Forsyningstryggleik

I forsyningstryggleik ligg forsyning av kritiske og nødvendige ressursar til befolkninga og verksemder med ansvar for samfunnskritiske funksjonar. Funksjonen omfattar heile verdikjeda frå produksjon til levering til sluttbrukar. Logistikk utgjer ein sentral del.

Trailere og personbiler som står i kø på en ferjekai
Foto: Fylkesmannen i Rogaland.

Matforsyning 

Definisjon

Matforsyning er evna til å sikre befolkninga tilgang til matvarer slik at tilnærma normalt kosthald kan haldast ved lag (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016).

System og ansvar

Matforsyninga kan skildrast som ei kjede som består av mellom anna produsentar og importørar, næringsmiddelindustrien, grossistar, transportørar og butikkar. Ansvaret for matforsyninga ligg i første rekkje hos marknadsaktørane. Desse er primærnæringa, næringsmiddelindustri, importørar, grossistar og detaljistar. Figuren under viser verdikjeda for matforsyning og- produksjon i Noreg.

Verdikjede for matforsyning og- produksjon i Noreg, inkludert kritiske innsatsfaktorar og politiske rammer. Pilene indikerer fysisk vareflyt mellom dei ulike delane. Dei raude pilene indikerer import (DSB, 2017)
Verdikjede for matforsyning og- produksjon i Noreg, inkludert kritiske innsatsfaktorar og politiske rammer. Pilene indikerer fysisk vareflyt mellom dei ulike delane. Dei raude pilene indikerer import (DSB, 2017)

 

Produksjon

Tilgangen på mat er avhengig av produksjon av mat og innsatsvarer frå primærnæringane innan- og utanlands. Primærnæringa omfattar jord- og skogbruk, fiske og havbruk. For å kunne produsere mat må ein ha eit produksjonsgrunnlag. Produksjonsgrunnlaget omfattar naturgrunnlaget (jord, vatn) og er bestandar av dyr og planter, maskinpark, bygningar, kunnskap og kompetanse. Innsatsvarer er varer som trengs i matproduksjonen. Viktige innsatsvarer for både jord- og havbruk er fôr og fôrråstoff, gjødsel og gjødselråstoff (mineral), kalk, vatn, frø, plantevernmiddel, medisinar, maskinar, utstyr og delar.

Rogaland har ei betydeleg jordbruksproduksjon, hovudsakeleg innan husdyr. Husdyrproduksjonen kan delast inn i grovfôr- og kraftfôrproduksjon. Grovfôr er beitegras, grøntfôrvekstar, surfôr, høy, halm og rotfrukter som blir gitt hovudsakeleg til sau og storfe. Kraftfôr lagast av energi- og proteinrike kornsortar og er normalt butikkvare, men nokre stader er det mogleg å dyrke eige kraftfôr (som bygg, havre og raps).

Rogaland står for 20 prosent av dei grovfôrbaserte produksjonane av sau, storfe og mjølk i Noreg. Her finns òg 30 prosent av dei kraftfôrbaserte produksjonane av svin, høns og kylling av landet sin totalproduksjon. Rogaland har òg ein betydeleg produksjon av frilandsgrønsaker (13,5 prosent) og potet, og veksthusproduksjon (om lag 70 prosent). Gulrot, tomat, løk og salat er dei fire grønsaksslaga det har vore størst omsetning av i lang tid i Noreg. I 2019 utgjorde Rogaland sin tomatproduksjon 94 prosent av Noreg sin totalproduksjon.

Kyr på Horpestad
Kyr på Horpestad Foto: Arne Jostein Lyshol.

Sjømat og fiskeindustri er viktig for matproduksjon i Rogaland, og ligg an til å bli stadig viktigare i lys av det grøne skiftet. I 2020 stod sjømatnæringa i Rogaland for 9 milliardar kroner i direkte og indirekte verdiskaping. Rogaland har ein del fiskeoppdrett og fiskeri, og er eit viktig leverandørfylke av fiskefôr. Dei største fiskeoppdrettsanlegga finns i Hjelmeland, Finnøydelen av Stavanger, Suldal, Tysvær og Vindafjord. Eigersund er ei viktig fiskerihamn, med mykje fiskeindustri innan m.a. sildeolje og fiskemjøl. Karmøy har Noregs største alginatproduksjon ifrå tang og tare. Dei største sysselsettings‐ og verdiskapingseffektane innan fiskeindustrien er i Stavanger, Karmøy, Eigersund og Haugesund.

Eksempel på leverandørbedrifter når det gjeld fiskeindustri er ScaleAQ i Tysvær, fiskefôrprodusenten Skretting i Stavanger, Egersund Group/AkvaGroup med avdelingar i Klepp, Karmøy og Eigersund og FoU-avdelingane til Skretting og Cargill.

Vidareforedling

Foredlingsindustri i Noreg omfattar fleire ulike verksemder, til dømes foredling av primærprodukt frå landbruk og havbruk (mjølk, kjøtt, frukt og grønt, sjømat). Døme på slike verksemder er ysteri, mølle, slakteri, pakkeri, prosessering av fisk og tang/tare, og konserveringsindustri. Andre bedrifter omarbeider allereie foredla produkt til ferdigvarer. Foredlingsindustrien kjøper både norskproduserte og importerte varer.

