Vedlegg 5. Vurdering av konsekvens

Ved kvar einskild scenario og risikoområde er det gjort ei vurdering av kvar einskild konsekvenstype. Fylkesmannen i Rogaland har tatt utgangspunkt i DSB sitt «Nasjonalt risikobilde» (2014) og brukt følgjande konsekvenskategoriar og underkategoriar;

  • Liv og helse
    • Dødsfall
      • Direkte
      • Framskynda
    • Alvorlege skadde og sjuke
      • Alvorleg skade
      • Alvorleg sjukdom
  • Natur og kultur
    • Langtidsskadar på naturmiljø
    • Uopprettelege skadar på kulturmiljø
  • Økonomi
    • Direkte økonomiske tap
    • Indirekte økonomiske tap
  • Samfunnsstabilitet
    • Sosiale og psykologiske reaksjonar
    • Påkjenningar i dagleglivet
  • Styringsevne
    • Svekka regional samordning

For å kunne samanlikne og ha ei gjennomgåande vurdering, er det satt talverdiar eller konkrete kriterium ved kvar konsekvenstype som skildrar alvorsgraden. «Krava» for å nå opp til kvar gradering ved konsekvensvurderinga er 25% av dei verdane som er brukt i DSB sitt «Nasjonalt risikobilde» (2014) og tilsvarande det som er brukt i «FylkesROS for Oslo og Akershus 2016» (2016). Årsaka til dette er å skalere tala ned frå eit nasjonalt nivå til fylkesnivå. Denne verdien gjelder dei konsekvenstypane som vurderast med basis i tal. Dette gjelder til dømes Liv og helse og Økonomi. Der kor vurderingane blir gjort meir med bruk av skjøn, og er basert på observasjonar av kartlagde kjenneteikn, er dei same vurderingane brukt som i Nasjonalt risikobilde. Dette gjelder til dømes Samfunnsstabilitet og Natur og kultur.

Det blir gjort ei vurdering av både konsekvensar som ei direkte følgje av den uønskte hendinga, og eventuelle følgjehendingar. I nokre tilfelle er einskilde følgjehendingar lagt inn som føresetnader i scenarioa i forkant av risikoanalysen, mens andre følgjehendingar kan komme fram undervegs i analysen.

 

Konsekvenstypen «Liv og helse»

 «Dødsfall»

Med «dødsfall» meinast personar som døyr direkte og/eller personar med skadar som førar til ei framskynda død som følgje av den uønskte hendinga. Direkte døde omfattar her alle som døyr av hendinga innan eitt år. Med framskynda død meinast personar som døyr innan 20 år etter hendinga.

Score fastsettast ut frå talet på personar som kan tenkjast å omkomme (direkte og/eller framskynda) som følgje av hendinga. Høgaste score blir gjeldande:

Talet på personar < 1 2 – 5 5 – 25 26 – 75 < 75 

Direkte (første år)

A

B

C

D

E

Framskynda (i laupet av 20 år)

A

A

B

C

D

 

«Alvorleg skadde og sjuke»

Med «alvorlege skadar» meinast alle skadar som ikkje nødvendigvis er livstrugande, men som krev behandling på sjukehus og/eller gjer varige mein. Døme på dette er hovudskadar, forbrenningsskadar og indre skadar. Med «alvorleg sjukdom» meinast alle sjukdommar som ikkje nødvendigvis er livstrugande, men som krev behandling på sjukehus og/eller gjer varige mein. Døme på dette er smittsame sjukdommar og psykiske lidingar. Score fastsettast ut frå talet på personar som kan få alvorlege skadar eller blir alvorleg sjuke som følgje av hendinga. For kvar direkte ramma (død, sjuk eller skadd) vil mange kunne bli indirekte ramma gjennom relasjonen til dei direkte råka. Desse er ikkje inkludert.

Talet på personar < 5 5–25 26–75 76–400 < 400

Alvorleg skadde

A

B

C

D

E

Alvorleg sjuke

A

B

C

D

E

 

Konsekvenstypen «Natur og kultur»

«Langtidsskadar på naturmiljø»

Denne konsekvenskategorien gjelder langtids- eller permanent skade på naturmiljø. Naturmiljøet er avgrensa til å omfatte naturen sin eigenverdi, og ikkje til bruks- eller nytteverdi for menneske. Det som er inkludert er naturen som livsmiljø for plantar og dyr, samt spesielle geologiske førekomstar til dømes som følgje av luft-, vass-, og jordforureining.

