Radioaktiv stråling
Kva er radioaktiv stråling?
Radioaktiv stråling eller radioaktivitet er spontane omdanningar i atomkjernar. I slike omdanningar frigjerast energi som stråling. Som vist i figuren under kan ein ha fire ulike typar stråling, som har ulik gjennomtrengingsevne. Mange stoff gir ut fleire typar stråling samstundes.
Ei atomhending er ulykker og hendingar der det er involvert radioaktivitet med konsekvensar for liv, helse, miljø eller andre viktige samfunnsinteresser. Atomulykker kan skje ved dei fleste typar atomanlegg; kjernekraftverk, anlegg for produksjon og behandling av reaktorbrensel (gjenvinningsanlegg) eller anna spaltbart materiale, og anlegg for lagring av brukt brensel og anna radioaktivt avfall. I tillegg kan alvorlege ulykker skje under transport av reaktorbrensel og -avfall, og frå fartøy med atomdrivne reaktorar. Hendingar som involverer kjernevåpen kan òg vere ein trussel for Noreg og Rogaland. Ei større atomhending vil vere ei nasjonal, og eventuelt ei internasjonal krise.
Reaktorulykka ved Three Mile Island i USA (1979), reaktorulykka i Tsjernobyl (1986) og eksplosjonane etter tsunamien i Fukushima, Japan (2011), viste at atomulykker kan skje. Tsjernobyl-ulykka er den største strålingsulykka med atomkraftverk. Dei radioaktive utsleppa var hundre gonger større enn dei knytt til atombombene i Hiroshima og Nagasaki i 1945. Nedfallet over Noreg var størst i områda med nedbør i dagane etter ulykka. Særleg hardt ramma blei fjellområda i Midt-Noreg. Regnvatnet med dei radioaktive isotopane blei tatt opp i vegetasjonen, og kom dermed inn i næringskjeda. Sauer og reinsdyr som beita i desse områda tok opp isotopane i kroppen. Framleis driv dei fleire stader i Midt-Noreg med nedfôring av sauer før slakting. Når det gjeld Rogaland blei delar av fylket ramma av nedfall. Dette førte til at sauer måtte nedfôrast før slakting etter å ha beita i fjellområda sør i fylket, mellom anna i Lund kommune. Sauer som kom frå beiteområde i Sirdalsheiene og på Hardangervidda, måtte òg gjennom nedfôring før slakting. Det er i dag ikkje lenger nødvendig med nedfôring av sau i fylket.
Risiko
Sannsynlegheita for at det skjer ulykker som fører til radioaktiv forureining i Noreg er i DSB sitt «Analyser av krisescenarioer» (2019) rekna som middels høg. Risiko varierer mellom ulike potensielle kjelder. Sannsynlegheita for at ei atomulykke vil skje er avhengig av teknisk standard, organisasjon, myndigheitskontroll og tryggleikskultur.
Konsekvensane av ei atomulykke er avhengig av ei rekkje faktorar, til dømes kor og når ulykka skjer, type og mengde radioaktive stoff som er involvert, korleis utsleppa transporterast, og organisasjonar og styresmaktene si evne til å handtere og sette i verk tiltak. DSB vurderer at det er moderat uvisse i samband med risikoen for ei atomhending.
Konsekvensane av slike hendingar har potensial til å bli svært store både for liv og helse, miljø, samfunnsstabilitet og økonomi. Derfor er det bestemt at den norske atomberedskapen skal handtere alle hendingar uansett sannsynlegheit. For å gi Kriseutvalet for atomberedskap eit grunnlag for prioritering er det vedtatt nokre dimensjonerande scenario. Sjå kapittelet Atomberedskap i sidene for Helse og omsorg. Nedanfor har vi kort gått gjennom ulike tema som scenarioa bygg på og ut frå situasjonen i Rogaland.
Atomhandlingsplanen blei etablert i 1995, og har bidratt med å samarbeid og finansiering for å styrke atomtryggleiken i m.a. Nordvest-Russland. Etter Russlands angrep på Ukraina er all finansiering av dette tryggleikssamarbeidet i Russland stoppa. Noreg er med på å støtte atomtryggleiken i Ukraina, også etter invasjonen.