Blomkålskjering hos Wiig-Grønt, Klepp kommune
Blomkålskjering hos Wiig-Grønt, Klepp kommune Foto: Arne Jostein Lyshol.

Kviamarka i Hå kommune har bygd seg opp innan foredlingsindustrien. I klynga i Kviamarka finns Tine meieri, Nortura, Prima Jæren, Den Stolte Hane og Miljøgartneriet. Tine og Nortura har òg anlegg andre stader i fylket. I tillegg har vi Q-meieriet som held til på Øksnevad i Klepp kommune. Fatland slakteri held til på Hommersåk i Sandnes kommune og Ølen i Vindafjord kommune. Fatland Jæren hentar slakt frå Grimstad i sør til Ryfylke i nord. Fatland Ølen hentar slakt frå Hjelmeland i sør til Sognefjorden i nord.

Distribusjon

Frå produsent eller foredlingsbedrift blir varer kjøpt opp av kjedegrossistar og levert til dei tre hovudsalskanalane; daglegvarehandel, kiosk/bensin/servicehandel (KBS) og hotell/restaurant/catering (HORECA). I Noreg har tre store paraplykjeder kontroll over mesteparten av grossistverksemdene. Desse er NorgesGruppen, Coop Norge og Rema 1000 som til saman kontrollerer 96 % av marknaden. NorgesGruppen har 12 regionlagre og eit sentrallager på Vestby i Akershus. Coop har fem lagre og Rema 1000 har seks lagre i Noreg. Alle dei tre paraplykjedene har regionlager i Sør-Rogaland, kor dei distribuerer varar til butikkar i heile Rogaland, samt delar av Sunnhordland og vestlege delar av Agder. Distribusjonslagra er lokalisert på Skurve i Gjesdal kommune, Mariero i Stavanger kommune og Vagle i Sandnes kommune. TINE er lokalisert på tre stader i Rogaland. På Grannes i Sola kommune ligg eit meieri for produksjon av mjølk og fløyte, i Kviamarka i Hå kommune ligg det største meieriet i Noreg for produksjon av kvitost, prim, smør og margarin, og på Klepp stasjon ligg eit av tre sentrallager i Noreg.

Regionlageret til Coop i Stavanger
Regionlageret til Coop i Stavanger Foto: Oddbjørn Suvatne.

Når det gjeld detaljsal er daglegvarehandelen fordelt mellom dei tre paraplykjedene sine butikkonsept. Dei resterande fire prosentane er hovudsakleg Bunnpriskjeden, BAMA (frukt og grønt), Servicegrossistene AS og andre, uavhengige butikkar. I tillegg er det direktedistribusjon frå leverandør eller direktesal frå primærprodusentar som gardsbutikkar, bondens marknad, Reko-ring, vegsal osb. Nettsal av mat er òg i sterk utvikling.

 

Transport og logistikk

Omfanget av logistikk og distribusjon i og ut av Rogaland er formidabelt. Transporten av innsatsvarer går inn til produsentane og råstoff går ut og vidare til foredlingsindustri. Felleskjøpet Rogaland Agder, Fiskå Mølle samt alle slakteria (Nortura, Fatland og Prima Jæren) og meieria (TINE og Q-meieriet) i Rogaland har eigne lastebilar.

Mellom 2012 og 2017 auka godsmengda transportert på sjø i Sør-Rogaland med 290.000 tonn (23%), mens godstransport med jernbane auka med 130.000 tonn (19%). For vegtransport var veksten 522.000 tonn (14%) i Sør-Rogaland i same periode. Til og frå Ryfylke var veksten 97.000 tonn (18%). Den største varestraumen til/frå Vestlandet innan vegtransport skjer over E39 Krossmoen. Heile 1.512.000 tonn blei transportert inn, og 1.233.000 tonn ut av regionen på denne staden i løpet av 2017.

Transport for matvaresektoren stod for 20% av frakta gods over Arsvågen-Mortavika i 2018. Over Krossmoen går det betydelege mengder gods innan matvaresektoren, og 25% av godstransporten til austlandet er for daglegvare/matvareindustri. Mykje gods går og sjøvegen; det gjeld særleg innan fiskeindustri og jordbruk.

 

Norsk forsyningsberedskap

Dei viktigaste matvarene å forsyne oss med er korn, frukt, grønsaker, mjølk, kjøtt og fisk. Utgangspunktet for konkurransedyktig produksjon av mat i Noreg er vanskelegare enn i mange andre land. Noreg har kort vekstsesong, kaldt klima og dermed låg realproduktivitet. Jordbruksareala utgjer berre tre prosent av det samla arealet i Noreg. Vi produserer det vi treng av kjøtt og mjølkeprodukt, men er avhengige av å importere meir enn halvparten av det vi treng av korn, grønsaker og liknande. Vi eksporterer i tillegg mykje fisk. Kjøtt- og mjølkeproduksjonen er per i dag i stor grad avhengig av importerte fôrvarer. Sjølvforsyningsgraden for mat i Noreg ligg på rundt 40%, men varierer noko frå år til år (korrigert for import av fôr). Det betyr at vi importerer om lag 60% av maten vår.

