Ekstremt vêr

Ekstremt vêr kan vere storm og orkan, ekstrem nedbør, tørke, lyn- og torevêr eller ekstrem kulde. Ekstremt vêr er årsak til mange skadar og svikt i samfunnskritisk infrastruktur i Rogaland kvart år. Likevel skjer det at også vêr som ikkje er definert som ekstremt fører til skadar. Uvêret som herja i Rogaland i dagane etter ekstremvêret Gyda forårsaka langt fleire skadar enn ekstremvêret rett før.

Kva er ekstremt vêr?

Ekstremt vêr er situasjonar der vêret utgjer ei fare for liv, tryggleik, miljø og materielle verdiar. Det kan omfatte stormar og orkanar, mykje nedbør og ekstreme temperaturar.

Varsel om ekstremt vêr blir sendt ut frå meteorologisk institutt (MET) når det kan utgjere fare for liv og verdiar dersom ein ikkje får førebudd seg. Definisjonen av ekstremt vêr varierer i ulike delar av landet, utifrå kva som er normalt i regionen. Vêrfenomen som kan utløyse slike varsel i Rogaland er vindstyrke frå sterk storm, store nedbørsmengder, stormflo og bølger. Det kan òg vere ein kombinasjon av desse, som kvar for seg ikkje løyser ut varsel, men som saman kan få øydeleggjande verknad over eit større område.

 

Meteorologisk institutt bruker den internasjonale standarden CAP (Common Alerting Protocol), for å varsle naturfare:

Farge Respons Type situasjon Nemning
Gul Ver merksam Utfordrane Gult nivå
Oransje Ver førebudd Alvorleg Oransje nivå
Raud Sikre verdiane Ekstrem Raudt nivå

Tabellen viser at gul farge betyr ver merksam, vêrsituasjonen er utfordrande og det blir sendt ut gult farevarsel. Oransje farge betyr ver førebudd, vêrsituasjonen er alvorleg og det sendes ut oransje farevarsel og raud farge betyr sikre verdiane dine, vêrsituasjonen blir ekstrem og det sendes ut ekstremvêrvarsel.

Gult farevarsel: Gult varsel kan sendast ut for ulike vêrsituasjonar når forventa konsekvensar er relativt små. Gult varsel brukast der ein fryktar store konsekvensar for svært mange menneske, men er usikre på om vêret faktisk slår til.

Oransje farevarsel: Oransje varsel gjeld når det er venta at konsekvensane blir omfattande for mange menneske. Det er fare for tap av liv og verdiar, for stengte vegar og innstilte transportruter. Skadeavgrensande tiltak må settast i verk. Oransje varsel kan og brukast når konsekvensane kan bli ekstreme, men usikkerheita er for høg til å bruke raudt varsel.

Raudt farevarsel: Raudt varsel takast i bruk når det er forventa ekstreme konsekvensar som følgje av vêret. Det vil vere stor fare for at liv vil gå tapt, og det kan bli store øydeleggingar på eigedom og infrastruktur. Styresmakter og sivile i råka område bør utføre tiltak for å sikre liv og helse og avgrense skade. Ferdsle bør avgrensast. Nokre raude farevarsel får namn som ekstremvêr, men berre der dei utsette områda er store nok (landsdel/fylke/større del av fylke).

Farevarsla inneheld informasjon om kor valdsamt vêret vil bli, sannsynlegheita for at det vil inntreffe, eventuelt at uvêret pågår. Det er viktig å vere klar over at også lite sannsynlege hendingar kan skje. Eit farevarsel kan oppgraderast eller nedgraderast ved at farenivået og/eller sannsynlegheita blir endra. Ekstremvêrvarsel vil bli oppdaterte innan kl. 13, 18 og 06.

 

Sterk vind

Vindtilhøva i Rogaland viser stor årleg variasjon prega av dei store temperaturvariasjonane over Sør-Noreg. Om vinteren blåser det oftast i frå sør-øst, om sommaren frå nord-vest. Ved sterk vind er det vindkasta som gjer mest skade. Derfor er vindvarsla frå meteorologisk institutt baserte på vindkast.

