Naud- og redningsteneste

Naud- og redningsteneste er den offentlege organiserte augeblikkelege innsatsen frå fleire samvirkepartnarar for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulykkes- eller faresituasjonar, og som ikkje blir ivaretatt av særskilt oppretta organ.

Redningsbiler parkert i veien ved Risavika
Foto: Gry Evensen.

Redningsberedskap

Definisjon

Redningsberedskap er evna til omgåande innsats for å redde menneske frå død eller skade som følgje av akutte ulykkes- eller faresituasjonar (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c).

System og ansvar

I dagleg tale snakkar vi om naudetatar og redningstenesta. Til naudetatane reknar vi vanlegvis politi, ambulanse og brann- og redningsvesen med deira naudalarmsentralar. Redningsteneste er ei prioritert oppgåve for naudetatane sjølv om dei i det daglege utfører andre oppgåver. Redningsteneste er likevel mykje meir enn naudetatane.

Redningstenesta er eit samvirke mellom offentlege organ, frivillige organisasjonar og private verksemder. Beredskapsarbeidet i Noreg er basert på ansvars-, nærleiks-, likskaps- og samvirkeprinsippet og alle offentlege organ som har kapasitet, informasjon eller kompetanse eigna for redningsformål, pliktar å bidra i redningstenesta med dei kapasitetar ein har.

Hovoudredningssentral og lokal redningingssentral

Ved større hendingar der liv og helse er trua vil Hovudredningssentralen (HRS) eller Lokal redningssentral (LRS) ha overordna leiing og koordinere innsatsen. Normalt leiar og koordinerer HRS alle sjø- og luftredningsaksjonar. Hovudredningssentralen for Sør-Noreg (HRS-S) er leia av politimeister i Sør-Vest politidistrikt og er lokalisert i Sola kommune.

Landredning blir oftast delegert til LRS. LRS er leia av politimeisteren og sett saman av dei viktigaste samvirke-partnarane innan landredning.

Redningsleiinga Sør-Vest politidistrikt 2023

  • Politimester
  • Rogaland brann- og redning IKS
  • Haugaland brann- og redning IKS
  • Helse STavanger, prehospitale tenester
  • Sivilforsvaret
  • Forsvaret
  • Forsvaret
  • Statsforvalteren, beredskap
  • Kystverket
  • Avinor Flysikring
  • FORF (Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum)

 

  • Rådgjervar: prest i den norske kyrkja

LRS blir normalt drifta av operasjonssentralen i politidistriktet og er underlagt HRS-S jf. Organisasjonsplan for redningstjenesten (2019). Ved hendingar der politiet har primæransvar vil andre samvirkeaktørar støtte politiet. Politiet deltek òg ofte i handteringa av uønskte og/eller ekstraordinære hendingar kor ein annan myndigheit har primæransvaret, jf. hjelpeplikta etter politiloven (1995). 

Eit godt samarbeid mellom politiet og dei andre beredskapsaktørane er med andre ord ein viktig føresetnad for samfunnet si samla evne til å handtere eit bredt spekter av hendingar. I Rogaland har det i mange år vore eit formalisert og tett samarbeid mellom naudetatane og andre beredskapsaktørar i fylket. Dette samarbeidet skjer på alle nivå, mellom anna i Fylkesberedskapsrådet, Toppleiarutvalet (berre naudetatar) og i Øvingsutvalet. Representantar frå naudetatar og andre aktørar i redningstenesta treff òg kommunane kvart år på Statsforvaltaren sitt årlege nettverksmøte for kommunane sine beredskapskontaktar og informasjonsmedarbeidarar.