  2000-2004 2005-2009 2010-2014 2015-2019 2020
Dekningsgrad 77 82 85 87 87
Selvforsyningsgrad 48 50 44 45 46
Selvforsyningsgrad i landbruket 46 49 43 44 45
Selvforsyningsgrad korrigert for importfôr 43 44 36 37 40

Nøkkeltal for dekningsgrad og sjølvforsyningsgrad (også korrigert for fisk og fôr) som femårige gjennomsnitt, og førebelse tal for 2020) , NIBIO, 2021.

Norsk forsyningsberedskap har dei seinare åra vore bygd på føresetnaden om at matvarer vil vere tilgjengeleg gjennom innanlandsk produksjon og utanlandsk import. Før 2014 hadde staten ei ordning med beredskapslager for korn. I 2021 var Noreg sin sjølvforsyningsgrad 40 prosent. Den potensielle sjølvforsyningsgraden i Noreg ved ein eventuell krisesituasjon er derimot langt større. Den totale dekningsgraden av matvarer i 2021 var på 87 prosent, der fiskeeksporten er medrekna. Større endringar i sjølvforsyningsgraden kjem av hovudsakleg variasjonar i mengda av norskprodusert matkorn på grunn av avlingsvariasjonar og kvalitet. I lys av ein meir ustabil geopolitikk, Covid-19, klima-/naturkrisa og krigen i Ukraina er det blitt meir behov for å sjå på sjølvforsyningsgraden vår og kor mykje vi kan basere mattryggleik på import i framtida.

Sjølvforsyningsgrad for ulike matprodukt
Sjølvforsyningsgrad for ulike matprodukt Foto: Helsedirektoratet.

Import og eksport

Import av innsatsvarer og matprodukt til Noreg er viktig. Vi er avhengige av velfungerande internasjonale marknad sidan vi importerer meir enn halvparten av det vi et, rekna i kaloriar. Når det gjeld mat og levande dyr importerte Noreg i 2020 mest i frå EU inkl. Norden, Brasil, Russland og Kina, samt «utviklingsland». Når det gjeld eksport av mat frå Noreg eksporterer vi i all hovudsak sjømat. Vi eksporterer stadig meir fisk, i 2021 var det eksportrekord på 3,1 millionar tonn, mest laks, makrell, sild og torsk. Landa vi eksporterte mest sjømat til, målt i verdi i 2021, var Danmark, Polen, Frankrike, USA, Nederland og Storbritannia.

Ansvar

Matsystemet er komplekst og krysser mange forvaltningsgrenser. Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har ansvaret for at distribusjonskjedene fungerer. Dersom butikkane av ulike grunnar ikkje kan halda ope for handel, er det kommunen som har det endelege ansvaret for at innbyggarane får forsyningar. Fiskeridirektoratet, som er underlagt NFD, har ansvar for forvaltning- og kontrollverksemd på regionalt og lokalt plan. Direktoratet gir fiskerisjefane i fylka faglege direktiv som dannar grunnlag for fiskerisjefen sine beredskapsplanar.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) skal bidra til at industri og handel kan oppretthaldast for å sikre forsyning av jordbruksvarer til den norske marknaden i kriser. Landbruksdirektoratet, som er underlagt LMD, sine oppgåver omfattar handtering av hendingar og kriser innan matforsyning. Direktoratet har ansvar for avlingsskadeordninga og ordninga med tilskot til beredskapslagring av såkorn. Direktoratet forvaltar importvernet for landbruksvarar gjennom mellom anna tolladministrering og tollkvoter.

Landbruksdirektoratet, fiskeridirektoratet og helsedirektoratet har ansvar for sentrale deler av matsystemet. Mattilsynet har ansvar for å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Næringsdrivarar i verdikjeda for mat har gjennom næringsberedskapsloven (2011) plikt til å bidra til å løyse alvorlege forsyningsproblem. Kommunar skal hjelpe med planlegging, førebuing og gjennomføring av beredskapsoppgåver.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Tal på folk utsette for svolt går opp i verda i dag, i 2022 var det om lag 10%. Mellom 2019-2022 auka talet på underernærte folk i verda med 150 millionar. Det går verst utover dei som allereie er sårbare; fattige og marginaliserte. Covid-19, klimaendringar og konflikt er hovudårsaken til usikkerheit for matvareforsyninga globalt også i tida framover. Auka matvareprisar og svoltkatastrofar vil igjen lede til meir geopolitiske spenningar og konflikt, meir klimagassutslepp og rovdrift på ressursar. Risikoen for regionale og globale forsyningskriser er truleg aukande, og alvorlege kriser kan og ramme oss, både direkte og indirekte.

Under FNs toppmøte om matsystem i 2021 blei det framheva at måten vi produserer og konsumerer mat i verda må endrast slik at dei blir meir berekraftige og motstandsdyktige. Desse utfordringane har gjort at det er blitt meir fokus på jordvern, sjølvforsyning og hagebruk. Diskusjonane om beredskapslagring for korn er tatt opp att, og vi ser ei medvitsendring om vår avhengigheit av import av mat og fôr.

Svikt kan skje svikt i alle ledd i forsyningskjeda. Jo tidlegare i kjeda svikta skjer, desto større konsekvensar kan svikta få.

Akutt og omfattande matmangel grunna forstyrringar i verdikjeda kan oppstå i form av etterspurnadssjokk, tilbodssvikt eller logistikkbrest. Etterspurnadssjokk inneber at etterspurnaden etter varer aukar raskare og sterkare enn det forsynings- og logistikksystemet er dimensjonert til å handtere. Dette kan føre til knappheit på varer og tenester. Tilbodssvikt inneber at ein får svikt i produksjon eller andre leveringskriser som fører til knappheit på varer og tenester. Logistikkbrest inneber eit plutseleg avbrot i normale logistikkfunksjonar og infrastruktur som medfører utilstrekkeleg tilgang til varer og tenester.