DSA kom med ein rapport i 2018 der dei vurderte korleis utviklinga påverkar trugselbildet når det gjeld atomhendingar som kan ramme Noreg:
- Auka militær aktivitet i nord med fartøy med nukleært materiale
- Hyppigare anløp av allierte reaktordrivne fartøy til Noreg
- Fleire tilfelle av brann i russiske reaktordrivne fartøy i opplag eller under vedlikehald
- Den tryggingspolitiske utviklinga i Aust-Europa, med krigen i Ukraina
- Utvikling innan terrorisme internasjonalt og nasjonalt, med bl.a. trugslar retta mot kjernekraftverk i utlandet og angrepa i Oslo og på Utøya 22. juli 2011
- Klimaendringar med mindre is og auka trafikk langs Nordaustpassasjen, og utviding av den russiske flåten av reaktordrivne isbrytarar
- Transport av radioaktivt avfall langs kysten av Noreg
- Bygging og transport av flytande kjernekraftverk
- Sikring av radioaktive avfall på Kolahalvøya
- Utvikling innan sivil kjernekraftindustri
Krigen i Ukraina og risikoen for utslepp ifrå kjernekraftverka der er ei aukande bekymring i 2022/23, sjølv om dette ligg langt unna og ikkje utgjer noko direkte akutt fare for folk i Noreg.
Kjernekraft og avfall
På verdsbasis aukar kjernekraftkapasiteten, og det er fleire atomreaktorar under utbygging. Dei fleste er i Asia. I 2019 var det 182 atomreaktorar i drift i Europa i 18 land. Nokre land har planar om å bygge nye kjernekraftverk, medan andre land vil vere mindre avhengige av kjernekraft. Klima-/natur- og energikrisa vi står i kan innebere ei ytterlegare auke i satsing på kjernekraft som energikjelde.
Mange av kjernekraftverka i Europa er nærare 40 år, noko som er rekna som levetida for slike anlegg. Denne eldinga av anlegg aukar risikoen for hendingar. Nærleiken til dei britiske anlegga kan vere ein særleg risikofaktor for Rogaland.
Fleire av atomenergianlegga i Storbritannia er gamle og nedslitne, og nokre av dei har same teknologi som anlegget i Tsjernobyl. I Storbritannia og Frankrike er det knytt størst risiko til lagertankar for flytande avfall.
Det er ei utfordring at mange av kjernekraftverka i Europa blir eldre. Mange er nærare 40 år, noko som er rekna som levetida for slika anlegg. Denne eldinga av anlegga aukar risikoen for hendingar. Nærleiken til dei britiske anlegga kan vere ein særleg risikofaktor for Rogaland.
Fleire av atomenergianlegga i Storbritannia er gamle og nedslitne, og nokre av dei har same teknologi som anlegget i Tsjernobyl. I Storbritannia og Frankrike er det knytt størst risiko til lagertankar for flytande avfall.
Dersom det bles frå sørvest vil særleg ei ulykke i Storbritannia kunne få store konsekvensar for Rogaland. Då tar det ikkje lang tid før radioaktive partiklar når oss. I Strålevernrapport 2009:6 frå DSA har ein modellert utslepp på bakgrunn av 1% av innhaldet i tankane med høgaktivt flytande avfall ved Sellafieldanlegget (Ifølge DSA er HAL-tankane ved Sellafieldanlegget fjerna og det er truleg ikkje anna avfall som utgjer same trussel (2019)) og med vêrdata frå 19. oktober 2008, ein typisk haustdag. Med dette utgangspunktet vil nedfallet starte over Vestlandet allereie etter 9 timar. Det radioaktive nedfallet var berekna opp til 50 gangar større enn i dei mest kontaminerte områda etter Tsjernobyl-ulykka.