 

Politi

Sør-Vest politidistrikt omfattar heile Rogaland fylke, fem kommunar i Vestland og Sirdal kommune i Agder. Politidistriktet tener over 500 000 innbyggjarar og har om lag 1100 tilsette. Hovudsetet er i Stavanger og distriktet delt inn i fem geografiske driftseiningar. Fire av desse er lokalisert i Rogaland; Haugesund, Sauda, Stavanger og Time. Operasjonssentralen skal leie og koordinere den samla innsatsen på taktisk nivå i politidistriktet. Sør-Vest politidistrikt er eit av distrikta som òg har eit særleg ansvar for verksemd på sokkelen. Dette gjelder både etterforsking og operativ teneste. Distriktet skal kunne støtte ved operasjonar på heile kontinentalsokkelen.

Innføringa av Naudnett har bidrege til betre førebuing og samordning av innsatsen i redningsoperasjonar. Felles talegrupper er kanskje den viktigaste årsaka, men samarbeid og diskusjonar i naudmeldingsutval og liknande, betre dekning og lydkvalitet på sambandet spelar òg ei rolle. Erfaringar frå hendingar og øvingar tydar på at det framleis er ein veg å gå når det gjelder å inkludere forsterkningsressursane i felles talegrupper på riktig tidspunkt. 

Når ein av naudetatane får melding om ei hending som vil krevje innsats frå alle naudetatane skal dei andre bli varsla utan opphald. Dette blir kalla trippelvarsling.

Diagram som viser trippelvarsling
Trippelvarsling Foto: DSB.

 

Helse

Dei akuttmedisinske tenestene utanfor sjukehus er AMK, kommunal legevakt og ambulansetenesta. AMK er ein viktig del av den medisinske naudmeldingstenesta og er dei som vil ta i mot ei melding frå dei andre naudetatane. Ut frå meldinga vil dei vil styre og følgje opp ambulanseoppdraga. Brannmannskap og politi i fylket har òg fått grunnleggjande opplæring i førstehjelp og er ofte først på ein ulykkesstad. Det er to akuttmedisinske kommunikasjonssentralar (AMK) i Rogaland; ein i Helse Stavanger HF i Stavanger og ein i Helse Fonna HF i Haugesund.

Ambulansetenesta ved Helse Stavanger/ SUS har syv stasjonar: Stavanger, Sandnes, Jæren, Strand, Hjelmeland, Eigersund og Sokndal. I tillegg er det stasjonert ambulansebåt på Judaberg.  I Helse Fonna sitt distrikt er det ti ambulansestasjonar, kor fem av desse er Rogaland: Karmøy, Haugesund, Ølen, Sauda og Suldal.

 I Bjerkreim kommune har fleire av sjukepleiarane på sjukeheimen blitt kvalifisert som «first-responders», og vil kunne brukast som ei viktig ressurs for AMK.

Sjå kapittel Helseteneste for meir informasjon om helsetenesta generelt og dei prehospitale tenestene i Rogaland 

 

Brann- og redningsvesen

Brann- og redningsvesenet er i motsetnad til politi og helse eit kommunalt ansvar. Det har som føremål å verne liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og andre akutte ulykker , samt uønskte tilsikta hendingar.

Det er stor variasjon i storleik og organisering av dei ulike brann- og redningsvesena. Brann- og redningsvesenforskrifta legg føring for organisering, bemanning og utrustning samstundes som det skal forankrast i analyser for det einskilde brann- og redningsvesen.

Det skal vere minst 0,1 forebyggande årsverk per 1000 innbyggar i kommunen, medan folkemengda pr. tettstad er avgjerande for om dimensjoneringa av beredskap skal vere døgnkontinuerleg eller deltid med eller utan vakt.​

Dette medfører at kommunane fastset beredskapsnivå utover minimumskrava i forskrifta med grunnlag i analyser. Dei står også fritt til å leggja andre tenester til brann og redningsvesena dersom det er formålstenleg. Som eit resultat av dette vil ein ha brann- og redningsvesen som har ulike tenester, sjølv om risiko og sårbarheit kan vere relativt lik.