I produksjonsfasen kan ein ha mangel på naturgrunnlag som jordsmonn, lys og vatn. Jordsmonnet kan bli utarma og øydelagt ved for intensiv eller feil bruk. Økosystemtenestar som mikroorganismar og insekt tilbyr, er òg grunnleggjande for matproduksjonen. Mangel på innsatsvarer i produksjonsfasen, som fôr, gjødsel, eller medisinar, kan vere særdeles kritisk og kan få store konsekvensar for produksjonen. I Stavanger kommune ligg til dømes Skretting, som er verdas største produsent og leverandør av fôr til havbruksnæringa, noko som gjer dei til eit vesentleg ledd i fôr-til-mat kjeda. I tillegg brukar husdyrhaldet i Rogaland 500 000 tonn kraftfôr per år, men det er liten produksjon av korn i fylket. Kornarealet i Rogaland blei nær halvert i perioden 2002 – 2020, frå 45 000 daa til 23 000 daa. Med eit gjennomsnitt på 500 kg/daa betyr dette at mesteparten av kornet (bygg, kveite og havre) må bli transportert inn til fylket. Svikt av produksjonsgrunnlag kan skje både i Noreg og i landa vi importerer frå.

Når det gjeld svikt i import produserer vi i Noreg det vi treng av kjøtt- fisk- og mjølkeprodukt, mens vi er avhengige av å importere meir enn halvparten av det vi treng av kornprodukt og grønsaker mm. I tillegg er husdyrproduksjon og fiskeoppdrett i stor grad avhengig av importerte fôrvarar. Svikt i import kan dermed gi store konsekvensar for leveringsevna. Ei kraftig prisauke i kraftfôr vil ha store konsekvensar for husdyrfylket Rogaland, og vil føre med seg stor usikkerheit for husdyrproduksjon.

I situasjonar med mangel på innsatsfaktorar som mellom anna transportevne, elektronisk kommunikasjon, straum eller arbeidskraft vil ein kunne få forstyrringar i produksjon og distribusjon. Dette kan skje i alle ledd i verdikjeda. Logistikk som kan svikte omfattar transport og lagring av innsatsmiddel og matvarer i både ut- og innland.

Matvarer i butikk
Matvarer i butikk Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Svikt i straumforsyning vil ha ein effekt på produksjon av matvarer både frå sjø og land. Følgjene for produksjonen er avhengig av dei ulike næringane sin eigenberedskap. Husdyrbuskapar får problem med dyrehelsa over kort tid, dersom ein ikkje har naudstraum eller drivstoff til aggregat. Straumbrot vil òg gi utfordringar med kjøling av ferskvarer, å hente ut varer for distribusjon i distribusjonslagera dersom desse ikkje kan hentast manuelt, samt betalingssystem. Eit omfattande straumbrot kan òg ramma logistikken i verdikjeda på fleire vis, mellom anna drift av lager, lagersystem og transportterminalar, kommunikasjon/meldingstenester, distribusjon av matvarer og butikkdrift. Auka prisar på kraft og drivstoff påverkar og produksjonen i landbruket, som vi ser tendensar til i 2022. Dette kan resultere i mindre vareutval og auka priser.

Svikt i eller auka kostnader til drivstofforsyning til transport vil påverka produksjon og distribusjon av matvarer til sluttforbrukar. For bønder er avhengigheita av diesel til drift av landbruksmaskiner det mest sårbare.

Ved langvarig svikt i ekom vil ein på kort tid få store forstyrringar i distribusjon av daglegvarer. Befolkninga vil merka at vareutvalet blir mindre og at butikkar må stengje.

Dyre-, og plantesjukdom kan forstyrre produksjon av kjøtt/fisk- og mjølkeprodukt, og samstundes forstyrra distribusjon av jordbruks-, fiske- og havbruksprodukt. Ei uønskt hending, til dømes særs alvorleg smitte på ein gard, kan i verste fall røre ved alle foredlingsaktørane i Kviamarka. Spreidd lokalisering av produksjonseiningane er derfor avgjerande for å unngå smitte mellom einingane. God fiskehelse er viktig for norsk havbruksnæring og ofte ein føresetnad for tilgang til andre land sine marknader.

Store ulykker/hendingar med utslepp av farlege stoff, spesielt atomulykker, kan kontaminere produksjonsgrunnlaget og innsatsvarer gjennom radioaktivt nedfall. Dette kan både ha kort- og langtidskonsekvensar for næringsmiddel.

Endring i rammevilkåra kan òg føre til forsyningssvikt. Regulering, handelsavtalar og liknande dannar viktige rammevilkår for korleis systemet/verdikjeda fungerer. Blokade av mat er eit kjent verkemiddel i konfliktar som kan gjere at systemet sviktar.

Endringar i agronomi/teknologi/produktivitet, ressurstilgang, geopolitikk og marknadsmakt er alle faktorar som kan truge matforsyninga. Dei vil ikkje føre til brå hendingar som vil få alvorlege konsekvensar for matforsyninga. Alle desse utviklingstrendane kan derimot krevje betydeleg omstilling av matproduksjon over tid.

