Smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur

Bilde av en død svane som ligger på et fortau
Død svane ved Kvernevika i Stavanger Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Kva er smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur?

Dyre- og plantehelsa i Noreg er generelt god. Styresmaktene og næringa driv aktivt førebyggjande arbeid, og regelverk, erstatningsordningar og kontrollarbeid bidreg til den gode statusen. Samstundes ser vi at smittepresset aukar. Rogaland er eit fylke med svært intensiv landbruksproduksjon, og har til dømes 20 % av alt storfe i Noreg og 30 % av dei kraftfôrbaserte produksjonane svin og fjørfe. Tettleiken av husdyr og ein del plantekulturar i delar av fylket, gjer situasjonen i Rogaland spesiell samanlikna med dei fleste andre delar av landet.

Ein del sjukdommar og andre skadegjerarar hos dyr, planter og akvakultur kan føra til eit betydeleg økonomisk tap for næringa og det offentlege. Slike utbrot vil òg kunne ha konsekvensar ut over det reint økonomiske – til dømes dyresjukdommar som kan smitta over til menneske, eller planteskadegjerarar som kan ha store miljømessige konsekvensar dersom dei kjem til fylket vårt. Det er Mattilsynet som er ansvarleg for handteringa av mistanke om eller utbrot av smittsame agensar hos husdyr, planter eller sjødyr.

 

Sjukdom hos dyr

Smittsame sjukdommar hos dyr delast i nasjonal liste 1, 2 og 3-sjukdommar i tråd med Forskrift om dyrehelse (2022). Liste 1-sjukdommar reknast som svært alvorlege, og eit utbrot vil medføre omfattande nedkjempingstiltak. Nokre av desse sjukdommane kan òg gjere menneske sjuke i ulik grad. Det er 26 Liste 1-sjukdommar i forskrifta. For meir om liste 1 sjukdommen afrikansk svinepest, sjå kapittel 6.2 Scenario: «Afrikansk svinepest på Jæren». Liste 2 -sjukdommar reknast som alvorlege, og systematisk nedkjemping er påkravd for å kontrollere sjukdommen. Det er 64 slike i forskrifta. Liste 3 -sjukdommar er sjukdommar som det er viktig at Mattilsynet har oversikt over. Det er 43 liste 3 -sjukdommar i forskrifta.

I tråd med forskrift skal veterinærar og laboratorium straks varsle Mattilsynet munnleg dersom dei påvisar eller får grunn til mistanke om liste 1- eller 2-sjukdom hos dyr. Varselet skal òg sendast skriftleg via Mattilsynet sitt meldesystem. For 3- sjukdom skal det sendast melding.

 

Sjukdom og skadegjerarar hos planter

For planter er det eit mål å hindre introduksjon og spreiing av planteskadgjerarar, nedkjempa eller utrydde eventuelle utbrot i Noreg og sikra produksjon og omsetjing av plantar og formeringsmateriale med best mogleg helse og tilfredsstillande kvalitet. Forskrift om plantehelse (2000) inkluderer mellom anna spreiingsforbod av plantemateriale. Planteskadgjerarar som det ikkje er lov å introdusere og sprei i Noreg inkluderer mellom anna insekt, midd, nematoder, flatorm, sopp, bakteriar og virus.

Ved funn av ein av desse skadegjerarane vil Mattilsynet fastsette tiltak for å nedkjempe og hindre vidare spreiing. Mattilsynet kan òg gripa inn overfor andre planteskadegjerarar som kan medføre alvorlege, samfunnsmessige konsekvensar.

Salatplanting
Salatplanting Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Sjukdom hos fisk

God fiskevelferd er ein viktig føresetnad for fiskehelse, låg dødelegheit, kvalitet, omdømme og lønnsamheit. Dyrevelferdsloven (2009) sine krav til god fiskevelferd hos akvakulturfisk er regulert gjennom dyrehelseforskriften (2022), akvabiosikkerhetsforskriften (2022), dyrehelseovervåkningsforskriften (2022), dyresykdomsbekjempelsesforskriften (2022) og dyreimportforskriften (2022). Velferda til andre akvatiske dyr som mellom anna villfisk, krabbe, hummar og kreps, regulerast hovudsakeleg direkte gjennom dyrevelferdslova sine vedtak. Mattilsynet har forvaltningsansvar for å sikre at fisk og andre akvatiske dyr har det bra og behandlast i høve til dyrevelferdslova. Dei fører tilsyn med havbruksnæringa i Noreg, der målet er å hindre introduksjon og spreiing av fiskesjukdommar. Ved mistanke om sjukdom har alle plikt til å varsle Mattilsynet. Ved funn av sjukdommar som er lista opp i dyrehelseforskriften (2022), har Mattilsynet fleire tiltak dei kan sette i verk.

