Vatn, avlaup og renovasjon

I Rogaland er det i hovudsak kommunane eller kommunalt eigde selskap som sørgjer for vatn, avløp og renovasjonstenester til innbyggjarane og næringslivet. Sidan infrastrukturen for vatn og avløp er naturlege monopol, er det i utganspunktet ingen overlappande system for innbyggjarar og næringsliv dersom tenesta svikter.

Bilde av ei vassmugge som blir fylt med springvatn
Vassmugge Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Drikkevassforsyning

Definisjon

Drikkevassforsyning er evna til å levere tilstrekkeleg mengde drikkevatn til folk og verksemder med kritisk samfunnsfunksjon (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c).

Med «tilstrekkeleg mengde» meinast i normalsituasjonen at vassforsyninga skal dekkje etterspurnaden til ein kvar tid frå hushald og næringsverksemd. Drikkevatn er per definisjon ikkje berre vatn som drikkast, men alt vatn som produserast i eit vassforsyningsanlegg eller som tas ut av ei vasskjelde og som går til forbruk i bustader, til næringslivet (inklusiv dyrehald) eller i samfunnet elles. Kravet er at vatnet skal vere «hygienisk tryggjande». Drikkevasskjeldene skal òg normalt kunna forsyna brann- og redningsvesenet med sløkkevatn ved brann.

 

System og ansvar

Definisjonen på drikkevatn er alle formar for vatn som anten ubehandla eller etter behandling skal drikkast, brukast i matlaging, til andre hushaldningsformål eller i næringsmiddelforetak der ein stillar krav om bruk av drikkevatn. Drikkevatn omfattar ikkje reint vatn og reint sjøvatn. I tillegg til drikkevatn, er dei viktigaste bruksområda for vatn personleg hygiene, næringsmiddelproduksjon, reingjering, sløkking av brannar, vatn til husdyr og elles i landbruksnæringa.

Mattilsynet skal godkjenne alle vassverk som produserer minst 10 m³ drikkevatn, eller forsyner ein eller fleire sårbare abonnentar. Likevel gjeld dei fleste krava i drikkevassforskrifta om trygt drikkevatn dei registreringspliktige. Det vil seie dei vassforsyningssystema som leverer drikkevatn til minst 2 bustader eller fritidsbustader. I Noreg får om lag ti prosent av befolkninga vatn frå slike småanlegg. For ei liste over vassverk i Rogaland sjå Mattilsynet sine heimesider. Oversikta er ikkje utfyllande, berre nokre få av dei små vassverka er registrerte her.

Folkehelseinstituttet har eit register, VREG, over alle vassverk i Noreg som er godkjenningspliktige. Her er ikkje små vassverk som berre forsyner institusjonar, overnattingsstader eller næringsmiddelverksemder tatt med. Opplysningane er baserte på vassverka sine årlege rapporteringar til Mattilsynet sin netteneste MATS. Data frå MATS blir regelmessig førte over til VREG. Gjennom dette registeret er det mogleg å overvake vassforsyninga, identifisere problemstillingar og vurdere kor det må settast inn ekstra innsats for å betre kvaliteten på drikkevatnet.

Til hushald bruker kvar person i Rogaland i gjennomsnitt 197 liter vatn per døgn. Totalt vassforbruk, inklusiv lekkasje, er 486 liter vatn per person per døgn.

Det er vassverkseigar (ofte kommunen) som er ansvarleg for at vatnet er helsemessig trygt og godt. Dette gjeld alt frå dagleg drift til å takle hendingar som kan true leveringstryggleiken og vasskvaliteten. Mattilsynet på si side er godkjennings- og tilsynsstyresmakt, mens Folkehelseinstituttet er staten sitt kompetanseorgan for drikkevatn. Dei er med andre ord rådgjevarar for dei ulike aktørane i vassforsyninga.

Kommunen skal ha oversikt over vassforsyninga i eigen kommune, både private og kommunale. Kommunen har og ansvar for å ta omsyn til drikkevatn i arealplanlegginga, og ved løyver etter anna  regelverk, jf. Folkehelselova kap. 2. Kommunen skal medverke til at helsemessige omsyn blir ivareteke av andre styresmakter og verksemder. Dette ansvaret har dei òg for private vassverk i kommunen. Tilgang til nok trygt drikkevatn skal inn i kommunen sin beredskapsplan.

Dette inneber mellom anna at kommunelegen er ein viktig høyringsinstans i samband med godkjenning av vatn. I arealplanlegginga må kommunen vurdere behovet for omsynssoner med føresegner knytt til rundt drikkevasskjelder. Kommunen kan, i særlege beredskapssituasjonar bestemme at det kan leverast vatn sjølv om kvalitetskrava i Drikkevassforskrifta ikkje er tilfredsstilt, etter avtale med kommunelege og Mattilsynet. Kommunen kan og varsle om å koke vatn til drikke.

Riksrevisjonen kom i 2023 med ei undersøking som kritiserer styresmaktene sitt arbeid med vassforsyninga. Dei hevdar det ikkje er gjort nok for å redusere lekkasjar og fornye leidningsnettet for drikkevatn. Riksrevisoren peiker på at det er viktig å prioritere oppgradering av vassforsyninga og slutte å sløse med drikkevatnet, av omsyn til liv og helse, og økonomi. Klimaendringane med høgare temperaturar, auke i skadegjerarar, styrtregn og tørkeperiodar gjer det endå viktigare å ta vare på drikkevatnet.

 

Vassforsyninga i Rogaland

Vi kan grovt dele inn vassforsyningsnettet i fem delar; vasskjelde med nedslagsfelt, inntaksarrangement, vassbehandling, overføringsleidning og vassfordelingssystem (ringnett av røyr, pumpestasjonar, høgdebasseng og liknande). Vasskjeldene i Rogaland er i all hovudsak overflatevatn i form av innsjøar. Heile 97 % av folketalet får vatn frå innsjøar, mens to prosent er grunnvatn og ein prosent kjem frå elver. Av 13 godkjenningspliktige grunnvasskjelder i Rogaland, er ti lausmassebrønnar, ein fjellbrønn og to kjelder. Vatn frå 65 innsjøar forsyner om lag 377 800 personar. Grunnvatn forsyner 9 900 personar, og elvar gir vatn til 2500 personar. Det er i hovudsak Sauda kommune, delar av Suldal kommune og Hjelmeland, samt Oltedal og Dirdal i Gjesdal kommune som brukar grunnvatn i Rogaland.

