Transport
Samfunnsfunksjonen transport er samfunnet sitt ansvar for funksjonalitet og tryggleik i transportsystema. Transportsystema som er omfatta av denne samfunnsfunksjonen er veg, luftfart, jernbane og det maritime transportsystemet. Effektiv og trygg transport av personar og gods er grunnleggjande viktig for funksjonaliteten til andre samfunnskritiske funksjonar.
Transportevne
Definisjon
Transportevne er evna til å halde ved lag funksjonalitet i anlegg og system som er nødvendig for å ta vare på samfunnet sine behov for transport (Samfunnets kritiske funksjoner, DSB, 2016).
Rogaland har fleire knutepunkt for trafikk både på veg, på jernbane, på sjøen og i lufta. Vi har to flyplassar; Haugesund Lufthamn Karmøy og Stavanger Lufthamn Sola, med nasjonal og internasjonal trafikk. Rogaland har i tillegg fem helikopterplassar med konsesjon frå Luftfarttilsynet. Desse ligg på lufthamnene, dei to sjukehusa og Suldal helikopterplass Sand. Det er og ein landingsplass på Kårstø.
Sørlandsbanen går gjennom Sør-Rogaland og har Stavanger som endestasjon. Når det gjeld trafikk på sjø har vi mange hamner; frå Rekefjord og Eigersund i sør til Karmsund Havn i nord. Den største hamna for godstransport er Risavika Hamn. Rogaland har to Europavegar; E39 kjem frå Agder, går gjennom Dalane via Sandnes og Stavanger, gjennom undersjøiske tunnelar til Rennesøy, ferje over Boknafjorden til Tysvær før den går inn i Vestland. E134 går frå Karmøy, via kommunane Haugesund, Tysvær og Vindafjord før den går inn i Vestland.
Varetransporten til Rogaland kjem i hovudsak på sjø til dei største hamnene som tar i mot konteinarar; Risavika (Sola), og Karmsund hamn (Haugesund). På jernbane kjem godstrafikken til godsterminalen på Ganddal i Sandnes kommune. Mykje av varetransporten kjem på veg; frå kontinentet via ferje til Kristiansand og E39 til Rogaland eller med ferje direkte til Risavika. Elles er det mykje varetransport i begge retningar langs E39 (nord-syd) og E134 (aust-vest) gjennom Rogaland. Dette gjeld både varer i transitt og varer som har Rogaland som endestopp.
System og ansvar
Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for transportområda luftfart, jernbane, sjøfart og vegtrafikk. Nasjonal transportplan (NTP) presenterer regjeringa sin samla transportpolitikk. Rogaland fylkeskommune har ansvar for drift, vedlikehald og investeringar på fylkesvegnettet og for kollektivtransporten i fylket. Samferdselsstrategi for Rogaland 2022-2033 blei vedtatt i 2021 og gir strategisk retning for fylkeskommunen sitt arbeid med transport og mobilitet.
Den nasjonale infrastrukturen for transport er samla innanfor åtte nasjonale transportkorridorar. Dei omfattar alle fire transportformene: sjø, luft, veg og bane. Saman med terminalar og knutepunkt dannar dei eit overordna, nasjonalt transportnettverk. Stamvegane er hovudårene for vegtrafikken. Korridorane har viktige funksjonar ved å binde saman regionar og sentrale strøk i landet, og dei vil bidra til god tilknyting mellom Noreg og utlandet.
Luftfart
Avinor har ansvaret for å sikre heile Noreg gode luftfartstenester. I dette ligg det å eige, drive og utvikle eit nett av flyplassar for sivil sektor og ei samla flysikringsteneste for både sivil og militær sektor.
Stavanger Lufthamn Sola er blant dei største lufthamnene i Noreg og har mange direktefly både nasjonalt og internasjonalt. Haugesund Lufthamn Karmøy har og ein del internasjonal trafikk. Flytrafikken er svært sensitiv til konjunktursvingingar og talet på flyruter og destinasjonar er i stadig endring. Det grøne skiftet kan og bidra til at flytrafikken minkar på sikt. Tabellen under viser tal på reisande i 2021
Lufthamn | Innland | Utland | Offshore |
Sola (SVG) | 1 253 374 | 299 752 | 217 026 |
Haugesund (HAU) | 234 492 | 26 097 | 0 |
Tal på reisande frå lufthamner i Rogaland, 2021
Jernbane
Bane NOR er eit statleg føretak som har ansvaret for nasjonal jernbaneinfrastruktur. Dei skal planlegge, byggje ut, drifte og halde ved like jernbanenettet og trafikkstyringa. Dette gjeld både passasjertrafikk og godstrafikk.
