Elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester
Samfunnsfunksjonen elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester omfattar elektronisk kommunikasjon gjennom kommersielle nett, samt Naudnett som er staten sin infrastruktur for mobil kommunikasjon for naudetatane og andre beredskapsaktørar. Elektroniske kommunikasjonsnett- og tenester er viktig for befolkninga sin tryggleik og for at samfunnskritiske funksjonar og andre skal kunne oppretthalda nødvendig funksjonsevne.
Ekom-tenester
Definisjon
Ekom-tenester er evna til å ta vare på tilgangen til elektroniske kommunikasjonstenester (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c).
Elektroniske kommunikasjonstenester (Ekom-tenester) omfattar kommersielle nett og Naudnett. Samfunnet har i dag ein open infrastruktur som er avhengig av informasjon- og kommunikasjonsteknologi. Denne teknologien og tettare samankoplingar gjer større fleksibilitet, men gjer oss meir avhengige av desse systema.
System og ansvar
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har det overordna ansvaret for ekom-sektoren. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) ligg under KDD og har som viktigaste oppgåve å forvalte ekomloven (2003) og føre tilsyn med ekomtilbydarar. Nkom har òg ansvar for koordinering og rapportering ved uønskte hendingar som rammer ekomnett eller -tenester.
I følgje "Digital sårbarhet - sikkert samfunn" er "De verdiene og funksjonene som ekomnett og –tenester leverer er helt sentral forutsetning for at andre samfunnsfunksjoner skal kunne levere det de skal. Samtidig er det en stadig økende forventning i samfunnet om at ekom som innsatsfaktor er stabil og tilgjengelig. 100 prosent opptid tas mer eller mindre for gitt, og det er meget lav aksept for brudd" (NOU 2015:13).
Dei elektroniske kommunikasjonsnetta i Noreg kan delast inn i tre delar. Vi har fleire landsdekkjande transportnett som bind landsdelane og dei store byane saman. Under dette er det regionalnett innanfor regionar og fylke. Dei landsdekkjande transportnetta og regionalnetta er fiberbaserte nettverk med høg kapasitet og som transporterer store mengder trafikk. Ytst har ein aksessnetta, som er tilknytinga frå regionnettet ut til den enkelte kunde, t.d. fiberforbindelsen til husstandane, eller til mobilbasestasjonane som gir mobildekning.
Det er fire aktørar som eig landsdekkjande transportnett i Noreg. Dette er Telenor, Telia, GlobalConnect og Altibox. Desse fibernetta er bygd opp med høg grad av redundans, som gjer at trafikken rutast om viss det skjer feil på ein av forbindelsane. Bane NOR, Statnett og Statens Vegvesen eig eigne fibernett som ligg langs jernbanen, kraftnettet og vegane. Kapasitet i desse fibernetta er ofte leigd ut til transportnett-aktørane slik at dei inngår som ein del av dei landsdekkjande transportnetta.
Forsvaret eig òg fiberinfrastruktur, og Telenor har også landsomfattande infrastruktur for kringkasting. Altibox starta i 2021 eit arbeid med å bygge ein ny fibermotorveg mellom Stavanger og Oslo. Dette vil auke kapasiteten og gi raskare forbinding mellom Aust- og Vestlandet og betre forbinding mot utlandet, primært Storbritannia.
Telenor sitt nett er det mest omfattande og utbygde nettet vi har, og i enkelte område og distrikt er det berre Telenor som har fiberinfrastruktur. Det inneber at andre tilbydarar av elektroniske kommunikasjonsnett og -tenester, som elles er uavhengige av Telenor, fleire stader framleis er avhengige av Telenors infrastruktur. Eit totalutfall av Telenors nett/tenester vil difor framleis kunne påverke både Telenor og andre aktørar, og få dramatiske konsekvensar i heile landet. Likevel har denne avhenga blitt betydeleg redusert dei siste åra, etter at Lysne-utvalet har i NOU 2015:13 konkluderte med at ekom-tenestene i Noreg er for avhengige av Telenor sitt nett, og dei foreslo tiltak for gjere dette mindre kritisk for nasjonen.