Dei hendingane som brann og redningsvesena ikkje er dimensjonerte for å handtera, vert handtert etter beste evne.

Viktige tenester innanfor brann og redning:

 

  • brannforebygging (alle)
  • brannslokking med røykdykkarteneste (alle)
  • redningsinnsats i samband med ulykker, som trafikkulykker, arbeidsulykker osv. (alle)
  • handtering av akutt forureining (alle, i tillegg til pliktig samarbeid (IUA))
  • overflateredning/redning i vatn, elv og på is (dei fleste)
  • akutthjelparordning, inkludert hjartestartar (dei fleste)
  • handtering av CBRNE-hendingar (Haugesund og Rogaland brann og redning IKS)
  • redningsdykking (Haugesund (samarbeid) og Rogaland brann og redning IKS)
  • redningsinnsats til sjøs ((RITS) Rogaland brann og redning IKS)

 

Brannstasjonane er lagt til tettstadene og er plassert meir spreitt enn til dømes ambulansetenesta og politiet. Dette medfører at det ofte er brann- og redningsvesen som kjem først til ein ulykkesstad. Etter kvart har dei fått ei viktig rolle mange stader som akutthjelparar innanfor sektoransvaret til helse eller innsatsleiing som er politiet sitt sektoransvar. Brann- og redningsvesenet har etter kvart vorte den redningsressurs som vert nytta til dei fleste hendingar uavhengig av storleik, innhald, akutt/ikkje akutt med meir. Difor vert ofte omgrepet «kvardagsberedskapen i lokalsamfunnet» nytta.

Rogaland brann og redning IKS er det største brann- og redningsvesenet i fylket og dekkjer dei ni kommunane Gjesdal, Klepp, Time, Sola, Sandnes,  Randaberg, Kvitsøy, Stavanger og Strand. I tillegg har dei ei tenesteavtale med Hjelmeland, Eigersund og Bjerkreim. Selskapet har rundt  430 tilsette fordelt på åtte avdelingar og 16 brannstasjonar.

På Haugalandet er Haugaland brann og redning IKS det største brann- og redningsvesenet. Kommunane Utsira, Karmøy, Tysvær, Bokn, Vindafjord og Sveio (i Vestland), har inngått avtale om felles brann- og redningsvesen.

Lund kommune har avtale om samarbeid med Flekkefjord. Resten av kommunane i fylket driv sine eigne brann- og redningsvesen, men med kjøp av tenester på ulike nivå, samarbeidsavtalar og samvirke.

Alarmsentral brann Sør-Vest dekker same område som Sør-Vest politidistrikt. Det vil seie alle kommunane i Rogaland samt fem kommunar i Vestland og Sirdal i Agder. Dei har som hovudoppgåve å ta i mot varsel om brann, ulykke, katastrofar og akutt forureining og utalarmere naudsynte ressursar.  Det er vedteke at 110-sentralane skal samlokaliserast med 112-sentralane, og på sikt kanskje også med 113-sentralane. Det vil gå nokre år før dette er på plass i Rogaland.

 

Offentlege forsterkningsressursar til naud- og redningstenesta 

Sivilforsvaret er ein viktig, offentleg forsterkingsressurs i redningstenesta. Rogaland Sivilforsvarsdistrikt har sitt hovudsete i Vagleleiren i Sandnes kommune, kor dei har 12 tilsette i administrasjon/stab. Ansvarsområde til distriktet dekkjer heile Rogaland fylke. I tillegg dekker sivilforsvars-distriktet Etne og Sveio i Hordaland sivilforsvarsdistrikt og Sirdal i Vest-Agder sivilforsvarsdistrikt. Styrken består av 507 tenestepliktige mannskap innan ulike fagfelt. Dei tenestepliktige er fordelt på 20 avdelingar. Avdelingane har oppsettingsstader fleire plasser i fylket.

Sivilforsvaret sine avdelingar i Rogaland
Sivilforsvaret sine avdelingar i Rogaland Foto: Sivilforsvaret.

