Smittsame sjukdommar hos menneske og dyr

Smittsame sjukdommar hos menneske og dyr er òg naturhendingar. Vi har valt å dele dei geofysiske/geologiske hendingane og dei biologiske hendingane i to ulike kapittel. Årsaka er at vi i Rogaland er særdeles utsett for biologiske farar – spesielt dyresjukdommar.

Bilde av to sauser som får mat
Mating av sauer på Vistnestunet i Randaberg Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Rogaland er fylket med flest husdyr i landet og mange av dyra tett på kvarandre. Vi driv òg eit intensivt jordbruk, med relativt høg grad av kontakt med utlandet, som import av varar og bruk av  midlertidig arbeidskraft. I tillegg har vi mykje trekkfugl innom. Sjukdom hos planter og dyr kan få store økonomiske og sosiale konsekvensar for fylket vårt.

Hendingar som Statsforvaltaren i Rogaland har valt å sjå nærmare på innan risikoområdet smittsame sjukdommar hos menneske og dyr er smittsame sjukdommar hos menneskemat- og vassboren smitte og smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur

Enzooti er sjukdom hos dyr som held seg innan eit avgrensa geografisk område (bygd, distrikt) kor den er stasjonær.
Endemi er sjukdom hos menneske som held seg innan eit avgrensa geografisk område hos ei avgrensa gruppe menneske. Døme på dette er vasskoppar.
Epizooti er dyresjukdommar som spreier seg raskt mellom dyr over store landområde.
Epidemi er eit utbrot av ein smittsam sjukdom som spreier seg raskt mellom menneske. Døme på sjukdommar som kan føre til epidemiar er influensa, pest, ebola, tuberkulose og lungebetennelse.
Pandemi er ein epidemi eller ein epizooti som spreier seg over store delar av verda. Tre døme på pandemiar er Spanskesjuka (1918–1920), Asiasjuka (1957–1958) og Hong Kong-sjuka (1968–1970). HIV blir rekna som pandemisk av Verda si helseorganisasjon (WHO).
Zoonose er smitte mellom dyr og menneske. Bakteriar, parasittar, virus, sopp og prioner
som kan smitte mellom dyr og menneske kallas zoonotiske agens.

Grad av utbreiing av sjukdom hos menneske og dyr