Det har vore ein omfattande utbygging av fiberbaserte aksessnett dei siste åra. I samband med at Telenor ville legge ned det kobbarbaserte aksessnettet i 2022 har auken i fiberbaserte aksessnett skutt i vêret. I juni 2021 var 63% av breiband-aksessane, 23% er basert på kabel TV nett (HFC) og berre 7% var basert på kobbar/DSL. Mange sluttbrukarar (114 000 abonnement per juni 2021) har tatt i bruk trådlaust breiband via mobilnettet. Eit slikt abonnement blir levert både av Telenor, Telia og Altibox.
Dei raude prikkane på kartet i figuren under er datasentre. I Rogaland er prikken Green Mountain i Stavanger kommune. Figuren viser at det er nok mørk fiber tilgjengeleg mellom dei fleste større byane og landsdelane i Noreg, unntatt rundt Bergen og resten av Vestlandet. Her er det avgrensa kor mykje samanhengande mørk fiber som er tilgjengeleg.
Tidlegare gjekk nesten all mobiltelefoni og datatrafikk til utlandet via Sverige og vidare gjennom Danmark til resten av verda. Det er fleire fysiske føringsvegar mellom Noreg og Sverige, men i praksis er det nokre få knutepunkt som trafikken er avhengig av både i Noreg, Sverige og Danmark. Sverige har heimel i lov til å overvake all tele- og datatrafikk som går i transitt gjennom Sverige. Altibox etablerte sjøkabalane Stavanger-Newcastle og Larvik-Hirtshals i 2020 (Euroconnect-1). Statnett har ein fiberkabel frå Sørlandet til Danmark. Tampnet har fleire fiberkablar frå Sør-Vestlandet til Storbritannia og Danmark via plattformane i Nordsjøen. Dei åpna i desember 2020 ei ny forbinding mellom Eigersund og Aberdeen.
Det er ikkje lett å få tilgang til offentleg informasjon om Rogaland spesielt. Det er fleire grunner til det. Ein viktig grunn er marknadsmessige årsaker mellom tilbydarane. Knute- og nøkkelpunkt vil òg fort vere informasjon som ikkje er offentleg, eller gradert etter sikkerhetsloven (2019).
Telefonitenester
Fasttelefoni omfattar både PSTN («vanleg» fasttelefoni), ISDN og breibandstelefoni. I 2021 var det 234 000 abonnement på fasttelefon i Noreg. Dette er både bedrift og privatkundar og er inklusive ISDN og breibandtelefoni. Talet på abonnement blir stadig mindre. Reduksjonen frå 2018 er på 331 000 abonnement. Telenor har frå 2021 til 2022 år gått frå ein marknadsdel på 49.6% til 26,3%. Telenor stengte ned alle fasttelefonar i kobbarnettet innan 31. desember 2022. Kundar som framleis ønskjer fasttelefon har fått tilbod om alternative løysingar som breibandtelefoni eller IP-telefoni. NKOM har pålagt Telenor å holde kobbarnettet oppe til 2025 for andre brukarar.
Mobiltenester
Mobiltenester omfattar mobiltelefoni, mobilt breiband og maskin-til-maskinkommunikasjon (M2M). Det er 6,29 millionar abonnement på mobil og mobilt breiband i Noreg i 2022. Dei største tilbydarane i 2022 er Telenor (43,4%) og Telia (34,7%) og Ice (12,4%). Mobiltrafikken til både Telenor, Telia og ICE/Altibox går gjennom eigne nett, men Telia og ICE/Altibox sine nett er ikkje heilt autonome. Det er framleis noko som er avhengig av Telenor. Dei mindre mobiloperatørane leigar infrastruktur av dei tre store.
Når det gjelder Naudnett eig staten berre 60 prosent av transportnettet til Naudnett. Staten leigar 30 prosent av Telenor og 10 prosent av GlobalConnect.
Breiband, internett og overføring av TV- signal
Talet på abonnentar av breiband i Noreg er 2,4 millionar i 2022. Her er dei største tilbydarane Altibox (30,7%) Telenor (29,9%), og Telia (18,2%). I Rogaland er det 187 000 abonnentar, noko som betyr at 94,7 % av rogalendingar har breiband. Breiband over fiber aukar stadig og er nå det mest populære med 89,9% av totalt tal på breibandsabonnement. I Rogaland har 98% tilgang på breiband i form av tråd og 100% gjennom fast radioline og mobilnettdekning.