Statsforvaltaren har ikkje detaljert oversikt over alle inntaksarrangementa. Eit generelt inntrykk er at desse er robuste ved at dei ligg djupt i innsjøar med relativt store volum. Vidare er det sjølvfall ned til dei største vassbehandlingsanlegga og overførings-leidningane. Dei fleste vassverka slepp derfor å pumpe vatnet for å nå det store fleirtalet av abonnentar. Det er desinfeksjonsanlegg i alle dei godkjenningspliktige vassverka i Rogaland. Ultrafiolett stråling er den vanlegaste metoden følgd av klor.

Overføringsleidningane og vassfordelingssystema er dei mest usikre delane av vassforsyninga. Som nemnt tidlegare er om lag ein tredjedel av totalt vassforbruk i Rogaland lekkasjar. Dette skyldast i hovudsak utette leidningar. I Rogaland er 76 prosent av leidningane lagde etter 1970, mens om lag 1,2 prosent er lagde før 1940. I dag er PVC- røyr mest vanleg, mens det tidlegare var jern eller stål som var det mest brukte materialet. Røyr frå perioden 1941 – 1970 (10 %) er av erfaring mest utsette for brot.

Utbygging av vatn og avlaupsnett i Viste hageby
Utbygging av vatn og avlaupsnett i Viste hageby Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg Kommune.

Det føreligg politiske vedtak i mange kommunar om innføring av vassmålarar, noko som òg blir tilrådd av IVAR. Tanken med vassmålarar er at det vil føre til lågare vassforbruk. Pris for leige og tilknyting av vassmålar er individuelt for kommune til kommune, til dømes har Haugesund innført vassmålarar hjå alle abonnentar, som har ført til ca. 20% lågare vassforbruk og eit meir stabilt vassutak samanlikna med kommunar utan slike målarar.

 

Vassverk i Rogaland

Vassforsyning er å betrakte som kritisk infrastruktur. I Sør-Rogaland er det eit stort interkommunalt selskap, IVAR, som eig og driv 7 vassverk (5 i ordinær drift, og 2 i reserve) for 12 kommunar med om lag 330 000 innbyggjarar. Eigarane er  Gjesdal, Hå, Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger, Strand, Hjelmeland, Suldal og Time kommunar. Sjå oversikt over IVAR si hovudvassforsyning i figuren under.

Oversikt over vassforsyninga til IVAR i Rogaland
Oversikt over vassforsyninga til IVAR i Rogaland

For dei fleste medlemskommunane er IVAR ein grossist som leverer vatn fram til kommunegrensa. Der har kommunane eigne vassverk, såkalla leidningsvassverk. Desse har ansvar for at vatnet kjem fram til abonnenten. Unnatak er Kvitsøy, Strand og Hjelmeland kor IVAR har ansvaret for alt, frå vasskjelde og fram til kundane. Sjå tabellen under for vassverka til IVAR, og dei som har avtale med dette selskapet.

Kommune Namn Driftar Type Ant. forsyna personar
Gjesdal Langevatn vassverk* IVAR ordinær 315 000
Oltedal vassverk** IVAR ordinær og krisekjelde 930
Dirdal vassverk IVAR ordinær 520
Strand Krokaheia IVAR ordinær 11000
Hjelmeland Hauskje vassverk IVAR ordinær 1800
Hagavatnet vassverk IVAR Reserve  
Tine Meieri Sør Nærbø Privat Krisevatn for IVAR  
Stavanger Stokkavatnet vassverk IVAR reserve  

Tabell 7: Vassverk som er eigd av eller har avtale med IVAR (VREG)

*Nokre av vasskjeldene ligg i Bjerkreim kommune.

**Oltedal vassverk er ei grunnvasskjelde der det er planlagd for at IVAR kan hente ut krisevatn dersom overflatekjeldene ikkje kan brukast. IVAR har 5 tankar på 13 m³ og 50 tankar på 1 m³ på Langevatn som kan forsyne 10 000 menneske til matlaging og drikke i ein krisesituasjon.

I kommunane som er tilslutta IVAR er det nokre område som blir dekkja av anna vassforsyning. Sjå tabellen under for ei oversikt over desse.

Kommune Namn Type Ant. forsyna personar
Sandnes Forsand kommunale vassverk Kommunalt 439
Øvre Espedal vassverk Kommunalt 48
Helle vassverk Kommunalt 102
Strand Heia vassverk Privat 300
Idse nye vassverk Privat 80
Meling vassverk Kommunalt 65
Lynghaug vassverk Kommunalt 25
Preikestolen vassverk Privat 100
Hjelmeland Årdal vassverk Kommunalt 740
Fister vassverk Kommunalt 359
Skiftun vassverk Kommunalt 500
Jøsenfjorden vassverk Kommunalt 68

Tabell 8: Alternativ vassforsyning i IVAR-kommunar (ikkje eigd av IVAR)

 

I dei resterande 14 kommunane i Rogaland er det eitt eller fleire kommunale vassverk, supplert med nokre private. For oversikt over desse sjå Tabell 9 under;

Kommune Namn Type Ant. forsyna personar
Eigersund Eigersund vassverk Kommunalt 12 000
Hellvik vassverk Kommunalt 795
Helleland vassverk Kommunalt 400
Sokndal Hauge vassverk Kommunalt 2908
Åna Sira vassverk Kommunalt 250
Lund Moi vassverk Kommunalt 3620
Ueland vassverk Kommunalt 320
Lunnan vassverk Kommunalt 100
Bjerkreim Vikeså vassverk Kommunalt 839
Kleivane vassverk Kommunalt 35
Bjerkreim vassverk Kommunalt 577
Haugesund Haugesund vassverk* Kommunalt 45 603
Røvær vassverk Kommunalt 111
Karmøy Karmøy vassverk Kommunalt 41 393
Syre vassverk Privat 300
Tysvær Hindervåg vassverk Kommunalt 440
Skjoldastraumen vassverk Kommunalt 648
Gismarvik vassverk Kommunalt 1759
Tysværvåg Kommunalt 2000
Førre vassverk Kommunalt 6009
Bokn Kyrkjebygd vassverk Kommunalt 720
Utsira Utsira vassverk Kommunalt 250
Vindafjord Skjold vassverk Kommunalt 2295
Vikedal vassverk Kommunalt 1300
Raunes vassverk Kommunalt 1187
Ølen avd. Bjoa vassverk Kommunalt 600
Vikebygd vassverk Kommunalt 700
Imsland vassverk Privat 277
Sandeid vassverk Privat 1078
Ølen vassverk Privat 4500
Sauda Svandalen vassverk Kommunalt 300
Sauda vassverk Kommunalt 4670
Suldal Nesflaten vassverk Kommunalt 195
Marvik vassverk Kommunalt 107
Vanvik vassverk Kommunalt 97
Suldalsosen vassverk Kommunalt 509
Vatlandsvåg vassverk Kommunalt 69
Mosvatnet  Kommunalt 500
Erfjord vassverk Kommunalt 981
Mosrøysane vassverk Kommunalt 66
Sand vassverk Kommunalt 1445

