Risikoområde
Omgrepet risikoområde er eit samlenamn for hendingar som liknar på kvarandre, til dømes ekstremt vêr, flaum og skred.
På same måte som DSB sitt «Analyser av krisescenarioer» (AKS) (2019) har Statsforvaltaren valt å gruppere risikoområda etter hendingstype. Grunngjevinga for val av risikoområde for analysen står i kapittelet Metode.
For kvar kritiske samfunnsfunksjon vil Statsforvaltaren skildre kva risikoområdet inneber, risiko, sårbarheit og tiltak. Per 2023 har vi i tillegg til risikoområda òg analysert tre scenario knytt til desse.
Risikoområda og scenarioa som Statsforvaltaren ser som mest risikofylte og derfor er valt ut til analyse er:
Naturhendingar |
Ekstremt vêr |
Orkanen Børre i Rogaland |
Flaum |
||
Skred |
||
Smittsame sjukdommar hos menneske og dyr |
Smittsame sjukdommar hos menneske |
|
Mat- og vassboren smitte |
||
Smittsame sjukdommar hos dyr, planter og akvakultur |
Afrikansk svinepest på Jæren | |
Store ulykker |
Radioaktiv stråling |
|
Ulykker på sjøen og offshore |
||
Ulykker på veg og i tunnel |
Trafikkulykke mellom to bussar og tunnelbrann i Byfjordtunnelen | |
Industriulykker |
||
Dambrot |
||
Tilsikta hendingar |
Sabotasje av kritisk infrastruktur |
|
Andre hendingar |
Hendingar utanfor fylket |