For overføring av TV er Altibox største tilbydar (25,6%) følgt av Telenor (25,6%) og Telia (17,7%).
Årsaker til at systemet kan svikte
Ekom-tenester kan svikte i fleire ledd. Jo tidlegare i kjeda svikta skjer, desto større blir konsekvensane.
Den vanlegaste årsaka til at ekom-tenester sviktar er fiberbrot i tillegg til straumbrot. Årsaka til fiberbrot er som oftast utilsikta hendingar som graveskader, ekstremvêr eller skred. Klimaprognosane med forventa auke i ekstremvêr og naturhendingar fører med seg auka påkjenningar på transmisjonsnetta. Dette kan vere ekstrem vind, ekstrem nedbør med påfølgande skred, flaum og snø/ising-problematikk. Også langvarige tørke med fare for påfølgande skog- og utmarksbrannar.
Konsekvensane vil variere avhengig av redundans i transmisjonsnettet eller aksessnettet. Både mobilnett, TV-nett, internett og radionett og vil ikkje fungere ved fiberbrot eller dersom straumen blir borte. Kva nett som er oppe kjem an på kor i kjeda brotet har skjedd, om det er mogleg å rute om og om det er tilgang på naudstraum. Dersom straumen går så lokalt som i den einskilde husstand, vil til dømes internett ikkje fungere, men mobilnettet vil framleis fungere.
Manglande vedlikehald av dieselaggregata som skal gi naudstraum ved straumbrot kan òg gi svikt.
Det er mest sannsynleg at moglege feil i transmisjonsnettet vil komme av utilsikta hendingar. Dette kan vere latente feil i programvare eller konfigurasjon som blir utløyst i samband med endringar i trafikkmønster og oppgraderingar, eller menneskeleg svikt ved arbeid som er planlagd.
Alvorlege feil i transportnettet kan òg komma av tilsikta hendingar som tenestenektangrep, angrep på kontroll- og styringssystem, eller rekruttering eller utpressing av nøkkelpersonar som har kompetanse og tilgang til vitale funksjonar.
Fysisk infrastruktur kan og bli råka av tilsikta hendingar. Frå tilfeldig hærverk til målretta sabotasjehandlingar. Synleg og identifiserbar infrastruktur som transmisjonsknutepunkt og ubeskytta fiberkablar vil i større grad vere utsett enn fiberkablar som ligg i bakken. Den tryggleikspolitiske situasjonen i Europa i 2022/23 gjer dette meir aktuelt enn før.
Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar
Det er ofte feil eller fiberbrot i ekomnetta i Noreg, Det blei rapportert 227 hendingar til NKOM i 2020 og første halvdel 2021. Dette er oftast i eit mindre geografisk område over eit kort tidsrom. Dette finn stad i lokalnetta og aksessnetta der det i mindre eller liten grad er redundans samanlikna med regional- og dei landsdekkande transmisjonsnetta. Fiberbrot blir reetablert i laupet av nokre timar, oftast frå 5-10 timar. Men det kan og gå lengre tid til dømes dersom det skjer i samband med ekstreme vêrforhold.
Dei landsomfattande transmisjonsnetta har god redundans. Dei er bygde i ringar og kan derfor levere frå fleire sider ved eit fiberbrot. Lengre ut mot aksessnettet blir redundansen dårlegare fordi netta har tre- eller stjernestrukturar.
Dei fire landsdekkande transportnetta er i hovudsak ikkje avhengig av kvarandre. Både Telia, GlobalConnect og Altibox leigar noko av nettet (mørk fiber) og infrastruktur hos Telenor. Dette er passive nett og infrastruktur som ikkje skal gjere dei utsette for feil hos Telenor.
