Skred

Skred er ei av naturhendingane som tar flest menneskeliv i Noreg. Dei spreier frykt og vekkjer ofte stor merksemd i media. Tidlegare var skred meir akseptert som ein risiko det var vanskeleg å handtere. I dag har vi kompetanse og teknologi til betre å minke denne risikoen, mellom anna gjennom kartlegging av fareområde, betre tryggingstiltak, overvaking og varslingsrutinar. Dette gjer òg at innbyggjarar og styresmakter set høgare krav til tryggleik

Kva er skred?

Skred er rask flytting av massar ned ei skråning. Dei kan grovt sett delast i tre typar; skred frå fast fjell, skred i lausmasser og snøskred. I tillegg kan det gå skred under sjøen. Tabellen under viser ulike typar skred.

Fast fjell Lausmassar Snø Snø
Steinsprang Grove Fine Snøskred
Jordskred Flaksnøskred Laussnøskred
Steinskred Flaumskred Leirskred Kvikkleireskred Sørpeskred
Fjellskred

Gruppering av skred etter nasjonal plan for kartlegging av skredfare (NGU, 2016 og NVE, 2016)[NGU]

Skred frå fast fjell kan utløysast av store nedbørsmengder, naturleg erosjon, temperatursvingingar eller ekstreme belastningar som jordskjelv. Lausmasseskred er forårsaka av store nedbørsmengder og flaum, kraftig snøsmelting eller menneskelege inngrep i naturen som endrar stabilitetstilhøva. Ekstreme hendingar som jordskjelv kan òg utløysa slike skred. Snøskred blir utløyst av eit komplekst samspel mellom snø, vêr og terreng. I tillegg kan snøskred utløysast av menneskelege aktivitetar som scooterkøyring eller skigåing.

 

Skred frå fast fjell

Skred frå fast fjell kan delast inn i fjellskred, steinskred og steinsprang etter volum på skredmassane. Fjellskred er store volum, frå 10 000 opptil fleire hundre millionar kubikkmeter. Steinskred er mellom 100 og 10 000 kubikkmeter stein. Steinsprang har eit volum på under 100 kubikkmeter. Dei skjer vanlegvis i bratte oppsprukne fjellparti der terreng-hellinga er større enn 40-45º.

Preikestolen
Preikestolen Foto: Marit Sundsvik Bendixen.

 

Skred i lausmassar

Skred i lausmassar kan grovt delast inn i flaumskred og jordskred, etter kor mykje vatn dei inneheld.

Flaumskred er vassrike jordskred i og langs mindre og større bekker kor det vanlegvis ikkje er permanent vassføring. Flaumskred som følgjer bekker og elver kan bli utløyst i laup med helling heilt ned mot 15o. Vassmassane kan rive laus og transportere store mengder lausmassar, vegetasjon og tre i og langs med laupet. Flaumskred kan bevege seg opp mot 40-50 km/t.

Jordskred er utgliding og raske bevegelsar av vassmetta lausmassar (hovudsakleg jord, stein, grus og sand) ned bratte skråningar, ofte brattare enn 25-30°.

Kvikkleireskred er i ei klasse for seg, og er utgliding av utvaska marin leire (saltvassleire frå istida), som plutseleg blir kvikk ved overbelasting, skakingar i grunn eller fysiske inngrep. I kvikkleireskred blir massane flytande under sjølve raset. Deler av Noreg består av gammal havbotn med såkalla marin leire som inneheld salt. Saltet fungerer som bindemiddel. Dersom saltet i denne leira blir vaska ut av ferskvatn, blir saltinnhaldet redusert og leira endrar karakter til kvikkleire. Kvikkleira kan i utgangspunktet vere like fast som vanleg leire og kan tole stor belastning dersom ho blir handtert forsiktig. Det er først når ho blir overbelasta og strukturen bryt saman at ho blir flytande.

 

Snøskred

Snøskred kan delast inn i tre typar; flaksnøskred, laussnøskred eller sørpeskred.

Flakskred oppstår når ein større del av snødekket losnar som eit flak langs eit glideplan. Glideplanet kan vere eit svakt sjikt i snødekket, ei grenseflate mellom to snølag med ulik fastheit eller i overgangen mot bakken. Flakskred kan bli fleire kilometer breie og involvere enorme snømengder som ofte rekkjer heilt ned i dalbotnen.