Konsekvensane vurderast ut i frå geografisk utbreiing, lengd og nasjonal- og regional verdi. Utbreiing omtalast i km2 ved permanente eller langtidsskadar på innanlands natur. Dersom det gjelder kystline omtalast utbreiing som lengda på det råka område, noko som vil seie i km. For å setta arealkrava inn i ein samanheng, kan ein opplysa om at Rogaland har eit total areal på 9 378 km², kor 587,6 km2 av dette er ferskvatn.

Lengd blir gitt i år og vurderast som tida det tar i frå skaden inntreff, og fram til natur og miljø er fullstendig restituert. Det vil seie til normaltilstanden er retta opp att. Høgaste score blir gjeldande.

Nasjonal og regional verdi blir vareteke ved at score oppjusterast eit trinn dersom;

a)       Hendinga påverkar utrydningstruga plante- og/eller dyreartar (raudlisteartar) og/eller viktige vekst- og levekår for plantar og dyr, eller

b)      Hendinga skjer i verneområde som nasjonalpark eller naturvernområde.

Geografisk utbreiing (Km2/Km) 1–7 8–75 76–750 > 750

3 – 10 år

A

B

C

D

Meir enn 10 år

B

C

D

E

 

«Uopprettelege skadar på kulturmiljø»

Kulturminne er fysiske spor etter menneskeleg verksemd, til dømes historiske hendingar, tru og tradisjon. Kulturmiljø er eit område kor kulturminne inngår som del av ein heilskap.

Kulturminne eller kulturmiljø har ulik kulturhistorisk verdi og formell vernestatus. Dei spenner frå automatisk freda kulturminne etter kulturminneloven (1979), til å ha ei viss vernestatus etter vedtak av lokale eller regionale styresmakter. Nokre kulturminne i utbyggingsområde er regulert til spesialområde bevaring etter plan- og bygningsloven (2013).

Konsekvenskategorien vurderast ut i frå talet på og grad av kulturhistorisk verdi. Vurdering av kulturhistorisk verdi inneber ei vurdering av om området/objektet reknast som unikt i ei nasjonal og regional kontekst, reknast som eit nasjonalt eller regionalt symbol og/eller har ei spesiell historisk verdi.

Score fastsettast ut i frå grad av kulturhistorisk verdi. Ved to eller fleire kulturminne/-miljø, justerast scoren opp eit trinn. Høgaste score blir gjeldande:

Grad av kulturhistorisk verdi Verneverdige
Freda
 kulturminne   kulturmiljø   kulturminne   kulturmiljø 

Kulturminne 1

A

 

C

D

Kulturminne 2

A

 

C

D

Kulturminne 3

A

 

C

D

Kulturminne 4

A

 

C

D

Kulturmijø 1

 

B

C

D

Kulturmijø 2

 

B

C

D

Kulturmijø 3

 

B

C

D

Kulturmijø 4

 

B

C

D

 

Konsekvenstypen «Økonomi»

Økonomiske tap omfattar både direkte og indirekte tap for privatpersonar, verksemder og det offentlege på grunn av hendinga. 

«Direkte økonomiske tap»

Direkte tap er knytt til materielle skadar på eigedom som reparasjonskostnader eller erstatningsverdi. Dette gjelder bygningar, infrastruktur, inventar, maskinar, utstyr, samt skog, dyrka mark og utmark. Dessutan reknast offentlege utgifter til naud- og redningsarbeid som direkte kostnader. Direkte tap er angitt som summen av kostnader:

Kostnader (Kr.) < 25 mill. 25–125 mill. 125–500 mill. 0,5–2,5 mrd. 0,5–2,5 mrd.
 

A

B

C

D

D

 

Konsekvenstypen «Samfunnsstabilitet»

«Sosiale og psykiske reaksjonar»

Sosiale og psykologiske reaksjonar kan oppstå når ei hending, eller handteringa av ei hending, set sterke kjensler i sving og påfører delar av befolkninga store psykologiske påkjenningar. Einskilde kjenneteikn ved hendingar kan skape uro, usikkerheit, frykt, sinne, avmakt og mistillit til styresmaktene. Ein syner denne konsekvenskategorien gjennom reaksjonar på kartlagde kjenneteikn. 

Vurderinga er tatt utgangspunkt i korleis ein trur befolkninga vil oppfatta hendinga.