Reaktordrivne fartøy og fartøy med radioaktivt avfall
Ferdsel med reaktordrivne fartøy langs norskekysten er sterkt aukande. På militære fartøy er det krav om at reaktorane skal vere stengde når båtane er nær kysten, men dette lar seg som regel ikkje kontrollere. Det er òg fare forbundet med trafikken av andre reaktordrivne fartøy, og transport av radioaktivt avfall og brensel langs kysten. Denne trafikken har auka dei siste åra, og det er ingen grunn til å tru at den blir redusert i åra som kjem. Eit døme er at Russland i 2018 slepte eit atomkraftverk sjøvegen frå St. Petersburg til Murmansk. Elles passerer russiske isbrytarar kysten vår fleire gangar i året. Ulykker som forlis, grunnstøyting, brann og eksplosjonar på desse fartøya kan medføre fare for lekkasje frå reaktorane. Ei utfordring med denne type hendingar er at dei ofte skjer raskt og utan førevaring. Ei ulykke med desse utanfor Rogalandskysten vil kunne få alvorlege konsekvensar for menneske og miljø.
Eit anna type fartøy er satellittar. Mange av desse brukar reaktorar som energikjelde. Dersom dei styrtar har ein erfart at radioaktivt materiale kan bli spreidd ut over eit stor område. Det mest kjente eksempelet er frå Canada i 1978 då ein Sovjetisk overvakingssatellitt styrta. Det er ingen grunn til å tru at Rogaland er meir utsett enn landet elles for denne type hendingar.
Lågradioaktive kjelder
Lågradioaktive kjelder blir brukt i større mengder enn tidlegare. Dette gjeld mellom anna innan helse, forsking, industri og i utvinninga av olje og naturgass. Rogaland er eit olje- og industrifylke og har derfor fleire kjelder enn mange av dei andre fylka i landet. Dei fleste av desse kjeldene blir teke godt vare på og blir behandla etter eit strengt regelverk. Ved nedlegging av verksemder eller når kjelder har vore ute av bruk i lang tid har det likevel hendt at slike kjelder har komme på avvege. Det har òg skjedd i Rogaland eit par gonger dei siste åra. Dette er blitt oppdaga og handtert utan skade på menneske og miljø.
Desse kjeldene flyttast ikkje ofte, men det skjer sjølvsagt. I 2019 blei det oppdaga ei radioaktivt kjelde i metallavfall på ein gjenvinningsstasjon i Eigersund. Avfallet kom ifrå IVAR sitt anlegg på Forus. Kjelda viste seg å vere ufarleg for menneske og miljø, og blei handtert vidare av DSA. Det har ikkje vore rapportert om ulykker under transport i Rogaland som har ført til at folk er blitt eksponert for radioaktivitet.
Særleg innsatspersonell frå naudetatane kan bli utsett for stråling om dei kjem til ein brann eller ei trafikkulykke der ei kjelde har blitt eksponert. Det har derfor blitt laga rutinar for handtering av slike hendingar, og det er blitt gjennomført kurs i handtering av slike hendingar for naudetatane.
Forureining til havs
I dag er nivåa av radioaktive stoff i havet svært låge. Sjølv i Barentshavet, kor ein finn dumpa avfall og forulykka båtar, ligg forureininga langt under tiltaksgrensa som er satt til 600 Bq/kg. Nokre radioaktive stoff kan fraktast langt med havstraumar. Her i regionen kjem til dømes technetium-99 frå Sellafield i Storbritannia og La Hague i Frankrike. Ein kan òg registrere Strontium-90 i norske farvatn. Dette er restar frå Sellafield og atmosfæriske prøvesprengingar på 1950 - 1960 – talet. Frå Østersjøen kjem cesium-137 og strontium-90 som er restar etter det stor nedfallet etter Tsjernobylulukka. Radioaktiv forureining i havet har sidan 1999 vore målt nøye i eit nasjonalt overvakingsprogram «Radioactivity in the Marine Environment» (RAME) [Statens strålevern og Havforskningsinstituttet]. Forureininga er i dag mindre enn i 1999. Mellom anna fordi gjenvinningsanlegga i Sellafield og La Hague har redusert utsleppa og tida som har gått etter prøvesprengingane og Tsjernobyl.