Klimaendringar og tap av natur gir redusert og uføreseieleg jordbruksproduksjon i verda, for eksempel ved uttørking av korndyrkingsområde, auka variasjon i årlege avlingar som ei følgje av ustabile vêrtilhøve og ekstremt vêr, samt spreiing av sjukdommar og skadedyr til nye område. Det er mykje forsking som dokumenterer at verda står ovafor både nye og aukande truslar mot matproduksjonen og stabiliteten til  matsystema. Dette skaper behov for endringar i matproduksjon og matsystem.

Pandemi: Som vi har sett dei siste åra er det mange måtar ein pandemi utgjer ein trugsel for forsyninga av varer og tenester. Det gjeld både innan produksjon, distribusjon og kjøp/sal i butikk. I starten på Covid-19 var det tilløp til etterspurnadssjokk, med hamstring, og etter kvart var det tilgang på arbeidskraft m.a. innan landbruk og logistikk som var utfordrande. Covid-19 pandemien viste oss kor dårleg førebudde vi som samfunn var på ei slik varsla krise.

Erfaringar dei siste åra

Dei seinaste åra har vi sett mange eksempel på kor sårbare vi er når det gjeld forsyning av varer og tenester. Vi har erfart konsekvensane av Pandemi, klima- og naturkrise, krig i Ukraina og blokkering av viktig transportveg (skipet Ever Given som blokkerte Suezkanalen i 7 dagar -der 12 prosent av verdas varehandel passerer).

Prisane på landbruksvarer globalt har stige sterkt, mest for planteoljer og korn. Årsakene er mellom anna tørke i Nord-Amerika, Brasil og Argentina, lågare avling enn venta i Brasil, Ukraina og Russland, noko som er dramatisk forverra med krigen i 2022. Dyrare kraft og drivstoff har og sendt prisane oppover. I tillegg har Covid-19 pandemien auka etterspørselen og gjort logistikken mindre effektiv. Som ein konsekvens av auka priser vil produsentane auke produksjonen, noko som igjen aukar etterspørsla etter m.a. kunstgjødsel og dyrka mark.

Global logistikk har og tatt skade av Covid-19 og klimaendringar. Mangel på arbeidskraft under pandemien leda til containermangel innan skipstrafikken. Fraktkostnadane auka, og så kom blokkeringa av Suezkanalen i tillegg. Deretter blei det katastrofale flaumar både i Kina og Europa, og bidrog til betydelege logistikkproblem. Så kom energikrisa, som m.a. har ført til straumrestriksjonar i Kina og redusert kapasitet i fabrikkane.

I Noreg har den sterke oppgangen i straumprisane i 2021/22 påverka lønsemda i gartneribransjen og for svin- og fjørfeprodusentar spesielt. Matvareprisane stig merkbart også her.

Krigen i Ukraina har så langt ført til mangel på ulike varer som for eksempel matolje, kveite, kalium, fosfor og nitrogen (kunstgjødsel).

 

Systemet si evne til å levere når det blir utsett uønskte hendingar

Dei viktigaste føresetnadene for nasjonal matsikkerheit er nasjonal produksjon av mat, å ivareta produksjonsgrunnlaget, eit velfungerande handelssystem og logistikk til og frå velfungerande marknader.

Matforsyningssystemet i Noreg og Rogaland er robust, og det skal svikte i fleire ledd over lang tid før  ein kan snakke om ei svikt i matforsyninga. Likevel er det fleire sårbarheiter vi må handtere.

Ein del av kornet (bygg og havre) som i dag brukast til fôr kan gå direkte til mat. Dette vil eventuelt kunne bidra med å auke eigendekninga av mat i ein krisesituasjon. Noreg har òg  ein del fiskeressursar som truleg kan brukast i kriser.

Kornsiloer plassert ved sjøkanten med en båt i bakgrunnen
Stavanger havnelager for korn, inntil vidare Foto: Tonje F. Aase.

Regjeringa vedtok å avvikle beredskapslagring av korn i 2002. Noreg sin einaste beredskapssilo for korn ligg i Stavanger og blei kjøpt av Felleskjøpet Agri i 2014. Siloen har ein kapasitet på 190 000 tonn, og diskusjonen foregår enno om den skal rivast, byggast om eller brukast til korn.

Den store nedbygginga av landbruksjord vi har i dag kan gjere systemet mindre robust og minskar sjølvforsyningsgraden. Frå 2004 til 2019 blei om lag 130 000 dekar jordbruksareal bygd ned i Noreg, og Rogaland er verstingfylke med nedbygging av om lag 40 000 dekar dei siste 30 år. Det meste er tilnærma irreversibelt. Nedbygginga gjeld for det meste den jorda som har best kvalitet, som ofte ligg nærast tettstadene. Tilgjengeleg erstatningsjord for nydyrking er konfliktfylt i Rogaland, og natur- og klimakrisa aukar konfliktnivået. 

