Risiko for smittsame sjukdommar hos menneske

Ei gitt typisk stor hending innan dette risikoområde som kan ramma Rogaland er ein pandemisk influensa utan at ein har ei utvikla vaksine i forkant.

Sannsynligheit:  Middels, 1 – 2% per år (1 gong i laupet av 50 til 100 år)
   
Konsekvens: Liv og helse: Svært store konsekvensar (over 75 døde og over 400 sjuke).
  Natur og miljø: Ikkje relevant
  Økonomi: Store direkte og indirekte konsekvensar (0,2-2,5 mrd. Kr).
  Samfunnstabilitet:    Små sosiale og psykiske reaksjonar, samt påkjenningar i dagleglivet.
  Styringsevne: Små konsekvensar for regional styringsevne.
  Totalt: Store konsekvensar
     
Usikkerheit: Litenfor sannsynlegheit og moderat for konsekvens
   
Samla risiko: Svært høg risiko