Risiko for dambrot

Ei gitt typisk stor hending innan dette risikoområde som kan ramma Rogaland er eit dambrot i ein 4-klassedam med under ein times evakueringstid.

Sannsynligheit:  Svært låg, < 0,1% per år (sjeldnare enn 1 gong i laupet av 1000 år)
   
Konsekvens: Liv og helse: Svært store konsekvensar for død (<75 personar) og for skadde og sjukdom (<400 personar)
  Natur og miljø: Middels konsekvensar for natur og kultur.
  Økonomi: Svært store direkte (<2,5 mrd. Kr) og indirekte (<2,5 mrd. Kr) konsekvensar.
  Samfunnstabilitet:    Svært store sosiale og psykiske reaksjonar og store påkjenningar i dagleglivet.
  Styringsevne: Svært små konsekvensar for regional styringsevne.
  Totalt: Svært store konsekvensar
     
Usikkerheit: Liten usikkerheit
   
Samla risiko: Middels risiko