Terrorisme og det 7. scenarioet
Temaet terrorisme fekk først fornya aktualitet etter 11. september hendingane i USA i 2001. Då var det i hovudsak snakk om såkalla skitne bomber: ei sprengladning i kombinasjon med radioaktivt materiale. Dette kunne føre til at eit område blei forureina og skape ein ekstra terroreffekt ved å kombinere ei direkte skadeleg bombe, med redsla for den usynlege faren og uvissa som ligg i om ein er eksponert eller kan bli eksponert for radioaktivitet. Det har ikkje vore hendingar med slike bomber i Noreg og det reknast som lite sannsynleg at mål i Rogaland er spesielt interessante i denne samanheng. Handtering av ei slik hending vil vere utfordrande med tanke på uvissa knytt til eit angrep og eit større kontaminert område, men elles nokså lik handteringa av ei ulykke med radioaktiv kjelde.
Det 7. scenarioet som skal ta for seg kjernevåpensprenging på, eller i nærleiken, av Noreg er eit resultat av ei aukande spenning i verda. På grunn av covid-19-situasjonen blei arbeidet rundt det å ferdigstille det 7. scenarioet forsinka. Scenariorapporten blei i 2021 oversendt til departementet. Sjølv om ei slik hending har mange ekstra element knytt til redsle og skadeomfang, vil vi anta at tiltaka i samband med nedfall etter ei slik hending vil vere tilnærma lik dei ein planlegg for ved ei ulykke med stort utslepp av radioaktivitet til luft. Så langt har ikkje vi i Rogaland planlagt for denne type hendingar, men må sjå kva føringar som kjem frå nasjonalt hald dei neste åra.
Konsekvensar
Konsekvensane av ei hending vil avhenge av omfang og type hending. Det er viktig å skilje mellom radioaktiv forureining og radioaktiv stråling. I tilfelle der ei avgrensa gruppe kjem i nærleiken av ei radioaktiv kjelde, som til dømes ved ei ulykke med ei lågradioaktiv kjelde, eller ved at slike kjelder er eksponert av andre grunnar, vil konsekvensane for omgjevnadene vere små. Då er det i første rekke snakk om stråleskadar for einskildmenneske. Ei stor atomlykke som rammar Rogaland kan gi fleire hundre omkomne og sjuke.
Næringsmessige og økonomiske konsekvensar | Forureining av eigedom og landområde |
Forureining av matvarer og drikkevatn | |
Tap av marknadsvyrdnad, turisme og eksport | |
Miljømessige konsekvensar | Forureining av bustadområde |
Forureining av miljøet | |
Handtering av radioaktive utslepp | |
Avfall frå opprydding etter eit nedfall | |
Helsemessige konsekvensar | Moglege akutte stråleskadar |
Moglege skadar på ufødt liv | |
Seinskadar som auking i talet på krefttilfelle eller andre sjukdommar | |
Psykologiske verknader | |
Samfunnsmessige konsekvensar | Samfunnsmessig uro og utryggleik |
Behov for mellombels evakuering eller permanent flytting av lokalsamfunn |
I dei fleste scenarioa vil det potensielt bli store konsekvensar innanfor alle tema i Tabell 31. Ved alle former for forureining vil ein risikere at radioaktive partiklar gjer skade både menneske og andre organismar over lang tid.
Konsekvensane for levebrød og økonomi i fylket vil vere særleg store. Det er særleg innanfor landbrukssektoren at konsekvensane vil komme raskt. I fylket er det meir enn 10 000 årsverk i landbruket og landbruksbasert verksemd. I ein oversikt frå NIBIO var verdiskapinga i jordbruket i Rogaland på om lag 3 milliardar i 2017. Samla verdiskaping frå jordbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 6,3 milliardar kr i 2017.Då er ikkje anna næringsmiddelindustri i fiskeria tatt med. Konsekvensane vil vere direkte gjennom at ein ikkje kan bruka ureina fôr og mat. Indirekte vil ein tape marknadsandelar og ved at det over lang tid vil vere kostbare tiltak som nedfôring ol.
