Trafikkulykke mellom to bussar og tunnelbrann i Byfjordtunnelen

Ei uønskt hending innan risikoområdet «Store ulykker» som kan ramma Rogaland er ei trafikkulykke mellom to bussar som utviklar seg til ein tunnelbrann, og forårsakar masseskade. Ein masseskade er ei hending der det er fleire alvorleg skadde eller livstrugande skadde samstundes. Ei storulykke i transportsektoren er definert som hendingar med minst fem omkomne. Området som er valt for scenarioet er Byfjordtunnelen. For å vise alvoret av ei slik hending har vi tatt utgangspunkt i ei typisk stor hending. Scenarioet er inspirert av Fylkesmannen i Rogaland sin «Analyse av helseberedskapen ved kollisjon og brann i Mastrafjordtunnelen» og «Risikoanalyse av brann i tunnel», ein delanalyse frå DSB sitt «Nasjonalt risikobilde» (2014).

Føresetnader

Hendingsgang

- Møteulykke i høg fart mellom to bussar. Bussane har 33 og 35 menneske om bord.

- Skjer om lag 3 km inne i botnen av tunnelen.

- Ein av bussane tar til å brenne.

Medverkande hendingar

Ein tysdag i februar. Rushtid kl. 07:40. Vêret er disig, temperatur 3 grader.

Tidspunkt

- Tunnelbrann, utvikling av giftig røyk

- Skade på tunnel og tunellen må stengjast

- Omkøyring og omruting av trafikk.

Lengd

13 veker og tre dagar. (3 månader og 2 dagar)

Samanliknbare hendingar

Oslofjordtunnelen, 2011

Gudvangatunnelen, 2013

Sorgendalstunnelen, 2005

Mont Blanc, 1999

St. Gotthard, 2001

 

Scenario og systemutgreiing

Byfjordtunnelen er ein 5 875 km lang undersjøisk vegtunell på E39 i kommunane Randaberg og Rennesøy. Tunellen stod klar i 1992 og er ein del av Rennfast. Den går 223 meter under havet og største stigning er 8%. Talet på gjennomsnittlege køyretøy per døgn i 2016 var 9685 og av desse var 11% tunge køyretøy.

Kl. 07:40 tysdag 6. februar kolliderer to busser i midtsonen i Byfjordtunnelen. Ulykka skjer 3,1 km frå Harestad og 2,7 km frå Sokn. Ein av bussane er ein rutebuss som er på veg frå Stavanger til Bergen via Haugesund med 33 pendlarar. Den andre bussen er ein utanlandsregistrert turistbuss på veg frå Bergen til Stavanger med 35 polske turistar. Ulykka skjer i høg fart i rushtida og det er til dels stor trafikk i tunellen på ulykkestidspunktet. 

Byfjordtunnelen med ulykkesstad
Byfjordtunnelen med ulykkesstad

Turistbussen tar til å brenne kort tid etter kollisjonen og det utviklar seg giftig røyk. Forutan bussane er det 75 andre køyretøy i tunnelen på ulykkestidspunktet. Fire av desse køyretøya er trailerar, kor ein av dei har 40 000 liter diesel om bord. I ein radius på 1000 meter frå ulykkesstaden er det 12 køyretøy i køyreretning mot brannen frå Harestad og 13 stykk i frå Sokn. Det er til saman 123 passasjerar fordelt på dei andre 75 køyretøya i tunnelen, og totalt er det 191 personar i tunnelen.

Røyken er tett og fleire førarar både på nord-austsida og sør-vestsida av ulykkesstaden prøvar å snu. Einskilde personar vel å springe ut av køyretøya. Fleire av passasjerane i rutebussen har komme seg ut og er på veg mot den sør-vestlege utgangen retning Harestad. Nokre passasjerar frå turistbussen har komme seg ut og er på veg mot den nord-austlege utgangen retning Sokn. Hendinga blir oppdaga via videoovervakinga i tunnelen. Etter få minuttar er brannventilasjonen i gong med trekkretning mot nord-aust (mot Sokn) for å gi brannmannskap frå Stavanger tilgang frå sør-vest. Av til saman 191 personar er det 25 omkomne, 9 hardt skada og 54 med røykskadar. 103 er fysisk uskadd, men kan ha blitt eksponert for røyk.

 

Risikovurdering 

Vurdering av sannsynlegheit

 

1

2

3

4

5

Forklaring

Sannsynlegheit for at hendinga kan skje i laupet av eit år: 2%

 

 

 X

 

 

Det er fleire mindre hendingar i denne tunnelen i året. Stor risiko i undersjøiske tunnelar.

Vurdering av konsekvens

Samfunnsverdi

Konsekvens

1

2

3

4

Forklaring 

Liv og helse

Dødsfall

 

 

 

 X

 

Over 25 dødsfall med direkte følgje og mellom 5-25 personar får framskynda død.