Sivilforsvaret har kompetanse, er organisert og utstyrt for å gi operativ støtte til naud- og beredskapsetatane. Mykje av utstyret dei rår over kan brukast i redningsoperasjonar. I 2022 var Sivilforsvaret ute i tolv innsatsar. Det er særleg i store hendingar og langvarige hendingar Sivilforsvaret kan bidra. Typiske hendingar er ekstremt vêr, større brannar i utmark og leiteaksjonar.

Forsvaret er ei forsterkingsressurs som har personell og utstyr, og som kan hjelpe ved ulike hendingar. I ein redningsoperasjon vil det vere politiet som ber om støtte frå Forsvaret. Forsvaret  har fleire avdelingar som kan vere aktuelle. Heimevernet ved Agder- og Rogaland heimevernsdistrikt 08 (HV-08) er på grunn av organisering og tilgjenge den mest gripbare militære forsterkningsressursen ved hendingar. Òg personell ved KNM Harald Haarfagre og Sola flystasjon kan brukast. HV-08 held til i Vatneleiren, Sandnes kommune. HV-08 består ved inngangen til 2023 av omlag 4200 befal og soldatar fordelt på 27 HV-områder, og to innsatsstyrker. HV-08 forventar ei auking på ca. 250 soldatar i 2023.

Når det gjelder redningshelikopter sit leiinga i 330 skvadronen for tida på Sola. Hovudoppgåva til skvadronen er å operere statens redningshelikopter. Skvadronen har seks avdelingar, kor hovudbasen ligg på Sola flystasjon. Dei andre finn vi spreidd over hele landet; Banak, Bodø, Ørland, Florø og Rygge. To redningshelikopter er stasjonert på Sola og er ei viktig brikke i redningstenesta.

 

Frivillige ressursar i naud- og redningstenesta

Dei frivillige organisasjonane er ein særs viktig del av redningstenesta og blir brukt i stort monn. Eit lokalt døme er Norsk folkehjelp sin innsats i mange redningsoperasjonar rundt Preikestolen. Røde Kors hjelpekorps er den største frivillige aktøren innan den norske redningstenesta, og har lokallag i mange kommunar. I Rogaland kan dei til dømes stille med over 400 medlemmar i hjelpekorpsa og ti beredskapsambulansar.

Frivillige organisasjoners redningsfaglige forum (FORF) er ein paraplyorganisasjon for frivillige organisasjonar som har sitt virke i redningstenesta. Organisasjonar i Rogaland tilslutta FORF er Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp Sanitet, Norske Redningshunder, Rovernes Beredskapsgruppe, NAK flyteneste, og Norsk Radio Relæ Liga. Desse har gjennom FORF ein felles representant i LRS. 

Redningsselskapet opererer tre redningsskøyter i Rogaland som høyrer heime i Haugesund, Egersund og Stavanger. Skøytene i Stavanger og Egersund er mindre og bemanna av frivillige, i motsetning til dei andre. Skøytene er sertifisert for farvatna utanfor fjordane og er viktige redningsressursar til havs og ikkje minst for dei som bur på Utsira og Røvær. Alle får hjelp uavhengig av medlemskap. Appen «RS Safe Trx» fortel kor båtane er, og gjer kontakt lettare.

RS 114 Bergen Kreds
RS 114 Bergen Kreds Foto: Redningsselskapet.

Rogaland Alpine redningsgruppe (RAR) er ei frivillig gruppe som hjelper til med redning i bratt lende på Vest-/Sør-Vestlandet. RAR opererer til vanleg saman med 330 skvadronen ved slike redningsoperasjonar.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Svikt i kritisk infrastruktur er òg for redningstenesta noko av det mest alvorlege. Særleg vil svikt i naudnettet kunne få store konsekvensar. Ekstreme vêrtilhøve som fører til bortfall av kraft er ei utfordring vi har møtt både i Rogaland og andre stader i landet.

