Kraftforsyning

Samfunnsfunksjonen kraftforsyning omfattar dei system og leveransar som er nødvendig for å ivareta samfunnet sitt behov for elektrisk energi til oppvarming, hushald, produksjon, transport og fjernvarme der slike anlegg er utbygd. Kraftforsyning er grunnleggjande for samfunnstryggleiken mellom anna grunna følgjekonsekvensane for andre samfunnskritiske funksjonar ved forsyningssvikt.

To vindmøller står i bakgrunnen av en fjellknaus og en hest som går på beite
Vindmøller, Utsira kommune Foto: Statsforvaltaren i Rogaland.

Forsyning av elektrisk energi

Definisjon

Forsyning av elektrisk energi er evna til å sikre sluttbrukarar tilgang til tilstrekkeleg elektrisk energi (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016).

System og ansvar 

Samfunnet er i større og større grad avhengig av elektrisk kraft. Årsaka til dette er mellom anna bruken av informasjons- og kommunikasjonsteknologi, velferdsteknologi, bustader bygd berre med elektrisitet som varmekjelde. Elektrifisering og ny industri vil og gi ei markant auking av kraftforbruket. Det er heller ikkje noko scenario som er meir samansett og som råkar fleire enn eit brot i straumforsyninga. Avhengigheita av elektrisk energiforsyning er til dels total, i den forstand at ein får ein tilnærma momentan stans i dei fleste sektorar når elektrisiteten forsvinn.

Noregs vassdrags- og energiverk (NVE) er ansvarleg for landet sitt energisystem innan produksjon, omsetjing, overføring og energibruk. Statnett er peikt ut til å ha eit systemansvar for det norske kraftnettet. I dette ligg mellom anna at dei skal kontrollere utviklinga av kraftsystemet og bidra til at både transmisjonsnettet og regionalnettet blir utforma på ein samfunnsmessig rasjonell måte. Statnett er ansvarleg for 300-420 kV transmisjonslinjer med tilhøyrande transformering ned til distribusjonsnettet.

Alle nivåa i straumnettet må vere bygd og drifta slik at ein kan transportera nok straum til forbruket på den aller kaldaste dagen som kan komme. Det er tre nettnivå; transmisjonsnettet, regionalnettet og distribusjonsnettet.

Oppbygning av straumnettet med straumlinjer og transformatorstasjonar i transmisjonsnettet, straumlinjer og transformatorstasjonar i regionalnett og straumlinjer/straumkablar, nettstasjonar og kabelselskap i distribusjonsnettet fram til sluttbrukar
Oppbygning av straumnettet med straumlinjer og transformatorstasjonar i transmisjonsnettet, straumlinjer og transformatorstasjonar i regionalnett og straumlinjer/straumkablar, nettstasjonar og kabelselskap i distribusjonsnettet fram til sluttbrukar. Foto: Lnett.

For å få straumen fram til kundane er det bygd kraftliner med ulikt spenningsnivå. Dei største linene i Rogaland er mellom 300-420 kV. Desse kjem frå transmisjonsnettet og går inn i dei største transformator-stasjonane. Transmisjonsnettet utgjer «motorvegane» i den norske kraftforsyninga. Derifrå er det eit regionalnett, (mellom 66-132 kV) som går til mindre transformatorstasjonar plassert i kommunane. Det siste linenettet, går frå dei lokale transformatorstasjonane og fram til nettstasjonar nær kundane kor spenninga transformerast ned til lågspent og leverast til sluttbrukar. Dette er kalla distribusjonsnett og har spenningsnivå frå 22 KV og heilt ned til 230 V.

I Rogaland har Lnett utreiingsansvar for kraftsystemet for Sør-Rogaland og Fagne har utreiingsansvar for Nord-Rogaland. Det er inga tilknyting mellom straumnettet i Nord- og Sør- Rogaland utan å bruke transmisjonsnettet. Straum som blir produsert i Rogaland eller av kraftselskap frå Rogaland blir levert til transmisjonsnettet eller lokalt distribusjonsnett ut frå mengde straum som produserast. All straum blir selt og kjøpt på den felles nordiske kraftbørsen. Fylket får straum frå transmisjonsnettet på fire stader; to i Nord – Rogaland og to i Sør- Rogaland. Når Lysebotn – Fagrafjell lina vart ferdig i 2023 vil det dette auke fem. I nord kjem straumen inn via Sauda og frå Stord og sørover gjennom Sveio til fylkesgrensa. I sør kjem straumen inn via Tonstad i Sirdal kommune og via Åna-Sira i Sokndal kommune. Ansvaret for å levere nettenester i distribusjonsnettet er fordelt på fleire aktørar:

Kommune Nettselskap
Stavanger Lnett
Sandnes
Sola
Randaberg
Kvitsøy
Time
Strand
Gjesdal
Hjelmeland
Hjelmeland Fagne
Suldal
Haugesund
Karmøy
Vindafjord
Tysvær
Bokn
Utsira
Stord
Sauda
Klepp KE Nett
Jæren Everk
Bjerkreim Enida  
Eigersund
Lund
Sokndal

