Tilsikta hendingar

Ei tilsikta uønskt hending er ei hending som forårsakast av ein aktør som handlar med hensikt. Hensikta kan vere å drepe eller skade personar, eller å øydelegge system og infrastruktur.

Vi må ta inn over oss at det er personar, grupper av menneske, statlege eller ikkje-statlege aktørar som bevisst kan ønskje å gjere skade. Døme på slike tilsikta hendingar er terrorisme, kriminell handling og hendingar i det digitale rom.

Hendingar som Statsforvaltaren i Rogaland har valt å sjå nærmare på innan risikoområdet tilsikta hendingar er sabotasje av kritisk infrastruktur.

Bilde av ambulanser, brannbil og politibil i forbindelse med en øvelse i Risavika
Øving i Risavika, Sola kommune Foto: Gry Evensen.

Sabotasje av kritisk infrastruktur 

Kva er sabotasje av kritisk infrastruktur?

Med sabotasje av kritisk infrastruktur meiner vi tilsikta øydelegging, lamming eller driftsstopp av utstyr, materiell, anlegg eller aktivitet som er kritisk for evna til å oppretthalde samfunnsfunksjonar, utført av eller for ein framand stat, organisasjon eller gruppering. Sabotasjen kan mellom anna ramma samfunnskritiske funksjonar som transportevne, redningsteneste, helseteneste, vassforsyning, matforsyning, beredskap og krisehandtering, finansielle tenester og ekom-tenester.

Sabotasje av kritisk infrastruktur er å rekne som ein samansett trussel. Ein samansett trussel er når ein motpart søkar å oppnå sine mål med samansett bruk av militære og ikkje-militære verkemiddel.

Døme på kritisk infrastruktur som kan bli sabotert:

  •     Kraftverk
  •     Høgspentleidningar og transformatorar
  •     Undersjøiske kablar
  •     Røyrleidningar
  •     Bakkenett
  •     Satellittbaserte navigasjonssystem
  •     Stamvegar
  •     Jernbaner
  •     Sjøhamner og lufthamner
  •     Betalingssystem

I tillegg til sabotasje kan døme på dette vere valdsbruk på lågt nivå, utpressing, terror, diplomatisk press, propaganda, økonomiske og kulturelle sanksjonar.

Å kunne sabotere ein kritisk samfunnsfunksjon kan vere eit viktig verkemiddel dersom det blir ein militær konflikt mellom Noreg og framande aktørar. Det kan derfor vere eit stort etterretningstrykk for å kartleggje og å få tak i informasjon om korleis ein kan overta, manipulere eller sabotere samfunnskritisk infrastruktur dersom ein er i ein situasjon der dette er ønskeleg.

Det har dei siste åra vore fleire døme på aktørar som har forsøkt, og i fleire tilfelle, lykkast med å sabotere samfunnskritisk infrastruktur utanlands. Eit døme er gassleidninga Nord Stream som blei utsett for sabotasje som førte til gassutslepp i september 2022. Hendingane blir oftast tolka som eit ledd i utvikling og testing av operasjonell kapabilitet for sabotasjeformål. I følgje PST har norsk samfunnskritisk infrastruktur vore eit utsett etterretningsmål dei siste åra.

 

Risiko

Å vurdere sannsynlegheit for eit risikoområde er vanskeleg nok, men å gjere det for tilsikta hendingar er nærast ikkje mogleg. Føresetnadene for tilsikta hendingar endrast med samfunnsutviklinga og kapasiteten og intensjonane til trusselaktørar. Det er fleire faktorar som spelar inn, og desse faktorane kan ofte endra seg frå dag til dag, basert på mellom anna globale sikkerheitspolitiske avgjerder og/eller nasjonale politiske handlingar. Risikoen vil altså variere i høve til politisk klima, omfang, geografi, tidspunkt og type. Frå eit analytisk standpunkt er dette krevjande å arbeide med, og på denne bakgrunnen har vi valt å ikkje konkludere med ei gitt sannsynlegheit for dette risikoområdet. Vurderinga er gjort i samråd med ekspertgruppa.