Tabell 9: Vassverk i Rogaland, unntatt IVAR (VREG)

*Haugesund vassverk forsyner òg Frakkagjerd og Førre i Tysvær kommune

Leidningsvassverka er ikkje tatt med i tabellane. Derfor blir summen av vassverka i Rogaland her ikkje det same som tidlegare nemnt, jf. VREG.

I Rogaland har Mattilsynet to avdelingar; Sør-Rogaland, Sirdal og Flekkefjord (SRSF) og Sunnhordland og Haugalandet (SH). SRSF har tilsyn med 15 kommunar i tillegg til IVAR-anlegget på Langevatn og SH med Sauda, Suldal, Vindafjord, Tysvær, Bokn, Utsira, Karmøy og Haugesund.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Eit utfall av vassforsyninga i Rogaland vil kunna ramma fleire kommunar. Det er fire hovudårsaker til svikt i vassforsyninga. Dette er naturhendingar, organisatoriske hendingar, teknisk svikt eller ekstern trussel.

Vass- og avløpssektoren står ovafor store utfordringar med å tilpasse seg eit endra klima. Hyppigare og kraftigare styrtregn sett kapasiteten i avløpsnettet på prøve. Tørke kan true vassforsyninga nokre stader. Vassbransjen må planlegge for meir robuste system som kan takle klimaendringane. Dette må gjerast saman med handtering av vatn på overflata.

 

Svikt i førebuing og beredskap

I 2021/22 hadde Mattilsynet tilsyn med drikkevassbasseng i landet. Grunna pandemien var ein del av desse dokumenttilsyn. I alt blei drikkevassbasseng hjå 566 vassverkseigarar kontrollerte, 390 vassforsyningssystem hadde eitt eller fleire avvik. Mattilsynet fann fleire manglar i farekartlegging og i planar for vedlikehald, og det er noko dei finn bekymringsfullt. Avvik for drikkevassbasseng viser at vassverkseigarar må fortsette arbeidet med å inkludere alle delar av vassforsyningssystema i både beredskap og drift.

I 2016 gjennomførte Mattilsynet tilsyn med beredskapen til vassverk. Det blei undersøkt om vassverka kan handtere uønskte hendingar slik at dei framleis kan levere trygt nok drikkevatn til innbyggarane. 515 vassverk blei reviderte. I Rogaland blei 30 av dei største vassverka reviderte, i tillegg til IVAR sitt vassbehandlingsanlegg. 80-90% av befolkninga får vatn frå desse vassverka.

Tilsynet visar at dei fleste vassverka har god kontroll på driftskontrollsystem og IKT, fysisk tilgang, straumforsyning og rutinar for varsling. Av dei 515 vassverka blei det avdekt avvik på 416 (81%). I Rogaland er talet 76%. Rogaland har dei same avvika som i resten av landet. Avvika dreier seg om gjennomført og oppdatert ROS-analyse (52,6%), beredskapsplanar (36,84%), beredskapsøvingar (31,57%) og manglar knytt til reserve- og naudvassforsyning (31,57%). Mattilsynet konkluderte med at beredskapen på drikkevassområdet måtte bli betre. Fleire vassverk har i tida som er gått sidan 2016 fått betre beredskap og leveringstryggleik. Svikt i planverk, manglande øvingar og manglande redundans i forsyninga kan vere kritisk.

 

Brot i vassleidning

Den delen av vassforsyninga som etter Mattilsynet si vurdering er mest sårbar er leidningsnettet. Mange vassleidningar er gamle og dårlege, og dei ligg ofte i same grøft som avløpsleidningar. Om lag 30% av drikkevatnet vårt lekk ut ifrå leidningsnettet. Det skjer brot på overføringsleidningar fleire gonger kvart år. Vassverka har generelt gode rutinar for reparasjon av slike brot, og dei vert derfor raskt ordna utan store konsekvensar.

Brot på ein hovudleidning kan skapa større konsekvensar. Brot på landleidning er enklare og raskare å reparera, enn dei i sjø.

Alle kommunar skiftar ut gamle vassrøyr årleg. Utskiftingstakta er gjennomgåande treg, men varierer frå kommune til kommune og frå år til år. I Rogaland i 2018 var det 22 prosent av kommunalt drikkevatn som gjekk til lekkasje, mot 30 prosent i 2015. Sidan dette er prosenttal er det sannsynleg at mykje av forbetringa kan skuldast utviding av leidningsnettet. Mattilsynet meiner det er stor usikkerheit knytt til talet på lekkasjar. Vassverka sjølv seier det er utfordrande å finne rett tal for lekkasje.

Statsforvaltaren ser at dette arbeidet ikkje gir store utslag på den totale oversikta over lekkasjar. Vi har av den grunn inntrykk av at utbetringar av lekkasjane ikkje er systematiske nok. Stavanger kommune held på med systematisk lekkasjelytting for å redusere lekkasjeprosenten i kommunen. Statsforvaltaren oppmodar kommunane med høg lekkasjeprosent til å betre denne situasjonen.