Laussnøskred oppstår normalt i bratte fjellsider. Etter kvart som snøen beveger seg nedover, blir mykje snø revet med og skredbanen utvidar seg. Laussnøskred kan ha ei fart på inntil 120 km/t. Skred med høg fart vil mobilisere luftmassane slik at det oppstår eit skredgufs (òg kalla fonnvind) med kraft nok til å knekke tre og stolpar, samt skade vindauge og lette byggverk.

Flak- og laussnøskred utløysast normalt i dalsider med helling mellom 30 og 60 grader, og som regel under eller rett etter store snøfall, sterk vind eller temperaturstigning.

Sørpeskred er ein spesiell type snøskred der snøen inneheld så mykje vatn at den blir flytande. Sørpeskred beveger seg vanlegvis langs forseinkingar i terrenget, og dei oppstår når det er dårleg drenering i grunnen, til dømes grunna tele og is. Skredmassane i eit sørpeskred har høg tettleik.

Mens snøskred som hovudregel går i skråningar brattare enn 30 grader, kan sørpeskreda utløysast i terreng ned mot 5 graders helling. Skreda følgjer helst bekke- og elvedrag som myrområde, vatn eller slake forseinkingar. Dei utløysast helst når snøen er laus og lett, i nysnø eller grovkorna laus snø, som følgje av sterkt regn eller snøsmelting. Sørpeskred kan nå langt sjølv i slakt terreng.

 

Undersjøiske skred

Noreg har ei lang kystline og mange stader ligg det lausmasser på havbotnen som kan vere utsette for skred. Dei fleste undersjøiske skred merker vi ikkje noko til, men nokre kan forplante seg innover land, og dersom dei er store nok kan dei danne bølgjer som kan vere svært øydeleggjande. Det største undersjøiske skredet vi har hatt er Storeggaskredet for om lag 8200 år sidan, utanfor Møre og Romsdal. Dette skapte ei bølgje på 15-20 meter på norskekysten. Leirskred som startar i sjøen og forplantar seg innover land har vi hatt fleire av i Noreg. Det har gjennom tida gått ei rekke undersjøiske skred i Boknafjorden, Karmsundet og Skudenesfjorden. Ein kan framleis sjå spor i landskapet etter flodbølgjene skreda skapte.

 

System og ansvar

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har det overordna ansvaret for statlege forvaltingsoppgåver innan førebygging av skredulykker. Dette inneber å yte hjelp til kommunar og samfunnet elles med kompetanse og ressursar til kartlegging, arealplanlegging, trygging, overvaking, varsling og beredskap.

Kommunane har ansvar for å ta i vare tryggleik mot skred i arealplanlegging og handtering av byggjesaker. kommunen er ansvarleg for at det blir gjennomført nødvendige forundersøkingar, og at desse resultata blir tatt med vidare i planlegginga. Det er fleire døme på at kommunar har måtta betale ut erstatningar fordi dei har tillate bygging i område som er blitt råka av naturhendingar. Statsforvaltaren rår til at kommunane samlar inn alle fareområde digitalt, slik at dei blir lett tilgjengelege og lettare å oppdatere.

Eigarar av infrastruktur har ansvar for å sikre både eksisterande og nye anlegg. NVE har òg ei sentral rolle i landets skredberedskap. 

NVE har ansvaret for den nasjonale jordskredvarslingstenesta og har beredskapstelefon for skredsituasjonar. Jordskredvarselet er eit viktig hjelpemiddel for å vurdere aktuell skredfare og skredtype.

Jordskredvarslinga informerer om fare for jordskred, flaumskred og sørpeskred. Varsla er regionale og baserte på ein firetrinns aktsemdskala (sjå figur 52 i flaumkapitlet). Det er dei lokale beredskapsstyresmaktene som skal avgjere om det er behov for tiltak ved auka aktsemdsnivå for jordskred. Dette inngår ikkje som ei del av varslinga, men må vurderast av dei som har kunnskap om lokale tilhøve som skadepotensial og om tidlegare hendingar. NVE sitt regionkontor i Tønsberg kan hjelpe det regionale og lokale beredskapsapparatet i Rogaland under ein beredskapssituasjon. Fare- og aktsemdskart for skred må brukast i planlegging og beredskap. Karta finn ein på www.temakart-rogaland.no eller på www.nve.no. NVE har og ei nettside der ein kan sjå kva kart og rapportar som finst om skred og flaum i dei enkelte kommunane.