Tabell 11: Nettselskap som leverer kraft til kommunane i Rogaland

Alle straumkundar kan fritt velje kraftleverandør, men må likevel betale nettleige til det lokale nettselskapet som eig linene. Straumnettet er naturleg monopol, sidan det ikkje er hensiktsmessig å byggje parallelle straumliner til same område. Dette gjer at straumkundane ikkje kan velje nettselskap sjølv. Nettselskapa er derfor strengt regulert og kontrollert av styresmaktene ved NVE. Styringsmakta fastsett til dømes korleis kundar skal kompenserast ved straumbrot og korleis nettleigeprisar skal settast. Alle som har straum inn til sitt bygg betalar nettleige til nettselskapet sitt. Nettleige dekkjer kostnader nettselskapet har for å sikre eit stabilt og robust straumnett i regionen.

Vindkraftanlegg i Rogaland

Alle kommunar og andre eigarar av kritisk infrastruktur skal gi tilbakemelding til sitt nettselskap om kva bygg og funksjonar som er mest kritiske. Statsforvaltaren er ikkje trygg på om alle etatar med viktig infrastruktur har gjort dette og om kvaliteten på det som er meld inn er god nok. Her har òg nettselskapa eit ansvar for å ta nødvendig kontakt og dialog for å sikre at innmeldingane om prioritet i straumnettet er realistiske og samordna. Statsforvaltaren har i 2022-23 i lag med KDS sett nærare på dei tilbakemeldingane som er komme inn om prioriteringar på tvers av alle regionale aktørar og kommunane. For å kunne rasjonera straum treng me ei betre samordning mellom kommunane for å få til ei lik prioritering. Det vil ikkje vere mogleg å ta omsyn til alle ønskje om prioritering som kjem til nettselskapa, mest grunna korleis den tekniske infrastrukturen er bygd, men òg når myndigheitene kan legge ulike typar føringar for kven som skal skjermast for rasjonering. Dette kan gjere at ikkje alle får prioritert straum til sine utvalde lokale funksjonar. Kommunane må derfor laga planar for at straum til kommune- og  kriseleiing, kommunal helseteneste, VA-anlegg, barnehagar, barneskular, butikkar og bensinstasjonar og anna, tidvis vil vere utan straum.

 

Produksjon av energi i Rogaland

I 2021 blei det i Rogaland produsert 16 896 GWt, mens vi i 2018 brukte 12 124 GWt. Til samanlikning brukte vi 14 352 GWt i 2015. 32,5 % av dette går til hushald og jordbruk.

Rogaland er eit fylke med stor produksjon av fornybar energi, særleg i frå vasskraft. Total årsproduksjon i 2021 frå vasskraft er 14 292 GWt[1]. Per 2018 er det 172 vasskraftverk i Rogaland[2]. Dei ti største vasskraftverka i vassregionen står i 2022 for vel 8000 GWh i året.

Dei ti største vasskraftverka i Rogaland
Dei ti største vasskraftverka i Rogaland

Tradisjonelt har energibehovet i Noreg blitt dekka opp ved bruk av elektrisk kraft frå vasskraftverk, samt fyring av ved og olje. Vasskrafta i Rogaland er for det meste regulerbar. Vatn lagrast i store magasin og bidrar til å sikre kraftforsyninga gjennom vinteren. Vassmagasina blir som eit stort «batteri» som kan produsere straum når det er bruk for det. Dette er i motsetning til vind og sol, kor ein får produksjonsstopp når det ikkje blåser eller er sol.

Det er 18 vindkraftverk i Rogaland som har effekt på over 900 MW.

Potensialet for vindkraft i Rogaland er stort, og fleire vindkraftverk har blitt bygget i dei siste årene.

Sol er til nå lite brukt som energikjelde. Dei fleste anlegg er mindre anlegg plassert på bustadtak, men det er nokon verksemder og organisasjonar som er tilknytt straumnettet. Døme på dette er Strand kyrkje som kan produsera 22 000 kWh per år. Kor mykje straum ein kan produsera på eit bustadtak er avhengig av mange faktorar. Generelt er det slik at eit anlegg på 3 kWp produserer om lag 2800 +/- 300 kWh per år. Eit gjennomsnittshushald brukar 25 000 kWh i året.

 

Årsaker til at systemet kan svikte

Oppetida i straumnettet ligg kring 99,994 prosent i eit normalår. Likevel er det viktig at alle aktørar som er avhengig av straum sikrar seg ved eventuelle korte eller lange bortfall av forsyning frå nettselskapet, anten som følje av feil i nettet eller ved mangel på energi i systemet.

Mengda ikkje-levert energi (ILE), det vil seie den mengda energi som hadde vore levert til sluttbrukarane dersom avbrotet ikkje hadde skjedd, utgjorde 0,13 promille av den totale mengda levert energi i 2021. Leveringspålitelegheita var 99,987 % i 2021. I 2021 opplevde kvar sluttbrukar på landsbasis i 1,65 straumbrot med varigheit over 3 minuttar. Den gjennomsnittlege straumkunden var utan forsyning i 2 timar og 9 minuttar. 46% av kundane opplevde ingen lange avbrot i 2021. I Rogaland  er likevel stor skilnad mellom kommunane, og mellom områder internt i kommunane. I områder der det bur mykje folk er det fleire alternative forbindingar som kan brukast, og det gjer det mogleg å levere straum sjølv ved feil. I utkantstrok er det derimot færre alternativ, nokre stader berre ei forbinding.