Ei lange
Ei lange Foto: Arne Jostein Lyshol.

Rogaland er eit stort oppdrettsfylke og kan vere sårbare for ulike fiskesjukdommar. Dei fleste bakterielle sjukdommane kan haldast under kontroll ved hjelp av vaksine, noko som ikkje gjeld for virus- og parasittsjukdommane. Smitteoverføring kan skje ved utsetjing av infisert fisk frå setjefiskanlegg, smitteoverføring frå gjenstandar med smittestoff, transport av smitta fisk i brønnbåt med opne ventilar, og smitte mellom anlegg via sjø.

 

Risiko

Noreg har stort sett vore skåna for utbrot av dei mest smittsame og alvorlege dyresjukdommane så langt. Rogaland har tross dette dei siste par åra opplevd både utbrot av Newcastle disease og fugleinfluensa hos fjørfe. Det er framleis risiko for fleire utbrot. Når det gjeld planter, har det vore få utbrot av dei mest frykta skadegjerarane. Mykje tydar derimot på at det er sannsynleg at vi i åra framover oftare vil sjå utbrot av sjukdommar og skadegjerarar i det tradisjonelle husdyrhaldet, på kjæledyr, i produksjonen av plantebasert mat, i oppdrettsnæringa og i skogbruket. Risikoen for å få nye sjukdommar og skadegjerarar til landet aukar, samstundes som sannsynlegheita for å spreie smitten når den først har komme til Noreg blir større.

Eit endra klima, med høgare temperatur og meir fukt, aukar risikoen for plante- og dyresjukdommar og andre skadegjerarar (m.a. parasittar, ugras, algar, skadedyr). Ubalansen i naturen kan og innebere endring i sjukdomsbildet for landbruket. Klimaendringane og spreiing av framande organismar over landegrenser er blant dei største og viktigaste truslane mot plantehelsa, både i Noreg og internasjonalt.

Broilerar på Kvernaland, Klepp kommune
Broilerar på Kvernaland, Klepp kommune Foto: Arne Jostein Lyshol.

Dyretettleiken i Rogaland er høg, noko som gjer at det er stor fare for spreiing dersom ein først får smitte.

Konsekvensane ved ein dyre- eller plantesjukdom vil vere størst for samfunnsverdien økonomi, ettersom eit utbrot kan få både store direkte og indirekte økonomiske konsekvensar. Dette kan til dømes vere knytt til handtering, avliving, destruksjon, sanering og andre smitteverntiltak som må setjast i gong. Dersom det er snakk om ein sjukdom som kan smitte frå dyr til menneske vil det kunne påverke samfunnsstabiliteten gjennom at folk kan få sosiale og psykiske reaksjonar.

 

Sjukdommar i det tradisjonelle husdyrhaldet

I følgje Mattilsynet er generelle tiltak og konsekvensar ved mistanke om eller påvist alvorleg smittsam sjukdom i det tradisjonelle husdyrhaldet [Mattilsynet]:

  • Avsperring av aktuelle gardsbruk. Ta prøver av dyra.
  • Intensivt arbeid for å spore smittekjelda.
  • Det opprettast risiko- og observasjonssonar. Det vil kunne vera strenge restriksjonar på ferdsel og aktivitet i desse sonene.
  • Påvist smitte kan føre til avliving av alle mottakelege dyr i buskapen og alle kontaktbuskapane. Eventuelt vil andre tiltak bli sett inn.
  • I nokre tilfelle vil kadaver måtte gravast ned eller destruerast.
  • Innbyggjarane vil raskt få eit stort behov for informasjon .
  • Det vil få store konsekvensar for dei som er råka og deira familiar. Stort behov for oppfølging.