Kriteria for å varsel ekstremvêr er ulike for vinter og sommar, og frå ytre og indre strøk. I Rogaland er dette retningsgivande kriteria, tal i meter/sekund:

Farenivå Moderat Stor Ekstrem
Returperiode 2 år 10 år 5 år
Omgrepsbruk Kraftige vindkast Svært kraftige vindkast Ekstremt kraftige vindkast
Akstemdsnivå Gul Oransje Raud
Vinter - Indre strøk 27 m/s 30 35
Vinter - Midtre strøk 30 35 40
Vinter - Ytre strøk 33 38 45
Sommar - Indre strøk 25 28 32
Sommar - Midtre strøk 27 30 35
Sommar - Ytre strøk 30 35 40

For dei fleste kystnære område definerer Meteorologisk institutt ekstrem vind som sterk storm, det vil seie meir enn 30 m/s, som gir vindkast på 40 m/s. Innover i landet er det typisk at middelvinden er mykje lågare, men vindkasta kan likevel vere like sterke som ved kysten. Over land blir vinden sterkt påverka av terreng som fjell og dalar, både når det gjeld retning og styrke. Vinden blir ujamn med sterke vindkast i slike landskap. Erfaring seier at ved vindkast over 40 m/s i busette strøk blir det omfattande skadar.

Nyttårsorkanen på Nordmøre i 1992 er ein av Noregs største naturkatastrofar målt i tapte verdiar. Eitt menneske omkom, og det var skadar på 50-60 000 bygningar. I tillegg var det store skadar på infrastruktur, kulturminne, havbruksanlegg og skog. Det totale økonomiske tapet er rekna til å vere på om lag 2 milliardar kroner.

 

Nedbør

Det er store skilnader i nedbørfordelinga i Rogaland. Nedbørmengda aukar frå kysten og innover i landet. Grovt sett kan ein seie at meir enn 50-100 mm nedbør på eit døgn er ekstremt mykje. Det inneber 50 mm for dei ytre områda og 100 mm lengre inne i landet. Ved høg nedbørsintensitet i form av regn vil ofte ikkje avlaupsnettet greie å ta unna vassmassane. Det leiar til overvatn og flaum, samt erosjon og skred.

Farenivå Gult Oransje Raudt
Styrtregn 1 time >15 mm <35 mm -
Regn 6 timar 6 timar 6 timar
Regn 12 timar 12 timar 12 timar
Regn 1 døgn 1 døgn 1 døgn
Regn på 2-3 dægn blir farevarsla av NVE som flaum/jordskredfare      
Snø (kyststrøk og større byar) 5-25 cm/24 t 25-40 cm/24 t >40 cm/24 t
Snøfokk Snø og vind    

Farenivåa er rettleiande, og meteorologane vurderar kvar hending etter mange variablar før dei sender farevarsel. (met.no)

Farevarsel for nedbør frå meteorologisk institutt er delt opp i vedvarande regn over store område, og styrtregn. I tillegg er det varsel for snø og snøfokk. Styrtregn vil ofte utvikle seg raskt på kort tid, og forflytte seg raskt. Dette er ulikt varselet for regn, som etter beste evne anslår når regnet startar og sluttar, og mengd. Farevarsla skil mellom “styrtregn” og “regn” ettersom dette har mykje å seie for usikkerheita til prognosane og dei tilhøyrande skadeutfordringane. Eit farevarsel for regn er langt meir treffsikkert enn eit farevarsel for styrtregn. Lyn, tore, hagl og kraftige vindkast høyrer ofte saman med styrtregn. For styrtregn tilrår Norsk klimaservicessenter eit klimapåslag på 40 prosent.

 

Høg vasstand og stormflod

Vasstanden er summen av astronomiske bidrag (sol og måne), klimaendringar og vêret (lufttrykk og vind). Den astronomiske delen følgjer månefasane og kan reknast ut lang tid framover. Dersom påverknaden frå vêret er stort, kallar vi høgvatnet stormflod. Dette er ekstra høg vasstand forårsaka av lågt lufttrykk og/eller oppstuving av vassmassar på grunn av vind.