Sørlandsbanen går frå Stavanger til Oslo. Banen fekk dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger i 2009, men har elles berre eit spor i Rogaland. Når det gjeld drift og vedlikehald ligg Sørlandsbanen i Rogaland under Infrastrukturområde Sør som har kontorstad i Kristiansand. Trafikkstyringa skjer ved hjelp av fjernstyring. Kunde- og trafikkdivisjonen til Bane Nor har åtte sentralar. Ein av desse ligg i Stavanger.
Godsterminalen for regionen ligg på Ganddal i Sandnes kommune.
Det er Go-Ahead som transporterer passasjerar på Sørlandsbanen og Jærbanen. Dei starta i desember 2019, og avtalen varer i 10 år. Når det gjeld godstransport er det fleire konkurrerande selskap, mellom anna CargoNet.
Vegtrafikk
Vegnettet i Noreg kan delast inn i følgjande kategoriar; riksveg (europaveg og riksveg), fylkesveg, kommunal veg og privat veg. Statens Vegvesen har som oppgåve å planlegge, byggje og vedlikehalde riksvegane i Noreg. Dei har delt landet i fem regionar. Rogaland er ein del av Region Vest. Regionen er delt inn i tre vegavdelingar og ein av desse er Rogaland.
Etter 2020 er det fylkeskommunen som har ansvaret for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Rogaland er delt inn i fem kontraktsområde, og vegarbeidet blir gjort gjennom driftskontraktar. Kartet under viser kven og kor i Rogaland driftskontraktane for fylkesvegnettet gjeld. Det er 2490 km fylkesvegar i Rogaland, noko som er 85% av det overordna vegnettet. Fylkeskommunen har òg ansvaret for kollektivtrafikken (buss og båt) i fylket.
Statens Vegvesen har ein driftsavtale med private entreprenørar om drift og vedlikehald av riksvegane. Kvart femte år er det ny anbodskonkurranse. I Rogaland sør for Boknafjorden er det Risa AS som skal drifte riksvegane fram til august 2027 (inkludert riksveg 13 austover fram til Hjelmeland ferjekai). Frå Boknafjorden og nordover er det Mesta som har driftsansvaret på riksvegane fram til 2026. (inkl. Suldal, delar av Hjelmeland)
Kvar region har ein vegtrafikksentral (VTS). Region vest sin sentral ligg i Bergen. VTS har oppdaterte veg- og trafikkopplysningar for regionen til ei kvar tid på døgnet. Dei følgjer med på ei rekkje kamera og andre indikatorar for å ha oversikt over trafikkbilde, og har direkte kontakt med entreprenørane som har driftsavtaler i dei ulike distrikta. VTS kan òg fjernstyre fleire trafikkstyringstiltak som stenging av dei mest trafikkerte vegane og dei undersjøiske tunnelane. VTS i Bergen er kontaktpunktet til Statens vegvesen for rask kontakt for ulike etatar i ein beredskapssituasjon.
Nye Vegar AS blei stifta i 2015 og har ansvaret for planlegge, byggje, drifte og vedlikehalde visse nye motorvegar. Selskapet sin portefølje inneheld mellom anna utbygging av E39 mellom Kristiansand og Sandnes.
Sjøtrafikk
Det er ei rekkje ferjesamband i Rogaland. Det viktigaste som ligg på E39 mellom Mortavika – Arsvågen har Statens Vegvesen ansvar for. Her har no Fjord 1 konsesjon på drifta. Rogaland fylkeskommune har ansvar for ferjesambanda på fylkesvegnettet. Dette er Fogn-Judaberg-Nedstrand-Jelsa, og Mekjarvik-Kvitsøy. Hjelmeland-Nesvik-Ombo er et riksvegsamband og det er Statens vegvesen som har ansvar for dette. Sambanda blir drifta av Norled.
