Risiko for radioaktiv stråling

Ei gitt typisk stor hending innan dette risikoområde som kan ramma Rogaland er eit utslepp frå Sellafield med luftboren radioaktivitet som når Rogaland.

Sannsynligheit:  Middels, 1–2% per år (1 gong i laupet av 50 til 100 år)
   
Konsekvens: Liv og helse: Små konsekvensar for død (2-5 direkte dødsfall) og middels konsekvensar for sjukdom (5-25).
  Natur og miljø: Svært store konsekvensar for natur og ingen
konsekvensar for kultur.
  Økonomi: Middels direkte (125-500 mill.kr) og svært store indirekte (<2,5 mrd.kr).
  Samfunnstabilitet:    Store sosiale og psykiske reaksjonar og små påkjenningar i dagleglivet.
  Styringsevne: Små konsekvensar for regional styringsevne.
  Totalt: Store konsekvensar
     
Usikkerheit: Moderat usikkerheit for sannsynlegheit og liten
for konsekvens.
   
Samla risiko: Høg risiko