går over sine bredder. Ein skil mellom to flaumtypar; snøsmelteflaum og regnflaum. I Noreg er det ofte vårflaum forårsaka av snøsmelting, eller regnflaum grunna store nedbørmengder. Regnflaum finn hyppigare stad i kystnære vassdrag på Vestlandet og oftast i haust- og vintermånadene. Store nedbørsmengder over kort tid kan òg skape urban flaum.

Bilde av ei elv med stor vassføring
Flaum Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Kommunar har ansvar for å førebyggje og å sikre innbyggjarane mot flaum- og skredfare ut i frå plan- og bygningsloven (2013) og naturskadeloven (1994). Kommunen si arealplanlegging står sentralt, og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er nasjonal vassdragsmynde. Dei har ansvar for utarbeiding
av retningslinjer og rettleiing, samt utarbeiding av flaumsonekart.

I flaumutsette vassdrag lager NVE flaumsonekart som skal brukast i førebyggjande beredskapsarbeid. Flaumsonekarta viser område som kan bli ramma av flaum, og kor det eventuelt kan vere aktuelt med evakuering og berging av materielle verdiar. Dei skal og ligge til grunn for kommunens arealplanlegging, og bidra til å unngå nyetableringar i flaumutsette område.

Flaumsonekarta viser ulike flaumintervall, til dømes 10, 50- og 200-årsflaum. For område utan flaumsonekart finst det grovare aktsemdskart for flaum.

Flaumsonekart, 200-årsflaum i Egersund
Flaumsonekart, 200-årsflaum i Egersund Foto: NVE, 2010.

Elles rår NVE til å setje av soner på minimum 20 meter frå bekker og 50-100 meter frå elver som har potensiell flaumfare (NVE 2011a).

NVE har etablert ein ny flaumdatabase; flomhendelser.no, som har som mål å gi oversikt over tidlegare flaumhendingar på kart. Denne basen skal vere ei kjelde til informasjon om flaumane, og eit grunnlag for å lære av tidlegare hendingar og vere førebudd til neste flaum. Databasen er under arbeid, og NVE etterspør observasjonar om flaum via registreringsverktøyet Regobs.

 

Flaumvarsel

NVE har ansvaret for den nasjonale flaumvarslingstenesta som overvaker den hydrologiske tilstanden i vassdrag over heile landet, og vurderer faren for flaum for dei næraste dagane på regionalt nivå (fylkesnivå, ev. i ein eller fleire kommunar). NVE sender ut flaumvarsel når berekna vassføringa i ei elv eller vasstanden i ein innsjø blir såpass at ho kan forårsake overfløyming, at elva tar nye løp, eller erosjonsskader.

Farenivå Gult Oransje Raudt
Forventa storleik 2-5 årsflaum 5-50 årsflaum >50 årsflaum

 

  Jordskred Flaum
Raudt Ekstrem situasjon som forekommer svært sjelden, krever tett oppfølging og kan nedføre store skader
Svært mang skredhendelser; flere kan få store konsekvenser Omfattende oversvømmelser, erosjonsskader og flomskader på bebyggelse og infrastruktur. Gjentaksintervallet er mer enn 50 år.
Oransje Alvorlig situasjon som forekommer sjelden, krever beredskapsmessige forberedelser og kan medføre alvorlige skader
Mange skredhendelser; noen kan få store konsekvenser Omfattende oversvømmelser; erosjonsskader og flomskader på utsatte steder. Gjentaksintervallet er mer enn 5 år
Gult Utfordrende situasjon som krever oppfølging og kan medføre skader lokalt
Noen skredhendelser; enkelte store hendelser kan forekomme Lokale oversvømmelser og/eller erosjonsskader på grunn av raskt økende vannføring i bekker/småelver, isgang, is i bekke-/elveløp, tele etc. Spesielt stor vannføring/vannstand i forhold til hva som er normalt for årstiden. Vannføring tett oppunder oransje nivå.
Grønt Generelt trygge forhold på regionalt nivå med unntakelse når det foreligger et varsel om kraftige regnbyger som indikerer fare for overvann i tettbygde områder, lokale oversvømmelser, bekke- og elveløpsendringer, jord- og flomskred der regnbygene treffer. Andre type skred som steinskred, steinsprang og kvikkleireskred inngår ikke i jordskredvarslingen

Varslingsnivå for flaum og jordskred, Varsom.no 2022

I tillegg til flaumvarsel sender NVE òg ut situasjonsrapportar og prognosar om magasinfylling og flaumfare for lengre periodar. Ein finn varslingstenestene for flaum med dagleg varsling av aktsemdsgradar og faregrader, på www.varsom.no. Rogaland tilhøyrar NVE Region Sør.