NVE i samarbeid med Statens vegvesen og Meteorologisk institutt, utarbeider snøskredvarsling basert på ein fem-trinns faregradsskala for dei områda i Noreg som er mest utsette for snøskred. For resten av landet blir det berre varsla ved faregrad 4 og 5. Faregradane er baserte på den europeiske faregradskalaen. Målgruppa er hovudsakeleg friluftsliv, samt beredskapsetatar og infrastruktureigarar.

Bildet viser faregradsskala som blir nytta for å vurdera snøskred
Faregradskala snøskred, Varsom.no 2022

Det er i første omgang kommunen og naudetatane som har ansvar for å handtere ei skredulykke. Dersom kommunen treng ressursar eller råd har Statsforvaltaren eit ansvar for å bidra til å finne løysingar. NVE er ansvarleg skredetat, men har ikkje ansvar for å handtera konsekvensane av eit skred. NVE region sør vil gi faglege råd og rettleiing til dei som handterer hendinga. Når menneske råkast av snøskred er frivillige organisasjonar sentrale i hjelpearbeidet, under leiing av politiet. Fleire av desse organisasjonane har lang erfaring med redningsarbeid, og har kunnskap om metodar for skred- og alpinredning. Ved større hendingar kan ressursar frå Sivilforsvaret og Forsvaret bli bedne om å bidra i rednings- og oppryddingsarbeidet.

 

Risiko

Skred er vanleg i fjellområde, men dei fleste blir ikkje registrerte fordi dei ikkje forårsakar skade. Det er for det meste nedfall av stein. Trass i at ikkje alle skred blir registrerte, har Statens vegvesen oversikt over dei fleste skred på større vegar, som ein finn i Nasjonal vegdatabank (NVDB) og på www.vegvesen.no/vegkart.

Historiske registrerte skredhendingar i Rogaland

Skred spreier frykt og vekkjer ofte stor merksemd i media. Skred er ei av naturhendingane som tar flest liv i Noreg. Tidlegare var skred meir akseptert som ein risiko det var vanskeleg å handtere. I dag har vi kompetanse og teknologi til å minke denne risikoen, mellom anna gjennom kartlegging av fareområde, betre sikringstiltak, overvaking og varslingsrutinar.

Kor skred har gått tidlegare er viktig informasjon, sidan mange typar skred gjentar seg på same stad[1]. Kunnskap om skred som har gått gjennom historia bidrar derfor til ei betre forståing av skredfaren i eit område. Figur 59 visar historiske skredhendingar i Rogaland.

Eit skred kan øydelegge jordbruksområde, bygg og infrastruktur og i verste fall føre til personskade eller død. Skredutsette vegar i distrikta er ofte spesielt sårbare fordi det manglar gode omkøyringsvegar. Dersom vegen er stengd kan heile lokalsamfunn bli isolert. I Rogaland har det vore fleire skredhendingar. Dei siste 13 åra har det berre vore to skreddødsfall – begge av desse på veg; eit snø- og isskred på Skreppeneset, Strand kommune (2010) kor ein bilførar omkom og eit sørpeskred ved Gyavatnet, Eigersund kommune (2011) der ein brøytebilsjåfør omkom. Snøskred som er utløyste av folk som driv friluftsliv reknast ikkje med i denne statistikken.

Tabell under visar utvalde skredhendingar i Rogaland i perioden 2011-2022;

