Styring og kriseleiing

Samfunnsfunksjonen styring og kriseleiing er knytt til styringa av samfunnet og av den offentlege forvaltinga, både i staten og i kommunal sektor. I funksjonen inngår både evna til å oppretthalde autonomi og nødvendig handlefridom, skydd mot fysiske og digitale angrep og bevaring av verksemd under ulike former for påkjenningar. I tillegg inngår styring og leiing i ekstraordinære situasjonar. Styring og kriseleiing er viktig, ettersom det er grunnleggjande for nasjonal tryggleik og for å kunne gjennomføre viktige samfunnsoppgåver.

Bilde av Statens hus, Lagårdsveien 44, tatt fra gatenivå
Foto: Livar Særheim.

Beredskap og kriseleiing

Definisjon

Beredskap og kriseleiing er evna til å ta vare på fylkesvis beredskap, handtere kriser og andre uønskte hendingar (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016).

Med å ta vare på beredskap meinast her organisasjonar si evne til å planlegge, allokere ressursar til og å sette i verk førehandsplanlagte tiltak ved fare- eller ulykkessituasjonar i den hensikt å handtere eller redusere skade.

 

System og ansvar

Beredskapsarbeidet i Noreg er basert på ansvars-, nærleiks-, likskaps- og samvirkeprinsippet. Når det skjer ekstraordinære hendingar i Rogaland er det regionale og lokale system for krisehandtering og kriseleiing.

Statsforvaltaren har det regionale samordningsansvaret for handtering av uønskte hendingar som ikkje er definert som redningsteneste, og som går ut over det ein kommune eller organisasjon kan handtere med eigne ressursar. Statsforvaltaren har ansvar for å varsle kommunar og regionale etatar om viktig informasjon, skaffe oversikt over situasjonen i fylket og å lage situasjonsrapportar om status i Rogaland til bruk for direktorat og departement. Det er eit viktig unntak; akutt forureining. I utgangspunktet er det den som forureinar som skal rydde opp. Blir konsekvensane større enn forureinar kan handtere, har dei interkommunale utvala for akutt forureining (IUA) og Kystverket ansvar for å aksjonere og koordinere situasjonen. 

Når det er behov for å samordne innsatsen på tvers av etatane i Rogaland vil dette gjerast i Fylkesberedskapsrådet under leiing av Statsforvaltaren. Her sitt leiararar i regionale statsetatar, eigarar av kritisk infrastruktur og frivillige organisasjonar.

Fylkesberedskapsrådet i Rogaland

  • Statsforvaltaren med sine fagsjefar
  • Rogaland fylkeskommune
  • Sør-Vest politidistrikt
  • HV-08
  • Sivilforsvaret
  • Helse Stavanger
  • Helse Fonna
  • Mattilsynet
  • Norsk Folkehjelp
  • Røde Kors
  • Rogaland brann- og redning IKS
  • Haugaland brann- og redning IKS
  • Biskopen
  • Statens Vegvesen
  • Statens Kartverk
  • NVE Region Sør
  • Telenor
  • BaneNOR
  • Kystverket
  • Avinor
  • I.V.A.R
  • Kraftforsyningas distriktssjef (Lyse)
  • NRK
  • Finansnæringen
  • NAV
  • NHO

Observatør/rådgivar:

  • Hovudredningssentralen Sør (HRS)
  • Oljedirektoratet
  • Petroleumstilsynet (Ptil)
  • Fiskeridirektoratet
  • Sjøfartsdirektoratet

Alle regionale- og interkommunale etatar som har ansvar for beredskapsoppgåver og kritisk infrastruktur har sin eigen kriseorganisasjon for handtering av ekstraordinære situasjonar og kriser.

Kraftselskapa, store vassverk, Bane NOR, Kystverket og Avinor har driftssentralar som overvaker situasjonen heile tida. Det same har Statens Vegvesen gjennom Vegmeldingssentralen som for vår region sitt i Bergen. Tele- og breibandselskapa har det same, men mange desse sentralane er nasjonale og ligg, med unnatak av Altibox, ikkje i Rogaland. Telenor har til dømes sin sentral på Fornebu i Bærum kommune.

Alle hendingar finn stad i ein kommune. Kommunane har derfor ein viktig rolle all krisehandtering. Kommunane skal ha ein beredskapsplan og ein kriseorganisasjon som er øvd minimum anna kvart år. Kommunane har ansvar for å ta vare på dei som er i kommunen på best mogleg måte.