Produsentnedgang er og ei trugsel. Frå 1969 til 2020 har talet på jordbruksforetak i Noreg gått ned med 75%. Bruka blir færre og større, og jordbrukskompetansen sjeldnare. Krevjande rammevilkår og dårleg økonomi gjer at mange bønder vurderer å gi seg.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap oppfordrar alle å ha ein eigenbehaldning av daglegvarer i heimen, slik at ein er betre rusta til å klare seg sjølv i nokre dagar dersom til dømes butikkane er stengde. På nettstaden til www.sikkerhverdag.no ligg gode tips.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar

Svikt i innanlandsk produksjon føresetjast kompensert gjennom auka utanlandsk import. Fleire tiltak kan tenkjast å bli sett i verk for å sikre nok mat til befolkninga ved forstyrringar i verdikjeda. Dette kan skje gjennom omlegging av hushalda sitt kosthald. Førehandslagring av produkt og innsatsfaktorar er òg ei moglegheit. Forsyning av mat kan òg oppretthaldast gjennom sikring av leveransar frå andre land, og gjennom omstilling av innanlandsk produksjon av mat. Styresmakta vil i ein krisesituasjon leggje vekt på å finne den mest hensiktsmessige kombinasjon av tiltak i samråd med næringslivet.

NFD handterer og planlegg forsyningskriser innan matvaresektoren i saman med andre styresmakter og næringsdrivande. LMD legg til rette for kontinuerleg produksjon, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og bidra til nødvendig supplering av norsk produksjon gjennom import.

Rådet for matvareberedskap er eit rådgjevande organ og ein del av NFD si kriseorganisasjon. Rådet består av representantar for matvaredistributørane (grossistsammenslutningene).

I ei krise med redusert tilgang på karbohydrat og protein, vil det vere naudsynt å tenke alternative måtar for transport av karbohydrat mellom landsdelane, alternativet er ein overgang til full grasbasert produksjon for storfe og sau, og delvis nedslakting for svin og høns. Trevirke, tang og tare kan vere alternative proteinkjelder. Metodane for foredling er kjente, men er ikkje oppskalerte.

Eit anna tiltak som kan vere aktuelt er rasjonering, for å unngå hamstring av mat og for å unngå stigande matprisar. Der det er mogleg kan ein òg drive direkte handel med produsentar i nærmiljøet.

Ved Coop Stavanger er det naudstraumsaggregat, men det har ikkje dei andre. I naudstilfelle kan nokre varer hentast ut manuelt.

 

Kritiske innsatsfaktorar

  • Tilgang på vatn. Vatn er i ei særstilling blant innsatsfaktorane, både som den viktigaste innsatsvaren i all jordbruksproduksjon og i mange foredlingsprosessar. Både for lite vatn (tørke) og for mykje vatn (flaum, ekstrem nedbør, erosjon) kan påverke avlingar lokalt eller over store område.  For fiskeproduksjonen er vatnet si kvalitet, temperatur og pH avgjerande.
  • Eit fungerande vatn- og avlaupsnett er kritisk for å hindre spreiing av sjukdom og å ikkje produsere kontaminert mat.
  • Tilgang på areal og eit sunt og produktivt jordsmonn er kritisk for matforsyninga i Noreg.
  • Tilgang på eit produktivt hav er òg kritisk for matforsyninga.
  • Tilgang på fôr er kritisk for produksjonsgrunnlaget.
  • Tilgang på arbeidskraft er viktig i alle ledd i verdikjeda for å sikre forsyning. Det same gjeld for kompetanse, til dømes innan bondeyrket.
  • Tilgang på kapital er kritisk for mellom anna import og handel av varer.
  • Tilgang på kraftforsyning er kritisk i alle ledd i verdikjeda.
  • Transportevne og -infrastruktur er viktig for å oppretthalde logistikken mellom ledda i verdikjeda.
  • Drivstofforsyning er viktig for landbruksmaskiner, samt logistikk og distribusjon av varer.
  • Ekom-infrastruktur er viktig for å ikkje skape forstyrringar i distribusjonsleddet.
  • Gode politiske rammevilkår – deriblant handelsavtalar, tollregimer og landbruk-, fiskeri og næringspolitikk er kritisk for stabiliteten i verdikjeda.
  • Det er òg avgjerande at biologisk og genetisk mangfald blir oppretthaldt, slik at landbruket skal kunne tilpasse seg endringar i klima.

 

Drivstofforsyning

Definisjon

Drivstofforsyning er evna til å sikre verksemder og privatpersonar tilgang til tilstrekkeleg drivstoff (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c).

Definisjonen på drivstoff er energibærande brennstoff i flytande form eller som gass. Stoff som skaper energi i ein forbrenningsprosess og som kan drive maskinar. Drivstofforsyning omfattar forsyning av petroleumsbasert drivstoff og energigassar til verksemder og privatpersonar tilpassa den etterspurnad som til ein kvar tid er i marknaden, uansett kva som måtte inntreffe. Drivstoff er ein viktig innsatsfaktor for næringslivet og for transportsektoren.

Våre mål om reduksjon av klimagassutslepp gjer at vi i større grad må over på alternative drivstoff med låg- og nullutsleppsteknologi. Nullutsleppsteknologi omfattar batterielektrisk og hydrogen-elektrisk framdrift. Lågutsleppsteknologi omfattar er hybride løysingar som kombinerer nullutsleppsteknologi med fossil forbrenning. Biodrivstoff reknast som klimanøytralt, sjølv om det kan ha indirekte utslepp pga. t.d. arealbruk.

Tradisjonelt har stader for sal av drivstoff blitt kalla for bensinstasjonar. No er det meir rett å kalla desse for energistasjonar. Dette fordi stasjonane i større og større utstrekking tilbyr biodrivstoff, elektrisk lading og hydrogen.