År Stad Skredtype Hending/konskvens
2022 Haukali, Forsand/Sandnes kommune flaumskred Haukalivegen stengt av skred, 7 husstander innesperra.
2022 Heskestad, Lund kommune jordskred Jordskred over sørlandsbanen, godstog ramma og banen stengt
2021 Lovraeidet, Suldal kommune steinskred
Rv 13 stengt pga stort steinskred. Denne strekningen er veldig skredutsett, dette var eit av dei større skreda
2020 Sauda steinskred Fv 520 stengt mellom Sauda og Hellandsbygd, 80 personer isolerte
2017 Gilja, Gjesdal kommune jordskred Fv45 blei stengt. Raset gjekk mellom Skredlitunnelen og Giljajuvtunnelen.
2017 Kvam, Sokndal kommune jordskred Fv33 stengt og fv35 stengt til Sogndalstrand. Fem hus blei evakuert. Barnehage stengt pga. vegen er stengt
2016 Fister, Hjelmeland kommune isskred Ein bil blei treft av store isklumpar som fall ned i vegbanen
2016 Mjåland, Gesdal kommune flaumskred Skredet har ført til straumstans i området og stengt veg gjennom Hunnedalen
2015 Osebergtunnelen, Suldal kommune steinskred Rv13 stengt
2015 Oltedal, Gjesdal kommune steinskred Fv45 ved Oltedal. Stor steinblokk trefte ein bil
2014 Suldalslågen, Suldal kommune løsmasse med kvikkleire Jordbruksareal på Garaneset raste ned i suldalslågen, etter utfylling. Stengt vei og evakuering av naboer
2013 Ombo, Hjelmeland kommune steinskred Skredet gjekk i hyttefeltet Tjueneset. Ingen hytter eller personar blei skadde
2013 Moi, Lund kommune jordskred Skred i bustadfelt, evakuerte 10 boliger, kortvarig strømutfall
2011 Gyavatnet, Eigersund kommune sørpeskred Ein brøytebilsjåfør omkom ved Fv42 då brøytebilen blei feidd ut i Gyavatnet av eit skred.
2011 Helleland, Eigersund kommune sørpeskred Fv42 ved Helleland
2011 Randøy, Hjelmeland kommune jord- og steinskred Stengt veg. Skredet trefte nesten eit hus

I perioden 2012-2022 er det registrert om lag 3000 skredhendingar på riks- og fylkesvegnettet i Rogaland. 1200 skred førte til blokkert veglengde, eller (delvis) stenging av veg, 31 skred førte til skadar på køyretøy og to skred førte til personskadar. Dei fleste skredhendingar på veg i Rogaland er steinskred/steinsprang.

Kakediagram som viser type skred og nedfall på veg i Rogaland, 2012-2022
Type skred og nedfall på veg i Rogaland, 2012-2022, NVDB 2022

Fjellskred er sjeldan, men har stor konsekvens når dei skjer. I vårt land er det typisk med to til tre store fjellskredulykke for kvart hundreår. Tjellefonna i Romsdalsfjorden (1756) er det største historiske fjellskredet i Noreg med eit volum på 15 millionar m3. Nordvestlandet har vore hardast råka, men det har vore fleire store fjellskred i Rogaland òg sidan istida. I motsetning til steinskred kan massane i eit fjellskred oppføre seg som ein massestraum, med ei rekkevidde på fleire kilometer i ein dalbotn (NVE 2011a).

Fjellskred fører ofte til flodbølgjer, dersom det rasar ned i fjordar/innsjøar. Flodbølger har ført til tap av mange liv. Minst 31 menneske har omkomme av fjell- og steinskred i Rogaland dei siste 300 åra (Furseth, 2006). Det siste registrerte fjellskredet i Rogaland var på Kjerag i Lysefjorden, Sandnes kommune (2011). Skredet var 50 meter breitt, og laga flodbølgjer som slo over kaia og skada to båtar i gjestehamna i Lysebotn. Det var ingen personskade.

Erfaringane frå Noreg og andre fjellområde viser at dei store fjellskreda nesten alltid gir teikn på at dei er ustabile. Dette skjer ved langvarige, sakte rørsler i fjellsidene forut for skreda, med utvikling av sprekker og andre brotstrukturar i fjellet. For fleire av høgrisikoobjekta i Noreg har NVE etablert beredskap basert på automatisk overvaking med tidleg varsling av skred, men dette er kostbart og det må gjerast ei grundig vurdering av kva fjell som skal overvakast og på kva måte. Ingen av fjellpartia i Rogaland har slik overvaking så langt.

NGU, på oppdrag frå NVE, driv med kartlegging av ustabile fjellparti. I Rogaland er det per 2022 klassifisert 5 ustabile fjellparti:

Kommune Namn Sannsynligheit klasse Konsekvens klasse Klassifisert Overvakning
Tysvær Hornafjellet 1/1000-1/5000 Svært låg 2016 Nei
Sandnes Ulvegrovene 1/1000-1/5000 Svært låg 2018 Nei
Sandnes Venetjørn 1/1000-1/5000 Svært låg 2018 Nei
Sandnes Lysekammen <1/5000 Svært låg 2018 Nei
Suldal Lølandsknuten <1/5000 Svært låg 2018 Nei

Klassifiserte ustabile fjellparti i Rogaland, NVE 2022

I tillegg er det mange (ca 100) fjellparti som er under arbeid, for det meste i Ryfylke, Vindafjord, Sandnes, Gjesdal og Bjerkreim.

