Mål

FylkesROS Rogaland skal gi eit regionalt risikobilde, og den skal vere eit felles grunnlag for arbeidet i fylket med samfunnssikkerheit og beredskap regionalt og lokalt for Statsforvaltaren, Fylkesberedskapsrådet, kommunane i Rogaland og andre regionale fagetatar. Analysen skal vere til hjelp for å trekke fram dei mest aktuelle risikoutfordringane i fylket, samt identifisere risikoreduserande tiltak for å førebyggje og handtere kriser. Statsforvaltaren i Rogaland har ei viktig oppgåve i å bidra til det risikoreduserande arbeidet ved å utarbeide ein oppdatert og relevant fylkesROS som ser regionen under eitt, på tvers av verksemder, kommunar og faglege etatar.

For at fylkesROS skal ha nytteverdi har Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) gjennom sin «Veileder for Fylkesmannens arbeid med risiko- og sårbarhetsanalyser (fylkesROS) versjon 4 (mars 2020) satt følgjande krav til analysen. Desse krava har Statsforvaltaren prøvd å varetake i arbeidet med analysen:

  • Analysen skal vere dekkjande, slik at ingen innlysande uønskte hendingar med store konsekvensar er utelét.
  • Analysen skal skildre dei uønskte hendingane på ein einsarta måte, slik at dei kan sjåast i samanheng. Sannsynlegheit og konsekvens skal vere skildra på same måte og med same konsekvenstypar for alle dei skildra hendingane.
  • I tillegg til skildring av fakta, skal analysen gi ei vurdering av sannsynlegheit og konsekvens der kor det er mogleg.
  • Analysen skal resultera i tilrådingar om konkrete risikoreduserande tiltak eller tilrådingar om behov for nærmare analysar.
  • Kjelder brukt i analysen skal bli oppgitt eksplisitt. Det same gjelder føresetnader for skildra hendingar, robustheita i infrastruktur og liknande.