Bortfall av straum kan ha ulike årsaker, men naturhendingar utgjer den største utfordringa mot energiforsyninga. Naturhendingar utgjer på landsbasis 74,4 % i snitt av alle hendingar. I første rekkje er det ekstremt vêr med sterk vind som knekk master og bles ned leidningar, eller tre som fell på leidningar. Omfattande lynnedslag, ising eller salt på leidningar og forbindingar til trafostasjonar kan føre til kortslutningar som kan ta tid å reparere.

Andre årsaker til bortfall av straum kan vere graveskadar, tekniske feil, overbelastning, framandlekam på liner, menneskelege feil eller påverknad frå ein tredjeperson. Tilsikta handlingar som terror og sabotasje mot infrastruktur eller styringssystem kan òg vere ei årsak til svikt i straumforsyninga.

Manglande vedlikehald av nettet er ei anna årsak. Tilstrekkeleg skogrydding rundt linetraséane er viktig, og det må vere planar for vedlikehald og utbytting av tekniske komponentar og styringssystem. I periodar kor ein reinvesterer vil òg eksisterande nett vere ekstra utsett, då ein må ha utkoplingar av delar av nettet får å gjennomføre reinvesteringane.

Sidan store delar av energien kjem i frå vasskraft, kan det i år med lite nedbør oppstå kapasitetsproblem. Låge magasinfyllingar kan føre til at det blir innført restriksjonar på bruk av straum, som ulike rasjoneringstiltak. Dei siste 15 åra har det vore urovekkande låg magasinfylling i vassmagasina fleire gonger, seinast vinteren 2022-2023. Oversikta over magasinfylling i 2020, 2021 og 2022 er i Figur 28.

Elspotområde 2 (NO2) omfattar sørlege del av Buskerud, mesteparten av Vestfold, Telemark, Agder-fylka, Rogaland og sørlege del av Hordaland. Magasinkapasitet er 33 855 GWh.
Elspotområde 2 (NO2) omfattar sørlege del av Buskerud, mesteparten av Vestfold, Telemark, Agder-fylka, Rogaland og sørlege del av Hordaland. Magasinkapasitet er 33 855 GWh. Foto: NVE.

Det er kome mye vindkraft inn i Rogaland. Utfordringa med vindkraft er at den berre produserer når det er vind. Størstedelen av vasskrafta er magasinkraftverk og en kan dermed produsere når en ønsker uavhengig av vær og andre eksterne faktorar. Derfor er vasskrafta bærebjelken i en stabil leveranse. I tillegg til dette leverer den mye energi inn i det elektriske systemet.

Systemet er òg i endring basert på fleire kraftkablar mellom Norden og resten av Europa, samt utbygginga av meir vind og solkraft. Dette vil kunne gi utfordringar for stabilitet i systemet, noko Statnett påpeker i rapporten utarbeida på deira oppdrag; «Kraftsystemet i Sør-Rogaland, analyse av behov og tiltak» (2016). Kapasiteten til straumforsyninga i Rogaland er under press, mens linenettet i hovudsak er det same. Presset har auka i hovudsak på grunn av befolkningsvekst, det grøne skiftet med etablering av datasentre, batteriproduksjon, landbasert oppdrettsanlegg, generell fortetting og ein auke av energi til transportsektoren. Statnett har store oppgraderingar på gang av transmisjonsnettet. Lina Lysebotn – Fagrafjell skal vere ferdig i 2023 saman med ny trafostasjon på Fagrafjell. Statnett har sendt melding på ny trase på 420kV frå Fagrafjell  til Bærheim.  En slik oppgradering vil føre til store ombyggingar på trafostasjonen på Bærheim og Krossberg (Stølaheia) Statnett har i sine planer at Bærheim vere ferdig i 2028.

 Nokre av planane er konfliktfylte med omsyn til natur- og miljøinteresser. Sjølv om kraftforsyninga i Rogaland har vore stabil dei siste åra kan denne situasjonen bli endra. Dersom forbruket aukar vidare og linenettet ikkje blir oppgradert, vil marginane for stabil drift bli stadig mindre. Hos Lnett er det tilknytningsstopp for kundar over 100kW i nordre deler av Stavanger (Finnøy og Rennesøy) og Kvitsøy og Randaberg.  Nokre stadar får kundar kople til på vilkår om at dei blir utkopla viss det blir kapasitetsutfordringar i nettet grunna høg kapasitet. Sjå kart over, kart større forbruk. (det er tatt lenger ned etter denne, så nå er 100kW rett for nevnte steder).

Framtidige klimahendingar, som til dømes fleire ekstreme vêr med sterk vind og/eller stort snøfall, eller auking i lyn- og toreaktivitet vil ha stor betydning for å klare å oppretthalde forsyningspålitelegheita, då dette allereie nå utgjer hovudutfordringane for stabiliteten i energiforsyninga. Dersom det blir meir vind frå ugunstige retningar i samband med ising eller salt på linene er det sannsynleg at det vil bli fleire brot i framtida.