Kolumbus AS administrerer både ferjer og hurtigbåtar for Rogaland fylkeskommune og gjeld følgjande:
- Fylkeskommunale ferjesamband: Vassøyferja, Mekjarvik - Kvitsøy, Finnøysambandet, Ryfylkeferja, Lysefjordferja og Haugesund - Utsira.
- Hurtigbåt: Hommersåk, Kvitsøy (Ryfylke), Byøyene, Stavanger - Hjelmeland - Fister, Haugesund - Røvær - Haugesund, Haugesund - Feøy - Kveitevik - Haugesund, Stavanger - Stjernarøy - Nedstrand - Foldøy, Stavanger - Indre Ryfylke - Sauda, Stjernarøy - Judaberg (skoleskyss).
Det er i tillegg mogleg å ta ferje frå Risavika i Sola kommune til Bergen med Fjordline kvar dag med den same båten som går til og frå Danmark. Tilbodet gjeld både tungtransport, personbilar og passasjerar.
Forutan passasjertransport er det òg stor godstrafikk på sjø i fylket. Sjå meir om dette i kapittelet om Ulykker på sjøen og offshore.
Årsaker til at systemet kan svikte
Transportsektoren er i aukande grad avhengig av digitale system. Driftsstans eller anna funksjonssvikt i disse systema kan vere eit resultat av logiske, fysiske og menneskelege feil, eller av vondsinna handlingar som sabotasje. I takt med digitaliseringa av samfunnet elles, har den digitale avhengigheita utvikla seg til å representere ein overordna sårbarheit for heile transportsystemet. Manglande tilførsel av kritiske innsatsfaktorar, som straum eller elektronisk kommunikasjon, kan påverke tryggleiken.
Mange av dei elektroniske kontroll- og styringssystema har naudstraumløysingar som skal gjere dei operative òg når straumen er borte, men funksjonaliteten vil likevel bli redusert, samt føre til forseinkingar. Elektroniske system kan bli sett ut av spel i samband med at transmisjonslinene (fiber eller radioline) blir brotne eller det oppstår feil i programvare. Årsakene til dette kan vere mange og samansette. Menneskeleg svikt, uhell, oppgraderingar som går feil, sabotasje og tilsikta hendingar kan alle redusere eller stanse transportsystema.
Eit omfattande straumbrot vil ha store konsekvensar for transportevna i fylket, både direkte og indirekte. Direkte konsekvensar er at jernbanen stopper opp. Det same gjer dei overvakingssystema som styrar trafikken i undersjøiske tunnelar og trafikklys generelt. Dette fører til stengde tunnelar, store forseinkingar i trafikken og redusert tryggleik. Ferjetrafikken er avhengig av straum til ferjelemmane og til el-ferjene. Det same er batterielektriske hurtigbåtar. For flytrafikken vil det vere mest indirekte problem, som innsjekking, bagasjehandtering og styring av gangbruer og liknande. For transport i luft, på veg og sjø vil manglande moglegheiter til etterfylling av drivstoff gjere at veldig mykje stoppar opp. Spesielt på veg fordi både billading og fylling av petroleumsprodukt på bensinstasjonane er straumavhengig. Både lading, pumper og betalingsløysingar treng straum. Drivstoffmangel i seg sjølv vil òg ha liknande konsekvens.
Transportevna er generelt utsett for forseinkingar og stans ved ulike typar vêrtilhøve. Tåke, is og snø skapar fort problem for flytrafikken. Jernbanen er usett ved flaum, skred og sterk vind og saltråk på køyreleidningane. Vegane blir oftast stengde på grunn av skred og overvatn. Ferjer og hurtigbåtar blir innstilte når det bles mykje, kombinert med ugunstig vindretning. Dette kan skje sjølv om det ikkje er ekstremvêr. Når det er ekstremvêr vil problema eskalere og konsekvensane bli meir komplekse og vare over lengre tid. Det kan òg oppstå skadar som det tar tid å reparere.
Mykje av veg- og jernbanenettet i Rogaland er ikkje dimensjonert for utfordringane klimaendringane gjer. Skred, erosjon flaum og overvatn kan skade infrastrukturen. Vedlikehaldsetterslep i kombinasjon med auka togtrafikk og klimaendringar fører til ein betydeleg høgare risiko for jernbaneinfrastrukturen.
Ulykker vil føre til at transportevna blir redusert eller mellombels stansa. Mest sårbar er jernbanen som i hovudsak berre har eitt spor og dei undersjøiske tunnelane på e39 med berre eitt laup.