 

System og ansvar

Frå januar 2017 ligg ansvaret for fossil drivstofforsyning under Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Tidlegare låg det under det Olje- og energidepartementet. NFD har ansvaret for heile verdikjeda – frå raffinering til energistasjonane.

Før drivstoffet når forbrukar skal det igjennom fleire ledd. Både raffineri, transport på skip, drivstoffdepot, transport på tankbil og salet frå stasjonar må fungere for at systemet skal levere.

Et kakediagram som viser prosentandelen drivstoff solgt av hvilke bensinstasjoner
Marknadsdel bilbensin 2020 Foto: Drivkraftnorge.no.

Samfunnet er i stor grad avhengig av petroleum til framstilling av drivstoff. Diesel og bensin er enno dei mest vanlege drivstoffa, men elektrisitet og biodrivstoff aukar stadig. Einaste staden i Noreg som raffinerer petroleumsbasert drivstoff er Mongstad i Vestland. I tillegg kjem det drivstoff frå raffineri i utlandet.

Graf over utviklinga i energibruk til vegtransport, 1990-2021 Foto: SSB.

Frå raffineria blir drivstoffet distribuert til regionale drivstoffdepot over heile landet. I Rogaland har vi tre drivstoffdepot. Dei to som ligg i kommunane Karmøy og Sola kommunar er eigd av St1 Norge, mens depotet i Stavanger kommune er eigd av Uno-X energi.

Det varierer kor drivstoffdepota i Rogaland får sine leveransar frå. St1 i Karmøy får til dømes drivstoff frå Mongstad vinteren 2022-23 medan dei får frå sitt eige raffineri i  Gøteborg resten av året.

I 2021 var det  1713 energistasjonar  i Noreg, og 185 i Rogaland. I tillegg til dei store kjedene som vist i figur 9 har firmaet Tanken 17 energistasjonar i Rogaland. Det kanadiske selskapet Circle K kjøpte Statoil sine bensinstasjonar i 2012. Det finske selskapet St1 kjøpte Shell sine drivstoffdepot og bensinstasjonar i 2015, men har framleis avtale om å behandle namnet på stasjonane.

Drivstoffdepotet til St1 på Karmøy leverer bensin og diesel til alle Shell og Esso bensinstasjonane på Haugalandet og i Sunnhordland. Circle K på Haugalandet får i 2023 sine forsyningar frå Bergen, medan Uno-X får forsyningar frå Stavanger. Kva depot i Rogaland som leverer til dei ulike kjedene er i stadig endring. Nokre kan og få forsyningar frå depot i andre deler av landet.

Depot til St1 i Sola kommune har frå 2022 igjen fått godkjente tankar for bensin og leverer nå både diesel og bensin til Shell og andre stasjoner i Sør-Rogaland.

Drivstoffdepotet til Uno-X i Stavanger leverer bensin og diesel til alle bensinstasjonane i Sør-Rogaland utanom Shell. Haugesund lufthamn Karmøy får flybensin frå depot i Vestland. I tillegg er det fleire drivstoffdepot i Rogaland som leverer drivstoff til skip og fiskebåtar.

Petroleumsprodukt står for 44 % av det totale energibruket i landet, og mesteparten av dette (88%) går til transportsektoren (bensin, diesel, maritime gassoljer og jetparafin). Trenden er nedgang i bruk av petroleumsprodukt.  Terminalsjef Claes Bjelland St1 Karmøy anslår at forbruket av bensin er redusert med ca. 30% og diesel ca. 25% dei siste 4-5 åra (telefonsamtale 31.01.2023). Grunnen til at diesel er mindre redusert er at det framleis nyttast mykje i landbruket, bygg og anlegg etc.

Kakediagram som viser fordelingen over hvilke energityper vi bruker i Norge
Samla energibruk i Norge Foto: SSB.

Årsaker til at systemet kan svikte

Svikt i transportevne. Dersom drivstoffdepota ikkje får nye leveransar vil forsyninga stoppe opp etter om lag 1-1,5 måned for bensin og diesel. I tillegg til dette kjem beredskapslagringa. Svikt i godstransporten vil medføre at mange verksemder vil måtte stengje eller redusere produksjonen.

Ved eit langvarig straumbrot er det framleis mogleg å levere drivstoff frå skip til depot, frå depot til tankbilar og til bensinstasjonar. Dette fordi det er pumper på skip og tankbilar og sjølvfall frå tankane på depota til tankbil. Utfordringa er å få drivstoffet ut frå energistasjonane.

Årsaker til forsyningssvikt kan vere streik, internasjonal oljekrise eller at raffineri ikkje kan levere. Det er ikkje sannsynleg at det vil vere mangel på raffinerte oljeprodukt på verdsmarknaden i fredstid. Sist det skjedde var i 1973. Ein streik som råker eitt eller fleire ledd vil sette systemet ut av drift, men berre for kortare tid.

Terrorangrep, sabotasje eller ei anna tilsikta handling som sett drivstoffproduksjonen ut av drift gjer òg at systemet kan svikte.

 

Systemet si evne å levere når det blir utsett for uønskte hendingar

Den mest kritiske faktoren for forsyninga av drivstoff i Rogaland er langvarig straumbrot og det siste leddet i kjeda; å få drivstoff ut frå energistasjonane. I slike fall vil også transport og maskiner som går på elektrisitet stoppe opp. Det vil heller ikkje vere mogleg å bruke elektroniske betalingsløysingar ved slike høve.