Ved dei fleste atomhendingar er tidsfaktoren kritisk, og rett tiltak til rett tid kan redusere konsekvensane betydeleg. DSA har ei liste over slike tiltak, mellom anna sikring av ureine område, akutt evakuering, restriksjonar for næringsmiddelproduksjon, råd om jodtablettar, råd om innandørsopphald og kosthald.
Sårbarheit
Rogaland er i nokre samanhengar meir sårbar for radioaktivt nedfall enn ein del andre regionar i Noreg, grunna meteorologiske tilhøve, kystlinja og geografisk nærleik til store kjernekraftkjelder i Europa. Regionen vår ligg utsett til dersom det skulle skje eit utslepp til luft frå dei gamle anlegga på Sellafield og elles i Europa. Vind og nedbør når vår del av landet raskt og det er lita tid å gjennomføre tiltak som til dømes utdeling av jod til barn og unge. Det er òg lita tid til å førebu informasjon og andre beredskapstiltak.
Av dei samfunnskritiske funksjonane er matforsyning og drikkevassforsyning utsett for radioaktivt nedfall. I Rogaland er dei fleste drikkevasskjeldene overflatevatn. Likevel er det fleste drikkevatna i fylket lite utsette for forureining ved atomhending, grunna fortynningseffekten. Grunne vasskjelder med lite gjennomstrøyming er meir utsett enn andre, og det same gjeld cisternevatn frå takflater.
For matforsyninga sin del er det stor dyretettleik og matproduksjon i fylket, og eksponering for radioaktiv stråling kan gi store konsentrasjonar av radioaktivitet i til dømes beitedyr, bær og sopp. I akuttfasen etter ei hending vil helseberedskapen og ekom-tenester vere sårbare grunna kapasitetsproblem.
I dei fleste andre samanhengar er vårt fylke lik dei andre fylka i landet.
DSA reviderte «Plangrunnlag for kommunal atomberedskap» i 2022. Dette er forventa å ligge til grunn for kommunane sitt arbeid med kommunal beredskap på atom.
Tiltak
Det er først og fremst reduksjon av konsekvensane av ei hending vi kan påverke lokalt og regionalt. Reduksjon av sannsynlegheita for at ei hending skal inntreffe vil måtte skje i verksemder som handterer radioaktivt materiale, og nasjonalt i samband med regelverk og nasjonal politikk.
- Det er viktig at atomberedskap er omhandla i dei kommunale beredskapsplanane, jamfør helseberedskapsloven (2000). Statsforvaltaren sine beredskapstilsyn viser at det framleis er stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kvaliteten på planverket. I tillegg manglar nokre av kommunane i fylket planar eller tiltakskort for hendingar som involverer radioaktivitet. Kommunal beredskap skal være tema for møte med kommunane om lag kvart 3. år.
- Det er stor uro i befolkninga og stor uvisse blant beredskapsaktørar når det gjeld radioaktiv forureining. Derfor er det særskilt viktig å samordne informasjon til beredskapsaktørar og befolkninga. Samordning av informasjon er ei utfordring i alle større hendingar kor mange offentlege instansar har ei rolle, og vil vere særleg stor ved ei farleg ”usynleg” hending. Ved ei atomhending vil DSA samordne informasjonen på nasjonalt nivå. Statsforvaltaren skal gjere det same regionalt.
- Statsforvaltaren etterlyser betre og kartfesta informasjon frå DSA om tal på lågradioaktive kjelder og kor dei er plasserte i Rogaland. Slik informasjon vil vere nyttig både i Statsforvaltaren og kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.
- Statsforvaltaren skal oppdatere sin eigen atomberedskapsplan og samarbeide med DSA om KU samlingar. Statsforvaltaren, Fylkesberedskapsrådet og kommunane skal òg delta i nasjonal øving i regi av DSA.
- Sentrale aktørar innan atomhandtering som er med i Fylkesberedskapsrådet, Sør-vest politidistrikt, Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, helseføretaka, Sivilforsvaret og HV-08 må i fellesskap øve på atomberedskap og utarbeide ein felles tiltaksplan. Denne skal presenterast i Fylkesberedskapsrådet.