Risiko for mat- og vassboren smitte

Ei gitt typisk stor hending innan dette risikoområde som kan ramma Rogaland er utbrot av ein vanleg matbåren smitte, til dømes campylobacter.

Sannsynligheit:  Svært høg, >10% per år (oftare enn 1 gong i laupet av 10 år)
   
Konsekvens: Liv og helse: Små konsekvensar for døde (2-5 personar) og store konsekvens for sjuke (76-400 personar)
  Natur og miljø: Ikkje relevant
  Økonomi: Små direkte (25-125 mill.kr) og små indirekte (25-125 mill.kr) konsekvensar
  Samfunnstabilitet:    Moderate sosiale og psykiske påkjenningar og svært små påkjenningar i dagleglivet
  Styringsevne: Svært små konsekvensar for regional styringsevne.
  Totalt: Små konsekvensar
     
Usikkerheit: Liten usikkerheit
   
Samla risiko: Middels/høg risiko