Dersom IKT-systema sviktar vil levering av drivstoff bli forsinka når ulike ledd må gå over på manuelle rutinar som det kan vere lenge sidan er prøvd. I verste fall kan heile systemet svikte. Det er grunn til å tru at mange IKT-system fell ned når straumen blir borte.

Dersom eit raffineri ikkje kan levere som avtalt er det så mange tilbydarar i denne marknaden at det er mogleg å finne alternative leverandørar. Dersom det ikkje er ei internasjonal oljekrise er det mogleg å finne alternative raffineri som kan levere til depota, og depota kan levere til tankbilane. Dersom eit depot i Rogaland er nede kan dei andre to overta forsyninga. Dersom fleire er nede samstundes kan vi få leveransar frå depot i andre deler av landet. Dette vil krevje meir transportkapasitet og vil vere utfordrande over tid dersom ikkje kapasiteten blir auka. Dersom IKT-systemet som styrer fylling av tankbilar frå depot er nede er det mogleg å etablere manuelle system.

Dersom det er streik er bruk av tvungen lønnsnemnd aktuelt når liv og helse blir truga. Ekstraordinære hendingar kan òg sette deler av kjeda ut av spel, men det vil vere mogleg å finne alternativ på relativt kort tid.

Forstyrringar i drivstofforsyninga kan medføre hamstring som vil forsterke drivstoffmangelen. Ulovleg lagring av hamstra drivstoff vil kunne medføre fare både for brann og for forureining.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

Systemet er marknadsbasert der einskilde ledd i forsyningskjeda har ansvar for eiga verksemd. Nærings- og fiskeridepartementet har ei beredskapsrolle ved større fysiske underskot på drivstoff til landet og kan vedta tiltak om å bruke frå beredskapslaga. Departementet la ned rasjoneringsberedskap innanfor drivstofforsyninga i brev av 19. desember 2003. Eksisterande rasjoneringsmateriell skulle framleis takast vare på til nærare beskjed blei gitt. Rasjoneringsordninga for oljeprodukt blei formelt oppheva ved kgl. Res. Av 29.08.2014. Statsforvaltaren fekk i 2019 i oppdrag frå NFD å sørge for at rasjoneringsmateriell for oljeprodukt hos kommunar, fylkeskommune blei destruert på forsvarleg vis. 

Alle selskap som importerer eller raffinerer oljeprodukt må ha på lager for bensin og diesel tilsvarande 20 dagar av salet frå året før, jf. lov om beredskapslagring av petroleumsprodukter (2006) §§ 2-4. Dette er ein nasjonal ressurs som selskapa kan lagra kor som helst i Noreg. Vi veit ikkje om noko av dette er lagra i Rogaland. Kvart drivstoffdepot i Rogaland har en buffer på lager. St1  på Karmøy får til dømes forsyningar ein gong per månad og kan normalt levere diesel og bensin i frå 1 til 1,5 månad utan nye forsyningar før det er tomt.

Nasjonale styresmakter kan sette i verk rasjonering av drivstoff grunna nasjonale eller internasjonale høve knytt til oljeforsyning, til dømes i samband med ei tryggleikpolitisk situasjon.

Statsforvaltaren er ikkje kjent med at nokon energistasjonar har straumaggregat eller manuelle pumper som gjer det mogleg å få drivstoff ut ved eit straumbrot. Korleis kundane skal få betalt når elektroniske betalingsløysingar er nede er heller ikkje avklart. Nokre kommunar har eigne drivstofftankar som opphaveleg er til bruk i teknisk etat, men der prioriterte verksemder i kommunen kan tanke dersom det ikkje er mogleg å få ut drivstoff frå bensinstasjonane.

Statsforvaltarane fekk i 2022 eit oppdrag frå NFD med å medverke til at det blei etablert ein prioriteringsordning for drivstofforsyning. Vi hadde møte med kommunar, naudetatar og dei som har med drift av vegnettet og sendte NFD ei liste over kritiske brukarar i Rogaland i mai 2022. NFD skulle i laupet av 2022 operasjonalisere prioriteringsordninga og peike ut energistasjonar. Dette arbeidet er forsinka. NFD er i 2023 i dialog med Kartverket for få på plass ei digital kartløysing som skal kunne nyttast til utpeiking av stasjonar og for å halde løysninga ved like.

 

Kritiske innsatsfaktorar

  • Forsyning av straum er den viktigaste innsatsfaktoren for å få drivstoffet ut til kundane.
  • Ein stabil finans- og oljemarknad er viktig for å hindre ei internasjonal oljekrise, rasjonering eller ekstremt høge prisar. Arbeidskonfliktar og streik kan føre til at det kjem for lite oljeprodukt fram til sluttbrukarane. Dette gjeld både produsentar, transportørar, depot og sal.
  • God tilgang på alternativ energi gjer samfunnet meir robust for sviktande og minkande fossile energikjelder.
  • Ekom-tenester er sentral for ei effektiv drift av næringskjeda frå produsent til sluttbrukar. Spesielt sårbar er elektroniske betalingsløysingar. Dette vil auke i takt med at det blir mindre og mindre kontantar i omlaup.