Sjølv om kraftforsyninga i liten grad historisk har blitt utsett for tilsikta hendingar kan dette bilde endrast i framtida. Eit utviklingstrekk er aukande IKT-avhengigheit i kraftbransjen, og at dataangrep mot kraftforsyningssystema aukar.

Systemet si evne til å levera når det blir utsett for uønskte hendingar

Maksimalnotering av effekt i Sør-Rogaland er på rundt 1300 MW. I Nord-Rogaland er maksimalnoteringen ca. 1100 MW, kor ca. 700 MW er kraftintensiv industri. Marginane i tunglastsituasjonen er små for ei rekke område. Dersom ei av kraftlinene i Rogaland svikter klarer ein ikkje å levere meir enn 1000 MW til regionen. Det norske samfunnet stillar høge krav til ei robust kraftforsyning. Ein av midlane for å oppnå robustheit er å skape redundante system. Dette kan gjerast ved å planleggje nye nettanlegg etter det såkalla N-1-kriteriet. N-1 betyr at kraftsystemet skal tåla utfall av ein enkeltkomponent utan at det medfører avbrot for sluttbrukarar. N-1-overføringskapasiteten (kapasiteten med ein feil på leidningane) i transmisjonsnettet inn til Sør-Rogaland er i dag om lag 700 MW, mens N-0-kapasiteten (kapasiteten utan feil på leidningane) er om lag 1200 MW. Overføringskapasiteten på transmisjonsnettet er derfor sårbar for feil i nettet. Rogaland er òg det fylket som har størst vekst i befolkning. Dersom det skulle oppstå feil er det dermed ikkje tilstrekkeleg reservekapasitet til å oppretthalde den nødvendige straumforsyninga i store delar av året (ca. halve året).  Når ein får på plass lina Lysebotn-Fagrafjell vil ein ha oppfylt N-1 heile året for innmatinga til Sør-Rogaland.

Dei transmisjonsnettleidningane som i dag forsyner Sør-Rogaland er ikkje nok til å handtere det auka straumforbruket som er grunna vekst i regionen, samt det grøne skiftet. Sør-Rogaland er eit område med mykje forbruk og underskot av produksjon. Allereie på midten av 2020-talet kan situasjonen bli kritisk. I Sør-Rogaland er det allereie mange timar, spesielt gjennom kalde og tørre vintre, at straumforsyninga i området er utan fullgode reserveløysingar. Dersom ein overstig kapasiteten kan dette føre til straumutkopling. Straumutkopling ved intakt nett skal ikkje skje fordi det er svært kostbart. Statnett meiner at forsyningssikkerheita i Sør-Rogaland ikkje er tilfredsstillande, men dette vil kunne endra seg når Lysebotn-Fagrafjell-lina er på plass i 2023.

Einskilde transformatorstasjonar oppfyller ikkje N-1 kriteriet for transformatoryting og situasjonen forverrast ved aukande last. Fram til nå har det ikkje vore eit spesielt mål om å oppfylle N-1 og reservekapasitet i den einskilde transformatorstasjon hos nettselskap som eig regionalnettanlegg i Sør-Rogaland. Reserven har tidlegare vore god mellom transformatorstasjonar, men denne kapasiteten er redusert dei seinare år, ettersom veksten i regionen har vore stor. Delar av regionalnettet vil ved verste tenkelege feil ikkje oppfylle N-1. For punkt med fleire overføringar og transformatorar vil berre delar av lasten vere ute. Talet på timar utan forsyning og omfang avhenger av omkoplingsmoglegheiter på alle nettnivå. For å betre denne situasjonen er det planlagt store tiltak i straumnettet jf. Kraftsystemutredingen for Sør-Rogaland.

Nord-Rogaland kan framleis forsynast sjølv om ei av dei største kraftlinjene sviktar. Dermed er N-1 kriteriet ennå i stor grad oppfylt, men marginane er forholdsvis små. Det vil seie at det elektriske nettet stort sett er redundant med unntak av nokre avgrensa område der det ikkje er full reserve i regionalnettet og/eller distribusjonsnettet.

Ein del nye kundar ønskjer tilknyting til nettet. Derfor er det behov for forsterkningar av nettet for å kunna forsvare tilknyting av nye kundar. Statnett har planar om ny 420 kV leidning Blåfalli – Gismarvik, noko som vil auka N-1 kapasiteten med ca. 500 MW. Det er antatt at den nye 420 kV leidningen vil bli sett i drift hausten 2027. Statnett har i tillegg også starta eit nytt prosjekt med ny 420 kV leidning Sauda – Gismarvik, som truleg vil stå ferdig mellom 2030 og 2035. Fagne har også ein del prosjekt i regionalnettet i Nord-Rogaland. I mange tilfellet dreier det seg om ein kombinasjon av at gamle kraftlinjer og transformatorar er så gamle og i så dårleg stand at dei uansett må skiftast ut, og at det er behov for å auka overføringsevna for å kunna knyta til nye kundar. Dette gjeld både ny 132 kV leidning Ølen – Våg – Bratthammar, som nå er under bygging, ny 132 kV leidning Bø – Meland på Karmøy og ny Hemmingstad transformatorstasjon i Haugesund, samt utskifting av ein del jordkablar i Haugesund. Sjå meir i Kraftsystemutredningen for Sunnhordland og Nord-Rogaland.