Fleire av sjukdommane vi er redde for skal ramme buskapar i fylket er vanlegvis ikkje dødelege. På grunn av at smittefaren er ekstremt stor, vil likevel måten å handtere desse sjukdommane på i stor grad vere nedslakting og destruksjon. Nokre sjukdommar som rammar dyr er òg farlege for menneske, til dømes fugleinfluensa og svineinfluensa. Vi har døme på sjukdommar som spreier seg blant dyr utan å gjere dyra sjuke, men som utgjer ein trussel mot human helse. Eit døme på dette er MRSA-bakterien som siste par åra er funne i fleire svinebuskapar i fylket. Svinebuskapane fungerer som eit reservoar for bakteriar som kan gjere folk sjuke, og som kan vere resistente mot antibiotika. Det blir brukt store ressursar på å slakte ned smitta buskapar i eit forsøk på å utrydda MRSA-bakterien her i landet. 

Det er vanskeleg å seie kva dyresjukdommar som utgjer dei største truslane til ei kvar tid, men Mattilsynet trekk fram følgjande sjukdommar og forskrift om dyrehelse nemner desse som liste 1-sjukdommar:

  • Munn- og klauvsjuke
  • Klassisk svinepest
  • Afrikansk svinepest
  • Newcastle disease
  • MRSA

Dersom restriksjons- og observasjonssoner blir oppretta, vil dette i verste fall føra til stengd ferdsel på viktige samferdselsårer. Truleg vil sonene bli eit meir lokalt problem for dei som bur, arbeider eller går på skule innanfor sonene. Oppretting av soner med restriksjonar på transport kan føra til problem med levering av mjølk til meieri, egg til pakkeri eller dyr til slakteri. Det vil òg kunne bli ei utfordring med logistikken rundt frakt og destruksjon av kadaver og anna avfall. Denne type avfall kan i ein del tilfelle ikkje fraktast over lengre avstandar på grunn av smittefaren, og må brennast eller gravast ned lokalt.

Større utbrot av dyre- eller planteskadegjerarar kan òg få konsekvensar for tilgangen på matprodukt.

 

Skadegjerarar i planteproduksjonen

I 2016 blei det påvist Tomato chloritic dwarf viroid (TCDCd) i eit tomatgartneri i Rogaland. Mattilsynet gav pålegg om ulike tiltak for å hindre spreiing av viroiden. Mellom anna måtte alle plantane i veksthuset destruerast. Det er ikkje farleg å ete tomatar frå desse plantane. I 2017 blei ble den søramerikanske tomatmøllen Tuta absoluta oppdaga første gang i Noreg på Jæren. Deretter er den påvist hos tre andre tomatprodusentar i Rogaland. Tomatmøllen påfører tomatnæringa stor skade der den etablerer seg, og avlingstapet kan vere opp mot 100 prosent. Tomatnæringa er sjølv ansvarlege for å hindre smittespreiing.

Planteskadegjerarar kan gi store økonomiske konsekvensar for gardbrukarar, gartneri, skogeigarar og andre, men dei skadegjerarar som angrip ville arter kan i tillegg få alvorlege følgjer for natur- og landskapsverdiar. Døme på slike skadegjerarar er furuvednematode og asiatisk trebukk. Handtering av utbrot av dei mest alvorlege planteskadegjerarane vil i stor grad følgje same prosedyre som for dyresjukdommar. Ein kan lesa meir om dei einskilde sjukdommane og andre skadegjerarar på Mattilsynet sine nettsider

Tidleg påvising og effektiv nedkjemping av slike planteskadegjerarar vil kunne redusera utgiftene ved utbrot og behov for bruk av plantevernmiddel. Dersom dei etablerer seg, vil moglegheitene for eksport av planter og plantedelar til andre land kunne avgrensast.

 

Sjukdommar innan fiskeri og havbruk

Dei største tapa grunna sjukdommar hos fisk skjer ved utbrot av pankreassjukdom (PD), hjarte- og skjelettmuskelbetennelse, infeksiøs pankreas nekrose, infeksiøs lakseanemi (ILA) og viral hemoragisk septikemi. Dei ulike sjukdommane har ulike smitteeigenskapar. Til dømes er lakseparasitten gyrodactylus salaris svært smittsam og er sett på som ein av dei største truslane mot sjøaure og norsk atlantisk laks.