Naudnettet er eit av dei viktigaste reiskapane for redningstenesta og er sårbart for langvarige straumbrot. Særleg om straumen ikkje kjem tilbake innan 8 timar. Naudnettet er òg avhengig av at det nasjonale fibernett fungerer.

Redningstenesta er avhengig av at mange ulike organisasjonar arbeider saman mot eit felles mål. Manglande evne til samvirke og kommunikasjon vil vere alvorleg. Felles øvingar og evaluering av både oppdrag og øvingar er difor viktig.

Store ulykker med masseskade kan føre til kapasitetsproblem regionalt. Det same gjelder ved mykje sjukdom i befolkninga. Kunnskap om ressursar i nabodistrikt og nasjonale kapasitetar er derfor viktig.

 

Systemet si evne til å levera når det blir utsett for uønskte hendingar

Redningstenesta er på same vis som helsetenesta ein beredskapsorganisasjon og er bygd opp som ein slik. Det vi til vanleg kallar ekstraordinære hendingar er dagleg drift for redningstenesta. Store ulykker med masseskade, angrep på eller generell svikt i kritiske samfunnsfunksjonar er det som vil vere ekstraordinært.

Både naudetatane, forsterkningsressursane og andre offentlege aktørar vil etablere sine kriseorganisasjonar når det er nødvendig, som ein del av si samordning med kvarandre eller når det situasjonen krev det. Brann- og redningsvesenet vil til dømes etablere kriseorganisasjon ved større langvarige brannar og ved større forureiningssituasjonar. Sjukehusa vil til etablere sin kriseorganisasjon i situasjonar med masseskade og hendingar som trugar normal drift. Sjå meir om dette i punktet Helseteneste.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

God krisehandtering føreset god kommunikasjon, samhandling og klar rolleforståing. Dette oppnår ein gjennom å ha gode beredskapsplanar og gode rutinar, som øvast kontinuerleg på. Evna til samvirke under store hendingar, samt å få eit felles situasjonsbilde vil i fleire tilfelle vere avgjerande for god handtering under uønskte hendingar.

I etterkant av 22. juli-hendingane har regjeringa gjennomført fleire tiltak for at redningsberedskapen betre kan klare å handtere uønskte hendingar, spesielt når det gjelder tilsikta hendingar. Til dømes er Naudnett implementert i alle naudetatar og i dei frivillige organisasjonane, noko som sikrar betre koordinering og kommunikasjon på tvers av rednings- og beredskapsaktørane. Stortinget vedtok i 2015 endring i politiloven (1995) som lovfester at Forsvaret kan støtte politiet, om nødvendig med makt (nytt vedtak i politiloven § 27 a). Det trådde i 2019 inn ein ny organisasjonsplan for redningstenesta. Denne klargjer redningstenesta si organisering, rutinar for samarbeid, koordinering av leiing, ansvar og oppgåver.

 

Kritiske innsatsfaktorar

  • Straumforsyning
  • Naudnettsamband
  • Mobilsamband
  • IKT-tenester
  • Satellitt-tenester
  • Informasjon til befolkninga via NRK eller i andre kanalar som til dømes tyfonane til Sivilforsvaret
  • Arbeidskraft med riktig kompetanse
  • Sikre registrer, arkiv etc.
  • At den einskilde aktør kjenner sitt ansvar og rolle og evner å samvirke med kvarandre.

Redningsleiinga Sør-Vest politidistrikt 2018

  • Politimeister
  • Brann
  • Kommunehelsetjeneste
  • Helse Stavanger, prehospitale tenester
  • Sivilforsvaret
  • Forsvaret
  • Fylkesmannen, beredskap
  • Kystverket
  • Avinor Flysikring
  • Frivilliges organisasjoners redningsfaglige forum

 

  • Rådgjevar: prest i den norske kyrkja