Etter Statnett overtak alt ansvar for transmisjonsnettet (2019) har det ikkje vore store utfall i Rogaland. Det har berre vore nokre småfeil mot distribusjonsnettet til Lnett med utfall på mindre enn 10 min.  Historisk var det største utfallet dei siste 20 åra sommaren 2002. Då var store delar av Sør-Rogaland utan straum i fire timar. Det var eit liknande straumbrot i Nord-Rogaland og heilt nord til Bergen i februar 2004.

Gammalt sikringsskap
Gammalt sikringsskap Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Når det oppstår større feil i transmisjonsnettet eller det overordna distribusjonsnettet er det òg fare for følgjefeil i andre deler av straumnettet. 19. oktober 2015 var sist gang det var ein større feil i Sør-Rogaland. Feilen ramma totalt om lag 15 000 sluttbrukarar i kommunane Stavanger og Randaberg. Fleire av sluttbrukarane fekk straumen tilbake etter ein halv time, mens einskilde var utan straum i om lag fire timar. Den gongen var det ein følgjefeil som oppstod og det tok tid å rette feilen opp att.

I tillegg til at ein har behov for ny hovudforsyning inn til Sør-Rogaland, er det og eit behov for oppgradering av det overordna distribusjonsnettet. Dette er viktig, både for å sikre god nok kapasitet, men òg grunna alderen på straumnettet. Òg i denne delen av straumnettet vil det kunne skje større feil som rammar store og befolkningstette område dersom ein ikkje gjer ein oppgradering. Tilknyting av ny og større kraftproduksjon som til dømes vindkraft, vasskraft eller store prosjekt for elektrifisering av transportsektoren, til dømes el-ferje eller el-fly, kan òg gi behov for å auke kapasiteten i det overordna distribusjonsnettet. I dag er 21% av bilparken i Rogaland elektrisk og den aukar stadig. Dette vil kunne medføre anstrengde situasjonar for nettkapasiteten, ettersom det tar tid å forsterke nettet.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

Beredskap

NVE har ansvaret for å samordne beredskapsplanlegginga, og skal lede landet si kraftforsyning under beredskap og i krig. Det blir gjort gjennom ein landsomfattande organisasjon – Kraftforsyningens beredskapsorganisasjon (KBO). KBO består av NVE og dei verksemder som eig eller driv kraftproduksjon med tilhøyrande vassdragsregulering, overføring og distribusjon av elektrisk kraft og fjernvarme. NVE har peika ut kraftforsyninga sin distriktssjef i kvart fylke som har eit overordna ansvar for å samordne alle KBO-einingane i fylket.

Eigenberedskap vil vere viktig, ettersom forsyning av elektrisk energi er ein kritisk innsatsfaktor for andre kritiske samfunnsfunksjonar. Alle kriseleiingar i kommunar, statsetatar med beredskapsoppgåver og selskap som eig kritisk infrastruktur må ha løysing for korleis kriseleiinga skal operere ved eit lengre straumbrot. Det same gjelder bønder, private firma og industriverksemder.

Lnett har publisert eit webkart, som viser straumbrot og planlagd arbeid i deira høgspentnett. Fagne har tilsvarande webkart. Her kan ein sjå kor mange kundar som er ramma og kva område som er utan straum. Dette gir nyttig informasjon til relevante kommunar, naudetatane, ekom-tilbydarar, Statens Vegvesen og andre som har interesse av dette.

 

Konsekvensar og følgjehendingar

Ingen andre hendingar har større konsekvensar for samfunnet enn eit langvarig straumbrot. Direkte konsekvensar vil mellom anna vere at; lyset blir borte, varmen blir borte, elektronisk betalingsformidling stoppar opp, automatiske dørar opnar seg ikkje, heisar står, trafikklys blir sette ut av funksjon, viftesystem og vasspumper i tunnelar stoppar opp, tilgang til datasystem sviktar, bensinpumper fungerer ikkje, viftesystem i fjøs stoppar, mjølking og fòring av dyr stoppar opp, pumpesystem for vatn og avlaup stoppar og ein får problem med mobilnettet når basestasjonar går tomme for straum.

Etter nokre timar, og avhengig av temperaturen ute, vil butikkar og verksemder stenge, nedkjøling/oppvarming av bustader er ikkje mogleg, ein får dårleg ventilasjon i bygg, vatn og avlaup frys, og ferjekaiar blir sett ut av funksjon.

 

Vedlikehald

Ein må vere særs oppmerksam på dei einsidig forsynte områda i fylket, blant anna med vedlikehald og tilgang på beredskapsmateriell og montørressursar.

