Afrikansk svinepest på Jæren

Ei uønskt hending innan risikoområdet «Naturhendingar» som kan ramma Rogaland er dyresjukdom. Sjukdomen som er valt som scenario er Afrikansk svinepest og området som er ramma er Jæren. For å vise alvoret av ei slik hending har vi tatt utgangspunkt i ei typisk stor hending.

Føresetnader

Hendingsgang

Fire gardar på Jæren blir ramma av afrikansk svinepest. Nokre av dei ligg i direkte nærleik av RV 44 og jernbana.

Medverkande hendingar

- Kjelda til utbrotet er ein person frå Polen som jobbar med svin på ein gard på Jæren. Personen har vore på besøk i heimlandet og bringar sjukdommen hit via ei matpakke med svinekjøt.

- Det finns ikkje vaksine.

Tidspunkt

Første mistanke 8. oktober 2017. Mistanke bekrefta 10. oktober 2017. Utbrotet er over 10. januar 2018.

Lengd

13 veker og tre dagar. (3 månader og 2 dagar)

Samanliknbare hendingar

- 42 utbrot i Polen i 2017

- 10 utbrot i Litauen i 2017

 

Scenario og systemutgreiing

Afrikansk svinepest (ASP) er ein svært smittsam virussjukdom hos svin, som ikkje smittar til menneske. Sjukdommen er karakterisert ved høg feber, sterkt nedsett allmenntilstand, raudleg misfarging og blødingar i huda og høg dødelegheit i laupet av kort tid. Afrikansk svinepest er ein A-sjukdom. Det betyr at mistanke om afrikansk svinepest skal rapporterast kjapt til Mattilsynet. Ved mistanke skal det straks settast i verk tiltak for å unngå spreiing av smitte inntil situasjonen er avklart. Mattilsynet har ein eigen «Faglig beredskapsplan – afrikansk svinepest» (2014) for slike situasjonar.

Utbrot av Afrikansk svinepest, 2017
Utbrot av Afrikansk svinepest, 2017 Foto: OIE.

Det er ingen effektiv vaksine mot ASP. Sjukdommen kan smitta via dråpe og avføring, ulike typar svinekjøt, kler og sko, og via infisert dyretransport eller utstyr. Sjukdommen kan òg smitta via midd, flått og mygg. Viruset er særdeles motstandsdyktig og kan overleve lenge i kadaver som er grave ned i kald og fuktig jord. Ved ein pH verdi under 4 eller over 12 så overlever ikkje viruset. 

Afrikansk svinepest blei oppdaga i 1978 på Sardinia i Italia og sjukdommen har vore der sidan. Det har vore utbrot i Spania og Portugal på 1990-talet. I 2007 blei sjukdommen påvist i Georgia og den har spreidd seg vidare til Armenia, Aserbajdsjan, Russland, Ukraina og Kviterussland. Nå har den spreidd seg vidare inn i EU-landa. Frå Estland kan sjukdommen smitta til Finland, og då er vegen kort til Noreg. Den kan òg smitta via Nord-Russland til Nord-Noreg.

Status for utbreiinga i EU i 2017 er

  2014 2015 2016 2017
Tamsvin Villsvin Tamsvin Villsvin Tamsvin Villsvin Tamsvin Villsvin
Estland 0 41 18 734 6 1053 2 439
Latvia 32 148 10 725 3 865 4 501
Litauen 6 45 13 111 19 303 10 399
Polen 2 30 1 53 20 80 42 267
Tsjekkia 0 0 0 0 0 0 0 72
Total 40 264 42 1650 48 2301 58 1678

Utbreiing av ASP i EU i 2017.

Det arbeidar om lag 20 000 utanlandske arbeidarar i landbruket i Noreg. Dei fleste er frå Polen og Litauen, og kvar sjette bonde i Noreg brukar utanlandsk arbeidskraft. Når det gjeld svin er 30% av alt norsk svin i Rogaland. Mesteparten av svina er tett konsentrert på Jæren.