Nivåskisse med dei viktigaste vasstandsnivåa og ekstremverdiar i Stavanger. Høgder er i cm over sjøkartnull
Nivåskisse med dei viktigaste vasstandsnivåa og ekstremverdiar i Stavanger. Høgder er i cm over sjøkartnull Foto: Statens kartverk.

Referansepunkta for høg vasstand i Rogaland ligg i Stavanger og i Sirevåg (ny i 2022). Dersom den totale vasstanden (astronomisk (springflod) pluss stormflod) kjem over ei gitt grense blir det sendt ut melding om høg vasstand frå Meteorologisk institutt. Tabellen viser kriteria for vasstandsvarsel frå meteorologisk institutt, referansen er sjøkartnull.

Farenivå Moderat Stor Ekstrem
Stavanger 153 163 173
Sirevåg På veg    
Bergen 207 220 235

Faregrense for høg vasstand på målestasjonar (met.no)

 

Ekstreme temperaturar

Rogaland har eit maritimt klima, men med store kontrastar frå indre til ytre strøk. Høgaste registrerte temperatur er 34,6 grader i Sauda i 2019. lågaste er -28,8 °C på Høgaloft, Suldal kommune (1987). Rekorden for busette strøk er -26,0 °C på Mo i Suldal kommune (1987).

Klima i Noreg har blitt 1 grad varmare dei siste 100 åra, og denne tendensen held fram. Temperaturen i Rogaland er forventa å auke med ca. 4 °C innan år 2100. Den nye «klimanormalen» som går frå 1990 til 2020 er den varmaste normalperioden nokon sinne, i heile landet. Det er sannsynleg at vi får meir hetebølger, tørke og skogbrann framover.

Hetebølger i Noreg har auka i tal og utbreiing, men er ikkje samanliknbare med dei vi har sett mange andre stader. Vi hadde ikkje auka dødelegheit i Noreg etter den varme sommaren i 2018, mens i Sverige hadde dei det. Meteorologisk institutt starta i 2022 eit prosjekt for å overvake fare for hetebølger i Noreg. Tørkesommaren 2018 viste oss kor store konsekvensar varme og tørke kan gi også i Noreg. Særleg var det ein hard sommar for landbruket i store delar av landet. Erstatningsbeløp til bøndene i 2018 kom opp mot 2,5 milliardar kroner.

Høg temperatur, saman med låg luftfuktigheit og lite nedbør kan gi stor skogbrannfare. Meteorologisk institutt laga ein skogbrannfareindeks på kart i 2021, som skal gjere det enklare å varsle skogbrannfare. Den er basert på temperatur, luftfuktigheit, nedbør, vind og snø, og bruker «trafikklysmodell» med fargekodar.

Illustrasjon som viser kogbrannfareindeks på kart
Skogbrannfareindeks på kart (met.no 2023)

 

Risiko

Risikoen for ekstremvêr er aukande, i Rogaland gjeld det særleg ekstrem nedbør med fare for regnflaum, jord, -flaum og sørpeskred og stormflo (klimaprofil Rogaland, KSS). Historisk sett har Rogaland hatt eit ekstremvêr om lag ein gong kvart tiande år, mens dei siste ti åra har 8 namngjevne ekstremvêr råka fylket vårt.

Omfanget av klima- og vêrrelaterte skader aukar i Noreg. Særleg kostar skader etter ekstremnedbør mykje, det står for halvparten av erstatningane etter alle klima- og vêrrelaterte skader dei siste 10 åra. For perioden 2008-2018 er det i Rogaland utbetalt kr 1,73 milliardar kr i forsikringspremie for skader pga. skred, flaum, storm, stormflo og vassinntrenging utanfrå.