 

Straumbrot

I vassforsyninga er det spesielt to element som treng straum; vassbehandlingsanlegga og pumpestasjonane. Høgdebassenga er plasserte på ulike stader for å sikre nok trykk på vassleidningane. Dei vil og fungere som eit magasin ved eit vassleidningsbrot. Som oftast har eit høgdebasseng vatn til eitt døgn, ved normalt forbruk. Generelt er vassforsyninga til IVAR lite sårbar ved brot i straumforsyninga. Dette er mellom anna grunna sjølvfallprinsippet. I einskilde høgtliggande område er drikkevassforsyninga likevel avhengig av trykkauke gjennom pumper for å få fram vatn til abonnentane. Vassbehandlingsanlegga har i hovudsak naudstraum.

Under Mattilsynet sitt landsomfattande tilsyn i 2016 fekk 10,3% av dei reviderte vassverka konklusjonen "ikkje tilfredsstillande" på punktet om straumforsyning. For Rogaland gjeld dette i hovudsak dei mindre vassverka. Dei aller fleste vurderte vassverka hadde tilfredsstillande straumforsyning inkludert rutinar for alternativ straumforsyning ved svikt i den ordinære straumforsyninga frå nettet.

Redusert vasskvalitet som følje av straumbrot gir mykje meirarbeid for dei som vert råka, men truleg får det ikkje store konsekvensar for liv og helse så lenge det finst vatn til hygiene- og sanitærbruk, og til brannsløkking. Stans i all vasslevering skaper ein viss fare når det gjeld brannsløkking. Landbruket vil bli skadelidande ved vassmangel. Industriverksemder som brukar vatn i produksjonen, kan og bli påførte økonomiske tap.

Forureining av vasskjelda eller av drikkevatn 

Forureining av vasskjelda kan føra til sviktande kvalitet på drikkevatnet. Klimaendringane aukar sårbarheita til vasskjeldene i Rogaland, særleg sidan dei fleste er overflatekjelder.

Kvaliteten kan òg bli påverka av:

 

  • for dårlege kontrollrutinar
  • svikt i vassbehandlinga, inkludert desinfeksjon
  • innlekking av grøftevatn til utette vassleidningar eller dårlege kummar kombinert med lågt trykk i leidninga
  • inntrenging av forureiningar dersom drikkevassbasseng (høgdebasseng) ikkje er sikra godt nok.

 

Klimaendringane gjer faren for forureining større og sett vassbehandlingsanlegga på større prøver enn før. Innslag av humus som gjer drikkevatnet brunt har auka merkbart dei seinare åra.  Høgare temperatur og meir nedbør kan føre til hyppigare oppblomstring av giftige cyanobakteriar i overflatevatn. Ei anna utfordring med klimaendringane er tørke og låg grunnvasstand.

Det er viktig at vassverka er budde på denne utviklinga og får på plass god nok reinsing og beskyttar nedbørsfelta rundt kjeldene. Dersom drikkevatnet likevel blir forureina, må det i beredskapsplanane gå fram korleis reserveløysingar skal settast i verk. Sjølv om vassverka generelt har gode desinfeksjonssystem er vassforsyningsnettet etter desinfisering sårbart for ureining. Jo nærare kundane infiltrasjonen er, desto vanskelegare er det for vassverket å fange opp forureininga med vassprøvar. Vassverka må farevurdere og planlegge for meir robuste system som kan takle klimaendringane.

Vassleidningar ligg ofte i same grøft som avløpsleidningar. Innsug av forureina vatn til drikkevassleidninga ved tap av trykk er sannsynleg.

Som nemnd er det mykje lekkasjar i leidningsnettet. Sjansen for å forureina drikkevatn er derfor til stades, sjølv om trykket i vassrøyret normalt hindrar inntrenging.

Vasskran
Vasskran Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Ved radioaktivt utslepp til luft frå  t.d. atomkraftverk i Europa kan radioaktivt nedfall med uheldig vind og nedbør komme til Noreg og forureine overflatevatn. Det er sannsynleg at uro og bekymring vil vere ei større utfordring enn faren ved å drikke vatnet.

Forureina drikkevatn kan føre til alvorlege helseproblem og tap av liv, jf. Giardia-parasitten i Bergen i 2006 og campylobacter på Askøy i 2019. Spesielt eldre og sjuke er sårbare dersom dei vert utsette for dette i drikkevatnet. Det mest vanlege er E-coli bakteriar som fører til mage- og tarminfeksjonar, som hindrar oppmøte på jobb, skole og barnehage, og som derfor kan ha store kostnader for samfunnet. Dersom forureina vatn blir brukt i næringsmiddelindustrien kan smitte skje via maten.

 

Svikt i driftssystem

I følge Mattilsynet sitt tilsyn med vassverka i 2016 er det store skilnader mellom vassverka når det gjeld graden av automatisering. Nokre har berre manuell styring, andre har automatisk overvaking og styring heile tida. Graden av automatisering har ofte samanheng med storleiken på vassverket; jo større vassverk, desto større grad av automatisering.

Ved tilsyna fekk 19,6% av dei reviderte vassverka konklusjonen "ikkje tilfredsstillande" når det gjeld driftskontrollsystem (DKS) og IKT. Dei største vassverka hadde betre resultat enn dei andre (11,1%). Fleire av desse avvika handlar om manglande ROS-analyse i samband med driftskontroll og IKT-system. Digital avhengigheit førar med seg økt kompleksitet og nye sårbarheiter. Vassforsyninga bruker i dag i aukande grad IKT-system og fjernstyring i alle deler av drifta. IKT er blitt ein integrert del av vassforsyningssystemet. Driftskontrollsystem (DKS) for styring og overvaking av anlegga er i seg sjølv eit av dei mest sårbare punkta i eit vassforsyningssystem.

 

Tilsikta hendingar

Tilsikta hendingar og sabotasje på vasskjelde eller på vassforsyningsnettet kan skje. Det er lite sannsynleg at nokon vil klare å slå ut heile vassforsyninga. Dette fordi det er så mange vassverk, og fordi det største vassverket har fleire kjelder med store volum, fleire leidningar, høgdebasseng og beredskapsløysingar.

Å sikre kritisk infrastruktur har blitt meir aktuelt pga. krigen i Ukraina og den endra tryggleikspolitiske situasjonen. I lys av dette har Mattilsynet bestemt å skjerme data om drikkevatnet i større grad. Vi har allereie hatt cyberangrep på kritisk infrastruktur i Noreg, inkludert drikkevatn, dei siste åra. Mattilsynet kontakta i november 2022 vassverkeigarane i fylket for å gjere dei merksame på ansvaret dei har for å sikre vassverk mot sabotasje og innbrot. Mattilsynet viser til rettleiar om auka tryggleik og beredskap i vassforsyninga.