NVE har ei abonnementsordning berekna på kommunar og andre beredskapsaktørar. Dei som abonnerer får varsel frå gult farenivå og oppover. For flaum med faregrad oransje og raudt blir òg samordningsrolla til Statsforvaltaren aktivisert. Statsforvaltaren har ansvar for å vidaresende desse varsla, men kommunane er forventa å sjølv abonnere på flaumvarsel.

 

Risiko

Sannsynlegheit

Storleiken på ein flaum blir ofte uttrykt i gjentaksintervall, som blir rekna ut på bakgrunn av data for vassføringa og seier noko om kor sannsynleg det er for ei vassføring av ei viss storleik. Det er f.eks 1 % sannsynleg kvart år å få ein flaum med gjentaksintervall på 100 år. På same måte er det 10% sannsynleg å få ein 10-årsflaum pr. år.

I Rogaland er bygningar, jordbruksområde og veg utsette for flaumskadar. Vi har tre hovudtypar vassdrag i fylket:

Type vassdrag Eksempel Periode for største flaum Hendingar Anbefalt klimapåslag
Høgtliggande bratte vassdrag i Ryfylke

Årsdalselva, Ulla-Førre og Suldalslågen

September-Desember

Desember 2005

Storflaum 1992

20%
Lågare kystnære vassdrag Håelva September-Desember Storflaum 1992 20%
Både høgt- og lågtliggande vassdrag i Dalane Bjerkreimsvassdraget, Hellelandsvassdraget, Sokndalsvassdraget og Moisåni September-Desember

Synne 2015

Sokndal 2017

20%

Typer vassdrag i Rogaland

Det er skilnad på flaum i store vassdrag og i små og bratte vassdrag. Dei store vassdraga får store flaumar, men over lengre tid.  I små og særleg i bratte vassdrag vil flaumen utvikle seg raskt. Intense regnbøyer kan gje stor vassføring i små elver og bekker på kort tid. I nokre tilfelle kan vatnet plutseleg ta nye veger. Der vatnet passerer lausmassar vil det grave i elveskråningar og ta med seg massane nedover vassdraget.

 

Meteorologiske tilhøve som nedbør og temperatur har størst verknad på kor stor flaumen blir. Kor vassmetta grunnen er og den opphavelege vassføringa i vassdraget, er òg viktige faktorar. I tillegg har vegetasjon, grunntilhøve, terreng og innsjøar betydning. Utbygging i elvenære område, urbanisering, drenering, vassdragsregulering og fjerning av skog kan påverke flaumrisiko.

Det har vore fleire store flaumar i Rogaland. I desember 1743 blei Sauda dramatisk ramma av storflaum, då elva brøyta seg eit heilt nytt laup gjennom det som no er Sauda sentrum. I november 1940 tok flaum i Hjelmelandselva ti hus i Hjelmelandsvågen. Fleire vassdrag i Ryfylke blei ramma av flaum i oktober 2014. Flaumen førte til at Sauda sentrum blei isolert, då vatn flauma over FV520 på begge sider av tettstaden. Likevel er det flaumen i Rogaland og Agder i desember 2015 under ekstremvêret «Synne» som har hatt dei største konsekvensane i nyare tid. Nedbørsmengda «Synne» førte med seg resulterte i store flaumar og problem, spesielt i kommunane Eigersund, Bjerkreim og Lund. Flaumen i Hellelandsvassdraget blei kategorisert som ein 25-50 årsflaum, mens Bjerkreimsvassdraget fekk ein 200-1000 årsflaum. Andre hendingar er flaum i Sandeid, Vindafjord kommune i 2004 då eit svært lokalt styrtregn gjorde at ein liten bekk blei til ei elv som gjorde skade på 42 hus, samt fleire hagar og vegar. Ekstremvêret «Loke» (2005) er eit anna døme, som førte til store flaumskadar på Jørpeland, Strand kommune.