Hyppigheit -10 verste år: Store naturhendingar skjer oftare og oftare. Av dei 10 største (dyraste) naturhendingane sidan 1980, har 7 funne stad etter 2010

Graf som viser oversikt over de 10 årene med størst erstatningsbeløp siden 1980 (Norsk naturskadepool)
Oversikt over de 10 årene med størst erstatningsbeløp siden 1980 (Norsk naturskadepool)

Ekstremt vêr kan påverke alle samfunnsverdiar, ettersom det har potensiale til å sette fleire samfunnskritiske funksjonar ut av spel. Det er dei økonomiske samfunnsverdiane som blir hardast ramma av ekstremt vêr. Ein vil òg kunne oppleve påkjenningar i dagleglivet i samanheng med svikt i samfunnskritiske funksjonar som kan ramma fleire menneske over lang tid. Det er gode varslingsrutinar for ekstremt vêr i Rogaland. Vi har mykje kunnskap og erfaring om kva dette vil føre til, men det ligg usikkerheit i omfanget av klimaendringane si effekt på ekstremvêr framover i tid.

Klimaprofil Rogaland gir ei oversikt over klima og forventa klimaendringar for Rogaland innan år 2100, basert på høge framskrivne klimagassutslepp

 

Sterk vind

Projeksjonane for vind dei neste 50-100 år gir ikkje noko eintydig resultat, men fleire analyser tyder på at dei aller kraftigaste stormane vil bli hyppigare. Når det gjeld vind/storm kan stormbaner og polare lågtrykk kunne flytte seg nordover ettersom klima blir varmare, noko som kan innebere lokale endringar i både vindstyrke og vindretning. Sterk vind som gjer omfattande skadar er sjeldan.

Graf som viser store naturskadehendingar: Dyre naturskadeår i Noreg ifrå 1980-2020,  Klimarapport 2022, Finans Noreg
Store naturskadehendingar: Dyre naturskadeår i Noreg ifrå 1980-2020, Klimarapport 2022, Finans Noreg)

Typiske konsekvensar av sterk vind er skadar på bygg og anlegg grunna flygande objekt, trefall over kraftlinjer, og påfølgande straumbrot.  Skadar på skog er og typisk ved sterk vind. «Dagmar» i 2011, med vindar over orkan styrke førte til store skadar i Sør-Noreg (og Sverige og Finland). 570 000 kundar mista straumen, 35 000 i meir enn eit døgn. Internett og telefoni (fast og mobil) fall ut for fleire tusen kundar, og Naudnett hadde redusert dekning i fylka som då hadde  tenesta utbygd, grunna straumutfall. Vegar blei stengde, ferjer innstilte og fleire jernbanestrekk blei stengde. Hovudårsaka til dei langvarige straumbrota er at det samla kraftnettet ikkje tolte påkjenninga frå ekstremvêret. Samstundes blei gjenopprettinga hemma av sterk vind, mange feil, stengde vegar og mørke.

Kakediagram som viser erstatning for natur- og vêrskadar mellom 2012-2021 (Finans Norge 2022)
Erstatning for natur- og vêrskadar mellom 2012-2021 (Finans Norge 2022)

Gammal busetnad ligg ofte i ly for dei sterkaste vindane. Nyare busetnad kor ein prioriterer utsikt og sol ved plassering, har ofte ført til at bygga blir meir utsette for sterk vind. Då det oftast går mange år mellom kvar gong det kjem ekstremt sterk vind inn over land, kan heile nye byggjefelt bli ramma av omfattande skadar når det først skjer. Bygging av høghus utan å ta omsyn til vind vil og kunne gi auka lokalvind og farlege vindkast.

 

Nedbør

Sidan år 1900 har nedbøren i Noreg auka med 20 prosent. Fram mot år 2100 er årsnedbøren forventa å auke med 10 prosent i Rogaland, med 20 prosent auke om vinteren (klimaservicesenteret 2021). Tal på døgn med kraftig nedbør er forventa å auke med ca 20 prosent. Intensitet i regnskur med kortare varigheit enn tre timar kan auke med minst 40%. KSS anbefaler klimapåslag på 30-50% på dimensjonering av korttidsnedbør, avhengig av gjentaksintervall (Rogaland klimaprofil).

Meir nedbør vil føre til skadar på bygg, infrastruktur, landbrukseigedom og skog. Det blir meir avrenning og erosjon, og meir ureining til vassdrag og sjø. Det blir òg meir sannsynleg med ulike typar skred, som ei følgje av erosjon og vassmetta jord. Det vil bli mindre snø når temperaturane stig og fleire smelteperiodar på vintrane.