Alvorleg skadde og sjuke

 

 

X

 

 

26-75 skadde og 5-25 sjuke

 Natur og kultur

Langtidsskadar på naturmiljø

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

Uopprettelige skadar på kulturmiljø

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

 Økonomi

Direkte tap

 

 X

 

 

 

Prehospital redning er over 25 mill. Vurdert til mellom 80-100 millionar

Indirekte tap

 

 

 X

 

 

Vurdert til mellom 150 – 180 mill.

Samfunnsstabilitet

Sosiale og psykologiske reaksjonar

 

 

 X

 

 

Manglande sjanse til å rømma og manglande sjanse til å handtera.

Påkjenningar i dagleglivet

 

 

 

 

Vare- og persontransport blir hindra for minimum 10 000 personar over min. 30 dagar.

Styringsevne

Svekka regional samordning

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

Samla vurdering av konsekvensar

 

 

X

 

 

Totalt sett middels konsekvensar (26 poeng)

*Forklaring:

1 = Svært Låg / Små, 2 = Låg / Små, 3 = Middels, 4 = Høg / Stor, 5 = Svært Høg / Store

Liten usikkerheit

Moderat usikkerheit

Stor usikkerheit

Vurdering av sannsynligheit

Vurdering av sannsynlegheit er basert på faktiske hendingar og nesten-hendingar lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vurderinga er òg basert på statistiske data for nasjonale tunnelulykker gjennom databasen til Statens Vegvesen. Undersjøiske tunnelar har større risiko for ulykke enn andre typar tunnelar. Sannsynlegheit for at dette scenarioet kan skje vurderast til om lag 2% per år, noko som er høgast i kategorien middels og lågast i kategorien høgUsikkerheita knytt til vurderinga av sannsynlegheit er stor, ettersom fleire faktorar som er vanskelege å spå spelar inn på sannsynlegheita.

 

Vurdering av konsekvensar

Konsekvensane av scenarioet vurderast samla sett som middels. Ei ulykke av denne typen vil først og fremst truge samfunnsverdien Liv og helse. Usikkerheita til vurderingane av konsekvensane vurderast til moderat. Årsaka er at vi kjenner godt til konsekvensane av tunnelulykker, men ikkje til dei særlege føresetnadane som ligg til grunn for dette scenario.

 

Liv og helse

Ein kollisjon mellom to rutebussar vil få direkte konsekvensar for liv og helse. Det er svært sannsynleg at det vil vere fleire dødsfall i begge bussane. Vidare vil det òg i scenarioet utarta seg brann på ulykkesstaden. Dette er veldig kritisk i ein tett trafikkert tunell i rushtida. Ein tunnelbrann har potensiale for eit scenario med fleire omkomne og skadde. Det er eit vanskeleg rednings- og sløkkingsarbeid kombinert med giftig røyk som ved fleire høve har ført til mange omkomne. Brann kan òg gi alvorleg røykforgifting og kan føre til brannskadar på hud og i luftvegar.

Fleire vil i vårt scenario omkomme av røykforgifting fordi dei ikkje kjem seg ut av tunnelen i tide. Det er ikkje naudutgonger på grunn av at tunnelen er undersjøisk og Byfjordtunnelen har heller ikkje ein rømmingstunnel. I eit slikt scenario vil ein ikkje ha oversikt over kor mange som er i tunnelen og treng hjelp før etter ei tid.

I dette scenarioet er det av til saman 191 personar i nærleiken av ulykkesstaden;

  • 25 omkomne, tre av desse døyr av røykforgifting
  • 9 hardt skadde, fleire brotskadar, brann- og røykskadde og hovudskadar
  • 54 med røykskadar.
  • 103 andre utan fysiske skadar.

Fleire vil trenge akutt behandling og ein forventar at fleire vil trenge oppfølging etter psykiske reaksjonar.

Konsekvensane for liv og helse vil vere store for dødsfall og middels for skadar og sjukdom. Usikkerheita knytt til desse berekningane vurderast som liten for dødsfall i dette scenarioet. For skadar og sjukdom er usikkerheita moderat. Ein veit ikkje sikkert kor mange som vil få alvorlege skade eller sjukdom av røykeksponering.

 

Natur og kultur

Vi trur ikkje at dette scenarioet vil skapa utfordringar for natur og kultur.

 

Økonomi

Det økonomiske tapet av ei slik hending er hovudsakleg knytt til bergings- og oppryddingsarbeid, samt reparasjonar av tunnel. Berre den prehospitale redninga er vurdert til å ligge på minst 25 millionar kroner. Med opprydding og reperasjon av tunnel vil ein få direkte kostnader på mellom 80 – 100 millionar kroner. I tillegg reknar ein med andre offentlege utgifter. Dei direkte tapa er dermed vurdert til øvre del av små konsekvensar. Usikkerheita knytt til dette er moderat, grunna uvisse om skadar på tunnel.

