Om Rogaland

Rogaland fylke ligg sørvest i Noreg og er med sine vel 490 000 innbyggjarar det fjerde største fylke i landet målt etter folketal. Rogaland grenser til Vestland i nord, Telemark i aust og Agder i sør/aust. Rogaland består av 23 kommunar fordelt på fire distrikt; åtte på Jæren, fem i Ryfylke, seks på Haugalandet og fire i Dalane. Stavanger er administrasjonssenter i fylket.

Utsikt fra Dalsnuten i Sandnes kommune
Dalsnuten, Sandnes Kommune Foto: John Gunnar Skien.

Variasjonen blant kommunane i Rogaland gjer at det er stor skilnad i risikobildet dei står ovanfor. Det gjeld både storleik (areal og folketal), infrastruktur, landskap, næringsverksemd og klima. Fylket har mykje fjord og fjell, kyst, skog og område med intensivt landbruk. Det er og mykje energiverksemd. Vi ligg utsett til for vêr og vind, og får mykje nedbør. I kombinasjon med terrenget kan dette føre til skred og flaum. Vi ser dessverre oftare slike uønskte naturhendingar, og slik som prognosane er framover må vi rekne med å sjå meir av det. Vi har òg mange kultur- og naturverdiar i Rogaland, til dømes Utstein kloster, Avaldsnes, helleristingsfelt, mange fornminner, som gravrøyser, trehusbusetnad, Preikestolen, Jærstrendene, kystlyngheier, lakseelvar og torvmyrer med tilhøyrande dyre- og fugleliv.

Fylket var tidlegare omtala som vekstfylket, men i 2020 var folkeveksten i underkant av 0,6%.  I 2021 hadde Rogaland den lågaste arbeidsløysa sidan 2014. Dette kan blant anna skuldast koronapandemien som medførte ei større etterspurnad etter personell i fleire sektorar, til dømes sjukepleiarar, helsefagpersonell og butikkmedarbeidarar. Kommuneøkonomien ber sjølvsagt preg av den økonomiske situasjonen, kor kommunane har stått i ein pandemi og ein periode med høge prisar på mellom anna straum. Til dømes har Stavanger og Sandnes kommune et driftsresultat med høgt overskott i 2021. I det store og heile har vi ein sunn kommuneøkonomi i Rogaland. Rogalendingane er yngre enn landssnittet, med høgaste prosentdel i barnehagealder. 

Mange arbeidsplassar er knytt til industri, særleg oljerelaterte verksemder. Den store aktiviteten når det gjeld petroleumsprodukt skapar utfordringar når det gjeld risiko, mellom anna knytt til transport. Rogaland er eit stort landbruksfylke, og husdyrtettleiken på Jæren er svært høg. Her er òg tett busetnad, og utstrekt kontakt med fagmiljø og arbeidskraft frå utlandet. Produksjonen her er derfor særleg sårbar for husdyrsjukdommar. Rogaland produserer mykje grønsaker, og fiske og akvakultur er viktige og sårbare næringar. Egersund er blant landets største fiskerihamner.

Kyststamvegen E39 går gjennom fylket. Ryfast (2019) og Rogfast (2026) blir blant verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnelar. Mange stader er snøggbåt og ferjer viktige for tilkomsten. Sørlandsbanen går gjennom Dalane og Jæren til Stavanger. Det går mykje skipstrafikk langs kysten, men cruisetrafikken til Stavanger har hatt en drastisk nedgang i 2020 og 2021 grunna pandemien.   Før pandemien tok vi imot over 200 cruiseskip i året. I 2021 blei det også einigheit om å fjerne taket på 200 cruiseanløp i året. Det er òg ein del frakt av farleg stoff både langs vegane og til sjøs.

I mange tilfelle er det andre risikoar i nordfylket enn i sør. Det er ikkje same tettleiken i landbruksnæringa og derfor ikkje like stor sannsynlegheit for spreiing av husdyrsjukdommar. Vi har òg andre utfordringar i samband med landanlegg for gass i nord, jf. lokaliseringa av Kårstø; gassrøyrleidningar og transport knytt til dette. Det er fleire store industriverksemder i nord som Hydro aluminium på Karmøy, Aibel i Haugesund og Eramet i Sauda.