NVE har målestasjonar som registrerer vasstand, vassføring og temperatur i sanntid. Dette er eit nyttig verktøy for tidleg varsling og fortlaupande handtering av flaum. Målestasjonar og hydrologisk sanntidsinformasjon ligg på NVE si nettside Sildre, faksimile under:

Faksimile frå nettsida sildre.nve.no som viser målestasjoner i Rogaland
Faksimile frå sildre.nve.no

Klimaendringar

Klimaendringar fører til at risikoen for flaum aukar. Norsk klimaservicesenter (KSS) har laga klimaprofil for fylka, basert på «klima i Noreg 2100», som viser korleis forskarane forventar at klima blir framover.

Prognosane tydar på at det vil bli stadig mindre snøsmelteflaumar og større regnflaumar. Intens lokal nedbør vil skape større flaumproblem i tettbygde strok og på landbruksareal. Kraftig nedbør fører til at stader som ikkje før har hatt særleg flaumproblem, no blir meir utsette.

Kart over forventa prosentvis auke av flaumvassføring i Rogaland og Agder
Forventa prosentvis auke av flaumvassføring i Rogaland og Agder (NVE 2016/KSS 2022)

Kartet viser forventa endring i størrelsen på 200-årsflaum, fram mot år 2100 (NVE 2016). NVE anbefaler at ein legg på minst 20% auke i vassføring i alle elver og bekker i Rogaland.

 

Konsekvens

Faren for skade ved flaum vil variere med vassdjupne, fart, og om det er erosjon og massetransport i vassdraget.

Flaum har ulike konsekvensar avhengig av korleis flaumen opptrer. Ein flaum med relativt roleg vatn kan føre til fuktskadar i hus, øydelagde avlingar, stengte vegar og jernbane. Ved strøymande flaumvatn oppstår som regel større skadar. Då skjer det ofte erosjon og masseforflytting langs med vassdraget. Både erosjon og sedimentasjon kan ha konsekvensar for busetting og infrastruktur, og vil påverke vassmiljøet. Flaum med svært stor masseføring i eit bratt vassdrag kallas flaumskred, og kan medføre fare for menneskeliv.

Det er sjeldan vi har dødsfall som følgje av flaum i Noreg i dag. Gode varslings- og kommunikasjonssystem, og god overvaking gjer at evakuering av bygningar og flaumutsette område kan skje på eit tidleg tidspunkt. Flaum fører ofte med seg store økonomiske konsekvensar, og kan sette fleire samfunnskritiske funksjonar som straumforsyning, transportevne og ekom-tenester ut av spel. Dette kan føre til påkjenningar i dagleglivet dersom dette varer lenge. Det er sjeldan flaum gir uoppretteleg eller langvarig skade for natur og kulturverdiar.

 

Sårbarheit

Flaumutsette område

For å få ei betre forståing av risiko og sårbarheit for flaum kan ein studere dei flaumutsette områda. NVE har sidan 1998 kartlagt faresoner for flaum i elvestrekka med størst farepotensial. I Rogaland har NVE per 2022 laga flaumsonekart over fylgjande område;

Prosjekt Kommune Karttype Kartlagt Anbefalt klimapåslag Plan for oppdatering innan 2025
Delprosjekt Moi Lund 10-, 100-, 200- og 500-årsflaum 2004 20% flaumsikring
Delprosjekt Ogna 10- og 200-årsflaum 2007 20% Ikkje prioritert oppdatert
Delprosjekt Hauge Sokndal 10-, 20-, 50-, 100-, 200- og 500-årsflaum 2022 Oppdatert med 20% flaumsikring
Delprosjekt Ålgård Gjesdal/Sandnes 10-, 100-, 200- og 500-årsflaum 2004 20% flaumsikring
Delprosjekt Oltedal Gjesdal 10- og 100-årsflaum 2006 20% klimaendring
Delprosjekt Vikeså Bjerkreim 10-, 50- og 200-årsflaum 2010 20% Klima og endra datagrunnlag
Delprosjekt Sauda Sauda 10-, 200- og 500-årsflaum 2018 Oppdatert med 20% Allereie oppdatert
Delprosjekt Årdal Hjelmeland 10-, 50- og 200-årsflaum 2004, 2007 20% uavklart
Delprosjekt Egersund (Hellelandsvassdrag) Eigersund 10-, 50- og 200-årsflaum 2010 20% Klima og endra datagrunnlag

Flaumsonekartlegging i Rogaland (NVE, 2022)

Berre flaumsonekart for Sokndal og Sauda er oppdaterte i tråd med forventa klimaendringar. Resten krev at ein legg på 20% klimapåslag ved bruk av flaumsonene. NVE utarbeider verktøy og rettleiarar slik at kommunar og konsulentar betre kan kartlegge flaum i eigen regi. Dette er ein del av ein strategi for å sette kommunen betre i stand til å ta ansvar for naturfare, som planstyresmakt. NVE lagar og landsdekkjande aktsemdkart for flaum, som gir ei grovare oversikt over kor ein må vurdere flaumfare vidare på detaljnivå.