Føljande kjenneteikn er vurdert;

Kjenneteikn Forklaring

1. Ukjent hending

Hendinga, årsaka til og/eller konsekvensane av hendinga er ukjent.

Jo, mindre kunnskap om hending, desto større frykt og uro antar ein at den vil skape.

2. Hendinga rammar sårbare grupper spesielt

Hendinga opplevast som urettferdig og krenkande fordi den rammar sårbare grupper spesielt. Sårbare grupper kan til dømes vere barn, personar med nedsett funksjonsevne, sjuke og andre som er avhengige av hjelp.

I jo større grad hendinga rammar sårbare gruppe, desto større kjenslemessige reaksjonar antar ein at den vil skape.

3. Tilsikta hending

Hendinga er eit resultat av handlingar som er gjort med vilje og/eller planlagt av ein person eller ei gruppe personar.

Jo tydelegare det er at hendinga er gjort med vilje og/eller planlagt, desto meir frykt og sinne antar ein at det vil føre til.

4. Manglande moglegheit til å sleppe unna

Hendinga er av ei slik art at dei ramma ikkje kan flykte frå den eller beskytte seg mot konsekvensane av den. Dei ramma er overlét til ein hendingsgang dei ikkje kan påverke.

Jo mindre moglegheit dei ramma har til å hjelpe seg sjølv, desto større grad av redsel, usikkerheit og avmakt antar ein at hendinga vil skape.

5. Forventningsbrot

Hendinga fører til brot i forventninga om at styresmaktene burde ha førebudd hendinga. Og/eller hendinga fører til brot i forventninga om styresmaktene si evne til å handtere hendinga.

Jo fleire brot i forventingane til styresmaktene når det gjelder førebuing og/eller handtering, desto meir sinne og mistillit antar ein at hendinga vil skape.

6. Manglande moglegheit til å handtere hendinga

Hendinga og beinveges konsekvensar av den gjer det vanskeleg for naudetatane og søk- og redningspersonell å få tilgang til det ramma området.

Jo vanskelegare det er å få tilgang til området, desto større grad av uro, usikkerheit og avmakt antar ein at hendinga vil medføre.

Samla score fastsetjast som eit snitt av dei tre høgaste scorane:

I kva grad er kjenneteiknet til stades? Ingen/
Svært liten
Liten Moderat Stor Svært stor

Ukjent hending

1

2

3

4

Hendinga rammar sårbare grupper spesielt

1

2

3

4

5

Tilsikta hending

1

2

3

4

5

Manglande moglegheit til å sleppe unna

1

2

3

4

5

Forventningsbrot

1

2

3

4

5

Manglande moglegheit til å handtere hendinga

1

2

3

4

5

 

«Påkjenningar i dagleglivet»

Uønskte hendingar kan føre til ulike belastningar i dagleglivet eller eit midlertidig velferdstap. Det kan dreie seg om manglande dekning av grunnleggjande behov som mat, vatn og varme, men òg andre tenester ein brukar til dagleg som transporttenester og elektronisk kommunikasjon. Belastningane skuldast ofte svikt i kritisk infrastruktur, som definerast som dei anlegg og system som er heilt nødvendige for å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar. Denne konsekvenskategorien baserer seg på ei vurdering av tre indikatorar:

  1. Svikt i straumforsyning.
    • a. Scoren fastsetjast ut frå talet på abonnentar som mistar straumen, og lengda på straumbortfallet. Eventuelle evakuerte skal ikkje reknast med. Høgaste score blir gjeldande.
  2. Svikt i andre kritiske samfunnsfunksjonar.
    • a. Scoren fastsetjast ut i frå talet på personar og kor lenge dei blir ramma på følgjande tenester og leveransar;
      • i. Matforsyning
      • ii. Drikkevassforsyning frå vassverk
      • iii. Legemiddelforsyning og medisinske forbruksvarer
      • iv. Elektronisk kommunikasjon
      • v. Betalingsmiddel
      • vi. Vare- og persontransport
    • b. Ein legg til grunn vesentleg manglande lokal tilgang ved vurderinga. Eventuelle evakuerte reknast ikkje med.
    • c. Justering av score dersom fleire eller ein indikator blir ramma;
      • i. Dersom berre ein indikator gir utslag, justerast scoren ned eit trinn.
      • ii. Dersom to indikatorar gir utslag, reknast snittet av desse.
      • iii. Dersom ein har utslag på tre eller fleire indikatorar, reknast eit snitt for dei tre høgaste scorane. Snittscoren justerast opp eit trinn.
      • iv. Dersom høgaste score er A eller E skal den ikkje justerast opp eller ned.
  3. Behov for evakuering.
    • a. Skåren fastsetjast ut frå kor mange og kor lenge dei er evakuert. Høgaste score blir gjeldande.