 

Andre hendingar

Utilsikta hendingar og menneskeleg svikt.

 

Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar

Ei total vassforsyningssvikt er som tidlegare nemnt vanskeleg å tenke seg for dei store vassverka. Konsekvensane ville òg vore katastrofale dersom dette skulle skje. Det er få hendingar der vi ser for oss at heile vassforsyninga blir sett ut av spel samstundes.

Tosidig vassforsyning, redundans (doble løysingar for viktige element, til dømes doble vasspumper) og ein god leveringskapasitet er faktorar som bidrar til å redusere sårbarheita i vassforsyninga. Dette vil òg redusera konsekvensar ved ei uønskt hending. Her er det stor skilnad på store og små vassverk. Det er framleis mange vassverk som ikkje har gode nok reservedrikkevasskjelder eller system for å sette i verk reservedrikkevassløysingar.

Spesielt på Haugalandet er gode nok reserveløysingar mangelvare. På Haugalandet (Haugesund, Karmøy, Tysvær, Vindafjord og Bokn) har kommunane i 2017 gjennom fells VA-forum foreslått ei utgreiing for å gjere noko med dette. Ei felles beredskapsøving for kommunane i 2017 var med på å underbyggje dette. Det vart bestemt at det skal lagast ei utgreiing for reservevassforsyninga på Haugalandet i 2018. Kommunane Haugesund, Karmøy, Tysvær og Vindafjord, samt Sveio i Vestland har inngått ein avtale om etablering av felles reservevassløysing. Mattilsynet har i 2021 vedtatt ein framdriftsplan for den einskilde kommune med politisk handsaming i laupet av 2022.

I 2013 blei det laga ei ringleidning mellom Karmøy, Haugesund og Tysvær som gjer vassforsyninga meir robust. Søre del av Tysvær kommune får no vatn frå Karmøy. Ved eit brot på vassleidninga kan abonnentane forsynast frå motsett side. Det er tre ulike vasskjelder, ei i kvar kommune.

Høgdebassenga jamnar ut døgnvariasjonar i forbruket. Dei sikrar levering av vatn ved utfall av hovudkjelde eller brot på leidning og sikrar ekstra volum ved brannsløkking. I Rogaland er det om lag 187 høgdebasseng. Vanleg bassengkapasitet er forbruk for eit døgn ved normal tapping. Alle høgdebassenga er lukka, med tak og vegger.

Dei mest utsette områda er uttak som berre har einsidig forsyning. For IVAR sitt område gjeld dette hovudsakleg frå Orstad og sørover langs Jærleidningen. Det er påbegynt eit arbeid med nytt høgdebasseng i Hå (Håland høgdebasseng). Dette er forventa ferdig i 2024. Dette vil betre forsyningstryggleiken til både Hå, Time og Klepp kommune.

IVAR sine vasskjelder dekker eitt års forbruk (per 2022). Ved langvarig tørke vil det blir utfordrande å levere nok vatn. For å betre råvasskvalitet og leveringstryggleik er eit arbeid i gong med å kople seg til ei ny vasskjelde, Birkelandsvatnet i Bjerkreim kommune. Oppstart forventast i 2025, med ferdigstilling i laupet av fire år. 

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

Reservevassforsyning

I følgje Mattilsynet sitt tilsyn av vassverk i 2016 fekk 31,7% av dei reviderte vassverka "ikkje tilfredsstillande" på dette punktet. Dei registrerte ikkje skilnad mellom dei store og dei små vassverka som var av betydning. Dei avdekka at nokre vassverk har behov for å få på plass reservevatn. Vassverka har i hovudsak laga instruksar for naudvatn og kartlagt behovet til sårbare abonnentar.

Utgreiinga om reservevassforsyninga på Haugalandet som starta i 2018, bør gå over til arbeidet med å etablere reservevassforsyninga snart, sidan utgreiingsarbeidet har dratt ut i tid. Store vassverk på Haugalandet, blant dei Haugesund vassverk og Karmøy vassverk har ikkje reservevassforsyning. Dette er sårbart for ein så kritisk infrastruktur som vassforsyning er. Mattilsynet har gitt pålegg til dei største kommunane om å få ei reservevassforsyning. Det er laga ei framdriftsplan og endeleg rapport frå utgreiinga er venta første kvartal i 2023.

IVAR, som forsyner omlag halvparten av kommunane i Rogaland, har som nemnd to reservekjelder dei kan bruke (i Stavanger og Hå). Dei har òg avtalar med kommunale og private vassverk/-kjelde som eventuelt kan brukast som krisekjelder (sjå Tabell 8). IVAR har i tillegg fleire vasstankar som kan køyrast ut til ramma kommunar som naudkjelde. På Haugalandet er det starta samarbeid om levering av naudvatn. Det er tenkt fleire felles utstyrsdepot i tillegg til at kommunane sjølv og har ein del utstyr til bruk ved mindre alvorlege hendingar, som reine, små tankar og vasskanner/eingongsposar.

ed bruk av reservevatn, eller i verste fall krisevatn, vil dei fleste mindre vassverka ikkje ha gode nok løysingar. Statsforvaltaren meiner derfor at kommunane må vurdere å lage større einingar. Ei løysing kan vere å slå saman vassverk i kommunen. Ei anna løysing kan vere å lage større interkommunale selskap. Eit godt døme er IVAR IKS. Det burde ligge særskild til rette for interkommunale selskap på Haugalandet og i Dalane. Det er kommunane Vindafjord, Suldal og Tysvær som har flest vassverk. Vi oppfordrar til å vurdere samanslåingar.

IVAR sine krise- og naudvasstankar
IVAR sine krise- og naudvasstankar Foto: IVAR.

I Sokndal har det kommunale brann- og redningsvesenet eigen vasstankbil på Hauge. I tillegg føreligg det samarbeidsavtale med industrivernet Titania AS (med fullverdig brannbil og tankbilar som kan fyllast hurtig) og Flekkefjord brann- og redningsvesen. Tankbilar frå Lund og Eigersund kommunar kan og bidra med støtte om dei blir rekvirerte.