Når det gjeld vidare kartlegging av flaumfareområde prioriterer NVE no å oppdatere dei karta som finns, slik at dei tar omsyn til klimaendringane. I tillegg skal dei forbetre kartgrunnlaget for aktsemdskart og utvikle nye modellar for flaumkartlegging i små bratte vassdrag, og erosjonsfare.

Bilde av Sokndal under flaumen i 2017
Flaum i Sokndal 2017 Foto: Eivind E. Tønnesen.

Regnflaumar i små og bratte vassdrag er ei utfordring på vestlandet. Dei små vassdraga er ikkje flaumkartlagde av NVE, og det er derfor i stor grad opp til kommunane sjølv å vurdere flaumrisiko. Sjølv små bekkar kan plutseleg svulme opp og forårsake store øydeleggingar. I Meld. St. 33 «Klimatilpassing i Noreg» seier regjeringa at alle kommunar bør kartleggje sidevassdrag og bekker der skadepotensialet er stort. Det er særskilt stort når elver og bekkar går gjennom tettstader og byggjefelt, og når dei går i røyr. NVE tilrår i sine retningslinjer «Flaum- og skredfare i arealplanar» (2011) å setje av soner på minimum 20 meter frå alle bekkar og 50-100 meter frå elvar for å dekkje potensiell flaumfare. NVE har og publisert ein rettleiar for kartlegging av «Flaumfare langs bekker – råd og tips om kartlegging» (2015) for kommunar.

I Rogaland er kommunane i Dalane spesielt utsette for flaum. Men og Ryfylke er utsett. Vindafjord kommune har hatt mykje flaum i Vats, Sandeid og Vikedal, og kommunen har brukt mykje midlar på flaumsikring. Det same gjeld for Jørpeland i Strand kommune. I Eigersund, Bjerkreim, Lund og  Sokndal er sentrumsområda utsette, og viktige kommunale funksjonar er plasserte midt i flaumsona. Kommunehuset i Hjelmeland er plassert der kor hus blei tatt i flaumen i 1940. I Eigersund renn Hellelandsvassdraget gjennom Egersund sentrum og gjer byen sårbar for flaum. I Rogaland er flaum på tredjeplass over naturskadar som kostar mest, jamfør oversikta i ekstremvêrkapitlet. I perioden 2007-2017 var flaum den dyraste skadeårsaka i Lund, Bjerkreim, Eigersund og Sokndal (sjå tidlegare diagram, Finans Norge/rogfk).

 

Urban flaum

Klimaendringar og auka urbanisering gjer oss meir utsette for urban flaum. Fleire tette flater gjer at det fløymer raskare ved ekstrem nedbør. Mykje av overvassystema i fylket er ikkje dimensjonerte for dagens nedbør, og med klimaendringar og fortetting er utfordringane aukande. Når vatnet ikkje finn nokon stad å gjere av seg finn det nye veger, og kan skade bygg, infrastruktur, helse og miljø.

Tiltak som kan redusere sårbarheita, er oppgradering av overvassnett, lokal overvasshandtering, og ei naturbasert tilnærming til handtering av overvatn. Infiltrasjon, opne naturlege vassdrag, vegetasjon og intakte våtmarker bidreg til å forsinke og fordryge regnvatn. Det er og viktig at ein planlegg for at vatnet skal fløyme vidare på ein trygg måte, så ein må sikre flaumveg i arealplanlegginga. Det er viktig å ha ei heilskapleg overvasshandtering for heile nedbørsfeltet, for å finne dei beste risikoreduserande tiltaka.