Ustabile fjellparti

Større steinskred riv gjerne med seg lausmassar undervegs og skredmassane kan blokke tronge dalar og føre til lokal oppdemming av bekkar og elvelaup. Om steinskred går ut i ein fjord eller innsjø, kan det oppstå flodbølger.

Når det gjeld lausmasseskred er det auka sannsynlegheit for slike skred grunna klimaendringane med auka nedbør. I Rogaland reknar ein med at minst sju personar har omkomme i lausmasseskred dei siste 300 åra.

Jord- og flaumskred kan ha høg fart, stor rekkjevidde og stort skadepotensiale for liv og infrastruktur. Det siste større leirskredet i Rogaland gjekk i 1963 ved Gandsfjorden i Sandnes kommune. Det var på over 30 mål og med eit volum på ein halv million kubikkmeter. Ingen personar omkom i dette raset, men det blei ein del skadar på hus. I 2014 gjekk òg eit mindre leirskred langs Suldalslågen nær Sand i Suldal kommune. Det viste seg å vere kvikkleire i og omkring skredet. Det som gjer kvikkleireskred farlege er at dei skjer svært rask og kan famna over store areal. Slike skred kan starta av naturlege årsaker, men som oftast er det menneske som forstyrrar likevekta i leira. Til dømes vil utfylling på toppen av ei skråning vere ei påkjenning som kan føre til utgliding. Det kan også graving ved foten av ei skråning. Tilførsle av vatn ut mot ei skråning kan også vere risikabelt.

  Leirskred Kvikkleireskred Flaumskred Jordskred
Kor skjer skredtypen? I marin leire som ikkje er kvikk I marin leire der saltane delvis er utvaska Bratte vassdrag og bekkelaup med mykje lausmassar I skråningar av alle typar lausmassar
Hyppigheit Fleire per år Om lag 1 per 5. år Årleg Årleg
Utløysingsfaktorar Nedbør, snøsmelting, menneskelege inngrep Isskred Erosjon frå bekker/elver, menneskelege inngrep Nedbør, snøsmelting, menneskelege inngrep

 Fire typar lausmasseskred i Noreg (NGI Naturfare)

Graden av risiko for snøskred er bestemt av vêr- og snøtilhøva, terrenget, dei påkjenningane som påførast snødekket og eksponeringstida. Sørpeskreda kan skje i ulike typar terreng og det kan vere vanskeleg å føresjå. Skredmassane har høg tettleik og sjølv skred med lite volum kan gi stor skade. I Rogaland har det gått flest snøskred i kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal, Gjesdal og Eigersund.

Halvparten av alle omkomne i skred i Noreg gjennom tidene er tatt av snøskred. I Rogaland reknar ein med at minst 27 personar er omkomne på grunn av snøskred dei siste 300 åra. Desse skreda har skjedd i kommunane Bjerkreim, Eigersund, Lund, Sandnes, Gjesdal, Hjelmeland, Sauda og Suldal. Det har vore ein nedgang i talet på snøskredulykker mot bustader i andre halvdel av sist hundreår. Fleire av busetnadene i dei snøskredutsette områda er avvikla.

NGU arbeider med å kartleggje spor etter undersjøiske skred. Det er lite sannsynleg med store undersjøiske skred utanfor Noreg i dag. Dette heng mellom anna saman med dei geologiske prosessane og landhevinga etter siste istid. Det er likevel ikkje utenkeleg. Jordskjelv finn stad på sokkelen og kan utløyse skred. Slike skred kan igjen utløysa tsunamiar. 

Kart over overhistoriske  undersjøiske skred i Boknafjorden
Kart overhistoriske undersjøiske skred i Boknafjorden, (Mareano 2023)

NGU arbeider med å kartleggje spor etter undersjøiske skred. Det er lite sannsynleg med store undersjøiske skred utanfor Noreg i dag. Dette heng mellom anna saman med dei geologiske prosessane og landhevinga etter siste istid. Det er likevel ikkje utenkeleg. Jordskjelv finn stad på sokkelen og kan utløyse skred. Slike skred kan igjen utløysa tsunamiar.