Bildet viser en faksimile fra NSM sine nettsider om at Cyberangrep er blitt kvardagskost
Cyberangrep er blitt kvardagskost, frå NSM (2022)

At vi ikkje har gitt ei konkret sannsynlegheit, er likevel ikkje det same som å sei at det er usannsynleg at Rogaland kan bli utsett for sabotasje av kritisk infrastruktur, eller verknadene av sabotasje mot nasjonal infrastruktur. I 2022 då Russland invaderte Ukraina fekk Europa ein endra tryggleikspolitisk situasjon. Energimangel og utryggleik i verdsmarknaden har ført til at norsk olje- og gassproduksjon og infrastruktur har auka i verdi. Aktivisme som gjeld klima og miljø er og aukande, og kan vere ute etter å skape uro i energisektoren. Vår olje- og gassproduksjon er meir aktualisert som mål, både p.g.a. vår rolle i krigen og i NATO, som produsent av fossile utslepp, og indirekte for å ramma land som er avhengig av norske leveransar.

Det er vanskeleg å vurdere om einskilde samfunnskritiske funksjonar er meir sårbare for denne type angrep. Det er heller ikkje noko vi vil gå nærare inn på i eit opent dokument. Dette vil kunne variere med dei sikkerheitspolitiske tilhøva, og ikkje minst aktørane sin kunnskap om, og kapasitet til, å ramme dei ulike kritiske samfunnsfunksjonane. Risikoen for digitale angrep har blitt større både grunna teknologisk utvikling og den tryggleikspolitiske situasjonen.

Erfaringar frå andre stader i verda er at samfunnstabilitet og styringsevne vil bli utfordra ved angrep eller sabotasje på kritisk infrastruktur. Ei slik hending kan vere utfordrande å oppdage, til dømes dersom det skjer i det digitale rom, og det kan vere utfordrande å få oversikt over situasjonen for dei som skal handtere hendinga. Dette gjelder spesielt dersom fleire kritiske hendingar skjer samstundes. I mange tilfelle er det ikkje klårt frå starten om ei hending er eit resultat av ei tilsikta handling og om det er ein statleg aktør, ei terrorgruppe, svindlarar eller andre som er involvert. Noreg har eit sektorstyrt samfunn og sjølv om uønskte hendingar skjer samstundes i ulike sektorar, er det ikkje slik at ein utan vidare vil setta hendingane i samband med hendingar i andre sektorar.

Tilsikta hendingar vil alltid skapa større reaksjonar i befolkninga, enn naturhendingar og ulykker. Ei slik hending vil venteleg gi sosiale og psykiske reaksjonar. Ei tilsikta hending som rammar deg direkte eller i nærleiken av deg, er ein ukjent situasjon for dei fleste i vårt fylke og det kan opplevast som tap av kontroll og umogeleg å unngå. Ein kan òg oppleva eit forventingsbrot mellom folk og styresmaktene, dersom styresmaktene ikkje handterer situasjonen. Det er knytt stor usikkerheit til fleire moment ved ei slik hending. Type angrep og tida det tar frå ein oppdagar eit angrep til ein klarar å stoppe det, vil ha stor betydning for styringsevna og samfunnstabiliteten. Nokre angrep, særleg cyber-, har som hovudmål å skape forvirring, usikkerheit og misnøye. Dette går i verste fall utover tilliten til kvarandre, og til viktige funksjonar i samfunnet vårt.

Passord
Passord Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Sabotasje av kritisk infrastruktur vil òg kunne ha konsekvensar for liv og helse dersom dette fører til svikt i ein samfunnskritisk funksjon. Dersom telefonlinene til naudetatane blir sabotert eller dersom saboterte stamvegar hindrar sjuketransport, kan dette medføre dødsfall. Økonomiske konsekvensar i form av driftsstans og produksjonsstopp, eller at menneske blir hindra i å komme seg på jobb er sannsynlege. Dette gjelder òg dersom betalingssystema blir ramma.