Dei indirekte tapa er knytt til auka transportutgifter for næringslivet og samfunnsøkonomiske kostnadar knytt til auka reiselengd og -tid grunna omkøyring. Stenging av tunnelen vil hindre vare- og persontransport i opptil 2-3 månader. Dei indirekte økonomiske kostnadene er vurdert til kring 150 – 180 millionar kroner. Dette medfører middels konsekvensar. Dei økonomiske vurderingane er basert på erfaring i frå tidlegare storulykker av denne typen, samt DSB sin ‘Risikoanalyse av brann i tunnel’ (2014). Usikkerheita knytt til desse berekningane vurderast som moderat, grunna uvisse om mellom anna kor lenge tunnelen vil bli stengt.

 

Samfunnsstabilitet

Det er ikkje forventa at dette scenarioet vil skape store sosiale eller psykiske reaksjonar i befolkninga. Trafikkulykker er daglegdagse hendingar og ein akseptert risiko. Dei som var i tunnelen då ulykka skjedde, og for befolkninga i Rennesøy kommune som er avhengig av å bruke tunnelen, vil konsekvensane vere større. Desse folka, samt andre brukarar av tunnelar, vil kunne utvikla tunnelskrekk. Dei direkte ramma personane vil oppleve ein manglande moglegheit til å sleppe unna situasjonen og konsekvensane av manglande moglegheit til å handtere hendinga er svært stor. Samla sett er konsekvensane middels og usikkerheita knytt til vurderingane er liten.

Når det gjelder korleis dette grip inn i dagleglivet vil dette scenarioet påverke vare- og persontransport over ein periode mens tunnelen blir reparert. Dette blir minimum 30 dagar og gjelder for minimum 10 000 personar som brukar tunnelen dagleg. Matforsyning kan òg bli forhindra av stengt tunnel. Dette medfører middels konsekvens. Usikkerheita knytt til dette vurderast som moderat, ettersom det er usikkert kor mange og kva næringssektorar som blir ramma av hendinga.

 

Styringsevne

Vi trur ikkje at dette scenarioet vil skapa utfordringar knytt til regional styringsevne.

 

Vurdering av usikkerheit

Vurdering av kunnskapsgrunnlaget Forklaring

Tilgang på relevante data og erfaring

Erfaring frå fleire små lokale ulykke, middels nasjonale ulykke og store internasjonale ulykke. Tilgangen er stor

Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?)

Eit godt kjent og utforska fenomen. Forståinga er stor

Semje blant medlemmane i ekspertgruppa

Ingen stor usemje blant ekspertane. Semja er stor

Sensitiviteten til resultata Forklaring

I kva grad påverkar endringane i føresetnadane anslaga for sannsynlegheit og konsekvens

Både for sannsynlegheit og konsekvens er sensitiviteten liten

Samla vurdering av usikkerheit

Usikkerheita knytt til vurderingane av sannsynlegheit og konsekvens vurderast som liten (1,0  poeng.)

 

Moglege risikoreduserande tiltak 

Ein føreslår fyljande tiltak:

Sannsynlegheitsreduserande tiltak 

  • Statens vegvesen må vere innovative og bidra aktivt til at det blir utvikla nye teknologiske løysingar som gjer dei undersjøiske tunnelane tryggare. I dette ligg mellom anna å ta i bruk teknologi som identifisere tunge køyretøy som har feil på bremsesystema og ha system for å sile desse ut før dei fører til skade.
  • Statens vegvesen må sørge for at dei som tar førarkort får særskild opplæring i tunnelkøyring og tunneltryggleik.
  • Statens vegvesen bør gjennom informasjonskampanjar seie noko om sjølvbergingsprinsippet – kva forventningar ein har til den einskilde som fredast på vegar i tunnelar spesielt.
  • Skape betre lystilhøve for trafikantar på veg og i tunnel.
  • Betre og meir informativ skilting i tunnelane, skilt som viser kva fart køyretøya har, betre kameraovervaking, vurdering av fartsgrenser, betre riller i køyrebana, fleire trafikkontrollar er alle tiltak som blei diskutert i dette analysearbeidet som relevante.

Konsekvensreduserande tiltak

  • Statens Vegvesen bør vurdere å etablere redningsrom i Rennfast-tunnelane slik at dei som er langt frå tunnelmunningane i større grad enn no kan evakuere seg sjølv til dei blir redda av naudetatane.
  • Det må leggast til rette for at dei brann- og redningsvesen som har ansvaret for tunnelar, generelt og undersjøiske tunnelar spesielt, kan gi nødvendig opplæring til sine innsatsstyrker. Det vil vere ein stor styrke for heile fylket om det blei etablert ein eigen øvingstunnel og eit kompetansesenter slik Rogaland brann og redning IKS har tatt initiativ til.
  • Det er viktig at dei som er i og like utanfor ein tunnel der det oppstår ei uønskt hending, får tidleg og god informasjon. Her bør Statens Vegvesen sjå nærare på om det er gode nok elektroniske skilt som raskt kan endrast. Om informasjonen som sendast på radio (DAB) er god nok og om det er mogleg å montere høgtalarar i dei mest utsette tunnelane slik at det er mogleg å nå ut med informasjon til alle i tunnelen under ei uønskt hending