Når det gjeld skred i strandsona blir dei ofte løyste ut av menneskeleg aktivitet, som mudring og fylling på blautbotn/ustabil grunn. Ved utfylling i strandsona kan både fyllinga og dei naturlege massane under skli ut.

Klimaprofilen for Rogaland (KSS 2022) seier at klimautviklinga gjer at skred knytt til nedbør vil kunne skje oftare. Dette gjeld først og fremst jordskred, flaumskred og sørpeskred. Det er ikkje grunn til å tru at dei store fjellskreda vil skje oftare. Fareutgreiing for skred har derfor ikkje fått noko klimapåslag.

 

Sårbarheit 

Etter kvart har vi fått betre kartlegging av aktsemd- og fareområde, og meir fokus på førebygging og varsling av skredfare. Likevel viser kartleggingane at fleire bygg ligg i område som kan vere utsett for skred. Dei fleste skredhendingar er likevel små og blir handterte lokalt. Skreda får sjeldan store eller langvarige konsekvensar for kritisk infrastruktur. På vegane er det strekk som er svært utsette for stein- og issprang. Dette skaper frykt og uro hos mange.

Risikoen ved fjellskred veit vi framleis lite om. Det vi veit er at fjellskred har skjedd i fylket og at konsekvensane av eit slikt stort skred kan bli svært store. Det er mange område i Rogaland som ikkje er undersøkte enno, men truleg er det mange med låg faregrad eller låge konsekvensar. Preikestolen i Forsand kommune har fått mykje merksemd fordi det er ein stor sprekk i fjellet, og denne trekk til seg tusenvis av turistar kvart år. Preikestolen er no kartlagt og NVE vil gjennom NGU følgje utviklinga av sprekken.

Med utbygging av tettstader, hytter og anna infrastruktur langs fjordane, og dessutan ei veksande reiselivsnæring- er vi blitt gradvis meir sårbare for slike skred og tilhøyrande flodbølgjer. I Rogaland er det er særleg kommunane Bjerkreim, Sandnes, Gjesdal, Tysvær, Vindafjord, Suldal og Sauda som har vore utsette for fjell- og steinskred.

Rogaland er eit av fylka i landet med minst risiko for store kvikkleireskred, men potensialet er likevel der. Den utløysande årsaka til kvikkleireskred er overbelastning og omrøyring. I motsetning til fjellskred gir kvikkleireskred ingen førevarsling i form av sprekkdanningar. Det er vanlegvis menneskeleg påverknad gjennom bygging og graving som utløyser skred, men det kan òg gå kvikkleireskred av naturlege årsaker.

Fjellsider som ligg i le for dei vanlegaste nedbørførande vindretningane er mest utsett for snøskred. Dersom skogen står tett i fjellsida vil dette kunne minske risikoen for utløysing av snøskred. NVE tilrår i «Flaum- og skredfare i arealplanar» (2011 a) at ein derfor kan fokusere på skog som eit middel til å minske skredrisiko. Skog bind jord, forankrar snødekket og skjermar mot steinsprang. Dei nye aktsemdkarta for snøskred (NAKSIN 2023, NVE) viser korleis skogen kan påverke utbreiinga av snøskredet. Som regel må det komme frå 0,5-1 meter snø i laupet av to til tre døgn saman med sterk vind for at store snøskred skal bli utløyst. Markante temperaturstigningar kan òg føre til at det går snøskred. Det er venta at Rogaland vil få meir nedbør, men mindre i form av snø på sikt. Meir regn på snødekke vil kunne auke faren for våtsnøskred i utsette område i Rogaland (KSS 2022).

Område der ein veit det er kvikkleire i Rogaland er Forus i Stavanger kommune, Sola i Sola kommune, Sand og opp langs Suldalslågen i Suldal kommune og Sandnes (Gandsfjorden) i Sandnes kommune. Det er òg kvikkleire registrert i Årdal, Hjelmeland kommune. Leire som ikkje er kvikk finns òg andre stader i fylket. Elles veit vi at det er potensiale for kvikkleire i alle område med marine avsetningar, utan at desse er undersøkt nøye. Desse områda er dei som låg under sjøen etter istida.

