Vedlegg 6. Vurdering av usikkerheit
Vurderinga av usikkerheita knytt til sannsynlegheitsvurderingar og konsekvensar gjerast ved å vurdere kunnskapsgrunnlaget for vurderingane, og resultata si sensitivitet for endringar i føresetnadene.
Når det gjelder usikkerheit knytt til kunnskapsgrunnlaget er følgjande indikatorar vurdert i analysen basert på ein tredelt skala:
- Tilgang på relevant data og erfaring. Kor godt er datamaterialet for vurderingane (tidlegare erfaringar)?
- Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?) Kor godt kjent er fenomenet som analyserast?
- Semje blant medlemmane i ekspertgruppa (som har deltatt i risikoanalysen). Kor stor grad av semje har det vore blant deltakarane i arbeidsgruppemøta?
Når det gjelder usikkerheit knytt til sensitivitet er ei vurdering av sensitiviteten til resultata gjort ved å sjå på kor kjenslevare dei sette vurderingane for sannsynlegheit og konsekvens er for endringar i føresetnader og vurderingar. Det er viktig å få fram kva slags faktorar resultata er sensitive i høve til, og kor stor betydning desse faktorane har for analyseresultata. Sensitivitet vurderast for både sannsynlegheit- og konsekvensvurderingane.
For å seie noko om sensitiviteten er det stilt følgjande spørsmål:
- Kva skal til for at sannsynlegheita for at hendinga skal skje blir vesentleg høgare eller lågare?
- Kva skal til for at den einskilde konsekvenstype blir vesentleg større eller mindre?
Svara kategoriserast på ein skala i frå liten til stor og seier noko om sensitiviteten vurderast som liten eller stor samla sett. Avgjerande føresetnader (små endringar gir store utslag) betyr at resultata er sensitive i høve til desse.
Det blir gjort ei vurdering av usikkerheita knytt til kvar einskild konsekvenstype. Er det konsekvenstypar som vurderast som irrelevante, tar ein dei ikkje med i usikkerheitsvurderinga. Samla vurdering av usikkerheit knytt til analyseresultata er snittverdien av usikkerheitsvurderingane knytt til både sannsynlegheit og konsekvensar. I presentasjonen i scenarioa visast den samla usikkerheitsvurderinga gjennom ulike fargar på figurar i ein skjematisk presentasjon av analyseresultata.
Liten | Moderat | Stor | |
Kunnskapsgrunnlag |
|||
Tilgang på relevante data og erfaring |
1 |
2 |
3 |
Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?) |
1 |
2 |
3 |
Semje blant medlemmane i ekspertgruppa (som har delteke i risikoanalysen) |
1 |
2 |
3 |
Stor | Moderat | Liten | |
Sensitivitet |
|||
I kva grad påverkar endringane i føresetnadane anslaga for sannsynlegheit og konsekvens |
1 |
2 |
3 |
Samla vurdering av usikkerheit – Sannsynlegheit |
|||
Snittverdi |
1,0 – 1,49 |
1,5 – 2,49 |
2,5 – 3,0 |
Liten | Moderat | Stor | |
Kunnskapsgrunnlag |
|||
Tilgang på relevante data og erfaring |
1 |
2 |
3 |
Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?) |
1 |
2 |
3 |
Semje blant medlemmane i ekspertgruppa (som har delteke i risikoanalysen) |
1 |
2 |
3 |
Stor | Moderat | Liten | |
Sensitivitet |
|||
I kva grad påverkar endringane i føresetnadane anslaga for sannsynlegheit og konsekvens |
1 |
2 |
3 |
Stor | Moderat | Liten | |
Samla vurdering av usikkerheit – Konsekvensar |
|||
Snittverdi |
1,0 – 1,49 |
1,5 – 2,49 |
2,5 – 3,0 |