Fastsetjing av score for dei tre indikatortypane:

   Talet på ramma personar      
25 - 250 251 - 2 500  2 501 - 25 000  > 25 000 

Svikt i straumforsyning    

1 – 2 dagar

A

A

B

C

3 – 7 dagar

A

B

C

D

8 – 30 dagar

B

C

D

E

> 30 dagar

C

D

E

E

Svikt i andre kritiske samfunnsfunkjsonar

1 – 2 dagar

A

A

A

B

3 – 7 dagar

A

A

B

C

8 – 30 dagar 

A

B

C

D

> 30 dagar

B

C

D

E

Behov for evakuering

1 – 2 dagar

A

B

C

D

1 – 2 dagar 

B

C

D

E

> 30 dagar 

C

D

E

E

Kvar av indikatorane gis ein score. Høgaste score for dei tre indikatortypane blir gjeldande som alvorsgrad for denne konsekvenstypen.

 

Konsekvenstypen «Styringsevne»

«Regional samordning»

Konsekvenskategorien omhandlar tap eller svekking av styringsevne på regionalt og/eller kommunalt nivå. Med det meinast Fylkesmannen si evne til å samordne regional krisehandtering, kommunane si evne til å handtere hendinga eller politiet si moglegheit til å lede krisehandteringa. Scoren baserer seg på vurderinga av i kva grad hendinga har følgjande kjenneteikn:

Kjenneteikn Forklaring

Trussel mot folkevalde institusjonar si funksjonsevne

Hendinga kan føre til at Fylkesmannen, kommunen eller politiet ikkje kan utføra sine oppgåver og tiltenkte funksjonar (sentrale leveransar kan ikkje oppretthaldast).

Trussel mot sentrale regionale institusjonar si funksjonsevne

Hendinga kan føre til at regional administrasjon
ikkje kan utføre sine oppgåver og tiltenkte funksjonar.

Skåren fastsettast ut i frå kva grad hendinga har dei definerte kjenneteikna.

I kva grad er kjenneteiknet til stades? Ingen/Svært liten Liten Moderat Stor Svært stor

Trussel mot folkevalde institusjonar si
funksjonsevne

1

2

3

4

Trussel mot sentrale regionale institusjonar si
funksjonsevne

1

2

3

4

5

Samla score fastsetjast som eit snitt av dei to scorane.

 

Samla konsekvensscore

Kvar av konsekvenstypane blir vurdert på ein skala frå A – E som tilsvara ein talverdi. Verdien aukar med ein faktor to mellom kategoriane. Dette betyr at ein B er to gonger så alvorleg som ein A, ein C er to gonger så alvorleg som ein B, osb.

Scoringskategori Tallverdi
0
A 1
B 2
C 4
D 8
E 16

 Dei einskilde scorane på kvar konsekvenstype blir aggregert til ein samla konsekvensscore. Nedanfor er eit døme på metoden frå scenarioet «Orkanen Børre i Rogaland»:

Konsekvenstype

Kategori Tallverdi

Dødsfall

C

4

Alvorleg sjuke og skadde

B

2

Langtidsskadar på naturmiljø

B

2

Uopprettelege skadar på kulturmiljø

D

8

Direkte økonomiske tap

E

16

Indirekte økonomiske tap

C

4

Sosiale og psykiske reaksjonar

D

8

Påkjenningar i dagleglivet

D

8

Svekka regional samordning

C

4

Totalt

56

 Den samla konsekvensscoren for scenarioet «Orkanen Børre i Rogaland» vil vere 56. Den sama konsekvensscoren plasserast òg i kategoriane A – E. Ein finn då den totale konsekvensen av scenarioet.

Kategori

Konsekvensar

Intervall

A

Svært små

1 - 10

B

Små

11 - 20

C

Middels store

21 - 40

D

Store

41 - 80

E

Svært store

81 - 160

 Av tabellen over kan ein sjå at konsekvensscoren for «Orkanen Børre i Rogaland» er kategori D. noko som gjer at konsekvensane av scenarioet vurderast som store.