Helseinstitusjonar er avhengig av vatn til ei rekkje ulike prosessar som vask og hygiene, framstilling av væske som inngår i behandlinga, matlaging og drikkevatn. Ved bortfall av vassforsyninga er helseinstitusjonane avhengige av kommunen si reservevassløysing. Tilkøyrt eller lokalt magasinert vatn vil i realiteten ikkje monne.

Naudstraumsaggregat

IVAR og dei sentrale vassbehandlingsanlegga har straumaggregat. Sjølv ved langvarige straumbrot kan IVAR oppretthalde tilnærma normal vassforsyning til det meste av det kommunale leidningsnettet på fastlandet. Kritiske funksjonar, til dømes styring av vasstrykket til kommunane, kan styrast med installerte naudstraumsaggregat.  IVAR sine naudstraumsaggregat er baserte på diesel.

 

Elektrisk kommunikasjonstenester

Fleire vassverk har ulike typar alarmar og elektroniske overvakingssystem men dei kan i liten grad fjernstyrast. Langevatn, Krokarheia og Hauske vassverk har eigne driftssentralar.

 

Sikring

Vassforsyninga til IVAR oppfattast som robust. Dette kjem av at det er iverksett sikringstiltak ved dei mest kritiske objekta. Dei kommunale vassverka har ulik kontroll av fysisk tilgang.

Under Mattilsynet sitt tilsyn av vassverka i 2016 fekk 13,4% av dei reviderte vassverka "ikkje tilfredsstillande" på dette kravpunktet. Her hadde dei største vassverka (forsyner meir enn 100 000 personar) nokre dårlegare resultat enn dei andre (22,2%). At dei største vassverka i dette tilfelle er vurdert som dårlegare enn dei andre vassverka kan ha samanheng med at inspektørane har vurdert krava til sikring strengare enn for dei andre vassverka.

 

Beredskap

Under Mattilsynet sitt tilsyn i 2016 fekk heile 55% av dei reviderte vassverka konklusjonen "ikkje tilfredsstillande" på kravet om ein ROS-analyse. Dei største vassverka (forsyner over 100 000 personar) er betre enn dei mindre på dette området. 46,1% hadde ein "ikkje tilfredsstillande" beredskapsplan. Dei største vassverka er markant betre. Berre 11,1 % fekk "ikkje tilfredsstillande". Mattilsynet avdekka òg manglar til vassverka si opplisting av beredskapsutstyr.

65,2% fekk "ikkje tilfredsstillande" på krav om beredskapsøvingar. Blant dei store vassverka er talet 44,2%. Vassverka har ikkje nok øvingar. Kommunal beredskapsplikt fører mellom anna til at kriseleiingane i kommunane har plikt til å øve anna kvart år. Det vil vere naturleg at vassforsyning er tema òg for den kommunale kriseleiinga. Statsforvaltaren vil oppmode til samarbeid mellom vassverk og kriseleiing for gjennomføring av øvingar. IVAR har eit tilbod om øvingar for medlemskommunar som bør brukast.

 

Eigenberedskap

Direktoratet for samfunnstrykkleik og beredskap har årleg gjennomført ei eigeberedskapsveke der dei utfordrar alle hushald til å klare seg sjølve i minst 3 dagar. I dette ligg og å ha drikkevatn lagra 9 liter drikkevatn per person.

 

Kritiske innsatsfaktorar

Dei mest kritiske innsatsfaktorane er å ha gode nok system og løysingar for å etablere reservevassforsyning. Dette har mange vassverk ikkje på plass. Etablering av reservevassforsyning blir sjeldan øvd og det er stor uvisse korleis reserveforsyninga vil fungere i praksis.

For mindre vassverk er det vanskeleg å rekruttere nye tilsette som har god nok kompetanse til å drifta vassverket og følgje opp alle krava i Drikkevassforskrifta (2016).

 

Avlaup- og renovasjonshandtering

Definisjon

Avlaupshandtering er evna til bortleidning og tilstrekkeleg reinsing av avlaupsvatn (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c). Renovasjonshandtering er evna til å generere, førebyggje, overvake, behandla, gjenbruke og restdeponere fysisk avfall.

Med «tilstrekkeleg reinsing» meinast i normalsituasjonen at reinsing av avløpsvatn skjer i tråd med gjeldande regelverk og løyve. «Fysisk avfall» er både ordinært avfall (hushalds-, institusjons- og kommersielt avfall) og spesialavfall (til dømes frå medisinsk bruk eller miljøfarleg hushaldsavfall).

Evna til avløps- og renovasjonashandtering er kritisk fordi eit bortfall vil kunna medføra betydelege driftsmessige og hygieniske konsekvensar for verksemder med kritisk samfunnsfunksjon, til dømes verksemder innan matproduksjon og helsevesen. Det er kritisk å unngå miljøskade, sjukdomsspreiing og å forhindre at helsefarlege tilhøve oppstår. Både folkehelse, næringsliv og naturmiljø er avhengig av god avfallshandtering.

 

System og ansvar

Avlaup

Kommunen har som oppgåve å sørge for at avlaupsvatn leides bort, reinsast og førast tilbake til naturen sitt kretslaup. Avlaupsvatn består av spillvatn, overvatn, og drensvatn. Spillvatn er sanitært avlaupsvatn frå hushald og prosessvatn frå industri og næring. Overvatn er regnvatn og smeltevatn som renner av på overflata. I til dømes Sandnes kommune er avlaupet i stor grad separert. Dette
betyr at spillvatn og overvatn ledast i separate røyr. Overvatn og drensvatn ledast til næraste bekk, elv, innsjø eller sjø. Spillvatn ledast til reinseanlegg. 

Det største reinseanlegget på Haugalandet er Årabrot reinseanlegg. Det tar imot avløpsvatn frå Haugesund kommune og delar av fastlands Karmøy. Anlegget har løyve til utslepp av 72 000 personekvivalentar. Karmøy kommune er i ferd med å etablera eit større avløpsreinseanlegg – Åkrehamn reinseanlegg. Anlegget har fått løyve til utslepp av 15 000 personekvivalentar. Anlegget skal stå ferdig i løpet av få år.