Vitale deler av infrastrukturen kan svikte. Til dømes har Rogaland den eldste bruparken i Noreg, på veg. I 2017 blei det avslørt omfattande manglar i Statens vegvesen sitt bruregister, Brutus. Gjennom fleire år har det vore manglande inspeksjon, vedlikehald og utbetring av bruer i heile landet. Der kor det er blitt avdekka manglar, er fleire av desse ikkje blitt retta opp. Dette påverkar trafikktryggleiken. Statens vegvesen region Vest presiserer at ingen vitale delar på trafikkerte bruer i Rogaland er i nær fare for å svikte. Det har vore ulik praksis for korleis inspeksjonane på bruene er dokumentert, og ikkje alt er lagt inn i Brutus. Frå 2017 er alle inspeksjonane dokumentert i Brutus.
For jernbanen er signalanlegget sårbart, og det blir gitt raudt lys på alt frå stein i sporvekselen, sikringsbrot eller lauv som har lagt seg i sporet.
Arbeidskonfliktar og demonstrasjonar kan føre til reduksjon av kapasitet eller stans i transportevna. Dersom konflikten fører til fare for liv og helse vil regjeringa gripe inn. Sjukdom/pandemi kan og, som vi har sett, føre til redusert transportevne.
Krig og konflikt kan føre til at det militære må prioriterast når det gjeld transportressursar. Transportsektoren er ein viktig del av totalforsvaret, og kan måtte støtte forsvaret når det gjeld tilgang til transportinfrastruktur, driftstenester og andre transportressursar. Dette gjeld til dømes i krisesituasjonar kor ein skal drive militær styrkeoppbygging, forflytting av sivile eller mottak av allierte.
Utbrotet i vulkanen Eyjafjallajökull på Island i 2010 førte til ei oskesky som fekk store konsekvensar for flytrafikken i heile Europa. Det er framleis fare for nye vulkanutbrot på Island, men flyselskapa er betre budde på ei slik hending i dag, samstundes med at nye fly taklar meir oske. Nå vil Avinor informere flyselskapa om kor høg konsentrasjonen av oske er i ulike område, og i stor grad la flyselskapa sjølv ta avgjerda om dei vil fly.
Systemet si evne til å levere når det blir utsett for uønskte hendingar
ei ulike transportsystema utfyller kvarande i nokon grad. Dersom det ikkje går fly vil jernbane og veg vere alternativ innanfor det som blir vurdert å vere ei akseptabel reisetid. Veg kan erstatte jernbane, men vil føre til meir trafikk og kø der det bur flest personar. Båt kan erstatte veg på stader der vegstenging kan føre til isolasjon (til dømes Sauda og Rennesøy/Finnøy). Det er færrast alternativ for sjø dersom dei undersjøiske tunnelane i Rennfast eller Ryfast skulle svikta. Dersom ferjer og hurtigbåtar sluttar å gå vil øysamfunn bli isolerte og den viktigaste transportkorridoren på veg (Arsvågen-Mortavika) mellom Nord- og Sør-Rogaland vil bli broten.
Det finn stad små og store driftsavbrot i transportsystema heile tida, og dei har derfor stor evne til å improvisere. Det er veldig sjeldan omfattande svikt i transportsystemet som varer over tid, sjølv under dei ekstremvêra som har vore i Rogaland dei siste 25 åra. Jernbanestrekk kan rett nok vere stengde ei tid, det same kan vegar vera, men systema har stor evne til å finne alternative løysingar som buss-for-tog, omkøyringsvegar osb. Både luft- og sjøtrafikken er raskt tilbake i drift etter til dømes stans under ekstremvêr. Ein av dei lengste svikta i flytrafikk var då Oskeskya frå Island i 2010 førte til stans i det meste av europeisk flytrafikk i 6 dagar.
Bane NOR har dei seinare åra skifta ut deler av banedekket og køyreleidningar for å gjere jernbanesystemet meir robust. Dei undersjøiske tunnelane i Ryfast og dei som kjem i Rogfast får to separerte laup. Det er lagt ytterlegare planar om oppgradering av Rennfast, samt utbetring av skredutsette område, mellom anna på RV13. Avinor Sola har to rullebanar som gå i ulike retningar som gjer lufttrafikken mindre utsett for kraftig vind. Dei har òg fått betre system for landing og å ta av når det er tåke og dårleg sikt.