Graf som viser fylkesvis statistikk for erstatning for vasskade (Finans Norge, 2022)
Fylkesvis statistikk for erstatning for vasskade (Finans Norge, 2022)

Høg vasstand

Høg vasstand og stormflod er i dag i seg sjølv ikkje meir problematisk enn at kommunane bør kunne takle dette. Dersom stormflod kjem i kombinasjon med store bølgjer, kan dette få konsekvensar for fleire kommunar. Høge bølgjer inn mot kysten skal takast med i varselet frå MET. Bølgjehøgde er då frå 10 meter og oppover og kjem inn mot land. Kombinasjonen av høgvatn og høge bølgjer kan gi ekstra store materielle skadar på utsette stader. Det er ikkje mogleg å varsle alt av høg vasstand.

Havnivåstiging gjer at hav og bølger si rekkevidde ved stormflod aukar, og at vatn kjem lenger innover land enn tidlegare. Klimaendringane gjer at globalt havnivå har stege med rundt 22 cm sidan 1900. I dag stig globalt havnivå med rundt 3,5 mm pr år, og dette akselererer.

DSB sin rettleiar «Havnivåstigning og stormflo» (2016) tilrår å planlegge for ei havnivåauke på 62-81cm (avhengig av kommune) innan år 2100. Dei siste åra har høgaste vasstand over sjøkartnull vore 156 cm (2013), 146 cm (2014), 157 cm (2015) og 145 cm (2016). Framskrivingane når det gjeld havnivåauke framover er hefta med ein del usikkerheit. Det vil etter planen komme nye tal på dette i 2024, basert på IPCC sine modellar.

 

Temperatur

Med klimaendringane kan vi få fleire periodar med ekstrem tørke, jamfør klimaprofilen. Auka temperaturar vil auke fordampinga, og det blir meir sannsynleg med liten vassføring i elvene, senka grunnvasstand og auka markvassunderskot. Dette kan lede til mellom anna auka skogbrannfare, auka vatningsbehov og utfordringar når det gjeld settefiskanlegg.

Varmare klima vil og endre på snøtilhøve, og auke tal på nullgraderspasseringer, som vil kunne gi oftare glatte vegar i fjellet.

 

Sårbarheit

I Rogaland er det kysten og fjellet som er mest utsette for uvêr. I vinterhalvåret er førekomsten av stormar relativt hyppig. Stormflo, springflo og store bølgjer kan òg gjere skade langs kysten. Ulike vêrfenomen opptrer ofte samstundes og har innverknad på kvarandre. Til dømes kan stormflo bli forsterka av stor vassføring i eit vassdrag, slik at det blir oppstuing av vatn, typisk for innaskjers og i fjordarmar. Dermed blir det ekstra viktig å berekne moglege konsekvensar av ekstremt vêr. Vind påverkar nedbør, flo, ising og skogbrannfare. Endringar i vindtilhøva kan lede til at bygningar og infrastruktur i framtida ligg på stader dei ikkje lengre er konstruerte for.

Dei største skadane på bygningar og infrastruktur i Rogaland kjem av kraftig kortvarig nedbør som gjer overvatn. Som vist i den fylkesvise statistikken for erstatning for vasskade (forrige tabell) er Rogaland eit av fylka med mykje utbetalt erstatning for vasskadar. Tette flater og lite vegetasjon gjer rask avrenning, og leder vidare til auka flaumfare. Som grafen viser er Rogaland på topp tre av fylker som har fått mest vasskadeerstatningar i landet; meir enn tidlegare Hordaland. Ein del av årsakene er høg fortettingsgrad, harde flater, mykje kyst og vassdrag samt ein del flate areal. Det er Stavanger, Hå, Lund, Sandnes og Karmøy som har motteke mest forsikringsutbetalingar grunna naturskade i åra 2007-2017 sjå tabellen under.