Figur 22 Avløpsanlegg i Rogaland

Kart som viser avløpsanlegg i Rogaland

IVAR IKS avløp- og renovasjonstenestar til Gjesdal, Hjelmeland, Hå, Klepp, Kvitsøy, Randaberg, Sandnes, Sola, Stavanger, Strand, Suldal og Time. Avløpssystemet består av avløpsanlegg, det vil seie reinseanlegg, slam- og biogassanlegg, pumpestasjonar, overlaup, målestasjonar og  avløpsleidningsnett. IVAR har ansvar for hovudanlegga når det gjeld transport og reinsing av avløpsvatn i dei 12 eigarkommunane.

Det største reinseanlegget for avløpshandtering i fylket er sentralreinseanlegget for Nord-Jæren (SNJ). Anlegget ligg ved Mekjarvik i Randaberg kommune. Avløpsvatn frå Gjesdal, Sandnes, Sola, Stavanger og Randaberg kommunar blir leda til SNJ.

Anlegget tar i mot avløpsvatn og slam frå hushald og industri tilsvarande 350 000 personekvivalentar, og har kapasitet til 400 000. Avløpsslammet blir til pellets/gjødsel og i tillegg produserast det biogass. Det er etablert ein gjødselfabrikk på Mekjarvik som vidareforedlar slammet som kjem ut av reinseanlegget til eit fullverdig gjødselprodukt (Minorga). Det reinsa avløpsvatnet blir sleppt ut på djupt vatn 1600 meter frå land.

Kommune Avlaup Renovasjon
Stavanger IVAR IKS Renovasjonen IKS
Sandnes
Randaberg Randaberg kommune
Gjesdal Gjesdal kommune
Hå kommune
Time Time kommune
Klepp Klepp kommune
Kvitsøy IVAR IKS
Hjelmeland IVAR IKS Ryfylke
Strand
Sola Sola kommune/ekstern aktør
Suldal Suldal kommune HIM IKS
Bokn Bokn kommune
Haugesund Haugesund kommune
Tysvær Tysvær kommune
Vindafjord Vindafjord kommune
Utsira Utsira kommune
Sauda Sauda kommune
Bjerkreim Karmøy kommune DIM IKS
Eigersund Eigersund kommune
Sokndal Sokndal kommune
Lund Lund kommune IRS Miljø
Sauda Sauda kommune Sauda kommune
Karmøy Karmøy kommune Karmøy kommune

Tabell 11: Oversikt over avlaup og renovasjonsansvar i Rogaland

 

Renovasjon

Renovasjon er ei viktig teneste for innbyggjarar i Rogaland. Den bidreg til å redusere smittefare og reduserer luktproblematikk. Restavfall brukast mellom anna til fjernvarme. Papp, papir, plast, glas og metall gjenvinnast. Renovasjonstenesta i regionen reknast som robust.

Kvar kommune har ansvar for å samle inn avfall frå hushalda, utanom Strand, Suldal, Hjelmeland, Kvitsøy og Time. I desse kommunane har IVAR også ansvar for innsamling. IVAR har ansvar for forsvarleg og miljøvennleg behandling av avfallet gjennom avtalar med gjenvinnings- og behandlingsanlegg. Haugalandet interkommunale miljøverk (HIM)er ansvarleg for innsamling av hushaldsavfall i dei 5 eigarkommunane Bokn, Haugesund, Tysvær, Vindafjord og Etne. Dei tilbyr også avfallsløysningar for næringslivet, og har ansvar for innsamling av slam ifrå innbyggarar utan offentleg avløp (6000 anlegg).

I 2021 kasta hushalda i IVAR-regionen ca. 150 000 tonn avfall. Dette er om lag 429 kg for kvar innbyggjar.

Renovasjon i Randaberg kommune
Renovasjon i Randaberg kommune Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Det er tre avfallsdeponi i Rogaland – Svåheia som ligg i Eigersund kommune, Borgardalen i Karmøy kommune og Toraneset i Vindafjord kommune. Desse tar ikkje imot organisk eller usortert avfall.

Restavfallet går til forbrenning enten ved forbrenningsanlegget på Forus, andre forbrenningsanlegg rundt om i landet eller til utlandet (eksempelvis Sverige, Tyskland). På Forus blir avfallet brent og omgjort til energi for fjernvarmeproduksjon.

Papiravfallet går òg til Forus, der det blir pakka og klargjort for vidaresal. Organisk avfall blir sendt til IVAR IKS biogassanlegg Grødaland.

IVAR sitt nye sorteringsanlegg var ferdig i 2019. Dette anlegget var eit heilautomatisk system som var spesialdesigna for å sortere ut plast, metall og papir frå anna avfall. Sorteringshallen på anlegget ble totalskadd i brannen i juli 2022. Det er usikkert når anlegget vil kome i drift igjen. Vaskeanlegg for plast vil truleg koma i gong i løpet av 2023.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Svikt i infrastruktur som bygg, vegar og leidningsnett kan gjere at systemet sviktar. Brannen som var i sorteringsanlegget til IVAR på Forus er eit døme på dette. Sorteringsanlegg er spesielt utset for brannar. For avløp kan sviktande infrastruktur forureina vassmiljøet. Det er tre hovudkjelder til forureining; utslepp frå reinseanlegg, utslepp frå overlaup/naudoverlaup eller utslepp via lekkasjar i leidningsnettet. Anlegg kan få driftsstans av ulike årsaker som gjera at systemet stoppar opp.

Svikt i transportevne kan gjere at avfall eller slam ikkje kjem fram til reinse- eller handteringsanlegga.

Svikt i straumforsyning kan gjere at systemet stoppar opp. Det er i liten grad installert naudstraumaggregat i samband med transport og reinsing av avløp. Under eit langvarig straumbrot vil ein oppleva at avløpet går direkte i overlaup til næraste resipient.

Klimaendringar, spesielt ekstrem nedbør, vil gjere at ein får meir overvatn i avløpssystemet. Tradisjonelt sett har overvatn i tettbygde område blitt leda direkte ned i røyr under bakken. Klimaendringar fører til meir kortvarig regn med høg intensitet, såkalla styrtregn. I tillegg fører fortetting utbygging til auke i tette flater. Dette hindrar vatnet i å trenge ned i bakken. Avløpsnettet har ikkje kapasitet til å ta unna alt vatnet under kraftige regnskol, og vatnet tek då andre vegar. Både for ny og eksisterande busetnad kan kommunen stilla krav til at overvatn skal handterast på eige tomt.