Ulike stadium for handtering av ASP som blir skildra i Mattilsynet sin beredskapsplan er:

  1. Første mistanke.
  2. Mistanken haldast ved lag/mistanken blir stadfesta.
    1. Nødvendig skjerming av eigedommen.
    2. Utplassere desinfeksjonsmattar ved inn- og utgonger
    3. Planleggja transportruter for kadavertransport
    4. Føreslå midlertidig kontroll-, risiko- og observasjonssoner (sjølve garden, 3 km og 10 km)
    5. Sjekke MATS (Mattilsynets tilsynssystem) for å få oversikt over dyr som er flytta til og frå dyrehaldet.
    6. Ei rekkje forbod blir innført.
    7. Sende prøvematerialet til Veterinærinstituttet.
  3. Diagnosen blir stadfesta.

Den 8. oktober 2017 kjem første mistanke om afrikansk svinepest på ein gard på Jæren. Mistanken blir bekrefta av Veterinærinstituttet 10. oktober 2017. Kjelda til utbrotet er ein person i frå Polen som jobbar med svin på den smitta garden. Personen har vore på besøk i heimlandet og bringar sjukdommen tilbake med seg til Rogaland. Prøvar frå gardane rundt den smitta garden visar at tre andre gardar òg er stadfesta som smitta. Fleire av desse gardane ligg like ved RV44 og jernbana.

Kart over risiko- og observasjonssone ved utbrot av Afrikansk svinepest på Jæren
Kart over risiko- og observasjonssone ved utbrot av Afrikansk svinepest på Jæren

Ved utbrot av ASP vil det bli oppretta ei risikosone og ei observasjonssone rundt dei ramma gardane. Sjølve garden utgjer ei kontrollsone. Risikosona har ein radius på tre kilometer rundt utbrotet og vil ramma kommunane Klepp, Time, Hå og Sandnes, mens radiusen på observasjonssona er 10 km og vil i tillegg ramma kommunane Gjesdal og Sola. Innanfor risikosona har ikkje husdyr lov til å gå laus og det vil bli innført restriksjonar i samband med fri ferdsel i dette området.

Andre tiltak i risikosona (3 km):

  • Alle svinehold i sona skal inspiserast og tas prøve av.
  • Det er forbod mot all flytting og transport av svin på offentleg eller privat veg. (Forbodet gjelder ikkje transitt av svin på hovudvegar og jernbane).
  • Det er ikkje lov å flytte andre husdyr inn eller ut av garden utan løyve frå Mattilsynet.
  • Det er forbod mot å flytte transportmiddel og utstyr som kan vere kontaminert med smitte (t.d. er brukt til å frakte svin, fôr eller gjødsel.)
  • Alle lastebilar og andre køyretøy og utstyr som har blitt bruk til å transportere gris, andre dyr eller materiale som kan vere forureina skal reingjerast og desinfiserast.
  • Ingen lastebil eller anna køyretøy som blir brukt til transport av gris kan forlata sonen utan å vere reingjort og desinfisert, og deretter inspisert og godkjent av Mattilsynet.

 

Observasjonssonen (10 km):

  • Alle svinehold skal registrerast.
  • Det er forbod mot all flytting og transport av svin på offentleg eller privat veg (forbodet omfattar ikkje transitt av svin på hovudvegar og jernbane).
  • Det er ikkje lov å flytte andre dyr inn eller ut av garden i laupet av dei første sju dagane etter at sonen blei oppretta utan løyve frå Mattilsynet.
  • Alle daude eller sjuke grisar på ein gard skal meldast til Mattilsynet som skal gjere nødvendige undersøkingar om mogleg smitte.
  • Ingen lastebilar eller anna køyretøy som blir brukt til transport av gris kan forlate sona utan å vere reingjort og desinfisert, og deretter inspisert og godkjent av Mattilsynet.

 

Det er fleire andre gardar som ikkje er smitta, som ligg innanfor risiko- eller observasjonssona. Dette gjelder òg fleire bustadhus, verksemder, RV-44 og Jærbanen. På dei ramma gardane er det fire buskap med totalt 3400 svin. Fordelinga på typar er; 1400 smågris, 190 avlspurker, 1400 slaktegris, 400 ungpurker, 1 avlsråne og 1 ungråne. På desse gardane er det i tillegg 2 værar, 85 søyer og 3 hestar.

Innanfor risikosona på tre km er det 66 buskap med 33 000 svin. Av desse er 13 000 smågris, 2500 avlspurker, 15 000 slaktegris og 2 700 er avlspurker. Innanfor den ti km observasjonssona er det 215 buskap med 97 000 svin og ein del anna produksjon.

