Naturhendingar

Naturhendingar er til dømes ekstremt vêr, flaum eller skred som kan bli til naturkriser når lokalsamfunn og samfunnskritisk infrastruktur blir ramma. Andre naturhendingar som kan skje er skog- og utmarksbrann, romvêr, vulkansk aktivitet og jordskjelv. Naturhendingar blir hovudsakeleg utløyst av naturkrefter. Likevel kan naturlege hendingar bli utløyste av menneskeleg aktivitet. Klimaendringane gjer at talet på vêrrelaterte naturhendingar aukar.

Hendingar som Statsforvaltaren i Rogaland har valt å sjå nærmare på innan risikoområdet naturhendingar er ekstremt vêr, flaum og skred, ettersom fylket vår er særleg utsett for desse risikoområda. Vi blir stadig betre til å føreseie og sikre oss mot naturhendingar, men det er framleis utfordringar med å innrette samfunnet slik at risikoen ved slike hendingar blir så små som mogleg. Dei materielle konsekvensane kan vere store ved naturhendingar. I følgje Naturskadestatistikk (NASK) er det storm og flaum som har ført til mest erstatning etter skadar i Rogaland.

Grafisk framstilling av naturskadar i Rogaland
Naturskadar i Rogaland Foto: NASK.

Av store hendingar i Noreg er det følgjande som har gjort mest skadar:

Namn Dato Type Tal på skadar

Erstatning

(i 1000 kr)

Nyttårsorkan 01.01.1992 Storm 29 617 1 200 604
Vesleofsen 25.05.1995 - 25.06.1995 Flaum 7 126 904 269
Dagmar 25.12.2011 - 27.12.2011 Storm 20 360 1 338 577
Nina 09.01.2015 - 12.01.2015 Storm 14 227 630 673
Synne 04.12.2015 - 07.12.2015 Flaum 1 466 340 861
Gyda 12.01.2022 - 13.01.2022 Flaum, storm 2000 129 071

Store hendingar i Noreg som har ført til skadar (erstatningstala er ikkje indeksregulerte) (Tala for Gyda er innrapporterte 12.-15.01, Finans Noreg)