Korleis handterer systemet ekstraordinære hendingar?
Både luft (Avinor), Jernbane (Bane NOR) og veg (Statens Vegvesen/Rogaland fylkeskommune) har eit dedikert beredskapsansvar for trafikkavvikling innanfor deira ansvarsområde. Dei har beredskapsplanar på ulike nivå og dei er alle representert i fylkesberedskapsrådet. Dersom det er nødvendig å samordne beredskapsarbeidet på tvert av dei ulike områda har Statsforvaltaren og dei ulike etatane eit kollektivt ansvar for å finne dei beste løysingane for samfunnet totalt.
Statens vegvesen har delt inn vegnettet i trafikkberedskapsklassar frå 1 til 4. Klasse 1 er dei mest trafikkerte vegane (ÅDT>20 000) i dei største byområda samt vegar som inngår i viktige transportkorridorar med høge krav til regularitet og at det skal vere framkommeleg. ÅDT er årsdøgntrafikk. ÅDT er summen av talet på køyretøy som passerer eit punkt på ein vegstrekning (for begge retningar samanlagt) gjennom året, dividert på årets dagar, altså et gjennomsnittstal for dagleg trafikkmengd. Der det skjer ei hending på ein trafikkberedskapsklasse 1 veg skal det vere på plass merka omkøyringsrute innan 30 min etter at hending finn stad (1 time på natta). Kartet under viser kva vegar i Rogaland som ligg i klasse 1.
Trafikkberedskapsklasser
Trafikkberedskapsklasser på Nord-Jæren (Statens vegvesen, 2017)
På bakgrunn av kriteria som ligg føre er det grunn til å stille spørsmål om kvifor ikkje fleire vegar i Rogaland er kategoriserte i beredskapsklasse 1. Vidare, om kunnskapsgrunnlaget for å vurdere dei samfunnskritiske funksjonane til vegane generelt har vore godt nok.
Samferdselsdepartementet og fylkeskommunane skal legge til rette for at det er ein transportberedskap ved større kriser, ved beredskap og ved væpna konflikt. Fylkeskommunen er ein viktig aktør i arbeidet med å utvikle, drifte og gjere regionale og lokale transporttenester sikre og robuste, og har også eit ansvar for å organisere den regionale transportberedskapen ved større kriser. Dette inneber å ha kartlagt behovet for transportberedskap i fylket, ha oversikt over og kontakt med sentrale transportaktørar samt å ha utarbeidd krise- og beredskapsplanar. Som vegeigar og forvaltar av kollektivtransport koordinerer fylkeskommunen transportberedskapen i samarbeid med Statens vegvesen, transportørane og andre beredskapsaktørar i fylket. Fylkeskommunen sine oppgåver i sivil transportberedskap er fastlagt i § 4 i forskrift for sivil transportberedskap.
På sjø er situasjonen meir kompleks. Her har Statens Vegvesen og Rogaland fylkeskommune gjennom Kolumbus eit ansvar som oppdragsgjevar for ferjer og hurtigbåtar. Men her har òg ulike reiarlag og Kystverket ei rolle. Reiarlaga og kapteinen på skipet vurderer om det er trygt å ferdast på sjøen. Kystverket har ansvar for sjøtryggleiken og har mellom anna ansvar for overvakinga på sjøen og lostenesta. Dei har fem trafikksentralar i Noreg – ein av desse på Kvitsøy. Sentralane kan aksjonere dersom ein båt er ute av kurs eller det oppstår andre akutte hendingar på sjøen. Sjølv om denne tenesta gjeld all sjøtrafikk er det ikkje først og fremst det faste rutesambandet i fylket som treng deira tenester mest.
Kritiske innsatsfaktorar
- Sikre registrer (flytrafikk - passasjerlister ift. personvern etc.)
- Tilgang til meteorologiske tenester (flytrafikk spesielt)
- Satellittenester (navigering)
- Drivstofforsyning
- Betalingsmiddel
- Forsyning av elektrisk energi
- Ekom-tenester (samband, kontroll- og styringssystem)
- Arbeidskraft
- Reservedelar
- Intern infrastruktur
- Interne og eksterne tenester.