På gardane er det i snitt fem menneske. Innanfor risikosona på 3 km bur det 19 000 personar og innanfor 10 km sona bur det 90 000 personar.

I kontrollsona skal alle griser avlivast dersom dei ikkje allereie er døde. Skrottane skal destruerast ved godkjent anlegg eller gravast ned (alternativt brennast) på garden. Buskap(ane) får pålegg om restriksjonar som medfører forbod mot all flytting av levande dyr, transportmiddel, fôr, reiskap og avfall. Når alle svin er avliva skal husdyrrom (grishus), gardsrom, transportmiddel brukt til transport av gris eller produkt av desse, og anna utstyr som kan bere smitte, vaskast og desinfiserast.

Utbrotet er over 10. Januar 2018.

 

Risikovurdering

Vurdering av sannsynlegheit 

Vurderinga av sannsynlegheit er basert på utbrot av ASP i Europa i laupet av dei siste åra. Sannsynlegheita for eit utbrot i Noreg og Rogaland er med andre ord til stade, sjølv om ASP så langt ikkje vore i Noreg. Auka globalisering og handel med dyr og dyreprodukt gir auka fare for utbrot. Basert på historiske data er det ikkje urimeleg at ein kan få eit utbrot i Noreg og i Rogaland når vi har 30% av alt norsk svin, og mange av buskapane ligg konsentrert på eit avgrensa område. Det er òg stor smittefare frå land som Polen og Litauen. For eit ASP- utbrot på Jæren vurderer vi sannsynlegheita til å vere høg. Basert på kunnskapsgrunnlaget vurderast usikkerheita som stor. Årsaka er at det er vanskeleg å vite korleis, kven og kor mange som eventuelt vil bli ramma i eit slikt scenario.

 

Vurdering av sannsynlegheit

 

1

2

3

4

5

Forklaring

Sannsynlegheit for at hendinga kan skje i laupet av eit år: 2-10% 

 

 

 

X

 

Stor dyrekonsentrasjon i Rogaland. Auka reiseverksemd og smittefare

Vurdering av konsekvens

Samfunnsverdi

Konsekvens

1

2

3

4

5

Forklaring 

Liv og helse

Dødsfall

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

Alvorleg skadde og sjuke

 

 

 

 

 

Ikkje relevant 

 Natur og kultur

Langtidsskadar på naturmiljø

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

Uopprettelige skadar på kulturmiljø

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

 Økonomi

Direkte tap

 

X

 

 

 

Avling av svin, handtering av destruksjon av svineprodukt

Indirekte tap

 

 

X

 

 

Tapt arbeidsforteneste. Vil påverka eksport av sæd og livdyr til Sverige og Storbritannia. Vil påverka norsk gris sitt renommé. Vil òg kunne påverke turisme

Samfunnsstabilitet

Sosiale og psykologiske reaksjonar

 

 

X

 

 

Ukjent hending, manglande moglegheit til å sleppe unna, forventningsbrot og manglande evne til å handtere situasjonen.

Påkjenningar i dagleglivet

 

X

 

 

 

Vare- og persontransport vil bli ramma. Det kan komme anbefalingar om flytting.

Styringsevne

Svekka regional samordning

 

 

 

 

 

Ikkje relevant

Samla vurdering av konsekvensar

 

X

 

 

 

Totalt sett store konsekvensar (56 poeng)

*Forklaring:

1 = Svært Låg / Små, 2 = Låg / Små, 3 = Middels, 4 = Høg / Stor, 5 = Svært Høg / Store

Liten usikkerheit

Moderat usikkerheit

Stor usikkerheit

 

Vurdering av konsekvensar

Konsekvensane for scenarioet «Afrikansk svinepest på Jæren» vurderast samla sett som små med moderat usikkerheit. Ei hending av denne typen vil først og fremst truge samfunnsverdiane Økonomi og Samfunnsstabilitet. Usikkerheita er i all hovudsak knytt til vurderingane av dei indirekte økonomiske kostnadene og dei sosiale og psykologiske reaksjonane i befolkninga.

 

Liv og helse

Vi trur ikkje at dette scenarioet vil skapa utfordringar for liv og helse for menneske.

 

Natur og kultur

Vi trur ikkje at dette scenarioet vil skapa utfordringar for natur og kultur.