 

Sårbarheit

Sabotasje mot spesifikke objekt, til dømes kraftforsyning, tele- og kommunikasjon, vassforsyning, sjukehus, flyplassar, kommandosentralar kan få store konsekvensar for samfunnet si funksjonsevne.  Sabotasje blir ofte retta mot installasjonar med stort skadepotensial, eller der åtaka vekkjer stor merksemd. I Rogaland har vi fleire industrianlegg, installasjonar og infrastruktur som kan vere aktuelle mål. FylkesROS for Rogaland er meint å vere eit ope dokument som skal vere lett tilgjengeleg. Det er derfor ikkje ønskeleg å gå nærare inn på kva objekt i Rogaland som blir sett på som moglege mål for sabotasje. Objektsikringsinstruksen (2019) skildrar ansvar og prosedyrar knytt til objekttrygging. Det er eit bidrag til å redusere konsekvensane og sårbarheita av ei handling retta mot kritisk infrastruktur og samfunnskritiske funksjonar. Eigarar og operatørar av utsette objekt har ei sjølvstendig interesse av og plikt til å førebyggje sabotasje som kan ramme anlegga deira. Dei må òg sette i verk tiltak som best mogleg reduserer konsekvensane av moglege åtak.

Vi er også stadig meir sårbare for cyberangrep i Rogaland, som i resten av landet. NSM seier i sin «Nasjonalt risikobilde 2022» at dagens samfunn har eit utfordrande risikobilde med stor usikkerheit, og at det hastar å sette i verk risikoreduserande tiltak. Dei tre sektorane som var mest utsette for angrep var i 2022 teknologiverksemder, forsking og utvikling, og offentlege forvaltningsorgan.

Nasjonale styresmakter analyserer og har oversikt over kva som kan vere aktuelle mål for sabotasje, og dei driv òg kontinuerleg overvaking av organisasjonar, grupper eller personar som vi har grunn til å frykte kan komme til å stå bak tilsikta hendingar. Statsforvaltaren har òg oversikt over sikra objekt i fylket, samt sårbare område som kan bli mål for sabotasje.

Ein kan likevel seie at det er knytt stor usikkerheit til handteringa av ei slik hending, ettersom ein har lite erfaring, data og kunnskap om slike hendingar i fylket. Ein vil ved fleire mindre hendingar, til dømes angrep på fleire typar infrastruktur, òg kunne stille spørsmål om samanhengen ville bli oppdaga og vurdert som sabotasje. Informasjonsutveksling og eit heilskapleg blikk er nødvendig for å kunne oppdage sabotasje av kritisk infrastruktur eller operasjonar som har som mål å påverke opinionen som eit ledd i ein samansett aksjon.

 

Tiltak

Mange tiltak på dette risikoområdet vil vere nasjonale. Det vil dreie seg om ulike tiltak for å avdekke, avverje eller møte forsøk på sabotasje. Vi har eit system for dette gjennom Politiets tryggingsteneste (PST), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) med NorCERT, Etterretningstenesta i forsvaret med fleire. I tillegg er det sektorvise Computer Emergency Response Team (CERTer) som følgjer situasjonen i det «digitale rom».

Regionalt er det avgjerande at det er eit godt samarbeid og nødvendig utveksling av informasjon mellom Politi, HV, Statsforvaltaren og aktuelle medlemmer i Fylkesberedskapsrådet. Dette krev alle er trygge på eiga og andre sin rolle.

  • Samordne tiltak i sivilt beredskapsplanverk (SBS) mellom HV-08, Sør-vest politidistrikt og Statsforvaltaren.
  • Aktuelle aktørar må øve på å forberede eller sette i verk tiltak frå det nasjonale beredskapssystemet. Dette må mellom anna skje i Fylkesberedskapsrådet.
  • Statsforvaltaren sitt eige graderte samband må vere operativt til ein kvar tid. System for handtering av gradert informasjon må vere oppdatert.
  • Risikovurderingar av kritisk infrastruktur og -funksjonar må omfatte tilsikta handlingar.
  • Verksemder og kommunar må bli meir bevisst på kva informasjon dei legg ut på nettsider og i anna informasjonsmateriell, særleg om kritisk infrastruktur og funksjonar. Sårbarheit i høve til spionasje og angrep må vurderast opp mot behov for offentlegheit og reklame.
  • Open informasjon om truslar og nasjonalt trusselnivå må nå kommunane.
  • Kommunane må vurdere om det er nødvendig å tryggleiksklarere minimum tre tilsette (rådmann, ordførar og beredskapskoordinator).
  • Medlemmane i Fylkesberedskapsrådet må vere tryggleiksklarert.
  • Statsforvaltaren skal delta på møter med politi og HV i samband med utpeiking av skjermingsverdige objekt.