Som ein hovudregel er det anbefalt å vurdere fare for kvikkleire i område med lausmassar under marin grense. Slike område er ofte der folk bur, langs kysten og på elveavsettingar. Sannsynlegheita for kvikkleireskred i Rogaland er relativt låg, men konsekvensane kan vere svært store.

NGU har utarbeidd eit hjelpemiddelkart for å lettare tolka kvartærgeologiske kart. Her har dei trekt ut lausmassetypar som kan skjula marin leire, og som ligg under marin grense. Marin grense varierer i Rogaland; frå om lag 10 meter over havet ved kysten i sør, til 75 meter over havet i Ryfylke. Funna er  presentert i kartet «Moglegheit for marin leire». Dette kartet gjeld i dag berre på Jæren, sidan kvaliteten på dei geologiske karta ikkje er god nok i resten av fylket.

Ved utgreiing av skredfare for arealplanlegging er det viktig at alle typar skred blir vurderte nøye i tråd med krava i plan- og bygningsloven om sikker byggegrunn mot naturfare. Her finns mykje informasjon og hjelpemiddel både i form av kart og rettleiarar, først og fremst på NVE sine nettsider. Aktsemdkart for ulike skred finnast under "Naturfare" på NVE-Atlas og på NVEs Kartkatalog. Karta er landsdekkande. Skråningar med høgdeforskjell mellom 20–50 meter blir ikkje alltid fanga opp i kartlegginga. Disse karta viser derfor potensiell fare, og er best eigna som ein første utsjekk på overordna plannivå. For område som er dekka av farekart for skred anbefaler NVE at disse blir nytta i staden for dei nasjonalt dekkande aktsemdskarta. Det er forventa at kommunen har oversikt over kva skredkart som gjeld i sin kommune, og bruker dei i si planlegging.

Som på flaum, ønskjer NVE at alle skredfareutgreiingar og faresonekart som er blitt laga i eigen regi i kommunane sendast inn, for at dei skal få oversikt over informasjonsgrunnlaget som finst til ein kvar tid. Meld inn her.

NVE har òg ein nasjonal skredhendingsdatabase. Informasjon om skredhendingar kan registrerast på karttenesta www.skredregistrering.no eller i appen RegObs. Skred som går over veg blir i tillegg registrert i nasjonal vegdatabank av Statens vegvesen. Entreprenørar som har ansvar for drift og vedlikehald av skredutsette strekningar, brukar systemet «Elrapp Entreprenør» til å rapportere inn lokale fareteikn og kjentmannsvurderingar.

Kart som viser skredpunkt langs veg med "skredfaktor middels eller høg
Skredpunkt langs veg med "skredfaktor middels eller høg", Vegkart/NVDB 2023

Statens vegvesen har skredsikringsplanar for region vest som inngår som grunnlag for Handlingsprogram i Nasjonal Transportplan (NTP). Det er 128 vegstrekningar på riks og fylkesvegar i Rogaland som har identifiserte skredpunkt (Vegkart, 2022). Når det først har gått eit skred er det stor sannsynlegheit for at det kan gå nye skred kort tid etter. Ved ei skredhending må ein derfor vurdere tryggleik for eigne naud- og redningsmannskap, trafikantar eller andre. Ved varsel om ekstremnedbør kan Statens vegvesen og kommunen eventuelt stenge veger inntil faren vurderast til å vere over. BaneNOR kan bestemme saktekøyring og stenging av jernbane.

 

Naturfare og klimarisiko i kommunane

NVE har ein god nettbasert rettleiar over korleis naturfare påverkar dei ulike kommunane. Finn naturfare i din kommune her.

Fylkeskommunen har i arbeidet med regionalplan for klimaomstilling utarbeidd eit grundig kunnskapsgrunnlag når det gjeld klimaendringar og naturfare i Rogaland. Her har dei ved hjelp av Vestlandsforskning og Cicero mfl. gruppert dei viktigaste  utfordringane når det gjeld fysisk klimarisiko. Dei har og gått vidare med å sjå på korleis dette kan påverke lokalsamfunnet, jamfør figuren under.