 

Økonomi

Utbrotet på Jæren rammar fire gardar. Totalt blir minimum3 400 grisar avliva. Berre dette gir eit direkte verditap på 25 – 35millionar kroner. Utbrotet vil òg føre til direkte tap grunna destruksjon og atterhald i sal av kjøt og kjøtprodukt, samt kostnader i samband med kampen mot sjukdommen. Dei direkte tapa blir derfor stipulert til mellom 80 – 100 mill. kroner. Gitt kunnskap frå tidlegare utbrot internasjonalt, blir usikkerheita vurdert som moderat fordi det er vanskeleg å spå kor mykje mat som må destruerast, samt talet på personar som vil bli involvert i handteringa.

Dei indirekte kostnadene av scenarioet blir omfattande. Eksport av kjøt og kjøtprodukt kan bli sterkt ramma. Sjølv om kjøtet som blir selt til utlandet er fri for sjukdom, er det grunn til å tru at fleire folk vil vere skeptiske til å kjøpe kjøtet. Ei slik haldning kan skade eksportnæringa over lengre tid. Anna handel kan òg bli ramma. I tillegg vil det bli sett i verk ekstratiltak ved slakteria for å handtere sjukdommen. Dette inkluderer spesialtiltak mot transportmidlane som har transportert dyr til slakt. Transport av slaktedyr vil oppleva restriksjonar som ei følje av utbrotet. Det er sannsynleg at turistnæringa vil bli ramma og omdømet til norsk svin og svineprodukt blir svekka.

Det er svært usikkert kor store desse indirekte kostnadene vil bli. Det totale indirekte tapet er vurdert til 125 – 500 mill. kroner basert på liknande hendingar internasjonalt. Det vil seie middels konsekvens. Grunna eit avgrensa kunnskapsgrunnlag og at det ikkje er så mange samanliknbare hendingar vurderast usikkerheita til dette som stor. Det er vanskeleg å vite kva konsekvensar eit slikt scenario kan gi, og kor store dei kan bli.

 

Samfunnsstabilitet

Scenario «Afrikansk svinepest på Jæren» vil vere ukjent for befolkninga. Det er ikkje så mange som har kunnskap om denne sjukdommen. Mangel på kunnskap og ein reell bekymring blant gardeigarar om at sjukdommen kan ramma deira gard, vil kunna skapa frykt i befolkninga.

Eigarane av gardane kor ASP bryt ut vil naturleg nok bli hardast ramma. Dei vil ikkje ha moglegheit til å unngå konsekvensane for buskapane. Her vil heile buskapen måtte slaktast ned. Dei som bur på garden kan òg oppleve psykiske reaksjonar i samanheng med eit eventuelt stor økonomisk tap grunna utbrotet. Det er rimeleg å forvente at nabogardane vil oppleve ei viss frykt for spreiing av smitte til deira buskapar. Konsekvensane for sosiale og psykiske påkjenningar vil likevel ikkje vere høge, ettersom eit avgrensa tal på menneske blir direkte ramma. Konsekvensane for resten av befolkninga vil ikkje vere like store. Det er størst usikkerheit til forventningsbrot som ei følgje av eit slikt scenario. Totalt sett er konsekvensane middels med moderat usikkerheit.

Dei som bur innanfor risikosona vil oppleva påkjenningar i dagleglivet. Dette vil gjelde om lag 19 000 personar, som inkluderer både dei gardane som er direkte ramma av utbrotet og alle andre som bur i nærleiken av gardane. Desse vil over ein lengre tidsperiode leva i ei unnatakstilstand som kan samanliknast med ei evakuering. Unnatakstilstanden vil i dette scenarioet vare i over tre månader og for dei rundt 20 personane i kontrollsona vil det gå lang tid før situasjonen opplevast som normal igjen.

Fordi det berre er ei mindre del av befolkninga som vil bli hardt ramma, vurderer vi konsekvensane for påkjenningar i dagleglivet som små. Gode planar og prosedyrar mellom anna hos Mattilsynet gjer at det er mogleg å spå kva problem i kvardagen som vil ramma befolkninga. Vare- og persontransport vil ramma ei stor gruppe menneske over lang tid. For personar med særleg helsebehov på dei ramma gardane, kan det vere lurt å tilrå flytting ut av garden for at helsepersonell kan komme til, utan å gi ordre om evakuering. Usikkerheita ved vurderingane reknast derfor som moderat.

