Mat- og vassboren smitte

Bilde av røde og grønne epler
Fruktdisk i butikk Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Kva er mat- og vassboren smitte?

Mat og vatn kan vere ei smittekjelde for sjukdomsframkallande bakteriar og andre agensar. Smitte kan skje ved forureining av næringsmiddel med avføring frå dyr eller menneske, via jord, vatn eller andre kjelder. Sjukdom som smitter gjennom mat er eit aukande helseproblem i vår del av verda. Slik smitte kan vere bakteriar, bakterielle toksinar (gifter), virus, parasittar og prioner, og føre til sjukdom. I Tabell 29 under er ei liste over dei vanlegaste smitteagensane. I 2021 var det 25 utbrot i Noreg med mistanke om smitte frå næringsmiddel som blei rapportert til Folkehelseinstituttet. Det vanlegaste agens oppgitt ved næringsmiddelborne utbrot var campylobacter (4 utbrot), salmonella (4 utbrot) og norovirus (3 utbrot).

Tradisjonelle matforgiftingsbakteriar Aktuelle mat- og vassborne smitteagens
Clostridium perfringens Norovirus
Bacillus cereus Campybalecter
Staphylococcus aureus Salmonella
  E.Coli
Listeria
Yersinia

Vanlege smitteagensar

Matforgiftingsbakteriane kan danne giftstoff (toksiner) som gjer deg sjuk, mens for dei andre smitteagensane er det sjølve bakterien/viruset som gjer deg sjuk. Einskilde av smitteagensane kan smitte frå menneske til menneske, dersom ein person er infisert. Eit døme på dette er norovirus. Norovirus er vanleg, kjem ofte i små utbrot, særleg på institusjonar og oftast om vinteren. Vi blir smitta ved kontakt med mat eller vatn som inneheld viruset. Denne maten/vatnet har då blitt behandla av ein person som har hatt smitten, eller vore skylt med kontaminert vatn. Viruset er òg luftboren, og kan overførast ved til dømes hoste.

Mat- og vassborne sjukdommar som kjem gjennom næringsmiddel som er meldingspliktige til MSIS er Botulisme, Campylogbakteriose, Diareassosiert hemolytisk uremisk syndrom, E-coli-enteritt, Giardiasis, Kryptosporidiose, Listeriose, Salmonellose og Yersiniose.

Verksemder som produserer, importerer eller sel næringsmiddel skal sikre at næringsmidla er beskytta mot all form for forureining som kan gjere dei ueigna til konsum. Mattilsynet førar tilsyn med at verksemdene har system som sikrar oppfylling av krava i næringsmiddelregelverket. Ved sjukdomsutbrot med mogleg mat- eller vassboren smitte, vil Mattilsynet jobbe i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) for å finne kjelda til utbrotet. FHI har ansvaret for organisering av arbeidet mot befolkninga, mens Mattilsynet har ansvaret for arbeidet som er retta mot matkjeda. Saman med Helsedirektoratet har dei to organa lagd ein rettleiar om utbrot».

Det er i tillegg utarbeida retningslinjer for samarbeidet mellom kommunane og det lokale Mattilsynet. Det er gjensidig varslingsplikt mellom det lokale Mattilsynet og kommuneoverlegen. Alle fastlegar har ansvar for å melde tilfelle av smittsame sjukdommar i FHI sitt meldingssystem for smittsame sjukdommar (MSIS). Eit utbrot betyr at det oppstår fleire sjuke enn forventa innan eit område i eit gitt tidsrom, eller to eller fleire tilfelle av same sjukdom og ein mistenker ei felles smittekjelde. Alle utbrot som kan ha samanheng med mat og vatn skal meldast til FHI.

 

Risiko

Kvaliteten på mat og drikkevatn i Noreg er god, og risikoen er relativt liten for å pådra seg infeksjon via mat og drikke. Smitte gjennom mat og vatn har likevel auka kraftig dei seinaste åra, òg i Noreg. Kvart år registrerer Folkehelseinstituttet 5000-7000 tilfelle av vatn- og matborne infeksjonar (matforgiftingar). Dei registrerte tilfella er berre toppen av isfjellet. Utviklinga kjem av mellom anna auke i internasjonal reiseliv, import av matvarer og råstoff, og til dels nye matvanar. Folk spør i større grad etter mat som er rå, naturleg, økologisk- eller anna matvarer utan tilsetningsstoff eller konserveringsmiddel. Sjukdomane utviklar og tilpassar seg. Framvekst av "nye" sjukdommar, nye virulenseigeskaper (sjukdomsskapande), bakteriestammar som er tilpassa nye produksjons- og oppbevaringsmåtar og med auka resistens mot antibiotika og desinfeksjonsmiddel, er blitt eit større problem.