Graf som viser samla forsikringsutbetaling for skred, flaum, storm, stormflo (2007-2017) og vassintrenging utanfrå (2008-18) (Finans Noreg 2021)
Samla forsikringsutbetaling i 1000 NOK for skred, flaum, storm, stormflo (2007-2017) og vassintrenging utanfrå (2008-18) (Finans Noreg 2021)

11 700 bygningar i Rogaland ligg utsett for 200-års stormflo, jamfør ei kartlegging av Rogaland Fylkeskommune. Med forventa havnivåstigning vil talet på bygningar auke med 1/3 mot 2090.

Klima og vêr i Noreg har alltid stilt strenge krav til planlegging, plassering, utforming og vedlikehald av bygg og anlegg. Likevel har vi mange stader bygd oss meir sårbare for vêr og vind. Sårbarheita vår for ekstremvêr aukar både pga. fjerning av naturlege økosystem (våtmark, myr, kantsoner, skog, opne vassveger, «restareal»), ønske om utsikt og sol, fortetting og intensivt drivne landbruksareal, og pga. klimaendringane. Klimaendringane gjer det viktigare enn nokosinne å bygge robuste samfunn,  prioritere vedlikehald av bygg og infrastruktur, og å la naturen og vatnet få rom nok til å herje når ekstremvêret kjem.

Riksrevisjonen kom i 2022 med kraftig kritikk mot styresmaktene sitt arbeid med klimatilpassing. Konklusjonar frå deira undersøking er mellom anna at vi blir meir sårbare; tal på bygg i farekartlagte område vil auke med opptil 50%. Fleirtalet av kommunane er for lite merksame på kva konsekvensane av klimaendringane vil bli i framtida. Dei viser og til kommunane i beredskapsarbeid og i planarbeid er for lite merksame på korleis klimaendringane framover påverkar både eksisterande og planlagt infrastruktur og bygg.

Kart som viser kommunevis gradering av samla forsikringsutbetaling siste 10 år for skred, flaum, storm, stormflo og vassinntrenging
Kommunevis gradering av samla forsikringsutbetaling siste 10 år for skred, flaum, storm, stormflo og vassinntrenging, delt inn etter høgaste grad skadeutbetaling for kvar av dei fire skadekategoriane. (Regionalplan klimatilpassing, Rogaland fylkeskommune)

Førebyggande tiltak

  • Alle må erkjenne at klimaet endrar seg og forstå kva det inneber for dei ulike sektorane, også i framtida. Kommunane sin heilskaplege ROS-analyse må inkludere klimaendringane og -tilpassing
  • kommunar og grunneigarar bør abonnere på naturfarevarsel frå NVE/varsom.no og bruke appen «varsom RegOBS» for å melde inn skred og flaumhendinger.
  • Planlegginga må ivareta uføreseieleg vêr og klima i alle sektorar. Dette gjeld særleg stormflo/havnivåauke, vind/uvêr, nedbør/overvatn og tørke. Sjå klimaprofilen for Rogaland (klimaservicesenter.no).
  • Arealplanlegginga må gi rom for klimatilpassing, fordrøying, flaumveg og naturbaserte løysingar
  • Kommunane må stille kvalitetskrav til ros-analyser , og kven som har utførd dei skal gå fram av dokumentasjon
  • Kommunane må stille kvalitetskrav til farevurderingar som blir utførde for kommunen. Vurderingane skal vere utførde av kompetente fagfolk og godt dokumenterte. Dette er òg ei utfordring for kommunane og andre som skal vurdere kvaliteten på desse vurderingane. Her bør ein bruke ulike rettleiarar, som NVE sin «Flaum- og skredfare i arealplanar» (2011), «Klimaprofil for Rogaland», «Klimaendring og framtidige flommer i Noreg» (2016) og Miljødirektoratet/ DSB sin rettleiar «Fra plan til tiltak» (2012). Nye rettleiarar: NVE 1/2019: Sikkerhet mot kvikkleireskred, NVE: Veileder for utredning av sikkerhet mot skred i bratt terreng (2020) og NVE sine nettsider om utgreiing av naturfare.
  • Eigarar og driftarar av samfunnskritiske funksjonar og bygg må sikre tilstrekkeleg naudstraumsforsyning. Ved behov må dei skaffe seg alternative energikjelder, og sørge for at dei er klare for bruk