I Hå kommune var det styrtregn i august 2014. Det blei målt 73 mm nedbør på 1 time, og 185 mm på 6 timar. Regnet resulterte i at småbekker blei til elver, som tok nye løp og fossa der ein ikkje hadde forventa det. Sentrum måtte stengast, og over 40 kjellarar stod under vatn i Vigrestad, samt to skular. 20 bebuarar i eit eldresenter blei evakuert og togtrafikken mellom Nærbø og Ogna blei stengt. Stokkelandsmarka blei avstengt grunna fare for at brua skulle kollapse.

Stavanger kommune har utarbeidd ein Skybruddsplan som viser omfanget av overfløymingar og skader ved ekstremnedbør i Stavanger. Haugesund kommune har laga ein (forslag til) overvassplan som skal sikre at overvasshandtering kjem tidleg inn i plan- og byggeprosessar. Dei har og eit forslag om sikker flaumveg som omsynssone i kommuneplanen sin arealdel.

På klimaservisesenteret ligg det oversikt over nedbørsintensitet (IVF-verdiar), og anbefalt klimapåslag.

Graf som viser nedbørsintensitet for målestasjonen på Lye i Time kommune
Nedbørintensitet (Norsk klimascervicesenter, 2023)

 

Konsekvensar og følgjehendingar

Flaum fører ofte med seg store konsekvensar. Vassmassane kan føre til erosjon og skred, vi kan få relativt store skadar frå flaum i fylket – på tettstader og bygg, næring, infrastruktur og jordbruksområde. Infrastruktur som vatn- og avlaup, IKT-system, straum og transportnett vil òg vere sårbare.

Under «Synne» i Egersund var det brot i leidningsnettet til ekom, som mellom anna gjorde at internprogramma til ein sjukeheim låg nede. Dette førte til store kommunikasjonsutfordringar. Sjukeheimen og rådhuset, kor mellom anna krisestaben vanlegvis er plassert, blei evakuert. Over 100 andre hus blei òg evakuerte og fleire fekk vatn i kjellaren. Launes jernbanebru fekk store skadar, og var nær ved å rase ut. Fleire kommunale veger, samt Fv44 ved Tengs bru blei stengt ein periode.

 

Regulering og flaumvern

Fleire vassdrag i fylket er regulerte. Eit regulert vassdrag er eit nedbørsfelt kor det er utført regulering for kraftutbygging, vassforsyning, flaumvern eller liknande. Kommunane, NVE og dei som regulerer vassdraga samarbeider godt når det er flaumfare. Spesielt nord i fylket og i Ryfylke har reguleringstiltaka ein flaumdempande effekt. Sør i fylket, særleg i Dalane, er det mange uregulerte vassdrag, samt regulerte vassdrag med liten flaumdempande effekt. Andre fysiske tryggingstiltak er til dømes flaumvollar og plastring av elvekanten/ botn med stein eller andre materialar.

Kartet under viser alle flaum-, erosjon- og rassikringar som er utført langs vassdrag i NVE sin regi i Rogaland. Kommunane kan søke NVE om bistand til å greie ut fare for flaum, og til å planleggje og gjennomføre tryggingstiltak for eksisterande bygningar. Tryggingstiltak er fysiske tiltak som anten skal beskytte bygningar mot skredmassar og flaumvatn, hindre erosjon eller redusere sannsynlegheita for at skred utløysast. Den einskilde kommune er sjølv ansvarleg for tilsyn av tryggingstiltak.

Flaum-, erosjon- og skredsikringar som er utført langs vassdrag

Tiltak 

  • Arealplanlegginga må ha ei heilskapleg og naturbasert tilnærming til flaum og avrenning/overvatn, oppstraums og nedstraums.
  • Alle planar for utbygging tar omsyn til flaumfare, inkludert urban flaum, og at klimaendringane er med i vurderingane.
  • Vere medvetne om samanhengen mellom arealinngrep og avrenning, til dømes drenering av ei djup myr kan auke flaumrisikoen. Ein må søke å unngå inngrep i myr og anna viktige vassfordrøyingsareal i flaumutsette nedbørsfelt
  • Abonnere på varsel frå varsom.no
  • Opprette brukar i Regobs og legg inn observasjonar av flaum i kommunane
  • Planlegge for å unngå at rundballar og anna lausøyre blir tatt av elv og forårsakar tilstopping i vassdrag og/eller forureining. Kommunar med flaumproblem kan til dømes legge føresegner om plassering av rundballar i kommuneplan.
  • Sette i verk arbeid med lokal flaumregulering og flaumsikring der det framleis er behov.