Vegetarmat
Vegetarmat Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Konsekvensane er likevel store dersom hygienen sviktar. Sidan matvarer i større grad blir omsett i ein internasjonalt marknad, og sidan produksjonen av mat i aukande grad er sentralisert i store einingar, kan smitte bli spreidd til millionar av menneske i fleire land. Det har vore fleire tilfelle av utbrot etter smitte frå mat og vatn dei seinaste åra. I 2014 døde 15 menneske i eit listeriautbrot i Danmark gjennom å ete ulike produktet frå grisekjøt. I Rogaland har det ikkje vore dødelege utbrot, men fleire har blitt sjuke. Tabell 30 under viser ein oversikt over utbrot i Rogaland 2007-2022.

År Smitteagens Kommune Hending
2022 Norovirus Time 20 personar blei smitta av smørbrødsnittar i eit selskap på Bryne.
2020 Norovirus Stavanger Ein nasjonal konferanse med 366 deltakarar i Stavanger forum, kor 50% er blitt sjuke. Årsaka er ein pastasalat ein hadde til lunsj.
2017 Norovirus Stavanger Sju sjukeheimar og Stavanger universitetssjukehus er ramma av viruset. Operasjonar har blitt avlyst og to sengepostar er stengd for inntak. Dei smitta er blitt isolert.
2013 Cryptosporidium parvum Eigersund I alt 59 barn frå ulike klasser og skoler blei sjuke med gastroenterittsymptomar etter at dei hadde vore på ein besøksgard. I tillegg ble det rapportert sjukdom blant 32 husstandsmedlemmer i familiar med sjuke skolebarn, truleg som følgje av sekundær smitte. Utbrotet omfatta dermed i alt 91 personar. Borna hadde nær kontakt med dyr og fjøsmiljø under opphaldet på garden, og det var mangelfulle rutinar for handhygiene. Desse faktorane var truleg årsaka til utbrotet og førte til at det fekk betydeleg omfang. Etter utbrotet valte den aktuelle garden å avslutte sin funksjon som besøksgard.
2013 Campylobacter Time 80 av 372 deltakarar på sykkelrittet ‘Garborgriket rundt’ blei smitta og fekk diaré. Delar av traséen går gjennom kulturlandskap kor dyr beiter og gjødsel spreiast på jordene. Smitten skjedde frå dyr til menneske, og under blaute og gjørmete tilhøve kan gjørme (forureina med avføring) som spruter opp i andletet på syklistane derfor gi infeksjonar.
2013 Norovirus Stavanger 6 pasientar og 9 tilsette på hjarteavdelinga på Stavanger universitetssjukehus blei smitta.
2009 Campylobacter jejuni Sauda 10 barn i ein barnehage fekk mage-tarminfeksjon etter eit gardsbesøk. Ved undersøking av avføringa frå lam med diaré på garden blei det påvist same bakteriestamme som hos dyra. Utbrotet var det første der det er dokumentert at dyr på ein gard var smittekjelda.
2007 Campylobacter jejuni Klepp Eit firma hadde invitert forretningsforbindingar på grillfest der det mellom anna blei servert grilla lam. Av 55 deltakarar fekk 21 gastroenteritt etter grillfesten, og sju av dei fekk påvist i avføringsprøver. Årsaka til utbrotet var truleg mangelfull varmebehandling eller kryssforureining mellom rått og ferdiggrilla kjøtt.
2007 Norovirus Stavanger Totalt 81 menneske frå 6 ulike selskap blei sjuke med oppkast og diaré etter å ha spist mat frå same cateringfirma.

Utbrot i Rogaland (FHI.no).

Konsekvensane av mat- og vassboren smitte er størst for samfunnsverdien liv og helse. Dersom utbrotet av smitte er stort kan det òg få økonomiske konsekvensar, t.d. dersom mykje mat må destruerast. Større vassborne utbrot kan medføre at vassverket som er opphavet til smitten får ei stor auke i utgifter til betring av reinseprosess eller distribusjonsnett. Å finne årsaka til smitta kan vere ein krevjande prosess og i mellomtida kan det oppstå uro i befolkninga, dersom sjukdommen eller smittekjelda er ukjent.