I 2011 var det to brot i Telenor sitt landsdekkande nett (kjernenett) samstundes på strekninga mellom Oslo og Trondheim. Ein gravemaskin kutta kabelen i Gudbrandsdalen samstundes med at eit tre velta over fiberkabelen i Lørenskog. Dette fekk konsekvensar tele- og datasamband i heile Noreg. Sidan då har både Telenor og Broadnett (Nå GlobalConnect) auka redundansen i det landsdekkande nettet. No krev det i mange tilfelle tre samstundes bort for at tilsvarande konsekvensar skal skje.
I 2021 har Nkom blitt varsla om få hendingar. «EkomROS 2021» frå Nkom omtaler dei alvorlegaste. Nokre av desse hendingane fekk òg konsekvensar for Rogaland. Under ekstremvêret «Synne» i 2015 falt straumen ut nokre stader som førte til utfall i fast- og mobilnett lokalt, og redusert redundans i det landsdekkande nettet. I april 2014 var det i 30 timar problem med GSM baserte tryggleiksalarmar frå Telenor som følje av ein konfigurasjonsfeil. Den 9. september og 30. oktober 2014 blei heile landet råka av utfall av Telenor sitt mobilnett. Det siste var det alvorlegaste. Alle mobilkundane (3 mill.) blei ramma og feilen varte 2,5-3,5 timar. I 2015 mista 50 000 breibandkundar på Jæren tilgang til internett og IP telefoni i 45 minuttar i samband med migrering til anna plattform.
Når det gjelder mobilnettet kan dette vere sårbart for svikt, ettersom nesten all mobiltrafikk i Noreg treng Telenor sitt transmisjonsnett for å virke. I tillegg vil eit utfall av dette nettet kunne føre til at Naudnett berre kan brukast lokalt. Òg når det gjelder breiband eller internett vil eit utfall av Telenor sitt transmisjonsnett føre til betydelege konsekvensar for ein del tilbydarar og deira kundar. Svikt i Naudnett vil medføre betydelege utfordringar for både politiet, helsetenesta og brann- og redningsetatane samt andre brukarar, og kan sette liv i fare.
Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?
Post- og teletilsynet vedtok i juni 2014 krav til naudstraum i basestasjonane for mobilnettet. Det skal minimum vere to timar naudstraum i område med over 20 000 innbyggarar. I område med færre folk skal kapasiteten vere fire timar. Teletilbyderane fekk lov til å vente med oppfølging av vedtaket til neste normale tidspunkt for utskifting av naudstraumen på den einskilde basestasjon.
Ekstremvêret «Dagmar» i 2011 førte til at Nkom i 2014 starta eit prosjekt for å styrke infrastrukturen i mobilnettet med naudstraum i minst tre døgn for ein basestasjon i kvar kommune. I Rogaland er dette på plass i Sauda og på Finnøy (som sidan har blitt ein del av Stavanger kommune).
For verksemder som tar vare på kritiske samfunnsfunksjonar er det etablert ei ordning med prioritetsabonnement i mobilnettet. Desse abonnentane vil gi prioritet i køen der det er for liten kapasitet, og eventuelt kaste ut dei som allereie er inne. Dei kan òg «roame» i andre teletilbyderar sine nett.
I naudnettet har 85 prosent av basestasjonane naudstraum i åtte timar, mens 15 prosent har naudstraum i 48 timar. Sambandet kan brukast lokalt ved brot på det landsdekkande nettet.
Nkom sender situasjonsrapportar når det oppstår utfall av ekom, og andre uønskte hendingar, inkludert til Statsforvaltaren. Det arbeidast òg med å utvikle ein nettportal med utfallskart, som vil bli gjort tilgjengelege for beredskapsaktørar.
Kritiske innsatsfaktorar
- Stabil straumforsyning, samt stabil naudstraumforsyning er kritisk for oppetida til netta.
- Nøkkelkompetanse. Utkontrahering og internasjonalisering kan føre til at nøkkelkompetanse ligg hos underentreprenørar og leverandørar som kan ligge i andre land, og gjerne i land som ligg langt vekke med ein annan tryggleikskultur og reglar for tryggleik.
- God informasjon frå kommunane til dei som søker om graveløyve slik at sentrale fiberkablar ikkje blir øydelagd.
- Fungerande satellittenester er kritisk for å kunne levere einskilde av ekom-tenestene, og er særs viktig for å kunne kommunisere internasjonalt.