 

Styringsevne

Vi trur ikkje at dette scenarioet vil skapa utfordringar knytt til regional styringsevne.

 

Vurdering av usikkerheit

Den samla vurderinga av usikkerheit knytt til vurderingane av sannsynlegheit er liten usikkerheit og for konsekvens er det moderat usikkerheit.

Vurdering av kunnskapsgrunnlaget

Forklaring

Tilgang på relevante data og erfaring

Lite materiale og direkte erfaring. Det er erfaring med utbrot av andre A-sjukdommar. Tilgang er moderat.

Forståing av hendinga som analyserast (kor kjent og utforska er fenomenet?)

Sjukdommen er kjent internasjonalt og kunnskapen har auka. Ikkje mykje utforska i Noreg. Forståinga er moderat.

Semje blant medlemmane i ekspertgruppa

Det er semje på alle område. Semja er stor

Sensitiviteten til resultata

Forklaring

I kva grad påverkar endringane i føresetnadane anslaga for sannsynlegheit og konsekvens

Konsekvensane vil variere med kor utbrotet skjer. Jo fleire dyr og menneske som rammast, desto større blir konsekvensane. Sensitiviteten er liten for sannsynlegheit og moderat for konsekvensane

Samla vurdering av usikkerheit

Usikkerheita knytt til vurderingane av sannsynlegheit og konsekvens vurderast som liten usikkerheit for sannsynlegheita (2,50 poeng) og moderat for konsekvensane (2,25 poeng)

Moglege risikoreduserande tiltak 

Ein føreslår fyljande tiltak: 

Sannsynlegheitsreduserande tiltak 

  • Mattilsynet bør intensivere arbeidet med informasjonstiltak mot relevante målgrupper for å sikre at informasjonen kjem fram. Dette gjelder mellom anna:
    • Norske jegerar på villsvinjakt i utlandet.
    • Arbeidarar frå andre land som har jobb på norske gardar bør ikkje sleppe inn i fjøs før 72 timer etter opphald i land med smitte.
    • Turistar, mellom anna på ferjeleie om å ikkje fôre norske husdyr med utanlandsk mat.
  • Statsforvaltaren ved Landbruksavdelinga, bøndene og Mattilsynet skal bevisstgjere utanlandske gardsarbeidarar om smitterisiko og oppretthalde smitteverntiltak som å:
    • låse av bygningar (inngangskontroll – munnbind, hanskar, støvlar).
    • vere flinke med å avgrense besøk. Avgrensa inngang for skoleklasser. 
    • oppretta smittesluser.
  • Mattilsynet bør legge rette for auka jakt på villsvinstanden i Noreg, mellom anna vurdere skotpremie.
  • Det er relativt få tiltak/barrierar i ein normalsituasjon gunna EU si fri flyt av varer osb. Her er det uendeleg mange hål. Mattilsynet må derfor vere godt budd på innføring av tiltak og å sette opp fleire barrierar dersom sjukdommen nærmar seg Noreg.
  • Styresmaktene bør vurdere å:
    • Endre på reglane for toll på importvarer. Til dømes avgrense mengde kjøtt per person til 8 kg.
    • Endre/skjerpe vedtak om bruk av landbruksmaskiner i Noreg. Ein gravemaskin frå Litauen m/jord blei til dømes stoppa i Sverige. Alle landbruksmaskiner skal ha papir på at dei er fri frå smitte og deira opphavsland.
    • Strenge krav om import og innførsel av dyr i høve til besetningsisolasjon. KOORIMP kan sette ekstra krav som offentleg styresmakt, mellom anna om isolasjon. Alle A-sjukdommar skal ha papir på at besetningane er utan smitte og ikkje frå smitteutsett land.

 

Konsekvensreduserande tiltak

Eit utbrot av ASP vil involvere mange aktørar utanfor Mattilsynet. Det er viktig at forventningane om varsling og samarbeid om handteringa inklusive krisekommunikasjon og informasjon til innbyggarane i dei kommunane som er ramma er avklart. Ansvaret for at dette er avklart litt til Mattilsynet. Ei god måte å teste dette på er å gjennomføre ei øving som involverer kommune og relevante etatar på regionalt nivå.