 

Kapasitetsproblem

Vidare utbygging av fjernvarme og gassnett vil kunne redusere effektuttaket. Regionen har i dag eit eige distribusjonsnett for gass. Maksimal effekt er om lag 790 MW, kor 210 MW er lokalisert i Stavanger og sørover. Lyse sitt fjernvarmenett dekkjer deler av området, og bidrar med 27 MW fjernvarme og 5 MW elektrisitet ved full kapasitet i Stavanger-området. Jæren fjernvarmenett bidrar med 3,4 MW. Det er planer om å utvide fjernvarmenettet. Det har vært en vekst i fjernvarmevolum dei seinaste åra, og det er forventa vidare auking i takt med utbygging av fjernvarmenettet. Lyse Neo har nyleg fått utvida sin områdekonsesjon gjennom Stavanger sentrum og til Bjergsted. Det planleggast ingen utviding av naturgassnettet, men det planleggast økt produksjon av biogass nokre stader i regionen.

Innføringa av «Avanserte måle- og styringssystem» (AMS) kan gi større moglegheit for kundar å styre lasten av effektuttaket, mellom anna ved å flytte det frå ein periode med høgt forbruk til ein annan. Kundar som ønsker kan investere i system som gjer det mogleg å flytte forbruk. Når det er kundar som investerer, så er dette ofte knytt til å utnytte endringane i pris på kraft gjennom døgnet.

 

Rasjonering

Dersom det oppstår mangel på energi i systemet, kan dette medføre langvarig rasjonering. Ein opptrapping av tiltak av ein slik langvarig rasjonering kan vere marknadsmessige tiltak, til dømes pris. I følgje forskrift om kraftrasjonering (2001) kan ein òg gjennomføre tvangsmessige leveringsinnskrenkingar. Dette vil ramma alle hushald og samfunnskritiske funksjonar. Tvangsmessige leveringsinnskrenkingar kan gjennomførast på to måtar; kvoterasjonering og sonevis roterande utkopling.

Holta Gartneri, Leikvoll i Randaberg kommune
Holta Gartneri, Leikvoll i Randaberg kommune Foto: Ove Sveinung Tennfjord / Randaberg kommune.

Kvoterasjonering skjer ved at NVE vedtek at forbruket innanfor eit område må reduserast med ein viss del. Nettselskapa må då tildele kvar einskild sluttbrukar ei kvote til ein viss pris, og alt over kvoten vil få ein mykje høgare pris. Sonevis roterande utkopling er nødvendig dersom kvoterasjonering ikkje gjer dei tilsikta innsparingane. Nettselskapa har laga eit utkoplingsskjema kor soner koplast ut i ein roterande tidssyklus. I dei periodane der sona er utkopla har ingen tilgang til kraft. Både ved kvoterasjonering og sonevis roterande utkopling må sluttbrukare med særskilde behov for tilgang til kraft behandlast spesielt. Liv og helse vil har førsteprioritet. Deretter prioriterast vitale samfunnsinteresser og næringsliv, samt andre økonomiske interesser.

Systemansvarleg, Statnett, har ansvar for kontinuerleg å undersøkje og utvikle nødvendige verkemiddel for å handtere periodar med ein svært anstrengt kraftsituasjon (SAKS). Per i dag er to slike verkemiddel utvikla; energiopsjonar i forbruk og reservekraftverk. Verkemidlane kan ikkje tas i bruk utan vedtak frå NVE.

Hausten 2022 var fyllingsgraden til kraftmagasina i Sør-Noreg veldig låg. I samband med førebuingar for mogleg rasjonering kom det fram eit behov for revisjon av forskrift om kraftrasjonering og rettleiar for kraftrasjonering. Dette fordi for å oppdatere roller og ansvar, forventningar og verkemiddelbruk til dagens situasjon. Ny forskrift skal komme på høyring i 2023. Statsforvaltar har i 2022-23, saman med kraftforsyninga si representant i Rogaland (KDS,) deltatt i eit arbeid for å lage ei betre rapporteringsløysing for eigarar av viktige samfunnsfunksjonar og infrastruktur for å melde inn kva funksjonar som skal prioriterast dersom det er for lite straum.

Kabelen "North Sea Link" frå Suldal (Kvildal) til Storbritannina var ferdig i 2021. Det ligg føre planer om fleire straumforbindar til andre land (NorthConnect til Skottland) for å auke kapasiteten på energiutvekslinga med Europa. Dette vil kunne hjelpe Noreg i situasjonar der vi har lite vasskraft tilgjengeleg. Då dette kan føre til andre konsekvensar er det politisk omstridt og derfor uvisse om det blir realisert. Vidare blir det bygd ut vindkraft og solkraft som vil vere med på å skaffe elektrisk energi. Dessverre er det slik at det er lite vind i Rogaland på dei kaldaste dagane, og bidraget frå vindenergi er anten lite eller negativt, i form at det trekk energi frå nettet. Vidare er solinnstrålinga avgrensa i denne perioden av året, så bidraget herifrå vil òg vere lågt.

 

Kritiske innsatsfaktorar

Naudstraum – og aggregat; Dei som er kritisk avhengig av uavbroten levering av straum må sørgje for eigenberedskap i form av alternativ straumkjelde.