Spreiing av smittsame sjukdommar er ein utfordring innan oppdrettsnæringa, men villfisk kan òg bli smitta. Sjukdommane kan redusere bestanden betydeleg, eller utradere heile årsklassar av fisk. Per i dag er det få kjemiske behandlingsmiddel på marknaden. Den kjemiske behandlinga kan anten vere gjennom fôr, eller gjennom bad.

Fisk kan òg utvikle resistens mot behandlingsmiddelet dersom same middel blir brukt over lengre tid. Ein kjenner heller ikkje godt nok miljøpåverknaden av desse kjemiske behandlingsmidla, kor einskilde middel kan ha lang nedbrytingstid i naturen. I tillegg til kjemisk behandling kan ein ta i bruk biologisk behandling som utsetting av reinsefisk. Til dømes er det mogleg å bruke leppefisk som et lusa på oppdrettsfisken. Ein kan òg ta i bruk mekanisk fjerning av lakselus ved spyling med vatn.

Ved utbrot av alvorleg fiskesjukdom i oppdrettsanlegg vil Mattilsynet legge restriksjonar på lokaliteten for å unngå smittespreiing. Det kan bli forbode å flytte fisk, anlegg må tømmast og sanerast, og ferdsel må vere aktsam. Anlegg må ligge brakk i tre månadar. I kontrollområde for til dømes ILA vil det kunne vere 10-20 km frå smitta oppdrettsanlegg der det vil vere restriksjonar på andre anlegg, slakteri, og på trafikk i havområdet.

 

Sårbarheit

Faktorar som aukar risikoen for import av smitte er blant anna internasjonal handel med dyr, sæd og embryo, planter, frø, fôr og andre innsatsvarer, brukte landbruksmaskiner, emballasje og matvarer. Bruk av utanlandsk arbeidskraft og rådgivarar i ein del produksjonar er òg ein risikofaktor. Reisevanane til folk flest er med på å auke auka risikoen for å få inn smitte, og import av kjæledyr, både lovleg og ulovleg, er ein del av denne utviklinga.

Dyrehaldet i Rogaland er tett og homogent, og smitte kan lett spreie seg både ifrå naturen og ifrå naboar/samarbeidspartar. Dyr som lever innandørs lever ofte tett og smitter lett. Dyr utandørs er utsett for smitte og skadegjerarar frå naturen og omverda rundt.

Klimaendringane fører til større problem med nokre av dyresjukdomane og planteskadegjerarane vi allereie har. Dei kan og bringe med seg nye sjukdommar og skadegjerarar.

Sentraliseringa og strukturendringa mot større einingar i ein del produksjonar vil kunne lette smittespreiing, samstundes som konsekvensane blir større dersom store einingar blir slått ut.

For fiskeri og havbruk kan oppdrett ha negativ påverknad på villbestanden av fisk. I Noreg er berekna årleg tap av villaks på grunn av lakselus om lag 50 000 laks per år for åra 2010-2014, det vil seie eit tap på 10 %. I Rogaland er det mest av lus på laks i månadane mai, juni og juli. Rømming av oppdrettsfisk kan òg utgjere ein risiko for overføring av smitte til viltbestanden.

BarentsWatch overvaker helsa til fisk i landet, og samlar kvar uke inn informasjon frå fleire kjelder som er tilgjengeleg i deira kartfunksjon. I figuren under kan ein sjå tilstanden i Rogaland i veke 19 i 2023.

Kart som viser fiskehelsetilstand i Rogaland, uke 19 2023
Fiskehelsetilstand på kart, Barentswatch 2023

Fleire av fiskesjukdommane blir regulerte gjennom forskrift. Til dømes PD gjennom forskrift om tiltak for å forebygge, begrense og bekjempe PD hos akvakulturdyr (2017) og ILA gjennom å opprette egne forskrifter om restriksjonssoner eller kontrollområder på ramma lokasjoner.