Statsforvaltaren fører tilsyn med om kommunane oppfyller krava til kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelsesloven (2010) og forskrift om kommunal beredskapsplikt (2011). Kommunane med høg risiko får tilsyn frå Statsforvaltaren. Under tilsyn har alle kommunane i fylket hatt ein oppdatert beredskapsplan å vise til. Statsforvaltaren sitt inntrykk er òg at dei fleste kommunane er øver jamleg. Evaluering av hendingar i fylket syner òg at kommunane handterer dei fleste kritiske situasjonar på ein rimeleg god måte.

Mange private bedrifter har òg kriseorganisasjonar med ansvar for eigne tilsette og for å gi støtte til naudetatane ved hendingar i eigen organisasjon eller innan deira fagområde. Transportselskap (fly, jernbane, båt og buss) har i tillegg ansvar for deira passasjerar ved ei ulykke.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Ekstremt vêr som fører til uframkommelege vegar, svikt i straumforsyning og svikt i ekom-tenester vil gjere krisehandteringa og samordninga svært krevjande. Det vil gå ut over dei ulike aktørane si evne til å gjere nødvendige oppgåver ute. Det vil òg vere vanskeleg å ha oversikt over situasjonsbildet og derfor gi reduserte føresetnader for å kunne samordne innsats både internt og på tvers av etatar.

Viktige styrings- og driftssystem for kritisk infrastruktur og krisehandtering er digitale. Vedlikehald av systema, oppdatering av programvare, skade på systema grunna uhell eller tilsikta handlingar vil føre til redusert funksjonalitet og kapasitet, eller i verste fall føre til heilt stans. Det er i aukande grad mindre kunnskap om og moglegheiter for manuelle rutinar. Mange system har reserveløysingar som berre varar nokre timar. Andre system kan vere nede nokre timar før det begynner å bli kritisk. Tida på året vil òg spele ei rolle. Tida systemet er nede er ein avgjerande faktor.

Andre årsaker til at systemet kan svikte er ulykker med masseskade, ulykker med skadde som krev spesialbehandling der det ikkje er nok kapasitet i Rogaland, og smittsame sjukdommar som set nøkkelpersonar i kriseleiinga og i hjelpemannskapa ut av spel.

 

Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar

Det ligg i systemet sin karakter at dei aktørane som har ei rolle der det er behov for kriseleiing er budd for denne oppgåva. Alle har ansvar for å øve sin kriseorganisasjon regelmessig for å vere trygg på å klare dette. Naudetatane er flinke til å øve på tvers. Mange kommunar øver si kriseleiing oftare enn anna kvar år. Den største utfordringa er handtering av store hendingar som krev samordning på tvers av naudetatar, regionale statlege etatar og eigarar av kritisk infrastruktur, kommunar og private selskap. Dette blir i liten grad øvd fordi det krev så mykje ressursar i planlegging og gjennomføring.

Dei mest krevjande hendingane vi har hatt i Rogaland i samband med kriseleiing og samordning på tvers dei siste 10 åra er Koronapandemien i 2020, Ukraina-krigen og konsekvensane av den i 2022. Under alle desse hendingane hadde vi både straum og tele- og IKT samband. Hadde straum og telesamband vore nede samstundes ville det satt systemet si evne til å levere på store utfordringar. Vi måtte arbeide frå heimekontor i koronapandemien, men det viste seg å gå greitt for dei alle fleste beredskapsorganisasjonane.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

Mange av aktørane handterer små og store hendingar kvar dag og er derfor godt budd på òg meir komplekse hendingar som sjeldan eller aldri har skjedd. Det gjelder både naudetatar og til dømes kraftselskap, Statens Vegvesen og Avinor. Etter Statsforvaltaren si vurdering er hovudinntrykket at dei ekstraordinære hendingane som har vore i Rogaland dei siste ti åra er handtert på ein bra måte.  Kvar hending blir evaluert og diskutert, og læringspunkta er viktige for å utvikle oss til det betre. Implementering av læringspunkta etter ei hending er viktig at får fokus. Med 23 kommunar frå 200 til over 145 000 innbyggarar er det skilnad på kor mykje erfaring og kompetanse kommunane har med kriser. Gjennom tilsyn, øvingar og tidlegare hendingar har Statsforvaltaren god oversikt over kven som treng ekstra oppfølging og støtte.

 

Kritiske innsatsfaktorar

  • Straumforsyning
  • Naudnettsamband
  • Mobilsamband
  • IKT-tenester
  • Satellittenester
  • Informasjon til befolkninga via internett, sosiale medium og NRK.
  • Arbeidskraft og at ikkje mange i kriseleiinga er slått ut av sjukdom
  • Sikre registrer, arkiv etc.
  • At den einskilde aktør kjenner sitt ansvar og rolle og evner å samvirke med kvarandre.
  • Intern infrastruktur