Kompetanse og ressursar er kritisk for å sikre leveranse av straum, overvake drifts- og styringssystem, samt å halde ved like og reparere straumnettet.

Kapital og finansiering er kritisk for å kjøpe straum og handle straum.

Gode rutinar og rettar for skogrydding langs med linene er viktig for mellom anna å førebyggje trefall.

Reservedelar som til dømes reservemaster, reservetrafoar, sikringar og leidningar osb. er kritisk for leveranse av straum frå leverandør til sluttbrukar. Driftssentralane si evne til å ha sine styringssystem operative til ei kvar tid er kritisk. Store trafoar har til dømes ei leveringstid på fleire år frå bestilling.

Spesielle eksterne tenester som kraftselskapa brukar, til dømes underleverandørar, entreprenørar, reparatørar og andre med teknisk kompetanse til å halde ved like og reparere liner, infrastruktur og leidningar.

Øving. Statsforvaltaren har ansvar for å legge til rette for relevante øvingar som involverer fleire regionale etatar for trene på samhandling ved straumbrot. Krisekommunikasjon er ein viktig suksessfaktor. Som eit konsekvensreduserande tiltak blir det kravd at alle verksemder og aktørar har oppdaterte beredskapsplanar med tiltak for bortfall av straum over lengre tid.

 

Forsyning av fjernvarme og gass

Definisjon

Forsyning av fjernvarme og gass er evna til å sikre brukarar tilgang til tilstrekkeleg fjernvarme der dette er utbygd og gass (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016c).

System og ansvar

Fjernvarme

Eit fjernvarmenett er eit distribusjonssystem for oppvarma vatn som brukast til å transportere varme til sluttbrukaren. I eit fjernvarmesystem kan ein utnytta energiressursar som elles ville vore vanskeleg å utnytte. Eit fjernvarmeanlegg består av ein varmesentral, eit røyrnett og ein kundesentral hos kvar abonnent. Mens det er vanleg at kvar bustad har sitt eige varmeanlegg, kan eit fjernvarmeanlegg varme opp eit heilt område samstundes. I varmesentralen varmast vatnet opp i store kjelar. Det varme vatnet, på mellom 50-90 gradar, sendast gjennom isolerte røyr i bakken til kvar einskild abonnent. Der utnyttast varmen til oppvarming og til å gi varmt vatn i springen, før vatnet sendast kaldare tilbake i returrøyrnettet for ny oppvarming. I eit fjernvarmeanlegg kan ein bruke ulike energikjelder til å varme opp vatn; avfallsforbrenning, biobrensel, varmepumpe, geotermisk energi, olje og elektrisk kraft, samt overskotsvarme frå industrien.

Levering av fjernvarme har auka vesentleg i omfang dei seinare åra. Der kor sluttbrukarane ikkje har andre oppvarmingsmoglegheiter, kan leveranse av fjernvarme vere av kritisk betydning i den kalde årstida. For tilknytte helseinstitusjonar er stabil fjernvarmeforsyning av stor betydning gjennom heile året.

I Sør-Rogaland er om lag 3 % av energiforsyninga frå fjern- og nærvarme. I Nord-fylket er det òg nær- og fjernvarme mellom anna i Sauda.

I Stavanger- og Sandnes-området er det bygd ut eit fjernvarmenett. Energigjenvinningsanlegget Forus Energigjenvinning KS som leverer fjernvarmen ligg på Bærheim, Forus. Anlegget sørger for at restavfall frå IVAR blir til energi i form av varmt vatn som deretter kan brukast til oppvarming av bygg og varmt tappevatn. Her er det kontinuerleg drift heile døgnet. Energien som blir produsert går til Lyse Neo som har bygd røyrnett for distribusjon av fjernvarme og dampturbin for produksjon av elektrisk kraft.

Kart over konsesjonsområde for fjernvarme i Sør-Rogaland. Fjernvarme er skravert grønt område. Dei kvite tenkeboksane viser nærvarmesentralar.
Kart over konsesjonsområde for fjernvarme i Sør-Rogaland. Fjernvarme er skravert grønt område. Dei kvite tenkeboksane viser nærvarmesentralar. Foto: Lyse.

For å få fjernvarmen fram til kundane treng varmesentralane straum for å oppretthalde pumpedrift, brennarvifter og automatikk. Varmesentralane er stort sett ikkje førebudde på å kople til eksterne aggregat. Lyse Neo sine nærvarmesentralar i Stavanger, Sola, Sandnes og Time produserer varme frå naturgass, biogass og elektrisitet. Samla volum levert varme i 2021 var 42,15 GWh. Det har vore ein vekst i fjernvarmevolum dei seinaste åra, og det er forventa vidare auking i takt med utbygging av fjernvarmenettet. Lyse Neo har nyleg fått utvida sin områdekonsesjon gjennom Stavanger sentrum og til Bjergste

I nordfylket har Haugaland Kraft konsesjon på fjernvarme i Skåredalen. Anlegget er basert på naturgass- og elkjelar.