En skjematisk oppsummering av regionale variasjonar av fysisk klimarisiko med moglege samfunnsendringar i Rogaland.
Skjematisk oppsummering av regionale variasjonar av fysisk klimarisiko med moglege samfunnsendringar i Rogaland. (ROGFK 2020)

 

Førebyggande tiltak

  • Det beste tiltaket mot risiko ved skred og flaum er å unngå å byggje i skredutsette område. Dersom dette ikkje kan eller vil unngåast, må tilstrekkeleg sikring av utbyggingsområde settast i verk. Retningslinjene til NVE seier korleis skredfare bør greiast ut, takast omsyn til og innarbeidast i kommunale arealplanar. Retningslinjene byggjer på føresegnene i plan- og bygningsloven (2013) og krava til tryggleik mot flaum og skred som er gitt i byggteknisk forskrift (TEK17)[1].
  • Statsforvaltaren meiner det må vere eit langsiktig mål at alle eksisterande og moglege busettingsområde som kan vere utsette for skred skal vere dekka av detaljerte skredfarekart. Desse skal vise sannsynlegheit for, og konsekvensar av, skred. Detaljerte skredfarekart skal vere grunnlag for arealplanlegging, vurdering av eventuelle sikringstiltak og behov for overvaking, varsling og beredskap. Kommunane vil truleg trenge statleg fagleg og finansiell støtte for ei slik systematisk handtering av skredfaren.
  • Statsforvaltaren rår til at kommunane samlar inn alle fareområde digitalt, slik at dei blir lett tilgjengelege og lettare å oppdatere
  • Statsforvaltaren vil arbeide for kartlegging av kvikkleireområde i Rogaland, og betre lausmassekart.
  • Kommunane bør ha gode arkiver for eksisterande rapporter for skred. Det vil vere eit viktig hjelpemiddel til ROS-arbeidet i kommunen og eit viktig bidrag til den nasjonale faresonekartlegginga av skred som NVE har ansvar for.
  • Kommunen må sikre at planar for utbygging, og bruksendring/frådeling bruker rett nivå og best tilgjengelege versjon av skredfarekart og annan kunnskap om skredfare (til dømes hendingar, lausmassekart og marin grense).
  • Kommunane må stille kvalitetskrav til dei farevurderingar som blir gjorde i arealplanar. Vurderingane skal vere utførde av kompetente fagfolk og godt dokumenterte. Dette er òg ei utfordring for kommunane og andre som skal vurdere kvaliteten på desse vurderingane. Her bør ein bruke ulike rettleiarar, som NVE sin ”Flaum- og skredfare i arealplanar» (2011), «Klimaprofil for Rogaland», «Klimaendring og framtidige flommer i Noreg» (2016) og Miljødirektoratet/ DSB sin rettleiar ”Fra plan til tiltak”(2012). NVE har mange gode rettleiarar når det gjeld naturfare, mellom anna ein kartbasert rettleiar for reguleringsplan som er nyttig når det gjeld naturfare i arealplanlegginga.
  • Vi veit at vestlandsvegane er særleg utsette for skred. Det er derfor viktig at Statens vegvesen, fylkeskommunen og kommunane har ein tilfredsstillande beredskap for slike hendingar. Når det gjeld førebygging må både Statens vegvesen, fylkeskommunen og kommunane arbeide for å redusere skredfaren langs vegane i Rogaland. Fylkeskommunen og kommunane bør òg vurdere om skoleskyss kan utførast med båt i staden for buss i dei mest skredutsette områda.
  • Kommunane er forventa å abonnere på jordskredvarsel. Kvikkleireskred, steinsprang og steinskred inngår ikkje i jordskredvarslinga
  • Erosjon og menneskelig aktivitet (graving og fylling) kan utløyse kvikkleireskred og krever tiltak. NVE anbefaler tiltak for å hindre dette:
    • Kartlegge erosjon under marin grense: under marin grense kan det vere fare for kvikkleire → eroderande vassdrag kan utløyse skred, kommunen bør ha et system for å fange opp erosjon, f.eks. bekymringsmeldinger og beredskapsplanar innafor naturfarefeltet
    • Det anbefalast at kommunen har et system som kan fange opp menneskelig aktivitet for å forhindre kvikkleireskred som utløses pga. menneskelig aktivitet, f.eks. ikke godkjent graving og fylling).
  • Kommunen bør tenke på andre tiltak bortsett fra NVEs kartlegging av områder, siden denne kartlegginga tar lang tid
  • I Rogaland er det behov for faktisk avgrensing og kartlegging av fareområder for kvikkleire, dette kan kommunane gjere i eigen regi