Bakgrunn

Det går fram av Statsforvalterens samfunnssikkerhetsinstruks (2015) at Statsforvaltaren skal samordne samfunnstryggleiksarbeidet i fylket og vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap.

Statsforvaltaren skal ha oversikt over risiko og sårbarheit ved å utarbeide ein fylkesROS, i nært samarbeid med regionale aktørar. FylkesROS skal vere ein felles regional plattform i arbeidet med å både førebyggje uønskte hendingar og i handteringa av desse.

Med utgangspunkt i FylkesROS skal det lagast ein oppfølgingsplan som skal reviderast kvart år. FylkesROS skal reviderast minst kvart fjerde år, eller ved endringar i risikobildet. Statsforvaltaren i Rogaland laga sin første fylkesROS i 2008, og denne blei revidert i 2013. I 2018 blei det laga ein ny FylkesROS og denne versjonen er den reviderte versjonen av den.