 

Gass

I Sør-Rogaland er om lag 7,8% av energiforsyninga gass. Dei fleste gasskundane er storforbrukarar av straum og leveransen går til energikrevjande industri med produksjonsutstyr, drivhus og prosesser som krev høg temperatur. Det har blitt meir vanleg å bruke gass i bustader, særleg i samband med etablering av nye bustadfelt. I Rogaland er det to selskap som har etablert infrastruktur for levering av gass. Det er Gasnor som har hovudsete på Karmøy og Lyse Neo i Stavanger. Både i Nord- og Sør- Rogaland er det eit gassnett som forsynast via gassterminalen på Kårstø i Tysvær kommune. I Sør-Rogaland går gassen frå Kårstø gjennom eit 50 km langt undersjøisk høgtrykkgassnett til Risavika i Sola kommune. Det er Lyse som eig leidningen som leverer både til Lyse sitt eige lågtrykk distribusjonsnettverk og til LNG Produksjon sitt anlegg for LNG i Risavika. Kapasiteten er kring 15 TWh.

Distribusjonsnett for gass i Sør-Rogaland
Distribusjonsnett for gass i Sør-Rogaland

Frå Lyse Neo sitt gassanlegg i Risavika leverast gass gjennom eit 600 km langt landbasert distribusjonsgassnett til Nord-Jæren og Ryfylkeøyane. Lokal røyrdistribusjon av naturgass skjer som regel i eit såkalla lågtrykksystem, dvs. lågare enn 10 bar overtrykk. For å nytte gassen som ein energireserve treng systemet straum, ettersom det er nokre mindre funksjonar som treng straum i distribusjonsnettet. Det blei levert 534 GWh gass i 2021. Dette er ei blanding av naturgass og biogass. Det planleggjast ingen utviding av naturgassnettet, men ein planleggjar auka produksjon av biogass nokon stader i regionen.

I Nordfylket er det eit lokalt gassnett i Karmøy og Haugesund kommune. Om lag halvparten av energiforbruket i gassnettet i Nordfylket blir brukt av Hydro Aluminium.

Årsaker til at systemet kan svikte

Svikt i forsyning av gass og fjernvarme kan vere grunna straumbrot, graving/boring/ytre påverknad som førar til lekkasje i røyrsystem anten på land eller i sjø, tekniske feil, menneskelege feil eller påverknad frå ein tredjeperson.  I 2023 ble det brukt søk frå fly for å kartlegge lekkasje i fjernvarmenettet. Det blei funn 2 store lekkasjar; eit på Bryne (900 liter vann per døgn) og ein på Forus. På nye fjernvarmetrasear er det sensorar eller meldetrådar i bakken som varslar lekkasjar.

Tilsikta handlingar som terror og sabotasje mot infrastruktur eller styringssystem kan og vere ei årsak til svikt i forsyninga.

Manglande vedlikehald og inspeksjon av røyr kan òg vere ein medførande årsak til svikt

  

Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar

Både bruk av fjernvarme og bruk av gass kan vere viktige ressursar og supplement som ei energikjelde i ein situasjon der straumen er borte over lengre tid. Det føreset at ein etablerer eit naudstraumsystem for å få ut energien til kundane, på eit vis som ikkje er avhengig av straumforsyninga. Per dags dato kan ikkje gass eller fjernvarme brukast utan straum, ettersom systema har straumavhengige komponentar.

Dersom hovudanlegget på Kårstø av ulike årsaker er satt ut av spel kan dette i verste fall bety ei svikt i forsyning for heile Rogaland. Dersom det skjer ei uønskt hending i form av lekkasje på røyrnettet kan det oppstå trykkproblem og leveringskapasiteten kan bli redusert.

 

Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?

Dersom det skjer eit brot på ein gassleidning i distribusjonsnettet på land er trykket som leverast (10 bar) så lågt at det ikkje vil ha store konsekvensar. Naturgass er luktfri, er ikkje giftig og er lettare enn luft. Ved ein eventuell lekkasje vil naturgassen raskt stiga til vers og fortynnast til konsentrasjonar som ikkje er brennbare. Naturgass blir tilsett eit kraftig luktestoff for å kunne detekterast ved eventuelle lekkasjar. Gassystemet er òg bygd opp med ventilar mellom røyrleidningane som kan stengjast gjennom eit system for styring, regulering og overvaking (SRO) dersom ein oppdagar lekkasje eller skade på røyr. Avstenginga skjer via straumavhengige system som har batteriback-up.

Eit brot i gassoverføringsnettet frå Kårstø til Risavika vil ha større konsekvensar, ettersom gassnettet er undersjøisk og kan ta tid å reparere.

Når det gjelder fjernvarme kan brot på røyr føra til lekkasje av varmt vatn. Leidningsnettet er seksjonert slik at ein kan stenga ute delar av nettet dersom ein oppdagar lekkasje.

 

Kritiske innsatsfaktorar

  • Straum eller naudstraum; for styring av pumper, ventilar og SRO.
  • IT- og IKT tryggleik; for SRO og anlegget sitt tilgangssystem.
  • Arbeidskraft; nok arbeidskraft og kompetanse til å styre systema, samt å reparere ved skadar.
  • Ressursar; nok reservemateriell og utstyr.
  • Beredskapsplanar; sikringstiltak og rutinar for handtering av uønskte hendingar.