Kor sårbar husdyrnæringa er kan illustrerast med følgjande døme: Alle verpehøns som skal inn i eggproduksjon i Noreg blir klekte i Time kommune. Dersom ein sjukdom slår ut denne produksjonen, vil det ikkje vera tilgang til verpehøns på ei god stund, og eggproduksjonen i heile landet vil fort kunne stupa.

Funn av furuvednematode eller andre skadegjerarar på ville treslag eller andre vekstar, kan føra til at alt av vertplanter i store område må destruerast. I følgje Mattilsynet sin beredskapsplan for furuvednematode, skal bartre i ein radius på opp til 3 km rundt funnstaden destruerast. Det er opplagt at dette vil bli ei stor logistikkutfordring, men ikkje minst vil dette rasera dei lokale natur- og landskapsverdiane.

Ut over dei økonomiske konsekvensane, vil utbrot av alvorlege sjukdommar og andre skadegjerarar i husdyr-, plante- eller havbruksproduksjonen kunne vera ei stor belastning for produsentane som blir råka. Utbrot av sjukdommar som kan smitta over til menneske, vil og kunne føra til stress i befolkninga elles. Det såg ein tydeleg eksempel på då fugleinfluensaen spreidde seg i Europa i 2006. Det er derfor viktig å mellom anna ha ein plan for nedgraving eller destruering av døde dyr, både for å unngå smitte og forureining, men òg for å unngå stress gjennom sanseinntrykk i befolkninga.

 

Tiltak

  • Evaluere varslingsrutinane mellom Mattilsynet, kommunar og relevante regionale etatar. Mattilsynet har ansvaret for handtering av mistanke om eller utbrot av ein smittsam dyresjukdom eller planteskadegjerar. Tilsynet har eit omfattande beredskapsarbeid, med jamlege beredskapsøvingar. Tidleg påvising og effektive tiltak for å handtere eit utbrot kan redusera utgiftene ved utbreiing av sjukdom og eventuell bruk av antibiotika. EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) hadde ein inspeksjon i 2012 for å kontrollera Mattilsynet sitt beredskapsarbeid for dyresjukdommar. Konklusjonen var at beredskapen i hovudsak var tilfredsstillande. Forbetringspunkt notert var at samarbeidet mellom Mattilsynet og andre regionale etatar bør bli betre, og at beredskapsplanane må oppdaterast jamleg. Gode system for å finne smittekjelda og kven som er smitta er òg vesentleg for god handtering av ei krise, og Mattilsynet har jobba mykje med å få dette på plass.

 

  • Avklare forventningane mellom Mattilsynet, kommunar og relevante regionale etatar ved ulike typar hendingar. Mattilsynet bør i større grad involvere kommunar og relevante regionale aktørar når dei øver. Eit viktig suksesskriterium for ei vellykka handtering av ei slik hending er samhandlinga, både mellom nivå og på tvers av etatar.

 

  • I ei større krise, vil kommunane spele ei viktig rolle. Det er viktig at kommunane har analysert relevante tema i samband til dyre- plante- og akvakulturhendingar i sine heilskaplege ROS-analysar, og at dei som kjem fram til særlege utfordringar med dette tar dette vidare, til dømes i overordna beredskapsplan.

 

  • Kommunane må òg kontrollere om det er nødvendig å lage tiltak i samband med smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur i overordna beredskapsplan eller fagberedskapsplanar, til dømes korleis ein skal handtere døde dyr ved alvorleg dyresjukdom.

 

  • Kommunar som har mykje husdyr må i samarbeid med Mattilsynet lage ein plan for korleis ein skal handtere destruksjon eller nedgraving av døde dyr. Statsforvaltaren ved Miljøvernavdelinga skal avklare med Forus Energigjenvinning om det er mogleg å auke kapasiteten for destruksjon av døde dyr.

 

  • Førebygging er viktigast for å redusere risiko. Nytt EU regelverk sett krav om kompetanse for dyrehald. Dyrehaldarar i næringsretta dyrehald må ha oppdatert kunnskap om sjukdommar hos dyr, sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske, førebyggande tiltak mot smitteoverføring og resistensutvikling, samt samanhengen mellom dyrehelse, dyrevelferd og folkehelse.