Samfunnskritiske funksjonar

Omgrepet kritisk samfunnsfunksjon blir definert som dei funksjoner som er nødvendige for å varetake befolkninga og samfunnet sine grunnleggjande behov [NOU 2006:6.]. Ein samfunnsfunksjon blir rekna som kritisk dersom eit avbrot i sju døgn eller mindre vil truge befolkninga sine grunnleggjande behov, og ein legg til grunn at beredskapsressursar blir utfordra innanfor denne perioden.

Lik DSB sin rapport «Samfunnets kritiske funksjoner» (2016c) har Statsforvaltaren valt å gruppere dei kritiske samfunnsfunksjonane etter korleis funksjonane bidrar til å varetake befolkninga si tryggleik. Dei tre kategoriane er; Styringsevne og suverenitet, Befolkninga si tryggleik og Samfunnet sin funksjonalitet. Kritiske samfunnsfunksjonar som Statsforvaltaren har vurdert som særs kritiske i Rogaland er:

Styringsevne og suverenitet Styring og kriseleiing Beredskap og kriseleiing
Befolkninga si tryggleik Helse og omsorg Helseteneste
Omsorgteneste
Atomberedskap
Naud- og redningsteneste Redningsberedskap
Samfunnet sin funksjonalitet Forsyningstryggleik Matforsyning
Drivstofforsyning
Vatn- avlaup og renovasjon Drikkevassforsyning

Avlaup - og renovasjonshandtering

Kraftforsyning Forsyning av elektrisk energi
Forsyning av fjernvarme
Elektroniske kommunikasjonsnett og tenester Ekom-tenester
Transport Transportevne
Satellittbaserte tenester Satellittenester

 

For kvar kritiske samfunnsfunksjon vil vi skildre system og ansvar, årsaker til at systemet kan svikte, systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar, korleis systemet handterer ekstraordinære hendingar, samt kritiske innsatsfaktorar.