 

Sårbarheit

Sidan Rogaland er eit stort landbruksfylke og Jæren har den største dyretettleiken i Europa, er det eit større potensiale for næringsmiddelborne sjukdommar her, enn i andre delar av landet.

Dei matborne sjukdommane har ulik inkubasjonstid (tida frå smitte til sjukdommen bryt ut), grad av alvor og omfang. Nokre pasientar får så alvorlege symptom at dei må på sjukehus. Alvorlege seinverknader, kronisk sjukdom og død kan skje. Dei samfunnsmessige kostnadane ved mat- og vassboren sjukdom er høge. Faktorar som medverkar til spreiing av mat og vassboren sjukdom er;

  • Sentralisering av matproduksjonen og internasjonal omsetning av næringsmiddel.
  • Bruk av ny teknologi.
  • Utradisjonelle kombinasjonar av varmebehandling, atmosfære og temperatur, samstundes med langtidsoppbevaring av næringsmiddel.
  • Mindre opplæring og kunnskap om hygiene på kjøkkenet og rundt behandling av næringsmiddel.
  • Endringar i spisevanar til meir eksotiske og utradisjonelle matvarer som kan gi nye problemstillingar og introdusera nye typar smittestoff.
  • Auka reiseaktivitet og ein aukande del av befolkninga som blir ekstra sårbar grunna høg alder, sjukdom eller behandling som svekker kroppen sitt naturlege forsvar.

Mat og drikke skal ikkje innehalda så store mengder av smittestoff eller giftstoff frå mikrobar at normalt inntak kan vere skadeleg. Smitte vil ofte gi kvalme, magesmerter, feber, akutt diare eller oppkast, men krev sjeldan ytterlegare behandling. Alvorlegare sjukdom kan likevel oppstå, særleg hos utsette grupper som eldre, sjuke og små barn. Dei kan òg utløyse alvorlege følgjetilstander.

Noreg er mindre utsett enn mange andre europeiske land grunna effektiv nedkjemping av smitte i husdyrpopulasjonen, eit godt utbygd mattilsyn og eit sterkt importvern.

Spreitt busetnad, mange små vassverk og dårleg leidningsnett gjer det utfordrande å halde drikkevatnet smittefritt. Vi må rekne med at meir ekstremnedbør, overbelasting av avlaupsnettet og høgare temperaturar vil ha ei negativ innverknad på drikkevassoverførte sjukdommar. Det har vore fleire tilfelle av funn av smitte i drikkevatn som har ført til at vatnet må kokast før bruk. Til dømes var det E.coli i drikkevatnet i Sauda kommune etter ein periode med myke regn i 2011. Det same fant ein på Utsira i 2014 og i 2016. Noreg har likevel ein av Europas lågaste førekomstar av smitte frå drikkevatn.

 

Tiltak

  • Kommunane må i større grad systematisk kartlegge kva vassleidningar som har mest lekkasje og prioritere å bytte ut dei leidningane som gir mest effekt for å redusere lekkasjeprosenten som er altfor høg i fleste kommunane. Dette vil meir systematisk redusere talet på vassleidningsbrot, redusere faren for smitte gjennom vatnet og gjere at vasskjeldene har større kapasitet til handtere framtidig auke i forbruket.
  • Mattilsynet og kommunane må forsikre seg om at dei har gode kommunikasjonsliner for varsling om utbrot og at samhandlinga mellom dei er avklart både i smittevernplanar og i praksis.
  • Det er viktig at ein avklarar roller og ansvar i fylket ved ei stor hending.
  • Klimaendringane: Det er viktig at vassverka er budde på denne utviklinga og får på plass god nok reinsing og beskyttar nedbørsfelta rundt kjeldene. Dersom drikkevatnet likevel blir forureina, må det i beredskapsplanane gå fram korleis reserveløysingar skal settast i verk. Sjølv om vassverka generelt har gode desinfeksjonssystem er vassforsyningsnettet etter desinfisering sårbart for ureining. Jo nærare kundane infiltrasjonen er, desto vanskelegare er det for vassverket å fange opp forureininga med vassprøvar. Vassverka må farevurdere og planlegge for meir robuste system som kan takle klimaendringane.