Prosess

Arbeidet med FylkesROS 2023 - 2026 har vore organisert som eit prosjekt eigd av Statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren har revidert versjonen frå 2018-2021. I FylkesROS 2018-2021 hadde ein ei arbeidsgruppe som var samansett av både interne fagpersonar og eksterne deltakarar frå regionale etatar og kommunane.

Arbeidet har vore leia av fylkesberedskapssjefen. I tillegg har det vore ei ressursgruppe av eksterne fagfolk som har vore aktivt med i analysane av risikoområde og utforminga av scenarioa. Fylkesberedskapsrådet har fungert som referansegruppe og blitt orientert undervegs om prosjektet. I tillegg har det vore mogleg for deltakarane i rådet å  komme med innspel i prosessen. Meir om prosjektorganiseringa og kven som har vore med i dei ulike gruppene, sjå kapittel Vedlegg 1 Prosjektorganisasjon «FylkesROS 2018-2021».

Eit utkast til FylkesROS for Rogaland 2023 - 2026 blei sendt ut på høyring. For ein oversikt over kven som har gitt høyringssvar og innspel, sjå kapittel Vedlegg 2. Høyring av FylkesROS 2018 – 2021.