Brann kan sette einskilde gjenvinningsanlegg ut av spel og hendingar har skjedd relativt hyppig dei siste åra. Ifølge Rogaland brann og redning IKS, og IVAR IKS, blir det hyppigare branntilløp i avfallsanlegg grunna alle batteria som blir kasta i rest-/papiravfall.

Brannbil slokker brann på en søppelplass
Brann på RSG Miljø på Forus, Sandnes kommune 2003 Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

I perioden frå 1. januar 2016 til 4. mars 2021 blei det registrert 228 brannar i norske avfallsanlegg. 11 av disse brannane var brannar i avfallsanlegg i Rogaland. Ein landsdekkande tilsynsaksjon hausten 2020 viste at det var avvik i mange avfallsanlegg og at det var eit potensial til å betre brannsikkerheita i mange av anlegga. I 2012 brand returmetall og gamle bilvrak hos Norsk returlager på Mekjarvik, Randaberg kommune. Røyken var giftig og ferjesambandet mellom Mekjarvik, Kvitsøy og Skudeneshavn blei stengt. Det var og ein storbrann på Westco på Forus, og fleire tusen menneske vart evakuerte. I 2013 braut det ut brann i Norsk Gjenvinning sitt anlegg på Gausel i Stavanger. Ein ny brann skjedde her i 2014. IVAR IKS har òg hatt to branntillaup i sitt sentralreinseanlegg i 2015. I juli 2022 ble IVAR IKS sitt nye ettersorteringsanlegg på Forus skadd i brann.

Manglande do-vet kan og gjere at systemet sviktar. Feitt i avløpsvatnet festar seg til røyr, pumper og rister slik at avløpssystemet ikkje fungerer som det skal. Røyr kan tettast, og i verste fall føre til kloakkstopp og flaum i kjellarar. Hår, bomull og våtserviettar kan òg skapa problem for avløpssystemet. Dette løyser seg treigt opp og lagar store proppar som kan tetta røyr, skade pumper og føre til driftsproblem på reinseanlegga.

Svikt i vedlikehald som spyling og reingjering av fett frå avløpssystemet kan òg føre til at systemet sviktar.

 

Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar  

I fylket er det stor konkurranse om å ta imot avfall. Ein legg derfor til grunn at dersom eit mottak stengjast, vil ein finna andre transportørar eller mottak relativt raskt. IVAR IKS har store avfallsmengder, og av den grunn kan det vere nødvendig å fordele avfallet på fleire mottak. Då krevst det at det einskilde mottak har eigne rutinar for stans over lang tid. Dersom det skjer ei krise utan forvarsel, til dømes brann eller konkurs, kan det vere behov for mellombels lager. Dersom ein ikkje kan finna ein eigna stad kan det vurderast å rydde området på Sele kor ein komposterer hageavfall.

Selskap som tilbyr hushaldtenester kan gå konkurs, og det kan ta nokre veker før eit mellombels eller nytt selskap er på plass. I mellomtida må avfall lagrast heime, eller leverast til ein gjenvinningsstasjon.

Ved straumbrot vil to sentrale anlegg for avfallshandtering beinveges stoppe. Det er biogassanlegget på Grødaland og Forus energigjenvinning sitt anlegg på Forus, samt gjenvinningsstasjonane i regionen (Forus-, Sele- og dei regionale gjenvinningsstasjonar).

Anlegga har avgrensa mottakskapasitet dersom prosessanlegget stansar på grunn av straumbrot.

Ved forbrenningsanlegget på Forus er kapasiteten 3-4 dagar utan straum før dei må køyre avfallet bort. Dersom kapasiteten blir «sprengt» (meir enn 3-4 dagar) er det mest sannsynleg at avfallet blir frakta til andre forbrenningsanlegg i landet. Dersom Svåheia (eller dei andre deponia) skal ta imot restavfall må dei ha ein dispensasjon frå Statsforvaltaren. Deponia i Noreg har ikkje tillating til å ta imot organisk avfall. Når det gjeld gjenvinningsstasjonane på Forus, Sele og andre stader i fylket, reknar Statsforvaltaren med at desse er mindre påverka av straumforsyninga. Det same gjeld dei tre avfallsdeponia som er att.

Brannen i ettersorteringsanlegget til IVAR IKS i 2022 gjorde at sorteringa av restavfall for store deler av Sør-Rogaland stoppa, og avfallet må brennast til ei ny ordning er på plass. Kommunane og IVAR IKS ser på alternative løysingar for at mest mogleg plast igjen kan materialgjenvinnast.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar? 

Det er i liten grad installert naudstraumaggregat i samband med transport og reinsing av kloakk. Ved straumbrot vil få pumpestasjonar og reinseanlegg fungera. Kloakken vil samlast opp i transportnettet og etter kvart renne i overlaup til sjø eller vassdrag for å hindre at bygga og dei tekniske anlegga blir øydelagde. Alle kommunane må vere klare over kva konsekvensane er for dei ulike utlaupstadene (ved pumpestasjonar og reinsingsanlegg) dersom kloakken går i overlaup ved straumbrot. På dei mest utsette stadene for forureining, bør det gjerast tiltak for å mest mogleg redusere konsekvensane ved eit overlaup. Alternativt må slike utsette stader planleggast for og prioriterast med omsyn til naudstraumforsyning.

Når det gjeld avløp har reinseanlegget Bore i Klepp kommune naudstraumsaggregat grunna kritiske miljøverdiar. IVAR har utarbeidd ein kontinuitesplan som prioriterer reinseanlegg ved straumstans. Første prioritet er Oltedal- og Bore reinseanlegg, samt Klepp pumpestasjon. Avløp frå dei øvrige reinseanlegga langs jærkysten renn til god resipient; Nordsjøen.

 

Kritiske innsatsfaktorar 

  • For renovasjon er transportevne viktig for å kunne hente og køyre bort avfall. 
  • Forsyning av elektriske energi til avfallsanlegga er og viktig for produksjonen for einskilde anlegg. 
  • Arbeidskraft er sentralt for å kunne hente og levere avfall. Dette er òg sentralt for avlaupshandtering. 
  • For avlaupshandtering er intern infrastruktur og tilgang på reservedelar viktig for at avlaupet skal gå komme fram til reinseanlegga. 

 

Ein er òg avhengig av samhandling og kommunikasjon mellom dei ulike involverte system og ansvarseigarane.